< 출애굽기 28 >

1 너는 이스라엘 자손 중 네 형 아론과 그 아들들 곧 나답과, 아비후와, 엘르아살과, 이다말을 그와 함께 네게로 나아오게 하여 나를 섬기는 제사장 직분을 행하게 하되
So skal du kalla Aron, bror din, fram or Israels-lyden, både honom og sønerne hans, og setja deim til prestar for meg, Aron, og Nadab og Abihu, og Eleazar og Itamar, sønerne hans Aron.
2 네 형 아론을 위하여 거룩한 옷을 지어서 영화롭고 아름답게 할지니
Og du skal gjera Aron, bror din, heilage klæde, til æra og til prydnad.
3 너는 무릇 마음에 지혜 있는자, 곧 내가 지혜로운 영으로 채운 자들에게 말하여 아론의 옷을 지어 그를 거룩하게 하여 내게 제사장 직분을 행하게 하라
Du skal tala med alle deim som er hage av seg, og som eg hev fyllt med kunstnarånd, og so skal dei gjera den klædebunaden som Aron skal hava på seg, når han vert vigd til prest.
4 그들의 지을 옷은 이러하니 곧 흉패와, 에봇과, 겉옷과, 반포 속옷과, 관과, 띠라 그들이 네 형 아론과 그 아들들을 위하여 거룩한 옷을 지어 아론으로 내게 제사장 직분을 행하게 할지며
Høyr no kva det er for klæde dei skal gjera: ein bringeduk og ein messehakel og ein prestekjole og ein brogdut underkjole og ei huva og eit belte. Det er den heilage klædebunaden dei skal gjera til Aron, bror din, og sønerne hans, so han kann vera presten min,
5 그들의 쓸것은 금실과, 청색, 자색, 홍색실과, 가늘게 꼰 베실이니라
og til det skal dei bruka gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.
6 그들이 금실과, 청색, 자색, 홍색실과, 가늘게 꼰 베실로 공교히 짜서 에봇을 짓되
Messehakelen skal dei gjera av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Han skal vera vænt voven,
7 그것에 견대 둘을 달아 그 두 끝을 연하게 하고
og hava tvo aksleband som er feste innåt honom, eitt på kvar ende; dei skal vera til å hekta honom i hop med.
8 에봇 위에 매는 띠는 에봇 짜는 법으로 금실과, 청색, 자색, 홍색실과, 가늘게 꼰 베실로 에봇에 공교히 붙여 짤지며
Det skal vera ei livgjord på honom, og den skal vera like eins vovi og av same tyet som messehakelen, gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.
9 호마노 두개를 취하여 그 위에 이스라엘 아들들의 이름을 새기되
So skal du taka tvo av sjohamsteinarne; på deim skal du grava inn namni åt Israels-sønerne,
10 그들의 연치대로 여섯 이름을 한 보석에 나머지 여섯 이름은 다른 보석에
seks på kvar stein, etter alderen;
11 보석을 새기는 자가 인에 새김 같이 너는 이스라엘 아들들의 이름을 그 두 보석에 새겨 금테에 물리고
på same måten som dei skjer ut i stein, eller grev ein seglring, skal du grava inn namni åt Israels-sønerne på desse tvo steinarne, og so skal du fella deim inn i fatingar av tvinna gull.
12 그 두 보석을 에봇 두 견대에 붙여 이스라엘 아들들의 기념 보석을 삼되 아론이 여호와 앞에서 그들의 이름을 그 두 어깨에 메어서 기념이 되게 할지며
Båe steinarne skal du setja på akslebandi åt messehakelen, so dei skal minna um Israels-sønerne; og når Aron stend for Herrens åsyn, skal han bera namni åt Israels-sønerne på båe herdarne sine, til ei minning.
13 너는 금으로 테를 만들고
Sidan skal du gjera sylgjor av tvinna gull.
14 정금으로 노끈처럼 두 사슬을 땋고 그 땋은 사슬을 그 테에 달지니라
Og tvo lekkjor av skirt gull skal du gjera; dei skal vera slyngde på same måten som dei slyngjer snorer. Desse snorlekkjorne skal du festa i sylgjorne.
