< 출애굽기 29 >

1 너는 그들에게 나를 섬길 제사장 직분을 위임하여 그들로 거룩하게 할 일이 이러하니 곧 젊은 수소 하나와, 흠 없는 수양 둘을 취하고
Høyr no kva du skal gjera med deim, når du vigjer deim til prestar: Du skal taka ein ung ukse og tvo verar som ikkje hev lyte,
2 무교병과, 기름 섞인 무교 과자와, 기름 바른 무교 전병을 모두 고운 밀가루로 만들고
og so søtt omnsbrød og hellekakor med olje i og tunnbrødleivar som er smurde med olje. Alt dette skal du laga av fint kveitemjøl.
3 그것들을 한 광주리에 담고 그것을 광주리에 담은 채 그 송아지와 두 양과 함께 가져 오고
Du skal leggja deim i ei korg, og so skal du bera det fram i korgi, og leida fram uksen og verarne.
4 너는 아론과 그 아들들을 회막 문으로 데려다가 물로 씻기고
Aron og sønerne hans skal du kalla burt åt døri til møtetjeldet og två deim med vatn.
5 의복을 가져다가 아론에게 속옷과, 에봇 받침 겉옷과, 에봇을 입히고 흉패를 달고 에봇에 공교히 짠 띠를 띠우고
So skal du taka den heilage klædebunaden, og klæda Aron med underkjolen og prestekjolen, og hava på honom messehakelen og bringeduken, og binda livgjordi um honom,
6 그 머리에 관을 씌우고 그 위에 성패를 더하고
og setja huva på hovudet hans, og den heilage gullspongi i huva,
7 관유를 가져다가 그 머리에 부어 바르고
og du skal taka salvingsoljen og hella ut yver hovudet hans og salva honom.
8 그 아들들을 데려다가 그들에게 속옷을 입히고
So skal du kalla fram sønerne hans, og klæda deim med kjolar,
9 아론과 그 아들들에게 띠를 띠우며 관을 씌워서 제사장의 직분을 그들에게 맡겨 영원한 규례가 되게 하라 너는 이같이 아론과 그 아들들에게 위임하여 거룩하게 할지니라!
og spenna beltet um deim, både um Aron og sønerne, og binda hovudplagg på deim, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du setja Aron og sønerne hans inn i preste-embættet.
10 너는 수송아지를 회막 앞으로 끌어 오고 아론과 그 아들들은 그 송아지 머리에 안수할지며
Du skal leida uksen fram åt møtetjeldet, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt uksen.
11 너는 회막문 여호와 앞에서 그 송아지를 잡고
Og du skal slagta uksen framfor augo åt Herren, i døri til møtetjeldet.
12 그 피를 네 손가락으로 단 뿔들에 바르고 그 피 전부를 단 밑에 쏟을지며
So skal du taka noko av blodet og strjuka på altarhorni med fingeren, og alt hitt blodet skal du hella ut innmed altarfoten.
13 내장에 덮인 모든 기름과 간 위에 있는 꺼풀과, 두 콩팥과, 그 위의 기름을 취하여 단 위에 불사르고
Heila netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, skal du taka og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen.
14 그 수소의 고기와 가죽과 똥은 진 밖에서 불사르라! 이는 속죄제니라
Men kjøtet av uksen og hudi og goret skal du brenna upp utanfor lægret. Dette er eit syndoffer.
15 너는 또 수양 하나를 취하고 아론과 그 아들들은 그 수양의 머리위에 안수할지며
So skal du taka den eine veren, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt veren.
16 너는 그 수양을 잡고 그 피를 취하여 단 위의 주위에 뿌리고
Og du skal slagta veren og taka blodet og skvetta rundt ikring på altaret.
17 그 수양의 각을 뜨고 그 장부와 다리는 씻어 각 뜬 고기와 그 머리와 함께 두고
Sjølve veren skal du lema sund, og innvolen og føterne skal du två og leggja ovanpå lemerne og hovudet.
18 그 수양의 전부를 단 위에 불사르라! 이는 여호와께 드리는 번제요 이는 향기로운 냄새니 여호와께 드리는 화제니라
Og so skal du brenna heile veren på altaret, so røyken stig upp imot himmelen; det er eit brennoffer åt Herren, eit eldoffer er det, som stig upp til Herren med kveikjande ange.
