< 신명기 1 >

1 이는 모세가 요단 저편 숩 맞은편의 아라바 광야 곧 바란과, 도벨과, 라반과, 하세롯과, 디사합 사이에서 이스라엘 무리에게 선포한 말씀이니라
Dette er dei ordi Moses tala til heile Israel i øydemarki austanfor Jordan, på Moarne midt for Suf, millom Paran og Tofel og Laban og Haserot og Dizahab -
2 호렙산에서 세일산을 지나 가데스 바네아에까지 열 하룻 길이었더라
elleve dagsleider frå Horeb etter den vegen som ber burt imot Se’irfjelli, til Kades-Barnea.
3 제 사십년 십일월 그 달 초일일에 모세가 이스라엘 자손에게 여호와께서 그들을 위하여 자기에게 주신 명령을 다 고하였으니
Det var i det fyrtiande året, fyrste dagen i den ellevte månaden, han tala til Israels-sønerne og bar fram bodi frå Herren.
4 때는 모세가 헤스본에 거하는 아모리 왕 시혼을 쳐 죽이고 에드레이에서 아스다롯에 거하는 바산 왕 옥을 쳐 죽인 후라
Då hadde han vunne yver Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon, og attmed Edre’i yver Og, Basan-kongen, som budde i Astarot.
5 모세가 요단 저편 모압 땅에서 이 율법 설명하기를 시작하였더라 일렀으되
Austanfor Jordan, i Moablandet, var det Moses tok til med å lesa upp desse loverne. Han sagde:
6 우리 하나님 여호와께서 호렙산에서 우리에게 말씀하여 이르시기를 너희가 이 산에서 거한지 오래니
Herren vår Gud, tala soleis til oss ved Horeb: «Lenge nok hev de halde dykk innmed dette fjellet.
7 방향을 돌려 진행하여 아모리 족속의 산지로 가고 그 근지 곳곳으로 가고 아라바와 산지와 평지와 남방과 해변과 가나안 족속의 땅과 레바논과 큰 강 유브라데까지 가라 하셨나니
Tak no ut og legg vegen til Amoritarfjelli og alle dei folki som bur der attmed, på Moarne og i fjellbygderne, på sletta og i Sudlandet og på havstrandi, i heile Kana’ans-landet og på Libanon, alt burt til Storelvi, Eufratelvi.
8 여호와께서 너희의 열조 아브라함과 이삭과 야곱에게 맹세하사 그들과 그 후손에게 주리라 하신 땅이 너희 앞에 있으니 들어가서 얻을지니라
Sjå, eg hev lagt landet ope for dykk. Far av stad og tak det! Det er det landet eg lova federne dykkar, Abraham og Isak og Jakob, at eg vilde gjeva deim og ætti deira.»
9 그 때에 내가 너희에게 말하여 이르기를 나는 홀로 너희 짐을 질 수 없도다
Den gongen sagde eg til dykk: «Eg kann ikkje greida dykk åleine.
10 너희 하나님 여호와께서 너희를 번성케 하셨으므로 너희가 오늘날 하늘의 별 같이 많거니와
Herren, dykkar Gud, hev auka dykk, so de no er mange som stjernorne på himmelen;
11 너희 열조의 하나님 여호와께서 너희를 현재보다 천배나 많게 하시며 너희에게 허락하신 것과 같이 너희에게 복 주시기를 원하노라!
og gjev at han, fedreguden, vilde auka dykk endå tusund gonger og velsigna dykk, som han hev lova!
12 그런즉 나 홀로 어찌 능히 너희의 괴로운 것과 너희의 무거운 짐과 너희의 다툼을 담당할 수 있으랴
Men korleis kann eg åleine bera alt strevet og møda med dykk og trættorne dykkar?
13 너희의 각 지파에서 지혜와 지식이 있는 유명한 자를 택하라 내가 그들을 세워 너희 두령을 삼으리라 한즉
Kom med nokre vise og vituge og velrøynde menner frå kvar ætt, so skal eg setja deim til hovdingar yver dykk!»
14 너희가 대답하여 이르기를 당신의 말씀대로 하는 것이 좋다 하기에
Då svara de meg: «Det er både rett og godt det du tenkjer å gjera.»
15 내가 너희 지파의 두령으로 지혜가 있는 유명한 자를 취하여 너희의 어른을 삼되 곧 각 지파를 따라 천부장과, 백부장과, 오십부장과, 십부장과, 패장을 삼고
So tok eg ættehovdingarne dykkar, vise og velrøynde menner, og sette til styrarar yver dykk - sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti - og gjorde deim til formenner for ætterne dykkar.
16 내가 그 때에 너희 재판장들에게 명하여 이르기를 너희가 너희 형제 중에 송사를 들을 때에 양방간에 공정히 판결 할 것이며 그들 중의 타국인에게도 그리할 것이라
Og til domarane dykkar sagde eg: «Høyr på dei sakerne folk hev med kvarandre, og døm rett millom mann og mann, anten dei båe er landsmenner eller den eine er framand.