15 너는 판결 흉패를 에봇 짜는 법으로 금실과, 청색, 자색, 홍색실과, 가늘게 꼰 베실로 공교히 짜서 만들되
So skal du gjera ein domsbringeduk. Vænt rosa skal han vera, som messehakelen; av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn skal du gjera honom.
16 장광이 한뼘씩 두 겹으로 네모 반듯하게 하고
Han skal vera firkanta og tvilagd, ei spann på lengdi og ei spann på breiddi,
17 그것에 네 줄로 보석을 물리되 첫 줄은 홍보석, 황옥, 녹주옥이요,
og sett med dyre steinar, som stend i fire rader. I ei rad skal vera ein karneol og ein topas og ein smaragd; det er den fyrste radi.
18 둘째 줄은 석류석, 남보석, 홍마노요,
I den andre radi skal vera ein rubin og ein safir og ein beryll,
19 세째 줄은 호박, 백마노, 자수정이요,
og i den tridje radi ein hyacint og ein agat og ein ametyst,
20 네째 줄은 녹보석, 호마노, 벽옥으로 다 금테에 물릴지니
og i den fjorde radi ein krysolit og ein sjoham og ein jaspis. Dei skal vera innfelte i fatingar av tvinna gull.
21 이 보석들은 이스라엘 아들들의 이름대로 열 둘이라 매 보석에 열두 지파의 한 이름씩 인을 새기는 법으로 새기고
Steinarne skal vera tolv i talet liksom Israels-sønerne, og på kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ætterne vera inngrave som på ein seglring.
22 정금으로 노끈처럼 땋은 사슬을 흉패 위에 붙이고
So skal du gjera lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.
23 또 금고리 둘을 만들어 흉패 위 곧 흉패 두 끝에 그 두 고리를 달고
Og du skal gjera tvo gullringar til honom; deim skal du setja i kvar sitt hyrna på bringeduken,
24 땋은 두 금사슬로 흉패 두 끝 두 고리에 꿰어 매고
og dei tvo gullsnorerne skal du festa i dei tvo ringarne som sit i hyrno på bringeduken.
25 두 땋은 사슬의 다른 두 끝을 에봇 앞 두 견대의 금테에 매고
Dei hine tvo endarne av båe snorerne skal du festa i dei tvo sylgjorne, og sylgjorne skal du setja på akslebandi åt messehakelen, på framsida.
26 또 금고리 둘을 만들어 흉패 아래 양편 가 안쪽 곧 에봇에 닿은 곳에 달고
So skal du gjera tvo andre gullringar og setja i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.
27 또 금고리 둘을 만들어 에봇 앞 두 견대 아래 매는 자리 가까운편 곧 공교히 짠 띠 윗편에 달고
Og endå tvo gullringar skal du gjera og setja på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han er hekta i hop, ovanfor livgjordi.
28 청색 끈으로 흉패 고리와 에봇 고리에 꿰어 흉패로 공교히 짠 에봇 띠 위에 붙여 떠나지 않게 하라
So skal dei med ei purpursnor binda ringarne på bringeduken til ringarne på messehakelen, so bringeduken sit ovanfor livgjordi og ikkje kann rikkast frå messehakelen.
29 아론이 성소에 들어갈 때에는 이스라엘 아들들의 이름을 기록한 이 판결흉패를 가슴에 붙여 여호와 앞에 영원한 기념을 삼을 것이니라
Og når Aron gjeng inn i heilagdomen og stend framfor augo åt Herren, då skal han bera namni åt Israels-sønerne innmed hjarta sitt, på domsbringeduken, so Herren all tid skal koma deim i hug.
30 너는 우림과 둠밈을 판결 흉패 안에 넣어 아론으로 여호와 앞에 들어 갈 때에 그 가슴 위에 있게 하라 아론이 여호와 앞에서 이스라엘 자손의 판결을 항상 그 가슴 위에 둘지니라!
Inn i domsbringeduken skal du leggja urim og tummim; dei skal liggja innmed hjarta åt Aron, kvar gong han stig fram for Herrens åsyn, so Aron all tid skal bera domen yver Israels-borni på hjarta sitt framfor Herren.
