< 1 Samuele 1 >

1 OR v'era un uomo di Ramataim-Somfi, del monte di Efraim, il cui nome [era] Elcana, figliuolo di Ieroham, figliuolo di Elihu, figliuolo di Tohu, figliuolo di Suf, Efrateo.
Elkana heitte ein mann, ein sufit som budde i Rama, på Efraimsheidi. Han var son åt Jeroham, son åt Elihu, son åt Tohu, son åt Suf, ein efraimit.
2 Ed esso avea due mogli: il nome dell'una [era] Anna, e il nome dell'altra Peninna; e Peninna avea figliuoli, ma Anna non ne avea.
Han hadde tvo konor; Hanna heitte den eine, Peninna heitte hi. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus.
3 Or quell'uomo saliva dalla sua città di anno in anno, per adorare, e per sacrificare al Signore degli eserciti, in Silo; ove [erano] i due figliuoli di Eli, Hofni e Finees, sacerdoti del Signore.
År etter år drog denne mannen upp frå byen sin, og tilbad og ofra i Silo til Herren, allhers drott. Der var dei tvo Eli-sønerne Hofni og Pinehas prestar for Herren.
4 Ed avvenne un giorno che Elcana, avendo sacrificato, diede delle porzioni a Peninna, sua moglie, ed a tutti i figliuoli e figliuole di essa;
Alltid når Elkana ofra, gav han Peninna, kona si, og alle sønerne og døtterne hennar kvar sin lut.
5 ma ad Anna ne diede una doppia; perciocchè egli amava Anna, benchè il Signore le avesse serrata la matrice.
Men Hanna gav han ein lut for tvo; for han elska Hanna, endå Herren hadde stengt morslivet hennar.
6 E la sua avversaria non restava di provocarla a cruccio, per farla turbare; perciocchè il Signore le avea serrata la matrice.
Og medtevlaren hennar erga og terga henne, og vilde øsa henne upp i egse, for di Herren hadde stengt morslivet hennar.
7 [Elcana] adunque, facendo così ogni anno, [una volta], da che Anna fu salita alla Casa del Signore, [quell'altra] la provocò a sdegno a questo modo; onde ella piangeva, e non mangiava.
Soleis gjorde han år etter år, kvar gong ho kom upp til Herrens hus; ho terga henne sameleis. Og då gret ho og vilde ikkje eta.
8 Ed Elcana, suo marito, le disse: Anna, perchè piangi, e perchè non mangi, e perchè stai di mal'animo? non ti valgo io meglio che dieci figliuoli?
Elkana, mannen hennar, sagde til henne: «Hanna, kvifor græt du? og kvifor et du ikkje? Og kvifor er du so hugsjuk? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»
9 Ed Anna, dopo che si fu mangiato, e bevuto in Silo, si levò (or il Sacerdote Eli sedeva sopra la seggia, presso ad uno degli stipiti [della porta] del Tempio del Signore);
Ein gong dei hadde ete og drukke i Silo, reis Hanna upp - presten Eli sat på ein stol attmed den eine dørstolpen til Herrens heilagdom -
10 ed essendo in amaritudine d'animo, pregò il Signore, e piangea dirottamente.
Og i hjartans sut bad ho til Herren og gret sårt.
11 Poi votò un voto, dicendo: O Signore degli eserciti, se pur tu riguardi all'afflizione della tua servente, e ti ricordi di me, e non dimentichi la tua servente, e doni alla tua servente progenie di figliuol maschio, io lo donerò al Signore, per tutto il tempo della sua vita; e rasoio non gli salirà giammai in sul capo.
Og ho gjorde ein lovnad og sagde: «Herre, du allhers drott! vil du venda augo til vesaldomen åt trælkvinna di og tenkja på meg, og ikkje gløyma trælkvinna di, men gjeva trælkvinna di eit gutebarn, so vil eg vigja honom til Herren for alle hans livedagar, og aldri skal det koma saks på hovudet hans.»
12 Ora, mentre ella moltiplicava in orazioni davanti al Signore, Eli pose mente alla bocca di essa.
Ho heldt lenge på og bad framfor Herren. Og Eli fylgde munnen hennar med augo;
13 E Anna parlava entro a sè stessa, e le si movevano sol le labbra, e non si udiva la sua voce; onde Eli reputò che fosse ebbra;
for Hanna bad ikkje høgt; ho leda berre lipporne, men mælet høyrdest ikkje. So trudde Eli ho var drukki.
14 e le disse: Infino a quando farai l'ebbra? cacciati il tuo vino d'addosso.
Difor sagde til henne: «Kor lenge vil du syna deg drukki? Sjå til å få ruset til å siga av deg!»