17 재판은 하나님께 속한 것인즉 너희는 재판에 외모를 보지 말고 귀천을 일반으로 듣고 사람의 낯을 두려워 말 것이며 스스로 결단하기 어려운 일이거든 내게로 돌리라 내가 들으리라 하였고
Gjer ikkje mannemun i retten! Høyr på den ringaste som på den høgste, og ver ikkje rædde nokon mann! For domen høyrer Gud til. Men dei sakerne som er for vande for dykk, lyt de koma til meg med, so skal eg høyra på deim.»
18 내가 너희의 행할 모든 일을 그 때에 너희에게 다 명하였느니라
Og same gongen sagde eg dykk fyre um alt anna de skulde gjera.
19 우리 하나님 여호와께서 우리에게 명하신 대로 우리가 호렙산에서 발행하여 너희의 본바 크고 두려운 광야를 지나 아모리 족속 산지 길로 가데스 바네아에 이른 때에
So tok me ut frå Horeb, og for gjenom heile den store og øgjelege villmarki som de hev set; me heldt leidi til Amoritarfjelli, soleis som Herren, vår Gud, hadde sagt oss, og kom til Kades-Barnea.
20 내가 너희에게 이르기를 우리 하나님 여호와께서 우리에게 주신 아모리 족속의 산지에 너희가 이르렀나니
Då sagde eg til dykk: «No er de komne til Amoritarfjelli, som Herren, vår Gud, vil gjeva oss.
21 너희 하나님 여호와께서 이 땅을 너희 앞에 두셨은즉 너희 열조의 하나님 여호와께서 너희에게 이르신 대로 올라가서 얻으라 두려워 말라! 주저하지 말라! 한즉
Sjå, han hev lagt dette landet ope for deg! Far upp og tak det, som Herren, din fedregud, hev sagt deg! Du skal ikkje ræddast og ikkje fæla!»
22 너희가 다 내 앞으로 나아와 말하기를 우리가 사람을 우리 앞서 보내어 우리를 위하여 그 땅을 정탐하고 어느 길로 올라가야 할 것과 어느 성읍으로 들어가야 할 것을 우리에게 회보케 하자 하기에
Då kom de til meg alle saman, og sagde: «Lat oss senda folk fyre, so dei kann gjera seg kjende i landet og gjeva oss greida på kva veg me skal fara og kva byar me kjem til!»
23 내가 그 말을 선히 여겨 너희 중에서 매 지파에 한 사람씩 열 둘을 택하매
Det tykte eg var rett, og so valde eg ut tolv mann, ein or kvar ætt.
24 그들이 앞으로 가서 산지에 올라 에스골 골짜기에 이르러 그 곳을 정탐하고
Dei tok då av stad, og for upp i fjelli, og kom til Eskoldalen. Dei endefor landet,
25 그 땅의 과실을 손에 가지고 우리에게로 돌아와서 우리에게 회보하여 이르되 우리의 하나님 여호와께서 우리에게 주시는 땅이 좋더라 하였느니라
og tok noko av frukterne der var og hadde med seg heim til oss, og sagde frå um alt dei hadde set: «Det landet som Herren, vår Gud, vil gjeva oss, er eit godt land, » sagde dei.
26 그러나 너희가 올라 가기를 즐겨 아니하고 너희 하나님 여호와의 명을 거역하여
Men de vilde ikkje fara dit; de sette dykk upp mot Herren, dykkar Gud,
27 장막 중에서 원망하여 이르기를 `여호와께서 우리를 미워하시는 고로 아모리 족속의 손에 붙여 멸하시려고 우리를 애굽 땅에서 인도하여 내셨도다
og sat og mukka i tjeldbuderne dykkar: «Herren hatar oss, » sagde de, «difor førde han oss ut or Egyptarlandet, og no vil han gjeva oss i henderne på amoritarne, so dei skal tyna oss.
28 우리가 어디로 갈꼬?' 우리의 형제들이 우리로 낙심케 하여 말하기를 `그 백성은 우리보다 장대하며 그 성읍은 크고 성곽은 하늘에 닿았으며 우리가 또 거기서 아낙 자손을 보았노라 하는도다' 하기로
Gud betre oss, for eit land me skal fara upp til! Det var so hjarta kolna i oss då brørne våre kom att og sagde: «Det er folk som er større og sterkare enn me, og svære byar, med murar som rekk radt til himmels: og Anaks-sønerne såg me der og.»»
29 내가 너희에게 말하기를 `그들을 무서워 말라! 두려워 하지 말라!
Då sagde eg til dykk: «De skal ikkje ottast og ikkje vera rædde deim.
30 너희 앞서 행하시는 너희 하나님 여호와께서 애굽에서 너희를 위하여 너희 목전에서 모든 일을 행하신 것 같이 이제도 너희를 위하여 싸우실 것이며
Herren, dykkar Gud, gjeng fyre dykk; han skal strida for dykk, soleis som de såg han gjorde i Egyptarland,
31 광야에서도 너희가 당하였거니와 사람이 자기 아들을 안음 같이 너희 하나님 여호와께서 너희의 행로 중에 너희를 안으사 이곳까지 이르게 하셨느니라' 하나
og i øydemarki, der du veit han bar deg, som ein mann ber barnet sitt, heile vegen de for, til de kom hit.»
