< בְּמִדְבַּר 33 >
אֵ֜לֶּה מַסְעֵ֣י בְנֵֽי־יִשְׂרָאֵ֗ל אֲשֶׁ֥ר יָצְא֛וּ מֵאֶ֥רֶץ מִצְרַ֖יִם לְצִבְאֹתָ֑ם בְּיַד־מֹשֶׁ֖ה וְאַהֲרֹֽן׃ | 1 |
No skal eg nemna dei staderne der Israels-folket tok læger på ferdi si, då Moses og Aron førde flokkarne deira burt frå Egyptarland.
וַיִּכְתֹּ֨ב מֹשֶׁ֜ה אֶת־מוֹצָאֵיהֶ֛ם לְמַסְעֵיהֶ֖ם עַל־פִּ֣י יְהוָ֑ה וְאֵ֥לֶּה מַסְעֵיהֶ֖ם לְמוֹצָאֵיהֶֽם׃ | 2 |
For kvar gong dei tok ut ifrå lægret, skreiv Moses upp kvar dei var, so som Herren hadde sagt med honom, og her er namni på lægerstaderne deira etter som dei for fram.
וַיִּסְע֤וּ מֵֽרַעְמְסֵס֙ בַּחֹ֣דֶשׁ הָֽרִאשׁ֔וֹן בַּחֲמִשָּׁ֥ה עָשָׂ֛ר י֖וֹם לַחֹ֣דֶשׁ הָרִאשׁ֑וֹן מִֽמָּחֳרַ֣ת הַפֶּ֗סַח יָצְא֤וּ בְנֵֽי־יִשְׂרָאֵל֙ בְּיָ֣ד רָמָ֔ה לְעֵינֵ֖י כָּל־מִצְרָֽיִם׃ | 3 |
Femtande dagen i fyrste månaden tok Israels-sønerne ut frå Ra’amses, påskedagen for dei i veg med tråss i hugen, midt for augo på alle egyptarane;
וּמִצְרַ֣יִם מְקַבְּרִ֗ים אֵת֩ אֲשֶׁ֨ר הִכָּ֧ה יְהוָ֛ה בָּהֶ֖ם כָּל־בְּכ֑וֹר וּבֵאלֹ֣הֵיהֶ֔ם עָשָׂ֥ה יְהוָ֖ה שְׁפָטִֽים׃ | 4 |
egyptarane heldt då på og jorda alle sine frumborne, deim som Herren hadde slege i hel; for Herren hadde halde dom yver gudarne deira.
וַיִּסְע֥וּ בְנֵֽי־יִשְׂרָאֵ֖ל מֵרַעְמְסֵ֑ס וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּסֻכֹּֽת׃ | 5 |
Då Israels-sønerne hadde fare frå Ramses, lægra dei seg fyrst i Sukkot.
וַיִּסְע֖וּ מִסֻּכֹּ֑ת וַיַּחֲנ֣וּ בְאֵתָ֔ם אֲשֶׁ֖ר בִּקְצֵ֥ה הַמִּדְבָּֽר׃ | 6 |
So tok dei ut frå Sukkot, og lægra seg i Etam, ytst utmed øydemarki.
וַיִּסְעוּ֙ מֵֽאֵתָ֔ם וַיָּ֙שָׁב֙ עַל־פִּ֣י הַחִירֹ֔ת אֲשֶׁ֥ר עַל־פְּנֵ֖י בַּ֣עַל צְפ֑וֹן וַֽיַּחֲנ֖וּ לִפְנֵ֥י מִגְדֹּֽל׃ | 7 |
So tok dei ut frå Etam, men sidan snudde dei um, og tok vegen til Pi-Hakhirot, som ligg midt imot Ba’al-Sefon, og dei lægra seg framanfor Migdol.
וַיִּסְעוּ֙ מִפְּנֵ֣י הַֽחִירֹ֔ת וַיַּֽעַבְר֥וּ בְתוֹךְ־הַיָּ֖ם הַמִּדְבָּ֑רָה וַיֵּ֨לְכ֜וּ דֶּ֣רֶךְ שְׁלֹ֤שֶׁת יָמִים֙ בְּמִדְבַּ֣ר אֵתָ֔ם וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּמָרָֽה׃ | 8 |
So tok dei ut frå Pi-Hakhirot, og for tvert igjenom havet til øydemarki, og då dei hadde fare tri dagar i Etammarki, lægra dei seg i Mara.