31 너는 에봇 받침 겉옷을 전부 청색으로 하되
Prestekjolen, som er til å bera under messehakelen, skal du gjera av purpur all igjenom.
32 두 어깨 사이에 머리 들어갈 구멍을 내고 그 주위에 갑옷 깃 같이 깃을 짜서 찢어지지 않게 하고
Midt på honom skal det vera eit halssmog med ei vovi borda ikring, som halssmoget på ei brynja, so han ikkje skal rivna.
33 그 옷 가장자리로 돌아가며 청색, 자색, 홍색실로 석류를 수놓고 금방울을 간격하여 달되
Rundt ikring falden skal du setja duskar, på gjerd som granateple, av purpur og skarlak og karmesin, og imillom dei gullbjøllor, alt ikring,
34 그 옷 가장자리로 돌아가며 한 금방울 한 석류, 한 금방울 한 석류가 있게 하라
fyrst ei gullbjølla og ein dusk, so ei gullbjølla og ein dusk att, og soleis rundt um heile falden på kjolen.
35 아론이 입고 여호와를 섬기러 성소에 들어갈 때와 성소에서 나갈때에 그 소리가 들릴 것이라 그리하면 그가 죽지 아니하리라!
Den kjolen skal Aron hava på seg kvar gong han held gudstenesta, so ljoden av honom kann høyrast, når han gjeng inn i heilagdomen og stig fram for Herren, og når han gjeng ut att, so han ikkje skal døy.
36 너는 또 정금으로 패를 만들어 인을 새기는 법으로 그 위에 새기되 여호와께 성결이라 하고
So skal du gjera ei spong av skirt gull, og på den skal du grava inn, som på ein seglring, desse ordi: «Vigd åt Herren».
37 그 패를 청색 끈으로 관 위에 매되 곧 전면에 있게 하라
Du skal festa henne i huva med ei purpursnor: framme på huva skal ho sitja.
38 이 패가 아론의 이마에 있어서 그로 이스라엘 자손의 거룩하게 드리는 성물의 죄건을 담당하게 하라 그 패가 아론의 이마에 늘 있으므로 그 성물을 여호와께서 받으시게 되리라
Uppyver skallen hans Aron skal ho sitja, so Aron kann svara for veilorne i dei heilage offeri som Israels-borni vigjer til Herren - alle dei vigde gåvorne som dei ber fram. Ho skal all tid sitja uppyver skallen hans, so dei skal vera velsedde for Herrens åsyn.
39 너는 가는 베실로 반포 속옷을 짜고 가는 베실로 관을 만드고 띠를 수 놓아 만들지니라!
So skal du gjera ein brogdut underkjole av lin, og ei huva av lin, og eit belte med rosesaum.
40 너는 아론의 아들들을 위하여 속옷을 만들며 그들을 위하여 띠를 만들며 그들을 위하여 관을 만들어서 영화롭고 아름답게 하되
Og til sønerne hans Aron skal du gjera underkjolar, og du skal gjera deim belte, og hovudplagg skal du gjera deim, til æra og til prydnad.
41 너는 그것들로 네 형 아론과 그와 함께한 그 아들들에게 입히고 그들에게 기름을 부어 위임하고 거룩하게 하여 그들로 제사장 직분을 내게 행하게 할지며
Med dette skal du klæda Aron, bror din, og sønerne hans, og so skal du salva deim og setja deim inn i embættet og vigja deim til prestar for meg.
42 또 그들을 위하여 베로 고의를 만들어 허리에서부터 넓적다리까지 이르게 하여 하체를 가리게 하라
So skal du gjera deim lereftsbrøker til å gøyma blygsli si med: frå mjødmarne og ned på låri skal brøkene nå.
43 아론과 그 아들들이 회막에 들어갈 때에나 제단에 가까이 하여 거룩한 곳에서 섬길 때에 그것들을 입어야 죄를 지어서 죽지 아니하리니 그와 후손의 영원히 지킬 규례니라
Og Aron og sønerne hans skal hava deim på seg, når dei gjeng inn i møtetjeldet eller stig fram åt altaret og held gudstenesta i heilagdomen, so dei ikkje skal føra skuld yver seg og lata livet. Det skal vera ei lov for honom og ætti hans i all æva.

< 출애굽기 28 >