< Isaia 65 >

1 IO sono stato ricercato da quelli che non domandavano [di me], io sono stato trovato da quelli che non mi cercavano; io ho detto alla gente che non si chiamava del mio Nome: Eccomi, eccomi.
Eg baud meg fram der ingen spurde, eg var å finna der ingen søkte meg; eg sagde: «Her er eg, her er eg!» Til eit folk som ei bar mitt namn.
2 Io ho stese tuttodì le mani ad un popolo ribello, il qual cammina per una via che non è buona, dietro a' suoi pensieri;
Eg rette all dagen ut mine hender til eit tråssugt folk, som fer den vonde vegen etter sine eigne tankar,
3 [ad] un popolo, che del continuo mi dispetta in faccia, che sacrifica nei giardini, e fa profumi sopra i mattoni.
til eit folk som sårar meg alltid midt i syni, som ofrar i hagarne, kveikjer offereld på tiglstein,
4 Il qual dimora fra i sepolcri, e passa le notti ne' luoghi appartati; che mangia carne di porco, e [ne]'cui vaselli [vi è] del brodo di cose abbominevoli.
som set seg ned i graver, og nattar i løyndarhol, som et svinekjøt, hev ufyseleg mat i skålerne sine,
5 Che dice: Fatti in là, non accostarti a me; perciocchè io son più santo di te. Tali [sono] un fumo al mio naso, un fuoco ardente tuttodì.
som segjer: «Haldt deg undan! Ikkje rør meg, for eg er heilag for deg!» Dei folk er som røyk i nasen min, ein eld som logar all dagen.
6 Ecco, [tutto questo è] scritto nel mio cospetto; io non mi tacerò, ma [ne] farò la retribuzione; ne farò loro la retribuzione in seno.
Sjå, det stend skrive for augo mine: Eg vil ikkje tegja fyrr eg gjev att, ja gjev deim att i fanget,
7 Le vostre iniquità, e l'iniquità de' vostri padri, che han fatti profumi sopra i monti, e mi hanno villaneggiato sopra i colli, [son] tutte insieme, ha detto il Signore; perciò, io misurerò loro in seno il pagamento di ciò che han fatto fin dal principio.
både for dykkar eigne brot, segjer Herren, og broti åt federne dykkar, at dei offereld kveikte på bergi og svivyrde meg på haugarne; fyrst vil eg mæla upp løni deira og gjeva deim upp i fanget.
8 Così ha detto il Signore: Siccome, quando si trova del mosto ne' grappoli, si dice: Non guastar la [vigna], perciocchè [vi è] della benedizione; così farò io per amor de' miei servitori, per non guastare ogni cosa.
So segjer Herren: Liksom dei segjer når det finst saft i druva: «Skamfar ho ikkje, for det er signing i henne!» So gjer eg for mine tenarar skuld, eg skal ikkje tyna alle saman.
9 E farò uscire di Giacobbe una progenie, e di Giuda de' possessori de' miei monti; ed i miei eletti possederanno la terra, ed i miei servitori abiteranno in essa.
Men let avkjøme koma frå Jakob, frå Juda ein erving til fjelli mine, mine utvalde skal erva landet, og der skal mine tenarar bu.
10 E Saron sarà per mandra del minuto bestiame, e la valle di Acor per mandra del grosso; per lo mio popolo che mi avrà cercato.
Og Saron skal verta til saue-beite og Akorsdalen til læger for fe, til gagn for mitt folk som søkjer meg.
11 Ma quant'è a voi che abbandonate il Signore, che dimenticate il monte della mia santità, che apparecchiate la mensa al [pianeta] Gad, e fate a piena coppa offerte da spandere a Meni,
Men de som gjeng burt ifrå Herren, de som gløymer mitt heilage fjell, de som dukar bord for Gad og blandar drykk for Meni,
12 io vi darò a conto alla spada, e voi tutti sarete messi giù per essere scannati; perciocchè io ho chiamato, e voi non avete risposto; io ho parlato, e voi non avete ascoltato; anzi avete fatto ciò che mi dispiace, ed avete eletto ciò che non mi aggrada.
dykkar lagnad skal vera sverdet, de skal alle dykk bøygja til slagting, for de svara ei då eg ropa, og høyrde ei då eg tala, men gjorde det vonde i mine augo, og valde det som eg ikkje lika.
