< תהילים 91 >
יֹשֵׁב בְּסֵתֶר עֶלְיוֹן בְּצֵל שַׁדַּי יִתְלוֹנָֽן׃ | 1 |
Den som sit i gøymsla hjå den Høgste, den som bur i skuggen hjå den Allmegtige,
אֹמַר לַֽיהוָה מַחְסִי וּמְצוּדָתִי אֱלֹהַי אֶבְטַח־בּֽוֹ׃ | 2 |
han segjer til Herren: «Mi livd og mi borg, min Gud som eg set mi lit til.»
כִּי הוּא יַצִּֽילְךָ מִפַּח יָקוּשׁ מִדֶּבֶר הַוּֽוֹת׃ | 3 |
For han frelser deg frå snara til fuglefangaren, frå tynande sott.
בְּאֶבְרָתוֹ ׀ יָסֶךְ לָךְ וְתַֽחַת־כְּנָפָיו תֶּחְסֶה צִנָּה וְֽסֹחֵרָה אֲמִתּֽוֹ׃ | 4 |
Med sine fjører løyner han deg, og under hans vengjer finn du livd; skjold og vern er hans truskap.
לֹא־תִירָא מִפַּחַד לָיְלָה מֵחֵץ יָעוּף יוֹמָֽם׃ | 5 |
Du skal ikkje ræddast for skræmsl um natti, for pil som flyg um dagen,
מִדֶּבֶר בָּאֹפֶל יַהֲלֹךְ מִקֶּטֶב יָשׁוּד צָהֳרָֽיִם׃ | 6 |
for pest som fer fram i myrker, for sott som tyner um middagen.
יִפֹּל מִצִּדְּךָ ׀ אֶלֶף וּרְבָבָה מִימִינֶךָ אֵלֶיךָ לֹא יִגָּֽשׁ׃ | 7 |
Um tusund fell attmed sida di, og ti tusund attmed di høgre hand, so skal det ikkje nå til deg.
רַק בְּעֵינֶיךָ תַבִּיט וְשִׁלֻּמַת רְשָׁעִים תִּרְאֶֽה׃ | 8 |
Du skal berre skoda det med augo dine, og sjå korleis dei ugudlege fær si løn.
כִּֽי־אַתָּה יְהוָה מַחְסִי עֶלְיוֹן שַׂמְתָּ מְעוֹנֶֽךָ׃ | 9 |
«For du, Herre, er mi livd, » segjer du. Den Høgste hev du gjort til din bustad.
לֹֽא־תְאֻנֶּה אֵלֶיךָ רָעָה וְנֶגַע לֹא־יִקְרַב בְּאָהֳלֶֽךָ׃ | 10 |
Inkje vondt skal timast deg, og ingi plåga skal koma nær til ditt tjeld.
כִּי מַלְאָכָיו יְצַוֶּה־לָּךְ לִשְׁמָרְךָ בְּכָל־דְּרָכֶֽיךָ׃ | 11 |
For han skal bjoda sine englar um deg, at dei skal vara deg på alle dine vegar.
עַל־כַּפַּיִם יִשָּׂאוּנְךָ פֶּן־תִּגֹּף בָּאֶבֶן רַגְלֶֽךָ׃ | 12 |
Dei skal bera deg på hender, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein.
עַל־שַׁחַל וָפֶתֶן תִּדְרֹךְ תִּרְמֹס כְּפִיר וְתַנִּֽין׃ | 13 |
På løva og eiterorm skal du treda, du skal trakka ned ungløvor og drakar.
כִּי בִי חָשַׁק וַאֲפַלְּטֵהוּ אֲשַׂגְּבֵהוּ כִּֽי־יָדַע שְׁמִֽי׃ | 14 |
«Av di han heng fast ved meg, vil eg fria honom ut; eg vil frelsa honom, av di han kjenner mitt namn.
יִקְרָאֵנִי ׀ וְֽאֶעֱנֵהוּ עִמּֽוֹ־אָנֹכִי בְצָרָה אֲחַלְּצֵהוּ וַֽאֲכַבְּדֵֽהוּ׃ | 15 |
Han skal kalla på meg, og eg skal svara honom, eg er med honom i naud, eg vil fria honom ut og føra honom til æra.
אֹרֶךְ יָמִים אַשְׂבִּיעֵהוּ וְאַרְאֵהוּ בִּֽישׁוּעָתִֽי׃ | 16 |
Med eit langt liv vil eg metta honom og lata honom sjå mi frelsa.»