< エレミヤ書 50 >
1 主が預言者エレミヤによって語られたバビロンとカルデヤびとの地の事についての言葉。
Det ordet som Herren tala um Babel, um Kaldæarlandet, ved profeten Jeremia.
2 「国々のうちに告げ、また触れ示せよ、旗を立てて、隠すことなく触れ示して言え、『バビロンは取られ、ベルははずかしめられ、メロダクは砕かれ、その像ははずかしめられ、その偶像は砕かれる』と。
Kunngjer det millom folki, og lat det frettast og set upp hermerke! Lat det frettast, dyl det ikkje! Seg: Babel er teki, Bel hev vorte til skammar, Merodak er livskræmd, hennar gudebilæte er vortne til skammar, hennar ufysne avgudar er livskræmde.
3 それは、北の方から一つの国民がきて、これを攻め、その地を荒して、住む人もないようにするからである。人も獣もみな逃げ去ってしまう。
For eit folk kjem imot det nordantil, det gjer hennar land til ei øydemark, so ingen bur i det: både folk og fe er flydde, er burte.
4 主は言われる、その日その時、イスラエルの民とユダの民は共に帰ってくる。彼らは嘆きながら帰ってくる。そしてその神、主を求める。
I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, skal Israels-borni koma, dei og Juda-borni i lag med einannan; gråtande skal dei ganga og søkja Herren, sin Gud.
5 彼らは顔をシオンに向けて、その道を問い、『さあ、われわれは、永遠に忘れられることのない契約を結んで主に連なろう』と言う。
Etter Sion skal dei spyrja, den vegen stemner dei: «Kom, lat oss halda oss til Herren med ei ævepakt som ikkje skal gløymast!»
6 わたしの民は迷える羊の群れである、その牧者がこれをいざなって、山に踏み迷わせたので、山から丘へと行きめぐり、その休む所を忘れた。
Burtkomne sauer var mitt folk. Hyrdingarne deira hadde ført deim på villstig, snutt deim upp i fjelli; frå hamar til haug gjekk dei, gløymde legebolet sitt.
7 これに会う者はみなこれを食べた。その敵は言った、『われわれに罪はない。彼らがそのまことのすみかである主、先祖たちの希望であった主に対して罪を犯したのだ』と。
Alle som fann deim, åt på deim, og uvenerne deira sagde: «Me fær ikkje skuld på oss for det, » - for di dei hadde synda mot Herren, bustaden åt rettferdi, og voni åt federne deira, Herren.
8 バビロンのうちから逃げよ。カルデヤびとの地から出よ。群れの前に行く雄やぎのようにせよ。
Fly ut or Babel, far burt or Kaldæarlandet, og ver som bukkar framfyre hjordi!
9 見よ、わたしは大きい国々を起し集めて、北の地からバビロンに攻めこさせる。彼らはこれに向かって勢ぞろいをし、これをその所から取る。彼らの矢はむなしく帰らない老練な勇士のようである。
For sjå, eg vekkjer upp frå Norderlandet ein skare av store folk og let deim fara mot Babel, og dei skal fylkja seg imot henne; derifrå vert ho teki. Pilerne deira er som frå ei viss-høv kjempa, dei vender ikkje attende med ugjort.
10 カルデヤは人にかすめられる。これをかすめる者はみな飽くことができると、主は言われる。
Og Kaldæa skal verta til herfang; alle som ranar henne, skal få sitt nøgje, segjer Herren.
11 わたしの嗣業をかすめる者どもよ、あなたがたは喜び楽しみ、雌の子牛のように草に戯れ、雄馬のように、いなないているが、
Gled dykk berre, fagna dykk berre, de som ranar odelen min! Berre hoppa i veret som kviga når ho treskjer, og kneggja som velduge hestar.
