< 열왕기상 3 >

1 솔로몬이 애굽 왕 바로로 더불어 인연을 맺어 그 딸을 취하고 데려다가 다윗성에 두고 자기의 궁과 여호와의 전과 예루살렘 주위의 성이 필역되기를 기다리니라
Og Salomo kom i giftarskyldskap med Farao, kongen i Egyptarland, med di han gifte seg med dotter åt Farao, og han flutte inn i Davidsbyen med henne til dess han var ferdig med byggjearbeidet på kongsgarden, på Herrens tempel og murarne rundt um Jerusalem.
2 그 때까지 여호와의 이름을 위하여 전을 아직 건축하지 아니하였으므로 백성들이 산당에서 제사하며
Men folket ofra på haugarne; for det var ikkje bygt noko hus for Herrens namn fyre den tid.
3 솔로몬이 여호와를 사랑하고 그 부친 다윗의 법도를 행하되 오히려 산당에서 제사하며 분향하더라
Salomo elska Herren so han fylgde fyresegnerne åt David, far sin. Men ofra på haugarne og brende røykjelse der, gjorde han.
4 이에 왕이 제사하러 기브온으로 가니 거기는 산당이 큼이라 솔로몬이 그 단에 일천 번제를 드렸더니
Og kongen for til Gibeon og vilde ofra der. For det var gjævaste offerhaugen. Tusund brennoffer ofra Salomo på altaret der.
5 기브온에서 밤에 여호와께서 솔로몬의 꿈에 나타나시니라 하나님이 이르시되 내가 네게 무엇을 줄꼬? 너는 구하라
I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum um natti, og Gud sagde: «Bed um kva du vil eg skal gjeva deg!»
6 솔로몬이 가로되 `주의 종 내 아비 다윗이 성실과 공의와 정직한 마음으로 주와 함께 주의 앞에서 행하므로 주께서 저에게 큰 은혜를 베푸셨고 주께서 또 저를 위하여 이 큰 은혜를 예비하시고 오늘날과 같이 저의 위에 앉을 아들을 저에게 주셨나이다
Salomo svara: «Stor miskunn hev du vist imot tenaren din, David, far min, etter di han ferdast for di åsyn i truskap og rettvisa og med ærleg hug imot deg; og du hev halde ved lag åt honom denne store miskunn og gjeve honom ein son til ettermann i kongsstolen hans - so som det no sjåande er.
7 나의 하나님 여호와여, 주께서 종으로 종의 아비 다윗을 대신하여 왕이 되게 하셨사오나 종은 작은 아이라 출입할 줄을 알지 못하고
Ja, Herre, min Gud, no hev du gjort tenaren din til konge etter David, far min, men eg er berre barnet, og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt.
8 주의 빼신 백성 가운데 있나이다 저희는 큰 백성이라 수효가 많아서 셀 수도 없고 기록할 수도 없사오니
Og tenaren din liver her millom folket ditt, som du hev valt ut, eit stort folk som ikkje er teljande eller utreknande, so mangment det er.
9 누가 주의 이 많은 백성을 재판할 수 있사오리이까 지혜로운 마음을 종에게 주사 주의 백성을 재판하여 선악을 분별하게 하옵소서'
So gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, so han kann vera domar for folket sitt og skilja millom godt og vondt! for kven er elles før til å vera domar for dette mangmente folket ditt?»
10 솔로몬이 이것을 구하매 그 말씀이 주의 마음에 맞은지라
Det tektest Herren vel at Salomo bad um dette.
11 이에 하나님이 저에게 이르시되 네가 이것을 구하도다 자기를 위하여 수도 구하지 아니하며, 부도 구하지 아니하며, 자기의 원수의 생명 멸하기도 구하지 아니하고 오직 송사를 듣고 분별하는 지혜를 구하였은즉
Og Gud sagde til honom: «Etter di hev bede um dette og ikkje bede um langt liv eller rikdom og ikkje bede um livet av fiendarne, men hev bede um vit til å agta på det som rett er,
12 내가 네 말대로 하여 네게 지혜롭고 총명한 마음을 주노니 너의 전에도 너와 같은 자가 없었거니와 너의 후에도 너와 같은 자가 일어남이 없으리라
so vil eg gjera som du ynskjer: eg gjeva deg so vist og vitugt eit hjarta at det hev ikkje vore din like, og skal ikkje heller verta sidan.
13 내가 또 너의 구하지 아니한 부와 영광도 네게 주노니 네 평생에 열왕 중에 너와 같은 자가 없을 것이라
Eg vil gjeva deg det du ikkje hev bede um: rikdom og heider, so at ingen av kongerne skal vera din like i all di tid.
14 네가 만일 네 아비 다윗의 행함 같이 내 길로 행하며 내 법도와 명령을 지키면 내가 또 네 날을 길게 하리라
Og vil du fara på mine vegar, so du held loverne og bodi mine, liksom David, far din, gjorde, so skal eg lata livedagarne dine verta mange.»
