< 列王記Ⅰ 2 >
1 ダビデ死ぬる日近よりければ其子ソロモンに命じていふ
Då det leid til at David skulde døy, gav han Salomo, son sin, fyresegner og sagde:
2 我は世人の皆往く途に往んとす汝は強く丈夫のごとく爲れ
«Eg gjeng no den vegen som all verdi må fara. Ver so du sterk, og vert ein mann!
3 汝の神ヱホバの職守を守り其道に歩行み其法憲と其誡命と其律例と其證言とをモーセの律法に録されたるごとく守るべし然らば汝凡て汝の爲ところと凡て汝の向ふところにて榮ゆべし
Tak vare på alt det som Herren, din Gud, vil du skal taka vare på, so du ferdast på hans vegar og rettar deg etter hans lover og bod og rettar og fyresegner, soleis som det er skrive i Mose lov, so du må fara vist åt i alt det du tek deg fyre, og kvar du vender deg -
4 又ヱホバは其甞に我の事に付て語りて若汝の子等其道を愼み心を盡し精神を盡して眞實をもて吾前に歩ばイスラエルの位に上る人汝に缺ることなかるべしと言たまひし言を堅したまはん
so Herren kann halda den lovnad han gav meg og sagde: «Aldri skal du vanta ein ettermann på Israels kongsstol, » sagde han, «er so sønerne dine agtar på vegen sin, so dei ferdast for mi åsyn i truskap av alt sitt hjarta og heile si sjæl.»
5 又汝はゼルヤの子ヨアブが我に爲たる事即ち彼がイスラエルの二人の軍の長ネルの子アブネルとヱテルの子アマサに爲たる事を知る彼此二人を切殺し太平の時に戰の血を流し戰の血を己の腰の周圍の帶と其足の履に染たり
Du og veit sjølv kva Joab, son åt Seruja, hev gjort imot meg, korleis han bar seg åt mot dei tvo herførarane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson, at han tok livet av deim og rende ut blod i fredstid plent som det hadde vore krig, og bloda ut beltet um livet sitt og skorne på føterne sine.
6 故に汝の智慧にしたがひて事を爲し其白髮を安然に墓に下らしむるなかれ (Sheol )
Stell deg no difor som du hev visdom til, og lat ikkje dei grå håri hans fara i fred ned i helheimen. (Sheol )
7 但しギレアデ人バルジライの子等には恩惠を施こし彼等をして汝の席にて食ふ者の中にあらしめよ彼等はわが汝の兄弟アブサロムの面を避て逃し時我に就たるなり
Men sønerne åt Barzillai frå Gilead skal du gjera vel imot; dei skal vera millom deim som et ved bordet ditt; for soleis møtte dei meg den gongen eg laut røma for Absalom, bror din.
8 視よ又バホリムのベニヤミン人ゲラの子シメイ汝とともに在り彼はわがマナハイムに往し時勵しき詛言をもて我を詛へり然ども彼ヨルダンに下りて我を迎へたれば我ヱホバを指て誓ひて我劍をもて汝を殺さじといへり
So hev du hjå deg benjaminiten Sime’i, son åt Gera, frå Bahurim; han lyste ei rysjeleg våbøn yver meg den dagen eg gjekk til Mahanajim; men han kom meg sidan i møte nedmed Jordan, og då svor eg honom til ved Herren at eg ikkje skulde drepa honom med sverd.
9 然りといへども彼を辜なき者とする勿れ汝は智慧ある人なれば彼に爲べき事を知るなり血を流して其白髮を墓に下すべしと (Sheol )
Men no må du ikkje lata honom vera ustraffa, for du er ein vis mann, og veit korleis du skal fara åt med honom, so du let dei grå håri hans fara blodute ned i helheimen.» (Sheol )
10 斯てダビデは其父祖と偕に寝りてダビデの城に葬らる
So Lagde David seg til kvile hjå federne sine; han vart gravlagd i Davidsbyen.