12 あなたがたの母はいたくはずかしめられ、あなたがたを産んだ者は恥をこうむる。見よ、彼女は国々のうちの最もあとなるものとなり、かわいた砂原の荒野となる。
Mor dykkar vert ovleg til skammar, ho som fødde dykk, skal blygjast; sjå, den siste millom folki vert ho, ei øydemark, eit turt land og ei vill heid.
13 主の怒りによって、ここに住む者はなく、完全に荒れ地となる。バビロンのかたわらを通る者は、みなその傷を見て驚き、かつあざ笑う。
Ubygd skal ho verta, ei audn all med seg, av di Herren er vreid; alle som fer framum Babel, skal ræddast og spotta yver alle hennar plågor.
14 あなたがたすべて弓を張る者よ、バビロンの周囲に勢ぞろいして、これを攻め、矢を惜しまずに、これを射よ、彼女が主に罪を犯したからだ。
Fylk dykk mot Babel, rundt ikring, alle de bogeskyttarar! Skjot på henne, spar ikkje på pilerne! For mot Herren hev ho synda.
15 その周囲に叫び声をあげよ、彼女は降伏した。そのとりでは倒れ、その城壁はくずれた、主があだをかえされたからだ。彼女に報復せよ、彼女がおこなったように、これに行え。
Set i herrop mot henne, rundt ikring: «Ho laut gjeva seg; falne er hennar pilarar, nedrivne hennar murar.» For det er Herrens hemn. Hemn dykk på henne! Gjer med henne likeins som ho hev gjort!
16 種まく者と、刈入れどきに、かまを取る者をバビロンに絶やせ。滅ぼす者のつるぎを恐れて、人はおのおの自分の民の所に帰り、そのふるさとに逃げて行く。
Ryd ut or Babel både såmannen og den som brukar sigden i skurdonni! For det herjande sverdet skal kvar og ein snu attende til sitt folk, og kvar og ein fly til sitt land.
17 イスラエルは、ししに追われて散った羊である。初めにアッスリヤの王がこれを食い、そして今はついにバビロンの王ネブカデレザルがその骨をかじった。
Israel er ein buvill sau; løva hev jaga honom av; Assur-kongen åt fyrst på honom, og no sist hev Nebukadnessar, Babel-kongen, togge hans bein.
18 それゆえ万軍の主、イスラエルの神は、こう言われる、見よ、わたしはアッスリヤの王を罰したように、バビロンの王とその国に罰を下す。
Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg heimsøkjer Babel-kongen og landet hans, likeins som eg heimsøkte Assur-kongen.
19 わたしはイスラエルを再びその牧場に帰らせる。彼はカルメルとバシャンで草を食べる。またエフライムの山とギレアデでその望みが満たされる。
Og eg vil snu Israel attende til hans beitemark, og han skal ganga og beita på Karmel og i Basan; og på Efraimsfjelli og i Gilead skal han få eta sitt nøgje.
20 主は言われる、その日その時には、イスラエルのとがを探しても見当らず、ユダの罪を探してもない。それはわたしが残しておく人々を、ゆるすからである。
I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, vert det leita etter Israels misgjerning, men ho skal ikkje lenger vera til, og etter Judas synder, men dei skal ikkje finnast; for deim som eg let vera att, gjev eg til.
21 主は言われる、上って行って、メラタイムの地を攻め、ペコデの民を攻め、彼らを殺して全く滅ぼし、わたしがあなたがたに命じたことを皆、行いなさい。
Mot Meratajim-landet - far upp mot det og mot deim som bur i Pekod! Øyd deim og bannstøyt deim, når du set etter deim, segjer Herren, og gjer i heilt upp som eg hev bode deg!
22 その地に、いくさの叫びと、大いなる滅びがある。
Det er stridsgny i landet og stort tjon.
23 ああ、全地を砕いた鎚はついに折れ砕ける。ああ、バビロンはついに国々のうちの恐るべき見ものとなる。
Kor er hamaren som slo all jordi sundbroten og sundknasa! Kor er Babel vorti ei skræma millom folki!