15 솔로몬이 깨어보니 꿈이더라 이에 예루살렘에 이르러 여호와의 언약궤 앞에 서서 번제와 수은제를 드리고 모든 신복을 위하여 잔치하였더라
Då vakna Salomo - det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens sambandskista, ofra brennoffer og bar fram takkoffer, og gjorde eit gjestebod for alle tenarane sine.
16 때에 창기 두 계집이 왕에게 와서 그 앞에 서며
Då kom det tvo skjøkjor til kongen, og steig fram for honom.
17 한 계집은 말하되 `내 주여! 나와 이 계집이 한 집에서 사는데 내가 저와 함께 집에 있으며 아이를 낳았더니
Og den eine kvinna sagde: «Høyr meg, herre! Eg og denne kvinna bur i same huset. Og eg fekk eit barn der i huset hjå henne.
18 나의 해산한 지 삼일에 이 계집도 해산하고 우리가 함께 있었고 우리 둘 외에는 집에 다른 사람이 없었나이다
Tridje dagen etter at eg hadde fenge barnet, fekk denne kvinna og eit barn; og me var saman; der var ingen framand hjå oss i huset; me tvo eine.
19 그런데 밤에 저 계집이 그 아들 위에 누우므로 그 아들이 죽으니
Men ei natt døydde guten åt denne kvinna, av di ho hadde lagt seg på honom.
20 저가 밤중에 일어나서 계집종 나의 잠든 사이에 내 아들을 내 곁에서 가져다가 자기의 품에 뉘이고 자기의 죽은 아들을 내 품에 뉘었나이다
Då reis ho upp midt på natti og tok min gut ifrå sida mi, medan tenestkvinna di sov, og lagde honom i sitt fang, og sin eigen daude gut lagde ho i mitt fang.
21 미명에 내가 내 아들을 젖 먹이려고 일어나 본즉 죽었기로 내가 아침에 자세히 보니 내가 낳은 아들이 아니더이다' 하매
Då eg so reis upp um morgonen og skulde gjeva guten min suga, då var han daud; men då eg skoda vel på honom um morgonen, vart eg vis med at det var ikkje den gut eg hadde født.»
22 다른 계집은 이르되 `아니라 산것은 내 아들이요 죽은 것은 네 아들이라' 하고 이 계집은 이르되 `아니라 죽은 것이 네 아들이요 산것이 내 아들이라' 하매 왕 앞에서 그와 같이 쟁론하는지라
Den andre kvinna sagde: «Det er ikkje so. Min gut er den som liver. Det er din gut som er daud.» Men den fyrste svara: «Nei, den daude er din gut, den livande er min.» Soleis trætta dei framfor kongen.
23 왕이 가로되 `이는 말하기를 산것은 내 아들이요 죽은 것은 네 아들이라 하고 저는 말하기를 아니라 죽은 것이 네 아들이요 산 것이 내 아들이라 하는도다' 하고
Då sagde kongen: «Den eine segjer: «Denne som liver, er min gut, og den daude er din.» Og den andre segjer: «Det er ikkje so; din gut er det som er daud, og min gut er den som liver.»
24 또 가로되 `칼을 내게로 가져오라` 하니 칼을 왕의 앞으로 가져온지라
Gakk etter eit sverd åt meg!» sagde kongen. Og då dei hadde bore sverdet inn til kongen,
25 왕이 이르되 `산 아들을 둘에 나눠 반은 이에게 주고 반은 저에게 주라'
sagde han: «Hogg det livande barnet i tvo luter, og gjev denne eine helvti til den eine og den andre helvti til den andre!»
26 그 산 아들의 어미되는 계집이 그 아들을 위하여 마음이 불붙는 것 같아서 왕께 아뢰어 가로되 `청컨대 내 주여! 산 아들을 저에게 주시고 아무쪼록 죽이지 마옵소서' 하되 한 계집은 말하기를 `내 것도 되게 말고 네 것도 되게 말고 나누게 하라' 하는지라
Men då sagde ho til kongen, den kvinna som var mor åt det livande barnet - for hjarta hennar brann for guten -: «Høyr meg, herre, » sagde ho, «lat henne få det barnet som liver, og drep det ikkje!» Men hi sagde: «Lat det vera korkje mitt eller ditt; hogg det i tvo!»
27 왕이 대답하여 가로되 `산 아들을 저 계집에게 주고 결코 죽이지말라 저가 그 어미니라' 하매
Då svara kongen og sagde: «Gjev henne der det livande barnet; drep det ikkje! Ho er mori.»
28 온 이스라엘이 왕의 심리하여 판결함을 듣고 왕을 두려워하였으니 이는 하나님의 지혜가 저의 속에 있어 판결함을 봄이더라
Og då denne domen som kongen hadde sagt, spurdest i heile Israel, fekk dei age for kongen; for dei såg at Guds visdom var i honom, so han kunde døma rett.

< 열왕기상 3 >