19 너는 다른 수양을 취하고 아론과 그 아들들은 그 수양의 머리 위에 안수할지며
So skal du taka den andre veren, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt veren.
20 너는 그 수양을 잡고 그 피를 취하여 아론의 오른 귓부리와, 그 아들들의 오른 귓부리에 바르고, 그 오른손 엄지와, 오른발 엄지에 바르고 그 피를 단 주위에 뿌리고
Og du skal slagta veren og taka noko av blodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt Aron og sønerne hans og på den høgre tumarsfingeren og høgre tumarståi deira, og hitt blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.
21 단 위의 피와 관유를 취하여 아론과, 그 옷과, 그 아들들과, 그 아들들의 옷에 뿌리라 그와, 그 옷과, 그 아들들과, 그 아들들의 옷이 거룩하리라
So skal du taka noko av det blodet som er på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og klædi hans, og sameleis på sønerne hans og klædi deira, so vert han og klædi hans vigsla, og like eins sønerne hans og klædi deira.
22 또 너는 그 수양의 기름과 기름진 꼬리와 그 내장에 덮인 기름과 간 위의 꺼풀과 두 콩팥과 그것들 위의 기름과 우편 넓적다리를 취하라! 이는 위임식의 수양이며
Sidan skal du taka det feitaste av veren, både spælen og netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, og so det høgre låret; for dette er ein vigslever.
23 또 여호와 앞에 있는 무교병 광주리에서 떡 한 덩이와 기름 바른 과자 하나와 전병 하나를 취하고
Og or søtebrødkorgi som stend framfor augo åt Herren, skal du taka eit kakebrød og ei oljekaka og ein tunnbrødleiv.
24 그 전부를 아론의 손과 그 아들들의 손에 주고 그것을 흔들어 여호와 앞에 요제를 삼을지며
Alt dette skal du leggja i henderne på Aron og sønerne hans, og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
25 너는 그것을 그들의 손에서 취하여 단 위에서 번제물을 더하여 불사르라! 이는 여호와 앞에 향기로운 냄새니 곧 여호와께 드리는 화제니라
Sidan skal du taka det utor henderne deira, og brenna det på altaret i hop med brennofferet, so det kann anga godt for Herren; det er eit eldoffer til Herren.
26 너는 위임식 수양의 가슴을 취하여 여호와 앞에 흔들어 요제를 삼으라! 이는 너의 분깃이니라
So skal du taka bringa av vigsleveren åt Aron og svinga henne att og fram for Herrens åsyn; den skal vera din lut.
27 너는 그 흔든 요제물 곧 아론과 그 아들들의 위임식 수양의 가슴과 넓적다리를 거룩하게 하라
Og svingebringa og lyftelåret, det som vert svinga og det som vert lyft av vigsleveren åt Aron og sønerne hans, det skal du lysa heilagt;
28 이는 이스라엘 자손이 아론과 그 자손에게 돌릴 영원한 분깃이요, 거제물이니 곧 이스라엘 자손이 화목제의 희생 중에서 취한 거제물로서 여호와께 드리는 거제물이니라
det skal vera retten åt Aron og sønerne hans hjå Israels-folket i all æva; for det er ei reida, ei reida som Israels-folket skal gjeva av takkofferi sine, ei reida frå deim til Herren.
29 아론의 성의는 아론의 후에 그 아들들에게 돌릴지니 그들이 그것을 입고 기름 부음으로 위임을 받을 것이며
Den heilage klædebunaden åt Aron skal sønerne hans erva; den skal dei hava på seg når dei vert salva og innsette i embættet.
30 그를 이어 제사장이 되는 아들이 회막에 들어가서 성소에서 섬길때에는 칠일 동안 그것을 입을지니라!
Sju dagar skal den av sønerne som vert prest i staden hans, bera denne bunaden, han som gjeng inn i møtetjeldet og gjer tenesta i heilagdomen.
31 너는 위임식 수양을 취하여 거룩한 곳에서 그 고기를 삶고
Du skal taka vigsleveren og sjoda kjøtet på ein heilag stad.
