< マタイの福音書 27 >

1 夜明けになりて、凡ての祭司長・民の長老ら、イエスを殺さんと相 議り、
Det var morgon vorte då alle dei øvste prestarne og styresmennerne sagde daudedomen yver Jesus.
2 遂に之を縛り、曳きゆきて總督ピラトに付せり。
So batt dei honom og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus, landshovdingen.
3 ここにイエスを賣りしユダ、その死に定められ給ひしを見て悔い、祭司長・長老らに、かの三十の銀をかへして言ふ、
Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus frå livet, angra han på det han hadde gjort. Han bar dei tretti sylvdalarne attende til dei øvste prestarne og styresmennerne og sagde:
4 『われ罪なきの血を賣りて罪を犯したり』彼らいふ『われら何ぞ干らん、汝みづから當るべし』
«Eg hev synda! Det var skuldlaust blod eg gav yver til dykk.» «Kva skil det oss? Det vert di eigi sak, » svara dei.
5 彼その銀を聖所に投げすてて去り、ゆきて自ら縊れたり。
Då kasta han pengarne frå seg i templet og tok ut; og sidan gjekk han burt og hengde seg upp.
6 祭司長らその銀をとりて言ふ『これは血の價なれば、宮の庫に納むるは可からず』
Dei øvste prestarne tok pengarne og sagde: «Det er’kje rett å leggja deim i tempelkista; for det er blodpengar.»
7 かくて相 議り、その銀をもて陶工の畑を買ひ、旅人らの墓地とせり。
So tok dei den rådi at dei for desse pengarne kjøpte Pottemakaråkeren til gravstad for framande.
8 之によりて其の畑は、今に至るまで血の畑と稱へらる。
Difor hev den åkeren vore kalla Blodåkeren alt til denne dag.
9 ここに預言者エレミヤによりて云はれたる言は成就したり。曰く『かくて彼ら値積られしもの、即ちイスラエルの子らが値積りし者の價の銀 三十をとりて、
Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer: «So tok dei desse tretti sylvdalarn’ - det var det verd dei hadde sett han i, han som dei verdsette for Israel -
10 陶工の畑の代に之を與へたり。主の我に命じ給ひし如し』
for Pottemakargården dei det gav, soleis som Herren hadde sagt meg til.»
11 さてイエス、總督の前に立ち給ひしに、總督 問ひて言ふ『なんぢはユダヤ人の王なるか』イエス言ひ給ふ『なんぢの言ふが如し』
So vart då Jesus førd fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde honom: «Er det du som er konge yver jødarne?» «Du segjer det sjølv, » sagde Jesus.
12 祭司長・長老ら訴ふれども、何をも答へ給はず。
Men då dei øvste prestarne og styresmennerne kom med klagemåli sine, svara han ingen ting.
13 ここにピラト彼に言ふ『聞かぬか、彼らが汝に對して如何におほくの證據を立つるを』
Då sagde Pilatus til honom: «Høyrer du ikkje alt det dei skuldar deg for?»
14 されど總督の甚く怪しむまで、一言をも答へ給はず。
Men han svara honom ikkje på eit einaste ord, so landshovdingen undra seg storleg.
15 祭の時には、總督 群衆の望にまかせて、囚人 一人を之に赦す例あり。
Kvar høgtid hadde landshovdingen for vis å gjeva folket ein fange fri, kven dei vilde.
16 ここにバラバといふ隱れなき囚人あり。
Den gongen hadde dei ein ordgjeten fange som heitte Barabbas.
17 されば人々の集れる時、ピラト言ふ『なんぢら我が誰を赦さんことを願ふか。バラバなるか、キリストと稱ふるイエスなるか』
Då dei no hadde samla seg, sagde Pilatus til deim: «Kven vil de eg skal gjeva dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som dei kallar Messias?»
18 これピラト彼らのイエスを付ししは嫉に因ると知る故なり。
For han visste at det var av ovund dei hadde gjeve Jesus yver til honom.
19 彼なほ審判の座にをる時、その妻、人を遣して言はしむ『かの義人に係ることを爲な、我けふ夢の中にて彼の故にさまざま苦しめり』
Og med han sat i domarsætet, sende kona hans bod til honom og sagde: «Du skal ikkje hava noko med saki mot denne rettferdige mannen! Eg hev drøymt so vondt i natt for hans skuld.»
20 祭司長・長老ら、群衆にバラバの赦されん事を請はしめ、イエスを亡さんことを勸む。
Men dei øvste prestarne og styresmennerne talde folket til å beda Barabbas fri og lata Jesus drepast.
21 總督こたへて彼らに言ふ『二人の中いづれを我が赦さん事を願ふか』彼らいふ『バラバなり』
Og då landshovdingen tok til ords att og spurde: «Kven av desse tvo vil de eg skal gjeva dykk fri?» svara dei: «Barabbas!»