32 이 일에 너희가 너희 하나님 여호와를 믿지 아니하였도다
Men endå vilde de ikkje lita på Herren, dykkar Gud,
33 그는 너희 앞서 행하시며 장막 칠 곳을 찾으시고 밤에는 불로, 낮에는 구름으로 너희의 행할 길을 지시하신 자니라
han som gjekk fyre dykk på ferdi, og såg etter lægerstad for dykk, um natti i ein eld, so de skulde sjå leidi, og um dagen i ei sky.
34 여호와께서 너희의 말소리를 들으시고 노하사 맹세하여 가라사대
Då Herren høyrde korleis de ropa og bar dykk, vart han harm, og svor:
35 이 악한 세대 사람들 중에는 내가 그들의 열조에게 주기로 맹세 한 좋은 땅을 볼 자가 하나도 없으리라
«Ingen av desse mennerne, av denne vonde ætti, skal få sjå det gilde landet eg lova federne deira,
36 오직! 여분네의 아들 갈렙은 온전히 여호와를 순종하였은즉 그는 그것을 볼것이요 그가 밟은 땅을 내가 그와 그의 자손에게 주리라 하시고
ingen utan Kaleb, son åt Jefunne; han skal få sjå det; honom og borni hans vil eg gjeva det landet han var i, for di han hev heldt seg so trutt etter meg.»
37 여호와께서 너희의 연고로 내게도 진노하사 가라사대 너도 그리로 들어가지 못하리라
Meg og vart Herren harm på for dykkar skuld, og sagde: «Du skal ikkje heller få koma dit.
38 너의 종자 눈의 아들 여호수아는 그리로 들어갈 것이니 너는 그를 담대케 하라 그가 이스라엘에게 그 땅을 기업으로 얻게하리라
Josva, son åt Nun, han som gjeng deg til handa, skal koma dit. Honom skal du styrkja! For han er det som skal vinna landet til odel åt Israel.
39 또 너희가 사로 잡히리라 하던 너희의 아이들과 당일에 선악을 분변치 못하던 너희 자녀들 그들은 그리로 들어갈 것이라 내가 그 땅을 그들에게 주어 산업이 되게 하리라
Og borni dykkar, som de spådde skulde koma i fiendehand, småsveinerne, som endå ikkje kann skilja godt ifrå vondt, dei skal koma dit; deim vil eg gjeva landet, og dei skal få eiga det.
40 너희는 회정하여 홍해 길로 하여 광야로 들어갈지니라 하시매
Men de lyt venda, og taka ut i øydemarki etter den vegen, som ber til Raudehavet.»
41 너희가 대답하여 내게 이르기를 `우리가 여호와께 범죄하였사오니 우리 하나님께서 우리에게 명하신 대로 우리가 올라 가서 싸우리이다' 하고 너희가 각각 병기를 띠고 경솔히 산지로 올라가려 할 때에
Då sagde de til meg: «Me hev synda mot Herren! Men no vil me fara upp og strida, og gjera alt som Herren, vår Gud, hev sagt.» So batt de kring dykk sverdi kvar og ein; de tenkte det var ingen vande å fara upp i fjelli.
42 여호와께서 내게 이르시되 너는 그들에게 이르기를 너희는 올라가지 말라 싸우지도 말라 내가 너희 중에 있지 아니하니 너희가 대적에게 패할까 하노라 하셨다 하라 하시기로
Men Herren sagde til meg: «Seg med deim at dei ikkje skal fara dit, og ikkje gjeva seg i strid; for eg er ikkje med deim, og dei kjem til å rjuka for fienden.»
43 내가 너희에게 고하였으나 너희가 듣지 아니하고 여호와의 명을 거역하고 천자히 산지로 올라가매
So tala eg til dykk, men de vilde ikkje høyra; de lydde ikkje Herren og for i ovmod og uvyrdskap upp i fjelli.
44 그 산지에 거하는 아모리 족속이 너희를 마주 나와서 벌떼같이 너희를 쫓아 세일산에서 쳐서 호르마까지 미친지라
Og amoritarne som budde på dei fjelli, tok ut imot dykk og sette etter dykk so kvast som ein biesvarm, og dei jaga dykk ifrå einannan burtyver Se’irfjelli, radt til Horma.
45 너희가 돌아와서 여호와 앞에서 통곡하나 여호와께서 너희의 소리를 듣지 아니하시며 너희에게 귀를 기울이지 아니하셨으므로
Då kom de attende, og klaga dykk for Herren; men Herren høyrde ikkje på dykk, og lydde ikkje på klagorne dykkar,
46 너희가 가데스에 여러날동안 거하였었나니 곧 너희가 그 곳에 거하던 날 수대로니라
og de laut vera i Kades heile den lange tidi de veit.

< 신명기 1 >