13 Perciò, così ha detto il Signore Iddio: Ecco, i miei servitori mangeranno, e voi sarete affamati; ecco, i miei servitori berranno, e vio sarete assetati; ecco, i miei servitori si rallegreranno, e voi sarete confusi;
Difor segjer Herren, Herren so: Sjå, tenaran’ mine skal eta, men de skal svelta; sjå, tenaran’ mine skal drikka, men de skal tyrsta; sjå, tenaran’ mine skal fegnast, men de skal skjemmast;
14 ecco, i miei servitori giubileranno di letizia di cuore, e voi striderete di cordoglio, ed urlerete di rottura di spirito.
sjå, tenaran’ mine skal jubla av hjartans lyst, men de skal skrika av hjarteverk, og hugbrotne skal de hyla.
15 E lascerete il vostro nome a' miei eletti, per [servir d]'esecrazione; e il Signore Iddio ti ucciderà; ma egli nominerà i suoi servitori d'un altro nome.
Dykkar namn skal de lata etter til ein eid for mine utvalde. «So drepe deg Herren, Herren!» Men tenaran sine skal han gjeva eit anna namn.
16 Colui che si benedirà nella terra si benedirà nell'Iddio di verità; e colui che giurerà nella terra giurerà per l'Iddio di perità; perciocchè le afflizioni di prima saranno dimenticate, e saranno nascoste dagli occhi miei.
Den som signar seg i landet, skal signa seg med truskaps Gud, og den som sver i landet, skal sverja ved truskaps Gud, for dei fyrre trengslor er gløymde og løynde for augo mine.
17 Perciocchè, ecco, io creo nuovi cieli, e nuova terra; e le cose di prima non saranno [più] rammemorate, e non verranno [più] alla mente.
For sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord, det gamle skal ikkje hugsast meir og ikkje renna nokon i hugen.
18 Anzi rallegratevi, e festeggiate in perpetuo, per le cose che io son per creare; perciocchè, ecco, io creerò Gerusalemme [per esser tutta] gioia, ed il suo popolo [per esser tutto] letizia.
Nei, fegnast og frygdast til æveleg tid for det som eg skaper! For Jerusalem skaper eg um til frygd og folket til fagnad.
19 Ed io festeggerò di Gerusalemme, e mi rallegrerò del mio popolo; ed in quella non si udirà più voce di pianto, nè voce di strido.
Og eg vil frygda meg yver Jerusalem og fegnast yver mitt folk, ingen gråt skal meir høyrast der eller klagerop.
20 Non vi sarà più da indi innanzi bambino di [pochi] giorni nè vecchio, che non compia la sua età; perciocchè [chi] morrà d'età di cent'anni [sarà ancora] fanciullo, e il malfattore d'età di cent'anni sarà maledetto.
Det skal ikkje lenger finnast der eit barn som berre liver nokre dagar, eller ein gamall mann som ikkje fyller dagetalet sitt. Nei, den som døyr ung, skal døy hundrad år gamall, og den som ikkje når hundrad år, skal gjelda for å vera forbanna.
21 Ed edificheranno delle case, e [vi] abiteranno; e pianteranno delle vigne, e ne mangeranno il frutto.
Dei husi dei byggjar, skal dei sjølv få bu i, og dei vinhagarne dei plantar, skal dei sjølv eta frukti av.
22 Ei non avverrà [più] ch'essi edifichino [delle case], e che altri [vi] abiti [dentro]; ch'essi piantino, e che altri mangi [il frutto]; perciocchè i giorni del mio popolo [saranno] come i giorni degli alberi, e i miei eletti faranno invecchiar l'opera delle lor mani.
Ikkje skal dei byggja og ein annan bu, ikkje skal dei planta og ein annan eta; for folket mitt skal nå same alder som treet, og mine utvalde skal få njota det dei sjølv hev verka med sine eigne hender.
23 Non si affaticheranno [più] in vano, e non genereranno [più] a turbamento; perciocchè [saranno] la progenie de' benedetti del Signore, ed [avran] seco quelli che saranno usciti di loro.
Dei skal ikkje stræva til fåfengs og ikkje få born som brått skal døy; for dei er Herrens velsigna ætt, og sitt avkjøme hev dei hjå seg.
24 Ed avverrà che, avanti che abbian gridato, io risponderò; mentre parleranno ancora, io [li] avrò esauditi.
Og det skal vera so, at fyrr dei ropar, vil eg svara, og medan dei endå talar, vil eg høyra.
25 Il lupo e l'agnello pastureranno insieme; e il leone mangerà lo strame come il bue; e il cibo della serpe [sarà] la polvere; [queste bestie], in tutto il monte della mia santità, non faranno danno, nè guasto; ha detto il Signore.
Ulv og lamb skal beita i saman, og løva skal eta halm som uksen, og ormen skal hava mold til mat. Ingen skal gjera vondt eller ugagn på heile mitt heilage fjell, segjer Herren.

< Isaia 65 >