22 ピラト言ふ『さらばキリストと稱ふるイエスを我いかにすべきか』皆いふ『十字架につくべし』
«Kva skal eg då gjera med Jesus, han som dei kallar Messias?» sagde han. Då svara deim alle: «Lat honom verta krossfest!»
23 ピラト言ふ『かれ何の惡事をなしたるか』彼ら烈しく叫びていふ『十字架につくべし』
«Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre sterkare og sterkare: «Lat honom verta krossfest!»
24 ピラトは何の效なく反つて亂にならんとするを見て、水をとり群衆のまへに手を洗ひて言ふ『この人の血につきて我は罪なし、汝 等みづから當れ』
Då Pilatus såg at han ingen ting kunde gjera, men ståket heller vart verre, tok han vatn og tvo henderne sine midt for augo på folkehopen og sagde: «Eg hev ingi skuld i blodet åt denne rettferdige mannen. Dette lyt de svara for!»
25 民みな答へて言ふ『其の血は、我らと我らの子孫とに歸すべし』
Då svara heile folket: «Blodet hans må koma yver oss og yver borni våre!»
26 ここにピラト、バラバを彼らに赦し、イエスを鞭うちて、十字架につくる爲に付せり。
So gav han deim Barabbas fri, men Jesus let han piska, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom.
27 ここに總督の兵卒ども、イエスを官邸につれゆき、全 隊を御許に集め、
Hermennerne åt landshovdingen tok Jesus med seg inn i borgi og samla heile vakti kringum honom.
28 その衣をはぎて、緋色の上衣をきせ、
So klædde dei av honom, og hengde på honom ei skarlakskåpa,
29 茨の冠冕を編みて、その首に冠らせ、葦を右の手にもたせ、且その前に跪づき、嘲弄して言ふ『ユダヤ人の王、安かれ』
og dei fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans, og gav honom ein røyrstav i høgre handi. Med so gjort, fall dei på kne for honom spotta honom og sagde: «Heil deg, jødekonge!»
30 また之に唾し、かの葦をとりて其の首を叩く。
So sputta dei på honom, og tok røyrstaven og slo honom i hovudet med,
31 かく嘲弄してのち、上衣を剥ぎて、故の衣をきせ、十字架につけんとて曳きゆく。
og då dei hadde spotta honom det dei vilde, tok dei av honom kåpa og hadde på honom hans eigne klæde, og so førde dei honom burt og skulde krossfesta honom.
32 その出づる時、シモンといふクレネ人にあひしかば、強ひて之にイエスの十字架をおはしむ。
På vegen møtte dei ein mann frå Kyrene som heitte Simon. Honom nøydde dei til å bera krossen hans.
33 かくてゴルゴタといふ處、即ち髑髏の地にいたり、
Då dei so kom til ein stad som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -
34 苦味を混ぜたる葡萄酒を飮ませんとしたるに、嘗めて、飮まんとし給はず。
gav dei honom vin blanda med gall; men då han hadde smaka på det, vilde han ikkje drikka.
35 彼らイエスを十字架につけてのち、籤をひきて其の衣をわかち、
So feste dei honom til krossen. Klædi hans bytte dei millom seg, og drog strå um deim,
36 且そこに坐して、イエスを守る。
og so vart dei sitjande der og heldt vakt yver honom.
37 その首の上に『これはユダヤ人の王イエスなり』と記したる罪標を置きたり。
Og uppyver hovudet hans hadde dei skrive klagemålet mot honom; det lydde so: Dette er Jesus, kongen yver jødarne.
38 ここにイエスとともに二人の強盜、十字架につけられ、一人はその右に、一人はその左におかる。
Saman med honom vart tvo røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på vinstre sida.
39 往來の者どもイエスを譏り、首を振りていふ、
Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde:
40 『宮を毀ちて三日のうちに建つる者よ、もし神の子ならば己を救へ、十字架より下りよ』
«Du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar, hjelp deg no sjølv! Er du Guds Son, so stig ned av krossen!»
41 祭司長らもまた同じく、學者・長老らとともに嘲弄して言ふ、
Sameleis spotta dei honom, både dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne, og sagde:
42 『人を救ひて己を救ふこと能はず。彼はイスラエルの王なり、いま十字架より下りよかし、さらば我ら彼を信ぜん。
«Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! Han er konge i Israel! Lat honom no stiga ned av krossen, so skal me tru på honom.
43 彼は神に依り頼めり、神かれを愛しまば今すくひ給ふべし「我は神の子なり」と云へり』
Han leit på Gud; lat no Gud berga honom, dersom han bryr seg um honom! Han hev då sagt: «Eg er Guds Son!»»
44 ともに十字架につけられたる強盜どもも、同じ事をもてイエスを罵れり。
Jamvel røvarane som var krossfeste saman med honom, spotta på same visi.
45 晝の十二 時より地の上あまねく暗くなりて、三時に及ぶ。
Frå den sette timen vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.