וַיִּסְעוּ֙ מִמָּרָ֔ה וַיָּבֹ֖אוּ אֵילִ֑מָה וּ֠בְאֵילִם שְׁתֵּ֣ים עֶשְׂרֵ֞ה עֵינֹ֥ת מַ֛יִם וְשִׁבְעִ֥ים תְּמָרִ֖ים וַיַּחֲנוּ־שָֽׁם׃ | 9 |
So tok dei ut frå Mara, og kom til Elim. I Elim var det tolv vatskjeldor og sytti palmetre, og dei lægra seg der.
וַיִּסְע֖וּ מֵאֵילִ֑ם וַֽיַּחֲנ֖וּ עַל־יַם־סֽוּף׃ | 10 |
So tok dei ut frå Elim, og lægra seg ved Raudehavet.
וַיִּסְע֖וּ מִיַּם־ס֑וּף וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּמִדְבַּר־סִֽין ׃ | 11 |
So tok dei ut frå Raudehavet, og lægra seg i Sinheidi.
וַיִּסְע֖וּ מִמִּדְבַּר־סִ֑ין וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּדָפְקָֽה׃ | 12 |
So tok dei ut frå Sinheidi, og lægra seg i Dofka.
וַיִּסְע֖וּ מִדָּפְקָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּאָלֽוּשׁ׃ | 13 |
So tok dei ut frå Dofka, og lægra seg i Alus.
וַיִּסְע֖וּ מֵאָל֑וּשׁ וַֽיַּחֲנוּ֙ בִּרְפִידִ֔ם וְלֹא־הָ֨יָה שָׁ֥ם מַ֛יִם לָעָ֖ם לִשְׁתּֽוֹת׃ | 14 |
So tok dei ut frå Alus, og lægra seg i Refidim; men der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.
וַיִּסְע֖וּ מֵרְפִידִ֑ם וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּמִדְבַּ֥ר סִינָֽי׃ | 15 |
So tok dei ut frå Refidim, og lægra seg i Sinaiheidi.
וַיִּסְע֖וּ מִמִּדְבַּ֣ר סִינָ֑י וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּקִבְרֹ֥ת הַֽתַּאֲוָֽה׃ | 16 |
So tok dei ut frå Sinaiheidi, og lægra seg i Kibrot-Hatta’ava.
וַיִּסְע֖וּ מִקִּבְרֹ֣ת הַֽתַּאֲוָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בַּחֲצֵרֹֽת׃ | 17 |
So tok dei ut frå Kibrot-Hatta’ava, og lægra seg i Haserot.
וַיִּסְע֖וּ מֵחֲצֵרֹ֑ת וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּרִתְמָֽה׃ | 18 |
So tok dei ut frå Haserot, og lægra seg i Ritma.
וַיִּסְע֖וּ מֵרִתְמָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּרִמֹּ֥ן פָּֽרֶץ׃ | 19 |
So tok dei ut frå Ritma, og lægra seg i Rimmon-Peres.
וַיִּסְע֖וּ מֵרִמֹּ֣ן פָּ֑רֶץ וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּלִבְנָֽה׃ | 20 |
So tok dei ut frå Rimmon-Peres, og lægra seg i Libna.
וַיִּסְע֖וּ מִלִּבְנָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּרִסָּֽה׃ | 21 |
So tok dei ut frå Libna, og lægra seg i Rissa.
וַיִּסְע֖וּ מֵרִסָּ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בִּקְהֵלָֽתָה׃ | 22 |
So tok dei ut frå Rissa, og lægra seg i Kehelata.
וַיִּסְע֖וּ מִקְּהֵלָ֑תָה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּהַר־שָֽׁפֶר׃ | 23 |
So tok dei ut frå Kehelata, og lægra seg innmed Seferfjellet.