15 Ma Anna rispose, e disse: No, signor mio; io [sono] una donna tribolata nello spirito, e non ho bevuto nè vino, nè cervogia; anzi spando l'anima mia davanti al Signore.
Men Hanna svara: «Nei, herre! eg er ei sorgtyngd kona. Vin og rusdrykk hev eg ikkje drukke; men eg hev rent ut hjarta mitt for Herren.
16 Non agguagliar la tua servente alle ree femmine; perciocchè per la gravezza del mio lamento, e del mio rammarico, io ho parlato infino ad ora.
Haldt ikkje trælkvinna di for ei uvyrda! for det er utav stor sorg og trege eg hev tala heile tida.»
17 Ed Eli rispose, e disse: Vattene in pace; l'Iddio d'Israele ti conceda la richiesta che tu gli hai fatta.
Eli svara og sagde: «Far i fred! Israels Gud skal gjeva deg det du hev bede honom um!»
18 Ed ella [gli] disse: Trovi la tua servente grazia appo te. Poi quella donna se ne andò al suo cammino, e mangiò; e la sua faccia non fu più quale [era prima].
Då sagde ho: «Å gjev trælkvinna di må finna godvilje hjå deg!» So gjekk ho sin veg, og fekk seg mat, og ho synte ikkje suti si meir.
19 Poi [Elcana, e i suoi], si levarono la mattina, e adorarono davanti al Signore; e se ne ritornarono, e vennero in casa loro, in Rama. Ed Elcana conobbe Anna sua moglie, e il Signore si ricordò di lei.
Morgonen etter reis dei upp tidleg og heldt bøn framfor Herren. So for dei attende og kom til Rama. Elkana budde saman med Hanna, kona si, og Herren kom henne i hug.
20 E al termine del tempo, dopo che Anna ebbe conceputo, ella partorì un figliuolo, e gli pose nome Samuele; perciocchè [disse ella], io l'ho chiesto al Signore.
Då det hadde lide ei tid, vart Hanna med barn, og åtte ein son, som ho kalla Samuel; «for», sagde ho, «eg hev bede Herren um honom.»
21 E quell'uomo Elcana salì con tutta la sua famiglia, per sacrificare al Signore il sacrificio annuale, e il suo voto.
Elkana drog upp med heile huslyden sin og ofra til Herren det årlege slagtofferet sitt, og offer han hadde lova.
22 Ma Anna non vi salì; perciocchè disse al suo marito: [Io non vi salirò], finchè il fanciullo non sia spoppato; allora io lo condurrò, acciocchè sia presentato davanti al Signore, e che dimori quivi in perpetuo.
Men Hanna drog ikkje med. Ho sagde til mannen sin: «Eg vil bia til dess vesleguten er avvand. Då vil eg føra honom med meg og syna honom fram for Herren, so han sidan kann halda til der alle dagar.»
23 Ed Elcana, suo marito, le disse: Fa' quello che ti par meglio; rimantene finchè tu l'abbi spoppato; adempia pure il Signore la sua parola. Così quella donna se ne rimase, e allattò il suo figliuolo, finchè l'ebbe spoppato.
Elkana, mannen hennar, sagde med henne: «Gjer som du tykkjer best. Bia til dess du hev vant honom av. Berre Herren må gjera etter sitt ord!» So var kona att heime og hadde son sin til brjostet, til dess ho vande honom av.
24 E, quando l'ebbe spoppato, ella lo menò seco, con tre giovenchi, e un efa di farina, e un barile di vino; e lo menò nella Casa del Signore, in Silo; e il fanciullo [era ancora] molto piccolo.
Men då han var avvand, tok ho honom med dit upp, og hadde med seg tri uksar, ei skjeppa mjøl og ei vinhit, og ho førde honom inn i Herrens hus i Silo. Men han var berre ein liten gut.
25 Ed [Elcana ed Anna] scannarono un giovenco, e menarono il fanciullo ad Eli.
Dei slagta uksen, og førde so vesleguten til Eli.
26 Ed [Anna gli] disse: Ahi! signor mio; come l'anima tua vive, signor mio, io [son] quella donna che stava qui appresso di te, per fare orazione al Signore.
Ho sagde: «Høyr, herre! so sant du liver, herre, so er eg den kona som stod her attmed deg og bad til Herren.
27 Io pregai per [aver] questo fanciullo; e il Signore mi ha conceduta la richiesta che io gli feci.
Um denne guten bad eg, og Herren høyrde bøni mi og gav meg det eg bad um.
28 Onde io altresì l'ho prestato al Signore; egli sarà prestato al Signore tutti i giorni ch'egli sarà [in vita]. Ed essi adorarono quivi il Signore.
Difor gjev eg honom att til Herren, so han skal vera ei gåva frå Herren alle sine livedager.» Og dei bad til Herren der.

< 1 Samuele 1 >