11 ダビデのイスラエルに王たりし日は四十年なりき即ちヘブロンにて王たりし事七年エルサレムにて王たりし事三十三年
I fyrti år hadde David vore konge yver Israel. I Hebron styrde han i sju år, og i Jerusalem styrde han i tri og tretti år.
12 ソロモン其父ダビデの位に坐し其國は堅固く定まりぬ
Og Salomo sette i kongsstolen åt David, far sin, og kongedømet hans vart ovleg sterkt.
13 爰にハギテの子アドニヤ、ソロモンの母バテシバの所に來りければバテシバいひけるは汝は平穩なる事のために來るや彼いふ平穩たる事のためなり
Men Adonia, son åt Haggit, gjekk inn til Batseba, mor åt Salomo. Ho spurde då: «Kjem du med fred?» Han svara: «Ja, med fred!»
14 彼又いふ我は汝に言さんとする事ありとバテシバいふ言されよ
So sagde han: «Eg hev ein ting å tala med deg um.» «Ja, tala ut!» svara ho.
15 かれいひけるは汝の知ごとく國は我の有にしてイスラエル皆其面を我に向て王となさんと爲りしかるに國は轉てわが兄弟の有となれり其彼の有となれるはヱホバより出たるなり
Då sagde han: «Du veit sjølv at kongedømet høyrde meg til, og at heile Israel vona på meg til konge. Men kongedømet gjekk ifrå meg og til bror min; det vart hans, for di Herren laga det so.
16 今我一の願を汝に求む請ふわが面を黜くるなかれバテシバかれにいひけるは言されよ
No hev eg ei einaste bøn til deg - vis meg ikkje burt.» Ho sagde til honom: «Tala ut!»
17 彼いひけるは請ふソロモン王に言て彼をしてシエナミ人アビシヤグを我に與て妻となさしめよ彼は汝の面を黜けざるべければなり
Då sagde han: «Seg du til kong Salomo - for deg viser han ikkje burt - at han skal gjeva meg Abisag frå Sunem til kona!»
Batseba svara: «Godt, eg skal tala til kongen um deg.»
19 かくてバテシバ、アドニヤのために言とてソロモン王の許に至りければ王起てかれを迎へ彼を拝して其位に坐なほり王母のために座を設けしむ乃ち其右に坐せり
So gjekk Batseba inn til kong Salomo og vilde tala med honom um Adonia. Kongen reis upp, gjekk til møtes med henne og bøygde seg for henne, og han sette seg atter i kongsstolen sin. Dei laga til eit sæte for kongsmori, og ho sette seg attmed honom på høgre sida.
20 しかしてバテシバいひけるは我一の細小き願を汝に求むわが面を黜くるなかれ王かれにいひけるは母上よ求めたまへ我汝の面を黜けざるなり
So sagde ho: «Eg hev ei einaste liti bøn til deg; seg ikkje nei!» Og kongen sagde til henne: «Kom fram med bøni di, mor! Eg skal ikkje visa deg burt.»
21 彼いひけるは請ふシユナミ人アビシヤグをアドニヤに與て妻となさしめよ
Då sagde ho: «Lat Adonia, bror din, få Abisag frå Sunem til kona!»
22 ソロモン王答て其母にいひけるは何ぞアドニヤのためにシユナミ人アビシヤグを求めらるるや彼のために國をも求められよ彼は我の兄なればなり彼と祭司アビヤタルとゼルヤの子ヨアブのために求められよと
Men kong Salomo svara og sagde til mor: «Kvi bed du nettupp um Abisag frå Sunem åt Adonia? Bed heller um kongedømet åt honom - for han er då eldste bror min - ja, både åt honom og åt presten Abjatar og åt Joab Serujason.»
23 ソロモン王乃ちヱホバを指て誓ひていふ神我に斯なし又重ねて斯なしたまへアドニヤは其身の生命を喪はんとて此言を言いだせり
Og kong Salomo svor ved Herren og sagde: «Herren late meg bøta både no og sidan, um ikkje Adonia skal få bøta med livet sitt, for di han hev tala dette!