וַיִּסְע֖וּ מֵֽהַר־שָׁ֑פֶר וַֽיַּחֲנ֖וּ בַּחֲרָדָֽה׃ | 24 |
So tok dei ut frå Seferfjellet, og lægra seg i Harada.
וַיִּסְע֖וּ מֵחֲרָדָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּמַקְהֵלֹֽת׃ | 25 |
So tok dei ut frå Harada, og lægra seg i Makhelot.
וַיִּסְע֖וּ מִמַּקְהֵלֹ֑ת וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּתָֽחַת׃ | 26 |
So tok dei ut frå Makhelot, og lægra seg i Tahat.
וַיִּסְע֖וּ מִתָּ֑חַת וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּתָֽרַח׃ | 27 |
So tok dei ut frå Tahat, og lægra seg i Tarah.
וַיִּסְע֖וּ מִתָּ֑רַח וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּמִתְקָֽה׃ | 28 |
So tok dei ut frå Tarah, og lægra seg i Mitka.
וַיִּסְע֖וּ מִמִּתְקָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּחַשְׁמֹנָֽה׃ | 29 |
So tok dei ut frå Mitka, og lægra seg i Hasmona.
וַיִּסְע֖וּ מֵֽחַשְׁמֹנָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּמֹסֵרֽוֹת׃ | 30 |
So tok dei ut frå Hasmona, og lægra seg i Moserot.
וַיִּסְע֖וּ מִמֹּסֵר֑וֹת וַֽיַּחֲנ֖וּ בִּבְנֵ֥י יַעֲקָֽן׃ | 31 |
So tok dei ut frå Moserot, og lægra seg i Bene-Ja’akan.
וַיִּסְע֖וּ מִבְּנֵ֣י יַעֲקָ֑ן וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּחֹ֥ר הַגִּדְגָּֽד׃ | 32 |
So tok dei ut frå Bene-Ja’akan, og lægra seg i Hor-Hagidgad.
וַיִּסְע֖וּ מֵחֹ֣ר הַגִּדְגָּ֑ד וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּיָטְבָֽתָה׃ | 33 |
So tok dei ut frå Hor-Hagidgad, og lægra seg i Jotbata.
וַיִּסְע֖וּ מִיָּטְבָ֑תָה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּעַבְרֹנָֽה׃ | 34 |
So tok dei ut frå Jotbata, og lægra seg i Abrona.
וַיִּסְע֖וּ מֵֽעַבְרֹנָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּעֶצְי֥וֹן גָּֽבֶר׃ | 35 |
So tok dei ut frå Abrona, og lægra seg i Esjon-Geber.
וַיִּסְע֖וּ מֵעֶצְי֣וֹן גָּ֑בֶר וַיַּחֲנ֥וּ בְמִדְבַּר־צִ֖ן הִ֥וא קָדֵֽשׁ׃ | 36 |
So tok dei ut frå Esjon-Geber, og lægra seg i Sinheidi, i Kades.
וַיִּסְע֖וּ מִקָּדֵ֑שׁ וַֽיַּחֲנוּ֙ בְּהֹ֣ר הָהָ֔ר בִּקְצֵ֖ה אֶ֥רֶץ אֱדֽוֹם׃ | 37 |
So tok dei ut frå Kades, og lægra seg attmed Horfjellet, i landskilet med Edom.
וַיַּעַל֩ אַהֲרֹ֨ן הַכֹּהֵ֜ן אֶל־הֹ֥ר הָהָ֛ר עַל־פִּ֥י יְהוָ֖ה וַיָּ֣מָת שָׁ֑ם בִּשְׁנַ֣ת הָֽאַרְבָּעִ֗ים לְצֵ֤את בְּנֵֽי־יִשְׂרָאֵל֙ מֵאֶ֣רֶץ מִצְרַ֔יִם בַּחֹ֥דֶשׁ הַחֲמִישִׁ֖י בְּאֶחָ֥ד לַחֹֽדֶשׁ׃ | 38 |
Og Aron, øvstepresten, gjekk upp på Horfjellet, som Herren hadde sagt med honom, og der døydde han i det fyrtiande året etter Israels-sønerne hadde teke ut frå Egyptarlandet, fyrste dagen i femte månaden.
