< イザヤ書 31 >

1 助けを得るためにエジプトに下り、馬にたよる者はわざわいだ。彼らは戦車が多いので、これに信頼し、騎兵がはなはだ強いので、これに信頼する。しかしイスラエルの聖者を仰がず、また主にはかることをしない。
Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og stolar på hestar og lit på vogner, for di dei er so mange, og på hestfolk, for di dei er so mannsterke, men ikkje skodar etter Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!
2 それにもかかわらず、主もまた賢くいらせられ、必ず災をくだし、その言葉を取り消すことなく、立って悪をなす者の家を攻め、また不義を行う者を助ける者を攻められる。
Men han og er vis og let ulukka koma, og ordi sine tek han ikkje i seg att, men han reiser seg mot huset åt dei vonde og mot deim som er hjelp for illgjerdsmenner.
3 かのエジプトびとは人であって、神ではない。その馬は肉であって、霊ではない。主がみ手を伸ばされるとき、助ける者はつまずき、助けられる者も倒れて、皆ともに滅びる。
Og egyptarane er menneskje og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si, og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla, og dei skal alle saman ganga til grunns.
4 主はわたしにこう言われた、「ししまたは若いししが獲物をつかんで、ほえたけるとき、あまたの羊飼が呼び出されて、これにむかっても、その声によって驚かず、その叫びによって恐れないように、万軍の主は下ってきて、シオンの山およびその丘で戦われる。
For so sagde Herren til meg: Liksom ei løva og ei ungløva burar yver rovet sitt, når ein flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje rædd for ståket, soleis skal Herren, allhers drott, fara ned og strida mot Sions fjell og mot høgdi der.
5 鳥がひなを守るように、万軍の主はエルサレムを守り、これを守って救い、これを惜しんで助けられる」。
Liksom flaksande fuglar, soleis skal Herren, allhers drott, verja Jerusalem, verja og frelsa, ganga framum og berga.
6 イスラエルの人々よ、主に帰れ。あなたがたは、はなはだしく主にそむいた。
Vend um til honom som de er so djupt falne frå, de Israels-born!
7 その日、あなたがたは自分の手で造って罪を犯したしろがねの偶像と、こがねの偶像をめいめい投げすてる。
For på den dagen skal dei kasta frå seg kvar sine sylvgudar og gullgudar, som dykkar hender hev gjort dykk til synd.
8 「アッスリヤびとはつるぎによって倒れる、人のつるぎではない。つるぎが彼らを滅ぼす、人のつるぎではない。彼らはつるぎの前から逃げ去り、その若い者は奴隷の働きをしいられる。
Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneskje til, skal øyda honom, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar.
9 彼らの岩は恐れによって過ぎ去り、その君たちはあわて、旗をすてて逃げ去る」。これは主の言葉である。主の火はシオンにあり、その炉はエルサレムにある。
Og berget hans skal røma for rædsla, og fyrstarne hans skal skræmast burt ifrå fana si, segjer Herren, som hev elden sin i Sion og omnen sin i Jerusalem.

< イザヤ書 31 >