24 我を立てわが父ダビデの位に上しめ其約せしごとく我に家を建たまひしヱホバは生くアドニヤは今日戮さるべしと
So sant Herren liver, han som hev gjeve meg ein stød sess i kongsstolen åt David, far min, og som etter lovnaden sin hev reist meg eit kongehus, so skal Adonia døy i denne dag!»
25 ソロモン王ヱホヤダの子ベナヤを遣はしければ彼アドニヤを撃て死しめたり
Og kong Salomo sende i veg Benaja Jojadason. Han slo honom ned, og han døydde.
26 王また祭司アビヤタルにいひけるは汝の故田アナトテにいたれ汝は死に當る者なれども嚮にわが父ダビデのまへに神ヱホバの櫃を舁き又凡てわが父の艱難を受たる處にて汝も艱難を受たれば我今日は汝を戮さじと
Til presten Abjatar sagde kongen: «Gakk til Anatot, til garden din! for du er ein daudedømd mann! men nettupp i dag vil eg ikkje taka livet ditt, etter di du hev bore Herrens, Herrens kista framfyre David, far min, og etter di du hev lide med i alt som far min laut lida.»
27 ソロモン、アビヤタルを逐いだしてヱホバの祭司たらしめざりき斯ヱホバがシロにてエリの家につきて言たまひし言應たり
So jaga Salomo Abjatar burt og let honom ikkje lenger vera Herrens prest, so det skulde sannast det som Herren hadde sagt um ætti åt Eli i Silo.
28 爰に其風聞ヨアブに達りければヨアブ、ヱホバの幕屋に遁れて壇の角を執たり其はヨアブは轉てアブサロムには隨はざりしかどもアドニヤに隨ひたればなり
Då Joab, som hadde halde lag med Adonia, endå han ikkje hadde gjenge saman med Absalom, frette dette, rømde han inn i Herrens tjeld og fata um altarhorni.
29 ヨアブがヱホバの幕屋に遁れて壇の傍に居ることソロモンに聞えければソロモン、ヱホヤダの子ベナヤを遣はしいひけるは往て彼を撃てと
Men då kong Salomo fekk vita at Joab hadde rømt til Herrens tjeld, og at han stod innmed altaret, sende Salomo Benaja Jojadason i veg og sagde: «Gakk av stad og slå honom ned!»
30 ベナヤ乃ちヱホバの幕屋にいたり彼にいひけるは王斯言ふ出來れ彼いひけるは否我は此に死んとベナヤ反て王に告てヨアブ斯言ひ斯我に答へたりと言ふ
Då no Benaja kom til Herrens tjeld, sagde han til honom: «So segjer kongen: «Gakk ut!»» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.» Og Benaja melde svaret til kongen og sagde: «So hev Joab sagt, og so hev han svara meg.»
31 王ベナヤにいひけるは彼が言ふごとく爲し彼を撃て葬りヨアブが故なくして流したる血を我とわが父の家より除去べし
Kongen sagde til honom: «Gjer som han hev sagt, slå honom ned og få honom i jordi, og fria soleis meg og farshuset mitt frå det skuldlause blodet som Joab hev rent ut!
32 又ヱホバはヨアブの血を其身の首に歸したまふべし其は彼は己よりも義く且善りし二の人を撃ち劍をもてこれを殺したればなり即ちイスラエルの軍の長ネルの子アブネルとユダの軍の長ヱテルの子アマサを殺せり然るに吾父ダビデは與り知ざりき
Og Herren skal lata blodet hans koma att yver hans eige hovud, av di han hogg ned tvo menner som var rettferdigare og betre enn han sjølv, og drap deim med sverd utan at David, far min, visste det; det var Abner Nersson, Israels herførar, og Amasa Jetersson, Judas herførar.
33 されば彼等の血は長久にヨアブの首と其苗裔の首に皈すべし然どダビデと其苗裔と其家と其位にはヱホバよりの平安永久にあるべし
Ja, blodet deira skal koma att yver hovudet åt Joab og avkjømet hans i all æva. Men David og hans avkjøme og huset og kongsstolen hans skal Herren gjeva fred i all æva.»