24 バビロンよ、わたしは、おまえを捕えるためにわなをかけたが、おまえはそれにかかった。そしておまえはそれを知らなかった。おまえは主に敵したので、尋ね出され、捕えられた。
Eg sette snara for deg, og du gjekk deg fast, Babel, og visste ikkje av det. Du vart funni, og gripi med; for du hadde gjeve deg i strid med Herren.
25 主は武器の倉を開いてその怒りの武器を取り出された。主なる万軍の神が、カルデヤびとの地に事を行われるからである。
Herren hev late upp våpnhuset sitt og teke ut sine vreidevåpn; for Herren, Herren, allhers drott, hev eit arbeid å gjera i Kaldæarlandet.
26 あらゆる方面からきて、これを攻め、その穀倉を開き、これを穀物の山のように積み上げ、完全に滅ぼし尽し、そこに残る者のないようにせよ。
Kom imot det frå alle leider! Lat upp forrådshusi, kasta det i ein dunge likeins som kornband, og bannstøyt det! Lat ikkje noko verta leivt!
27 その雄牛をことごとく殺せ、それを、ほふり場に下らせよ。それらのものはわざわいだ、その日、その罰を受ける時がきたからだ。
Tyn alle uksarne, før deim ned til slagting! Usæla yver deim! for dagen deira er komen, den tid dei skal verta heimsøkte.
28 聞けよ、バビロンの地から逃げ、のがれてきた者の声がする。われわれの神、主の報復、その宮の報復の事をシオンに告げ示す。
Høyr omen av deim som flyr og kjem seg undan frå Babellandet til å forkynna i Sion at Herren, vår Gud hemner, hemner for templet sitt!
29 弓を張る射手をことごとく呼び集めて、バビロンを攻めよ。その周囲に陣を敷け。ひとりも逃がすな。そのしわざにしたがってバビロンに報い、これがおこなった所にしたがってこれに行え。彼がイスラエルの聖者である主に向かって高慢にふるまったからだ。
Bjod skyttarar ut mot Babel, alle deim som boge kann spenna! Slå læger rundt ikring henne, lat ingen koma seg undan! Lat henne få lika for sine gjerningar, gjer med henne heiltupp som ho sjølv hev gjort! For ho hev ovmoda seg mot Herren, mot Israels Heilage.
30 それゆえ、その日、若い者は、広場に倒れ、兵士はみな絶やされると主は言われる。
Difor skal hennar drengjer falla på hennar gator og alle hennar hermenner verta tynte den dagen, segjer Herren.
31 主なる万軍の神は言われる、高ぶる者よ、見よ、わたしはおまえの敵となる、あなたの日、わたしがおまえを罰する時が来た。
Sjå, eg kjem yver deg, Ovmod, segjer Herren, Herren, allhers drott; for dagen din er komen, tidi då eg vil heimsøkja deg.
32 高ぶる者はつまずき倒れる、これを助け起すものはない。わたしはその町々に火を燃やして、その周囲の者をことごとく焼き尽す。
Og Ovmodet skal snåva og falla, og ingen skal reisa det upp att. Og eg vil kveikja eld på byarne, og han skal øyda alt kringum det.
33 万軍の主はこう言われる、イスラエルの民とユダの民は共にしえたげられている。彼らをとりこにした者はみな彼らを固く守って釈放することを拒む。
So segjer Herren, allhers drott: Trælka er Israels-sønerne og Juda-sønerne i lag med kvarandre; og alle som hertok deim, held deim faste, vil ikkje sleppa deim lause.
34 彼らをあがなう者は強く、その名は万軍の主といわれる。彼は必ず彼らの訴えをただし、この地に安きを与えるが、バビロンに住む者には不安を与えられる。
Utløysaren deira er sterk, Herren, allhers drott, er namnet hans. Han skal føra saki deira med fynd so han roar jordi, men uroar Babel-buarne.
