< תהילים 83 >
שִׁיר מִזְמוֹר לְאָסָֽף׃ אֱלֹהִים אַל־דֳּמִי־לָךְ אַל־תֶּחֱרַשׁ וְאַל־תִּשְׁקֹט אֵֽל׃ | 1 |
Ein song, ein salme av Asaf. Gud, teg ikkje! haldt deg ikkje still og roleg, Gud!
כִּֽי־הִנֵּה אוֹיְבֶיךָ יֶהֱמָיוּן וּמְשַׂנְאֶיךָ נָשְׂאוּ רֹֽאשׁ׃ | 2 |
For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet!
עַֽל־עַמְּךָ יַעֲרִימוּ סוֹד וְיִתְיָעֲצוּ עַל־צְפוּנֶֽיךָ׃ | 3 |
Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot deim som du tek vare på.
אָמְרוּ לְכוּ וְנַכְחִידֵם מִגּוֹי וְלֹֽא־יִזָּכֵר שֵֽׁם־יִשְׂרָאֵל עֽוֹד׃ | 4 |
Dei segjer: «Kom, lat oss rydja deim ut, so dei ikkje lenger er eit folk! og Israels namn skal ingen meir koma i hug!»
כִּי נוֹעֲצוּ לֵב יַחְדָּו עָלֶיךָ בְּרִית יִכְרֹֽתוּ׃ | 5 |
For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjeng dei i pakt.
אָהֳלֵי אֱדוֹם וְיִשְׁמְעֵאלִים מוֹאָב וְהַגְרֽ͏ִים׃ | 6 |
Edoms tjeld og ismaelitarne, Moab og hagarenarne,
גְּבָל וְעַמּוֹן וַעֲמָלֵק פְּלֶשֶׁת עִם־יֹשְׁבֵי צֽוֹר׃ | 7 |
Gebal og Ammon og Amalek, Filistarland med deim som bur i Tyrus.
גַּם־אַשּׁוּר נִלְוָה עִמָּם הָיוּ זְרוֹעַ לִבְנֵי־לוֹט סֶֽלָה׃ | 8 |
Ogso Assur hev gjenge i lag med deim, han låner sin arm til Lots søner. (Sela)
עֲשֵֽׂה־לָהֶם כְּמִדְיָן כְּֽסִֽיסְרָא כְיָבִין בְּנַחַל קִישֽׁוֹן׃ | 9 |
Gjer med deim som med Midjan! som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!
נִשְׁמְדוּ בְֽעֵין־דֹּאר הָיוּ דֹמֶן לָאֲדָמָֽה׃ | 10 |
Dei vart øydelagde ved En-Dor, dei vart til møk på marki.
שִׁיתֵמוֹ נְדִיבֵמוֹ כְּעֹרֵב וְכִזְאֵב וּֽכְזֶבַח וּכְצַלְמֻנָּע כָּל־נְסִיכֵֽמוֹ׃ | 11 |
Far med deim, deira fremste menner, som med Oreb og Ze’eb, og med alle deira hovdingar som med Zebah og Salmunna!
אֲשֶׁר אָמְרוּ נִירֲשָׁה לָּנוּ אֵת נְאוֹת אֱלֹהִֽים׃ | 12 |
deim som segjer: «Lat oss hertaka Guds bustader!»
אֱֽלֹהַי שִׁיתֵמוֹ כַגַּלְגַּל כְּקַשׁ לִפְנֵי־רֽוּחַ׃ | 13 |
Min Gud, gjer deim som ein dustkvervel, som agner for vinden!
כְּאֵשׁ תִּבְעַר־יָעַר וּכְלֶהָבָה תְּלַהֵט הָרִֽים׃ | 14 |
Lik ein eld som brenn ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,
כֵּן תִּרְדְּפֵם בְּסַעֲרֶךָ וּבְסוּפָתְךָ תְבַהֲלֵֽם׃ | 15 |
soleis forfylgje du deim med din storm og skræme deim med ditt uver!
מַלֵּא פְנֵיהֶם קָלוֹן וִֽיבַקְשׁוּ שִׁמְךָ יְהוָֽה׃ | 16 |
Fyll deira andlit med skam, at dei må søkja ditt namn, Herre!
יֵבֹשׁוּ וְיִבָּהֲלוּ עֲדֵי־עַד וְֽיַחְפְּרוּ וְיֹאבֵֽדוּ׃ | 17 |
Lat deim skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunnar!
וְֽיֵדְעוּ כִּֽי־אַתָּה שִׁמְךָ יְהוָה לְבַדֶּךָ עֶלְיוֹן עַל־כָּל־הָאָֽרֶץ׃ | 18 |
Og lat deim få vita, at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!