< 역대하 13 >
1 여로보암 왕 제 십팔년에 아비야가 유다 왕이 되고
I det attande styringsåret åt Jeroboam vart Abia konge yver Juda;
2 예루살렘에서 삼년을 치리하니라 그 모친의 이름은 미가야라 기브아사람 우리엘의 딸이더라 아비야가 여로보암으로 더불어 싸울새
tri år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Mikaja Urielsdotter og var frå Gibea. Det var ufred millom Abia og Jeroboam.
3 아비야는 택한 바 싸움에 용맹한 군사 사십만으로 싸움을 예비하였고 여로보암은 택한 바 큰 용사 팔십만으로 대진한지라
Abia byrja striden med ein her av djerve stridsmenner, fire hundrad tusund utvalde menner, men Jeroboam møtte honom med åtte hundrad tusund utvalde menner, som var djerve stridsmenner.
4 아비야가 에브라임산 중 스마라임산 위에 서서 가로되 여로보암과 이스라엘 무리들아 다 들으라
Men Abia gjekk upp på Semarajimberget i Efraimsfjelli og sagde: «Høyr meg Jeroboam og heile Israel!
5 이스라엘 하나님 여호와께서 소금 언약으로 이스라엘 나라를 영원히 다윗과 그 자손에게 주신 것을 너희가 알 것이 아니냐
De veit då vel at Herren, Israels Gud, hev gjeve kongedømet yver Israel for alle tider til David og hans søner ved ei ubrjotande semja.
6 다윗의 아들 솔로몬의 신복 느밧의 아들 여로보암이 일어나 그 주를 배반하고
Men Jeroboam Nebatsson, trælen åt Salomo Davidsson, reiste seg og gjorde upprør mot herren sin.
7 난봉과 비류가 모여 좇으므로 스스로 강하게 하여 솔로몬의 아들 르호보암을 대적하나 그 때에 르호보암이 어리고 마음이 연약하여 능히 막지 못하였었느니라
Og kring honom samla det seg lause karar, skamløysor, som tråssa Rehabeam, son åt Salomo, og Rehabeam var ung og veiklyndt og kunde ikkje halda seg imot deim.
8 이제 너희가 또 다윗자손의 손으로 다스리는 여호와의 나라를 대적하려 하는도다 너희는 큰 무리요 또 여로보암이 너희를 위하여 신으로 만든 금송아지가 너희와 함께 있도다
Og no trur de at de kann tråssa Herrens kongedøme, som ligg til Davids søner, for di det er ein stor hop av dykk, og det hev hjå dykk dei gullkalvarne som Jeroboam let gjera til gudar for dykk.
9 너희가 아론 자손된 여호와의 제사장과 레위 사람을 쫓아내고 이방 백성의 풍속을 좇아 제사장을 삼지 아니하였느냐 무론 누구든지 수송아지 하나와 수양 일곱을 끌고 와서 장립을 받고자 하는 자마다 허무한 신의 제사장이 될 수 있도다
Hev de ikkje jaga burt Herrens prestar, sønerne åt Aron, og levitarne, og rådt dykk til prestar liksom hedningfolki? Kvar den som kom med ein ung ukse og sju verar til prestevigsla, han vert prest for u-gudarne.
10 우리에게는 여호와께서 우리 하나님이 되시니 그를 우리가 배반치 아니하였고 여호와를 섬기는 제사장들이 있으니 아론의 자손이요 또 레위 사람이 수종을 들어
Men Herren er vår Gud, og me hev ikkje vendt oss frå honom; sønerne åt Aron er prestar for Herren, og levitarne gjer tenesta.
11 조석으로 여호와 앞에 번제를 드리며 분향하며 또 깨끗한 상에 진설병을 놓고 또 금등대가 있어 그 등에 저녁마다 불을 켜나니 우리는 우리하나님 여호와의 계명을 지키나 너희는 그를 배반하 였느니라
Kvar morgon og kvar kveld let dei brennofferi ganga upp i røyk med finangande røykjelse, skodebrødi ligg på gullbordet, og gull-ljosestaken med lamporne kveikjer dei kveld etter kveld; for me agtar på fyresegnerne åt Herren, vår Gud, men de hev vendt dykk frå honom.
12 하나님이 우리와 함께 하사 우리의 머리가 되시고 그 제사장들도 우리와 함께하여 경고의 나팔을 불어 너희를 공격하느니라 이스라엘 자손들아 너희 열조의 하나님 여호와와 싸우지 말라 너희가 형통치 못하리라
Sjå, Gud er føraren hjå oss og me hev prestarne hans med alarmlurarne, og dei skal blåsa til strid mot dykk. Israels søner, gjev dykk ikkje i strid med Herren, vår fedregud, for då skal de ikkje hava lukka med dykk!»
13 여로보암이 유다의 뒤를 둘러 복병하였으므로 그 앞에는 이스라엘 사람이 있고 그 뒤에는 복병이 있는지라
Men Jeroboam hadde late deim som låg i baklur kringganga deim soleis at Juda-mennerne hadde deim fyre seg og baklur-mennerne i ryggen.
14 유다 사람이 돌이켜 보고 자기 앞뒤의 적병을 인하여 여호와께 부르짖고 제사장은 나팔을 부니라
Då no Juda-mennerne snudde seg rundt, og såg at åtaket truga deim både framantil og attantil, då ropa deim til Herren; men prestarne bles i lurarne.
15 유다 사람이 소리지르매 유다 사람의 소리지를 때에 하나님이 여로보암과 온 이스라엘을 아비야와 유다 앞에서 쳐서 패하게 하시니라
Og Juda-mennerne sette i med herrop. Og då Juda-mennerne sette i med herropet, då slo Gud Jeroboam og heile Israel for augo på Abia og Juda.
16 이스라엘 자손이 유다 앞에서 도망하는지라 하나님이 그 손에 붙이신고로
Israels-sønerne rømde for Juda, og Gud gav deim i deira vald.
17 아비야와 그 백성이 크게 도륙하니 이스라엘의 택한 병정이 죽임을 입고 엎드러진 자가 오십만이었더라
Og Abia og folket hans gjorde stort tjon på deim, so det fall fem hundrad tusund stridsmenner av Israel.
18 그 때에 이스라엘 자손이 항복하고 유다 자손이 이기었으니 이는 저희가 그 열조의 하나님 여호와를 의지하였음이라
På den tid vart Israels-sønerne audmjukte, men Juda-mennerne kom til magt, for dei studde seg til Herren, sin fedregud.
19 아비야가 여로보암을 쫓아가서 그 성읍들을 빼앗았으니 곧 벧엘과 그 동네와 여사나와 그 동네와 에브론과 그 동네라
Og Abia forfylgde Jeroboam og tok ifrå honom nokre byar; det var Betel og grenderne kringum, Jesana og grenderne kringum og Efron og grenderne kringum.
20 아비야 때에 여로보암이 다시 강성하지 못하고 여호와의 치심을 입어 죽었고
Jeroboam kom aldri til magt meir so lenge Abia livde, og Herren slo honom, so han døydde.
21 아비야는 점점 강성하며 아내 열 넷을 취하여 아들 스물 둘과 딸 열 여섯을 낳았더라
Men Abia vart megtig. Han tok seg fire konor og vart far til tvo og tjugeto søner og sekstan døtter.
22 아비야의 남은 사적과 그 행위와 그 말은 선지자 잇도의 주석책에 기록되니라
Det som elles er å fortelja um Abia, um hans ferd og ord, er uppskrive i utleggjingi åt profeten Iddo.