וְאַהֲרֹ֔ן בֶּן־שָׁלֹ֧שׁ וְעֶשְׂרִ֛ים וּמְאַ֖ת שָׁנָ֑ה בְּמֹת֖וֹ בְּהֹ֥ר הָהָֽר׃ ס | 39 |
Aron var hundrad og tri og tjuge år gamall då han døydde på Horfjellet.
וַיִּשְׁמַ֗ע הַֽכְּנַעֲנִי֙ מֶ֣לֶךְ עֲרָ֔ד וְהֽוּא־יֹשֵׁ֥ב בַּנֶּ֖גֶב בְּאֶ֣רֶץ כְּנָ֑עַן בְּבֹ֖א בְּנֵ֥י יִשְׂרָאֵֽל׃ | 40 |
Men den kananitiske kongen som budde i Arad, i sørluten av Kana’an, fekk høyra at Israels-sønerne kom;
וַיִּסְע֖וּ מֵהֹ֣ר הָהָ֑ר וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּצַלְמֹנָֽה׃ | 41 |
då tok dei ut frå Horfjellet, og lægra seg i Salmona.
וַיִּסְע֖וּ מִצַּלְמֹנָ֑ה וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּפוּנֹֽן׃ | 42 |
So tok dei ut frå Salmona, og lægra seg i Punon.
וַיִּסְע֖וּ מִפּוּנֹ֑ן וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּאֹבֹֽת׃ | 43 |
So tok dei ut frå Punon, og lægra seg i Obot.
וַיִּסְע֖וּ מֵאֹבֹ֑ת וַֽיַּחֲנ֛וּ בְּעִיֵּ֥י הָעֲבָרִ֖ים בִּגְב֥וּל מוֹאָֽב׃ | 44 |
So tok dei ut frå Obot, og lægra seg i Ijje-ha-Abarim i landskilet med Moab.
וַיִּסְע֖וּ מֵעִיִּ֑ים וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּדִיבֹ֥ן גָּֽד׃ | 45 |
So tok dei ut frå Ijjim, og lægra seg i Dibon-Gad.
וַיִּסְע֖וּ מִדִּיבֹ֣ן גָּ֑ד וַֽיַּחֲנ֖וּ בְּעַלְמֹ֥ן דִּבְלָתָֽיְמָה׃ | 46 |
So tok dei ut frå Dibon-Gad, og lægra seg i Almon-Diblataima.
וַיִּסְע֖וּ מֵעַלְמֹ֣ן דִּבְלָתָ֑יְמָה וַֽיַּחֲנ֛וּ בְּהָרֵ֥י הָעֲבָרִ֖ים לִפְנֵ֥י נְבֽוֹ׃ | 47 |
So tok dei ut frå Almon-Diblataima, og lægra seg i Abarimfjelli, austanfor Nebo.
וַיִּסְע֖וּ מֵהָרֵ֣י הָעֲבָרִ֑ים וַֽיַּחֲנוּ֙ בְּעַֽרְבֹ֣ת מוֹאָ֔ב עַ֖ל יַרְדֵּ֥ן יְרֵחֽוֹ׃ | 48 |
So tok dei ut frå Abarimfjelli, og lægra seg på Moabmoarne ved Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko;
וַיַּחֲנ֤וּ עַל־הַיַּרְדֵּן֙ מִבֵּ֣ית הַיְשִׁמֹ֔ת עַ֖ד אָבֵ֣ל הַשִּׁטִּ֑ים בְּעַֽרְבֹ֖ת מוֹאָֽב׃ ס | 49 |
lægret deira låg langs med Jordan, og rakk frå Bet-ha-Jesjimot til Abel-hasj-sjittim på Moabmoarne.
