< ゼカリヤ書 13 >

1 その日には、罪と汚れとを清める一つの泉が、ダビデの家とエルサレムの住民とのために開かれる。
På den dagen skal det vera ei opi kjelda for Davids hus og for deim som bor i Jerusalem til å tvætta av synd og ureinskap.
2 万軍の主は言われる、その日には、わたしは地から偶像の名を取り除き、重ねて人に覚えられることのないようにする。わたしはまた預言者および汚れの霊を、地から去らせる。
Og på den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal eg rydja ut namni på avgudsbilæti or landet, so ingen meir skal minnast deim, ja, ogso profetarne og den ureine åndi skal eg senda ut or landet.
3 もし、人が今後預言するならば、その産みの父母はこれにむかって、『あなたは主の名をもって偽りを語るゆえ、生きていることができない』と言い、その産みの父母は彼が預言している時、彼を刺すであろう。
Og um nokon sidan gjev seg til å spå, so skal far hans og mor hans, hans eigne foreldre, segja til honom: «Du kann ikkje få liva; for du hev tala lygn i Herrens namn.» Og far hans og mor hans, hans eigne foreldre, skal stinga honom ned når han gjev seg til å spå.
4 その日には、預言者たちは皆預言する時、その幻を恥じる。また人を欺くための毛の上着を着ない。
På den dagen skal alle profetarne skjemmast ved synerne sine når dei spår, og dei skal ikkje klæda på seg ein hårkyrtel for å ljuga.
5 そして『わたしは預言者ではない、わたしは土地を耕す者だ。若い時から土地を持っている』と言う。
Men kvar og ein av dei skal segja: «Eg er ikkje nokon profet. Ein jorddyrkar er eg. Ein mann som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.»
6 もし、人が彼に『あなたの背中の傷は何か』と尋ねるならば、『これはわたしの友だちの家で受けた傷だ』と、彼は言うであろう」。
Og um ein spør honom: «Kva er det for nokre sår du hev der på bringa di?» so kjem han til å svara: «Deim hev eg fenge i huset hjå venerne mine.»
7 万軍の主は言われる、「つるぎよ、立ち上がってわが牧者を攻めよ。わたしの次に立つ人を攻めよ。牧者を撃て、その羊は散る。わたしは手をかえして、小さい者どもを攻める。
Vakna upp, du sverd, mot hyrdingen min, mot den mannen som stend meg so nær, segjer Herren, allhers drott. Slå hyrdingen, og lat sauerne spreidast, og eg skal hava handi mi mot dei små.
8 主は言われる、全地の人の三分の二は断たれて死に、三分の一は生き残る。
Og i heile landet, segjer Herren, skal tvo tridjepartar øydast og andast; men ein tridjepart skal leivast der,
9 わたしはこの三分の一を火の中に入れ、銀をふき分けるように、これをふき分け、金を精錬するように、これを精錬する。彼らはわたしの名を呼び、わたしは彼らに答える。わたしは『彼らはわが民である』と言い、彼らは『主はわが神である』と言う」。
og denne tridjeparten let eg ganga gjenom elden og skirer honom som ein skirer sylv, og prøver honom som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal svara deim; eg skal segja: «Dette er mitt folk; » og dei skal svara: «Herren er min Gud.»

< ゼカリヤ書 13 >