46 三時ごろイエス大聲に叫びて『エリ、エリ、レマ、サバクタニ』と言ひ給ふ。わが神、わが神、なんぞ我を見 棄て給ひしとの意なり。
Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst og sagde: «Eli, Eli, lama sabaktani!» Det er det same som: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?»
47 そこに立つ者のうち或 人々これを聞きて『彼はエリヤを呼ぶなり』と言ふ。
Då sagde nokre av deim som stod der og høyrde det: «Han ropar på Elia.»
48 直ちにその中の一人はしりゆきて海綿をとり、酸き葡萄酒を含ませ、葦につけてイエスに飮ましむ。
Og med det same sprang ein av deim fram og tok ein svamp og fyllte med vineddik og sette på ein tein, og let honom få drikka.
49 その他の者ども言ふ『まて、エリヤ來りて彼を救ふや否や、我ら之を見ん』
Men dei hine sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og hjelper honom!»
50 イエス再び大聲に呼はりて息 絶えたまふ。
Og Jesus ropa endå ein gong med høg røyst, og gav ut åndi.
51 視よ、聖所の幕、上より下まで裂けて二つとなり、また地震ひ、磐さけ、
Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og heilt ned, og jordi skalv og bergi brast,
52 墓ひらけて、眠りたる聖徒の屍體おほく活きかへり、
og graverne opna seg, og mange avlidne heilagmenne stod livs livande upp
53 イエスの復活ののち墓をいで、聖なる都に入りて、多くの人に現れたり。
og dei gjekk fram or graverne, og etter Jesus hadde stade upp att, kom dei inn i den heilage staden og synte seg for mange.
54 百卒長および之と共にイエスを守りゐたる者ども、地震とその有りし事とを見て甚く懼れ『實に彼は神の子なりき』と言へり。
Då hovudsmannen og dei som var med honom og heldt vakt yver Jesus, såg jordskjelven og alt det som hende, vart dei fulle av otte og sagde: «Dette var sanneleg Guds Son!»
55 その處にて遙に望みゐたる多くの女あり、イエスに事へてガリラヤより從ひ來りし者どもなり。
Det var og mange kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på; dei hadde fylgt Jesus frå Galilæa og tent honom.
56 その中には、マグダラのマリヤ、ヤコブとヨセフとの母マリヤ、及びゼベダイの子らの母などもゐたり。
Millom deim var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob og Josef, og mor åt Sebedæus-sønerne.
57 日 暮れて、ヨセフと云ふアリマタヤの富める人きたる。彼もイエスの弟子なるが、
Um kvelden kom det ein rik mann som heitte Josef, og var frå Arimatæa; han hadde og vorte ein læresvein åt Jesus.
58 ピラトに往きてイエスの屍體を請ふ。ここにピラト之を付すことを命ず。
Han gjekk til Pilatus og bad um han måtte få likamen åt Jesus; og Pilatus sende bod at dei skulde lata honom få han.
59 ヨセフ屍體をとりて淨き亞麻 布につつみ、
Då tok Josef likamen og sveipte honom inn i eit reint linty,
60 岩にほりたる己が新しき墓に納め、墓の入口に大なる石を轉しおきて去りぬ。
og lagde honom i den nye gravi som han hadde hogge ut åt seg i berget. So velte han ein stor stein attfor gravopningi og gjekk burt.
61 其處にはマグダラのマリヤと他のマリヤと墓に向ひて坐しゐたり。
Maria Magdalena og den andre Maria var der og; dei sat midt fyre gravi.
62 あくる日、即ち準備 日の翌日、祭司長らとパリサイ人らとピラトの許に集りて言ふ、
Den andre dagen - det var den som kjem etter fyrebuingsdagen - gjekk dei øvste prestarne og farisæarane saman til Pilatus
63 『主よ、かの惑すもの生き居りし時「われ三日の後に甦へらん」と言ひしを、我ら思ひいだせり。
og sagde: «Herre, me kjem i hug at denne folkedåraren sagde med han livde: «Tri dagar etter stend eg upp att.»
64 されば命じて三日に至るまで墓を固めしめ給へ、恐らくはその弟子ら來りて之を盜み、「彼は死人の中より甦へれり」と民に言はん。然らば後の惑は前のよりも甚だしからん』
Set no folk til å vakta vel på gravi til tridje dagen! Elles kunde læresveinarne hans koma og stela honom burt, og segja til folket: «Han hev stade upp frå dei daude, » og då vert den siste dåringi verre enn den fyrste.»
65 ピラト言ふ『なんぢらに番兵あり、往きて力 限り固めよ』
Då sagde Pilatus: «Her hev de vakt! Gakk no og tak vare på gravi som de best kann!»
66 乃ち彼らゆきて石に封印し、番兵を置きて墓を固めたり。
So gjekk dei og sette vakti til å varveitsla gravi, etter dei hadde forsigla steinen.

< マタイの福音書 27 >