< תהילים 80 >
לַמְנַצֵּחַ אֶל־שֹׁשַׁנִּים עֵדוּת לְאָסָף מִזְמֽוֹר׃ רֹעֵה יִשְׂרָאֵל ׀ הַאֲזִינָה נֹהֵג כַּצֹּאן יוֹסֵף יֹשֵׁב הַכְּרוּבִים הוֹפִֽיעָה׃ | 1 |
Til songmeisteren, etter «Liljor»; eit vitnemål av Asaf, ein salme. Du Israels hyrding, vend øyra til! du som fører Josef som ei hjord, du som tronar yver kerubarne, syn deg herleg!
לִפְנֵי אֶפְרַיִם ׀ וּבִנְיָמִן וּמְנַשֶּׁה עוֹרְרָה אֶת־גְּבֽוּרָתֶךָ וּלְכָה לִישֻׁעָתָה לָּֽנוּ׃ | 2 |
Vekk upp ditt velde for Efraim og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp!
אֱלֹהִים הֲשִׁיבֵנוּ וְהָאֵר פָּנֶיךָ וְנִוָּשֵֽׁעָה׃ | 3 |
Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!
יְהוָה אֱלֹהִים צְבָאוֹת עַד־מָתַי עָשַׁנְתָּ בִּתְפִלַּת עַמֶּֽךָ׃ | 4 |
Herre Gud, Allhers drott! Kor lenge du frøser av harm, endå folket ditt bed!
הֶאֱכַלְתָּם לֶחֶם דִּמְעָה וַתַּשְׁקֵמוֹ בִּדְמָעוֹת שָׁלִֽישׁ׃ | 5 |
Du gav deim tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål.
תְּשִׂימֵנוּ מָדוֹן לִשְׁכֵנֵינוּ וְאֹיְבֵינוּ יִלְעֲגוּ־לָֽמוֹ׃ | 6 |
Du sette oss til eit trættemål for våre grannar, og våre fiendar spottar seg imillom.
אֱלֹהִים צְבָאוֹת הֲשִׁיבֵנוּ וְהָאֵר פָּנֶיךָ וְנִוָּשֵֽׁעָה׃ | 7 |
Gud, allhers drott, reis oss upp att og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!
גֶּפֶן מִמִּצְרַיִם תַּסִּיעַ תְּגָרֵשׁ גּוֹיִם וַתִּטָּעֶֽהָ׃ | 8 |
Eit vintre flutte du frå Egyptarland, du dreiv heidningar ut og planta det.
פִּנִּיתָ לְפָנֶיהָ וַתַּשְׁרֵשׁ שָׁרָשֶׁיהָ וַתְּמַלֵּא־אָֽרֶץ׃ | 9 |
Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet.
כָּסּוּ הָרִים צִלָּהּ וַעֲנָפֶיהָ אַֽרְזֵי־אֵֽל׃ | 10 |
Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds cedrar av greinerne.
תְּשַׁלַּח קְצִירֶהָ עַד־יָם וְאֶל־נָהָר יֽוֹנְקוֹתֶֽיהָ׃ | 11 |
Det strekte sine greiner ut til havet, og sine renningar burt imot elvi.
לָמָּה פָּרַצְתָּ גְדֵרֶיהָ וְאָרוּהָ כָּל־עֹבְרֵי דָֽרֶךְ׃ | 12 |
Kvi hev du rive ned gardarne ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det?
יְכַרְסְמֶנָּֽה חֲזִיר מִיָּעַר וְזִיז שָׂדַי יִרְעֶֽנָּה׃ | 13 |
Svinet frå skogen gneg på det og dyri på marki beitar i det.
אֱלֹהִים צְבָאוֹת שֽׁוּב־נָא הַבֵּט מִשָּׁמַיִם וּרְאֵה וּפְקֹד גֶּפֶן זֹֽאת׃ | 14 |
Gud, allhers drott, vend um att! skoda ned frå himmelen og sjå og vitja ditt vintre!
וְכַנָּה אֲשֶׁר־נָטְעָה יְמִינֶךָ וְעַל־בֵּן אִמַּצְתָּה לָּֽךְ׃ | 15 |
og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den son du hev valt deg ut!
שְׂרֻפָה בָאֵשׁ כְּסוּחָה מִגַּעֲרַת פָּנֶיךָ יֹאבֵֽדוּ׃ | 16 |
Det er brent med eld, det er avhogge, for trugsl frå ditt andlit gjeng dei til grunnar.
תְּֽהִי־יָדְךָ עַל־אִישׁ יְמִינֶךָ עַל־בֶּן־אָדָם אִמַּצְתָּ לָּֽךְ׃ | 17 |
Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskjesonen som du hev valt deg ut,
וְלֹא־נָסוֹג מִמֶּךָּ תְּחַיֵּנוּ וּבְשִׁמְךָ נִקְרָֽא׃ | 18 |
so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn!
יְהוָה אֱלֹהִים צְבָאוֹת הֲשִׁיבֵנוּ הָאֵר פָּנֶיךָ וְנִוָּשֵֽׁעָה׃ | 19 |
Herre Gud, allhers drott, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!