35 主は言われる、カルデヤびとの上とバビロンに住む者の上、そのつかさたち、その知者たちの上につるぎが臨む。
Sverd yver Kaldæa, segjer Herren, yver Babel-buarne og yver hennar hovdingar og vismenner!
36 占い師の上につるぎが臨み、彼らは愚か者となる。その勇士の上につるぎが臨み、彼らは滅ぼされる。
Sverd yver pjåtre-kallarne, so dei stend der som dårar! Sverd yver hennar kjempor, so dei vert hugbrotne!
37 その馬の上と、その車の上につるぎが臨み、またそのうちにあるすべての雇兵の上に臨み、彼らは女のようになる。その財宝の上につるぎが臨み、それはかすめられる。
Sverd yver hennar hestar og vogner og yver alt blandingsfolket hjå henne, so dei vert kvende! Sverd yver hennar skattar so dei vert rana!
38 その水の上に、ひでりが来て、それはかわく。それは、この地が偶像の地であって、人々が偶像に心が狂っているからだ。
Turk yver hennar vatn so dei turkast upp! For det er eit land med avgudsbilæte, og dei ber seg som galne med dei skræmelege gudarne sine.
39 それゆえ、野の獣と山犬とは共にバビロンにおり、だちょうもそこに住む。しかし、いつまでもその地に住む人はなく、世々ここに住む人はない。
Difor skal røysekatter med sjakaler halda til der, og strutsar skal hava sitt tilhelde der. Og der skal aldri meir verta bygt, men audt frå ætt til ætt.
40 主は言われる、神がソドムとゴモラと、その隣の町々を滅ぼされたように、そこに住む人はなく、そこに宿る人の子はない。
Likeins som då Gud lagde i øyde Sodoma og Gomorra med grannebyar, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og ikkje noko mannsbarn halda til der.
41 見よ、一つの民が北の方から来る。大いなる国と多くの王が地の果から立ち上がっている。
Sjå, eit folk kjem nordanfrå, eit stort folk og velduge kongar ris upp frå utkantarne på jordi.
42 彼らは弓と、やりを取る。残忍で、あわれみがなく、その響きは海の鳴りとどろくようである。バビロンの娘よ、彼らは馬に乗り、いくさびとのように身をよろって、あなたを攻める。
Boge og spjot ber dei, meinharde er dei og miskunnlause; dunen av deim er som havmarm, og på hestar rid dei, budde som ein mann til bardage mot deg, Babels dotter.
43 バビロンの王はそのうわさを聞いて、その手は弱り、子を産む女に臨むような痛みと苦しみに迫られた。
Babel-kongen hev fenge fretnad av deim, og hans hender er magtstolne; angest hev gripe honom, rider liksom kvinna med fødeflagor.
44 見よ、ししがヨルダンの密林から上ってきて、じょうぶな羊のおりを襲うように、わたしは、たちまち彼らをそこから逃げ去らせる。そしてわたしの選ぶ者をその上に立てる。だれかわたしのような者があるであろうか。だれがわたしを呼びつけることができようか。どの牧者がわたしの前に立つことができようか。
Sjå det kjem ein upp stigande, som løva ut or tjukkskogen attmed Jordan, og inn på den sigrøne eng; for i ein augneblink vil eg jaga deim burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver henne. For kven er min like, og kven vil stemna meg? Og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?
45 それゆえ、バビロンに対して主が立てた計りごとと、カルデヤびとの地に対してしようとする事を聞くがよい。彼らの群れのうちの小さい者は、かならず引かれて行く。彼らのおりのものも必ずその終りを見て恐れる。
Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Babel, og dei tankarne han hev tenkt um Kaldæarlandet: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, beitemarki deira skal taka fæla av deim.
46 バビロンが取られたとの声によって地は震い、その叫びは国々のうちに聞える」。
Av ropet: «Babel er teki!» bivrar jordi, og millom folki skrik dei ende yver seg.