וַיְדַבֵּ֧ר יְהוָ֛ה אֶל־מֹשֶׁ֖ה בְּעַֽרְבֹ֣ת מוֹאָ֑ב עַל־יַרְדֵּ֥ן יְרֵח֖וֹ לֵאמֹֽר׃ | 50 |
Og Herren tala til Moses på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:
דַּבֵּר֙ אֶל־בְּנֵ֣י יִשְׂרָאֵ֔ל וְאָמַרְתָּ֖ אֲלֵהֶ֑ם כִּ֥י אַתֶּ֛ם עֹבְרִ֥ים אֶת־הַיַּרְדֵּ֖ן אֶל־אֶ֥רֶץ כְּנָֽעַן׃ | 51 |
«Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når de fer yver Jordan og kjem til Kana’ans-landet,
וְה֨וֹרַשְׁתֶּ֜ם אֶת־כָּל ־יֹשְׁבֵ֤י הָאָ֙רֶץ֙ מִפְּנֵיכֶ֔ם וְאִ֨בַּדְתֶּ֔ם אֵ֖ת כָּל־מַשְׂכִּיֹּתָ֑ם וְאֵ֨ת כָּל־צַלְמֵ֤י מַסֵּֽכֹתָם֙ תְּאַבֵּ֔דוּ וְאֵ֥ת כָּל־בָּמֹתָ֖ם תַּשְׁמִֽידוּ׃ | 52 |
so skal de driva ut deim som bur der i landet, og knasa alle bilætsteinarne deira, og slå sund alle gudelikjendi dei hev støypt seg, riva ned alle hovi.
וְהוֹרַשְׁתֶּ֥ם אֶת־הָאָ֖רֶץ וִֽישַׁבְתֶּם־בָּ֑הּ כִּ֥י לָכֶ֛ם נָתַ֥תִּי אֶת־הָאָ֖רֶץ לָרֶ֥שֶׁת אֹתָֽהּ׃ | 53 |
De skal eigna til dykk landet, og setja dykk ned der; for dykk hev eg gjeve det landet til odel og eiga.
וְהִתְנַחַלְתֶּם֩ אֶת־הָאָ֨רֶץ בְּגוֹרָ֜ל לְמִשְׁפְּחֹֽתֵיכֶ֗ם לָרַ֞ב תַּרְבּ֤וּ אֶת־נַחֲלָתוֹ֙ וְלַמְעַט֙ תַּמְעִ֣יט אֶת־נַחֲלָת֔וֹ אֶל֩ אֲשֶׁר־יֵ֨צֵא ל֥וֹ שָׁ֛מָּה הַגּוֹרָ֖ל ל֣וֹ יִהְיֶ֑ה לְמַטּ֥וֹת אֲבֹתֵיכֶ֖ם תִּתְנֶחָֽלוּ׃ | 54 |
De skal skifta det millom dykk etter ætter, og draga strå um bygderne. Den som hev mykje folk, skal de gjeva mykje jord, og den som hev lite folk mindre. Kvar skal få den eigedomen som strået hans kjem ut med. Etter ætterne de høyrer til skal landet bytast millom dykk.
וְאִם־לֹ֨א תוֹרִ֜ישׁוּ אֶת־יֹשְׁבֵ֣י הָאָרֶץ֮ מִפְּנֵיכֶם֒ וְהָיָה֙ אֲשֶׁ֣ר תּוֹתִ֣ירוּ מֵהֶ֔ם לְשִׂכִּים֙ בְּעֵ֣ינֵיכֶ֔ם וְלִצְנִינִ֖ם בְּצִדֵּיכֶ֑ם וְצָרֲר֣וּ אֶתְכֶ֔ם עַל־הָאָ֕רֶץ אֲשֶׁ֥ר אַתֶּ֖ם יֹשְׁבִ֥ים בָּֽהּ׃ | 55 |
Men driv de deim ikkje ut, dei som no bur i landet, so skal dei som de sparer verta tornar i augo og broddar i sidorne dykkar, og dei skal plåga dykk i dykkar eige land.
וְהָיָ֗ה כַּאֲשֶׁ֥ר דִּמִּ֛יתִי לַעֲשׂ֥וֹת לָהֶ֖ם אֶֽעֱשֶׂ֥ה לָכֶֽם׃ פ | 56 |
Og det som eg hadde sett meg fyre å gjera med deim, det skal eg då gjera med dykk.»»