< הוֹשֵׁעַ 11 >
כִּ֛י נַ֥עַר יִשְׂרָאֵ֖ל וָאֹהֲבֵ֑הוּ וּמִמִּצְרַ֖יִם קָרָ֥אתִי לִבְנִֽי׃ | 1 |
Då Israel var ung, hadde eg honom kjær, og ut or Egyptarland kalla eg son min.
קָרְא֖וּ לָהֶ֑ם כֵּ֚ן הָלְכ֣וּ מִפְּנֵיהֶ֔ם לַבְּעָלִ֣ים יְזַבֵּ֔חוּ וְלַפְּסִלִ֖ים יְקַטֵּרֽוּן׃ | 2 |
Di meir dei kalla på deim, di meir gjekk dei burt ifrå deim. Åt Ba’alarne ofrer dei, åt bilæti brenner dei røykjelse.
וְאָנֹכִ֤י תִרְגַּ֙לְתִּי֙ לְאֶפְרַ֔יִם קָחָ֖ם עַל־זְרֽוֹעֹתָ֑יו וְלֹ֥א יָדְע֖וּ כִּ֥י רְפָאתִֽים׃ | 3 |
Og det var då eg som lærde Efraim å ganga, tok deim på armarne mine. Og ikkje skyna dei at eg lækte deim.
בְּחַבְלֵ֨י אָדָ֤ם אֶמְשְׁכֵם֙ בַּעֲבֹת֣וֹת אַהֲבָ֔ה וָאֶהְיֶ֥ה לָהֶ֛ם כִּמְרִ֥ימֵי עֹ֖ל עַ֣ל לְחֵיהֶ֑ם וְאַ֥ט אֵלָ֖יו אוֹכִֽיל׃ | 4 |
Med menneskjesnorer drog eg deim, med kjærleiksband. Og eg var deim som dei som lettar oket yver kjakarne deira, og eg bøygde meg ned til honom og let honom få mat.
לֹ֤א יָשׁוּב֙ אֶל־אֶ֣רֶץ מִצְרַ֔יִם וְאַשּׁ֖וּר ה֣וּא מַלְכּ֑וֹ כִּ֥י מֵאֲנ֖וּ לָשֽׁוּב׃ | 5 |
Han skal ikkje fara attende til Egyptarland; men Assur, han skal vera kongen hans, for dei vilde ikkje venda um.
וְחָלָ֥ה חֶ֙רֶב֙ בְּעָרָ֔יו וְכִלְּתָ֥ה בַדָּ֖יו וְאָכָ֑לָה מִֽמֹּעֲצ֖וֹתֵיהֶֽם׃ | 6 |
Og sverd skal rasa i byarne hans og brjota bommarne hans og eta ikring seg - for deira uråder skuld.
וְעַמִּ֥י תְלוּאִ֖ים לִמְשֽׁוּבָתִ֑י וְאֶל־עַל֙ יִקְרָאֻ֔הוּ יַ֖חַד לֹ֥א יְרוֹמֵם׃ | 7 |
Og folket mitt er huga på fråfall frå meg. Og um ein kallar deim til det høge, so er det ingen som lettar på seg.
אֵ֞יךְ אֶתֶּנְךָ֣ אֶפְרַ֗יִם אֲמַגֶּנְךָ֙ יִשְׂרָאֵ֔ל אֵ֚יךְ אֶתֶּנְךָ֣ כְאַדְמָ֔ה אֲשִֽׂימְךָ֖ כִּצְבֹאיִ֑ם נֶהְפַּ֤ךְ עָלַי֙ לִבִּ֔י יַ֖חַד נִכְמְר֥וּ נִחוּמָֽי׃ | 8 |
Korleis skal eg nenna gjeva deg upp, Efraim? Korleis skal eg lata deg fara, Israel? Kann eg nenna gjeva deg upp som Adma, gjera med deg som med Sebojim? Hjarta mitt vrid seg i meg, all mi vårkunn vaknar.
לֹ֤א אֶֽעֱשֶׂה֙ חֲר֣וֹן אַפִּ֔י לֹ֥א אָשׁ֖וּב לְשַׁחֵ֣ת אֶפְרָ֑יִם כִּ֣י אֵ֤ל אָֽנֹכִי֙ וְלֹא־אִ֔ישׁ בְּקִרְבְּךָ֣ קָד֔וֹשׁ וְלֹ֥א אָב֖וֹא בְּעִֽיר׃ | 9 |
Eg vil ikkje lata deg kjenna min brennande harm. Ikkje vil eg atter tyna Efraim. For Gud er eg og ikkje eit menneskje. Heilag er eg midt i deg, og med vreide vil eg ikkje koma.
אַחֲרֵ֧י יְהוָ֛ה יֵלְכ֖וּ כְּאַרְיֵ֣ה יִשְׁאָ֑ג כִּֽי־ה֣וּא יִשְׁאַ֔ג וְיֶחֶרְד֥וּ בָנִ֖ים מִיָּֽם׃ | 10 |
Etter Herren skal dei då fylgja, som ei løva skal han bura. Ja, han skal bura, og bivrande skal born koma frå havet.
יֶחֶרְד֤וּ כְצִפּוֹר֙ מִמִּצְרַ֔יִם וּכְיוֹנָ֖ה מֵאֶ֣רֶץ אַשּׁ֑וּר וְהוֹשַׁבְתִּ֥ים עַל־בָּתֵּיהֶ֖ם נְאֻם־יְהוָֽה׃ ס | 11 |
Bivrande skal dei koma som fuglar frå Egyptarland og som duvor frå Assurs land. Og eg vil lata deim bu i husi sine, segjer Herren.
סְבָבֻ֤נִי בְכַ֙חַשׁ֙ אֶפְרַ֔יִם וּבְמִרְמָ֖ה בֵּ֣ית יִשְׂרָאֵ֑ל וִֽיהוּדָ֗ה עֹ֥ד רָד֙ עִם־אֵ֔ל וְעִם־קְדוֹשִׁ֖ים נֶאֱמָֽן׃ | 12 |
Efraim hev ringa meg inn med lygn, og Israels hus med svik. Og Juda er alljamt agelaus imot Gud, mot den Heilage, den Trufaste.