34 ヱホヤダの子ベナヤすなはち上りて彼を撃ち彼を殺せり彼は野にある己の家に葬らる
Benaja Jojadason gjekk so upp og slo honom ned og tok livet av honom, og han vart jorda attmed huset sitt i øydemarki.
35 王乃ちヱホヤダの子ベナヤをヨアブに代て軍の長となせり王また祭司ザドクをしてアビヤタルに代しめたり
Og kongen sette Benaja Jojadason i hans stad yver heren, og sette presten Sadok i romet etter Abjatar.
36 又王人を遣てシメイを召て之に曰けるはエルサレムに於て汝の爲に家を建て其處に住み其處より此にも彼にも出るなかれ
Sidan sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Bygg deg eit hus i Jerusalem, og gjev deg til der! Du skal ikkje ganga ut derifrå til nokon annan stad.
37 汝が出てキデロン川を濟る日には汝確に知れ汝必ず戮さるべし汝の血は汝の首に歸せん
For det skal du vita, at den dagen du gjeng yver Kidronsbekken, skal du døy. Då skal blodet ditt koma yver hovudet ditt.»
38 シメイ王にいひけるは此言は善し王わが主の言たまへるごとく僕然なすべしと斯シメイ日久しくエルサレムに住り
Og Sime’i sagde til honom: «Godt; som min herre kongen hev sagt, soleis skal tenaren din gjera.» Og Sime’i budde no i Jerusalem ei tid frametter.
39 三年の後シメイの二人の僕ガテの王マアカの子アキシの所に逃されり人々シメイに告ていふ視よ汝の僕はガテにありと
So hende det, då tri år var farne, at tvo av trælarne hjå Sime’i rømde til Akis Ma’akason, kongen i Gat. Og då Sime’i frette at trælarne hans var i Gat,
40 シメイ乃ち起て其驢馬に鞍置きガテに往てアキシに至り其僕を尋ねたり即ちシメイ往て其僕をガテより携來りしが
sala han asnet sitt og for til Gat, til Akis, og vilde leita etter deim; Sime’i tok i veg og fekk trælarne sine med seg heim frå Gat.
41 シメイのエルサレムよりガテにゆきて歸しことソロモンに聞えければ
Då no Salomo fekk tiend um at Sime’i var faren ut or Jerusalem og til Gat og var komen att,
42 王人を遣てシメイを召て之にいひけるは我汝をしてヱホバを指て誓しめ且汝を戒めて汝確に知れ汝が出て此彼に歩く日には汝必ず戮さるべしと言しにあらずや又汝は我に我聞る言葉は善しといへり
sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Hev eg ikkje teke ein eid av deg ved Herren og åtvara deg og sagt: «Det skal du vita, at den dagen du gjeng ut og fer nokon stad av, skal du døy?» Og du sagde: «Det er godt; eg hev høyrt det.»
43 しかるに汝なんぞヱホバの誓とわが汝に命じたる命令を守ざりしや
Kvi hev du då ikkje agta på eiden din ved Herren, og den fyresegn eg gav deg?»
44 王又シメイにいひけるは汝は凡て汝の心の知る諸の惡即ち汝がわが父ダビデに爲たる所を知るヱホバ汝の惡を汝の首に歸したまふ
Og kongen heldt fram og sagde til Sime’i: «Du veit sjølv alt det vonde du hev gjort David, far min; hjarta ditt kjenner det. Herren skal no lata vondskapen din koma att yver ditt eige hovud.
45 されどソロモン王は福祉を蒙らんまたダビデの位は永久にヱホバのまへに固く立べしと
Men kong Salomo skal verta velsigna, og Davids kongsstol standa fast for Herrens åsyn i all æva.»
46 王ヱホヤダの子ベナヤに命じければ彼出てシメイを撃ちて死しめたりしかして國はソロモンの手に固く立り
Etter bod frå kongen gjekk so Benaja Jojadason ut og hogg honom ned, og han døydde. Og Salomo heldt kongedømet med endå fastare hand.