32 아론과 그 아들들이 회막문에서 그 수양의 고기와 광주리에 있는 떡을 먹을찌라
Og kjøtet av veren og brødet som er i korgi, skal Aron og sønerne hans eta i døri til møtetjeldet.
33 속죄물 곧 그들을 위임하며 그들은 거룩하게 하는데 쓰는것은 그들은 먹되 타인은 먹지 못할지니 이는 성물이 됨이며
Dei skal eta det soningsofferet som vert frambore når dei vert innsette i embættet og vigde til prestar. Men framande folk må ikkje eta av det; for det er heilagt.
34 위임식 고기나 떡이 아침까지 남았으면 그것을 불에 사를지니 이는 거룩한즉 먹지 못할지니라!
Og vert noko av vigsleofferkjøtet eller av brødet liggjande til morgons, so skal du brenna det upp. Det må ikkje etast; for det er heilagt.
35 너는 내가 무릇 네게 명한대로 아론과 그 아들들에게 그같이 하여 칠일동안 위임식을 행하되
Soleis er det du skal gjera med Aron og sønerne hans; du skal i alle måtar gjera som eg segjer deg fyre. Sju dagar skal prestevigsla vara,
36 매일 수송아지 하나로 속죄하기 위하여 속죄제를 드리며 또 단을 위하여 깨끗케 하고 그것에 기름을 부어 거룩하게 하라
og kvar dag skal du ofra ein ung ukse til syndoffer og soning; du skal reinsa altaret for synd, med di du gjer soning for det, og du skal salva det og vigsla det.
37 네가 칠일 동안 단을 위하여 속죄하여 거룩하게 하라! 그리하면 지극히 거룩한 단이 되리니 무릇 단에 접촉하는 것이 거룩하리라
Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det, og då skal altaret vera høgheilagt; kvar den som kjem nær altaret, skal vera vigd til heilagdomen.
38 네가 단 위에 드릴 것은 이러하니라 매일 일년 된 어린 양 두 마리니
Tvo årsgamle lamb skal du dagstødt ofra på altaret.
39 한 어린 양은 아침에 드리고, 한 어린 양은 저녁 때에 드릴지며
Det eine lambet skal du ofra um morgonen, og det andre soleglads bil.
40 한 어린 양에 고운 밀가루 에바 십분 일과, 찧은 기름 힌의 사분 일을 더하고 또 전제로 포도주 힌의 사분 일을 더할지며
Tiandeparten av ei skjeppa fint kveitemjøl, blanda med ei halvkanna av den finaste beroljen, skal du hava attåt det fyrste lambet, og til drykkoffer ei halvkanna vin.
41 한 어린 양은 저녁 때에 드리되 아침과 일반으로 소제와 전제를 그것과 함께 드려 향기로운 냄새가 되게 하여 여호와께 화제를 삼을지니
Det andre lambet skal du ofra soleglads bil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren.
42 이는 너희가 대대로 여호와 앞 회막문에서 늘 드릴 번제라 내가 거기서 너희와 만나고 네게 말하리라
Det er det brennofferet som de og etterkomarane dykkar dagstødt skal bera fram for Herrens åsyn i døri til møtetjeldet, der som eg vil møtast med dykk og tala til deg.
43 내가 거기서 이스라엘 자손을 만나리니 내 영광을 인하여 회막이 거룩하게 될지라!
Der er det eg vil møtast med Israels-borni, og huset skal helgast av herlegdomen min.
44 내가 그 회막과 단을 거룩하게 하며 아론과 그 아들들도 거룩하게 하여 내게 제사장 직분을 행하게 하며
Både møtetjeldet og altaret vil eg helga, og Aron og sønerne hans vil eg vigja til prestar for meg.
45 내가 이스라엘 자손 중에 거하여 그들의 하나님이 되리니
Eg vil bu midt imillom Israels-folket og vera deira Gud,
46 그들은 내가 그들의 하나님 여호와로서 그들 중에 거하려고 그들을 애굽 땅에서 인도하여 낸 줄을 알리라 나는 그들의 하나님 여호와니라!
og dei skal sanna at eg er Herren, deira Gud, som leidde deim ut or Egyptarlandet, og vil bu millom deim, eg, Herren, deira Gud.

< 출애굽기 29 >