< תהילים 63 >
מִזְמוֹר לְדָוִד בִּהְיוֹתוֹ בְּמִדְבַּר יְהוּדָֽה׃ אֱלֹהִים ׀ אֵלִי אַתָּה אֲֽשַׁחֲרֶךָּ צָמְאָה לְךָ ׀ נַפְשִׁי כָּמַהּ לְךָ בְשָׂרִי בְּאֶֽרֶץ־צִיָּה וְעָיֵף בְּלִי־מָֽיִם׃ | 1 |
Ein salme av David, då han var i Juda øydemark. Gud, du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjæl tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmagt utan vatn.
כֵּן בַּקֹּדֶשׁ חֲזִיתִיךָ לִרְאוֹת עֻזְּךָ וּכְבוֹדֶֽךָ׃ | 2 |
Soleis hev eg set etter deg i heilagdomen til å sjå di kraft og di æra.
כִּי־טוֹב חַסְדְּךָ מֵֽחַיִּים שְׂפָתַי יְשַׁבְּחֽוּנְךָ׃ | 3 |
For di miskunn er betre enn livet, mine lippor skal prisa deg.
כֵּן אֲבָרֶכְךָ בְחַיָּי בְּשִׁמְךָ אֶשָּׂא כַפָּֽי׃ | 4 |
Soleis vil eg lova deg so lenge eg liver, i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.
כְּמוֹ חֵלֶב וָדֶשֶׁן תִּשְׂבַּע נַפְשִׁי וְשִׂפְתֵי רְנָנוֹת יְהַלֶּל־פִּֽי׃ | 5 |
Som av merg og feitt skal mi sjæl verta mett, og med lovsyngjande lippor skal min munn prisa deg.
אִם־זְכַרְתִּיךָ עַל־יְצוּעָי בְּאַשְׁמֻרוֹת אֶהְגֶּה־בָּֽךְ׃ | 6 |
Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevakterne.
כִּֽי־הָיִיתָ עֶזְרָתָה לִּי וּבְצֵל כְּנָפֶיךָ אֲרַנֵּֽן׃ | 7 |
For du hev vore hjelp for meg, i skuggen av dine vengjer kann eg fegnast.
דָּבְקָה נַפְשִׁי אַחֲרֶיךָ בִּי תָּמְכָה יְמִינֶֽךָ׃ | 8 |
Mi sjæl heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.
וְהֵמָּה לְשׁוֹאָה יְבַקְשׁוּ נַפְשִׁי יָבֹאוּ בְּֽתַחְתִּיּוֹת הָאָֽרֶץ׃ | 9 |
Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.
יַגִּירֻהוּ עַל־יְדֵי־חָרֶב מְנָת שֻׁעָלִים יִהְיֽוּ׃ | 10 |
Dei skal verta yvergjevne til sverdmagt, verta til ran for revar.
וְהַמֶּלֶךְ יִשְׂמַח בֵּאלֹהִים יִתְהַלֵּל כָּל־הַנִּשְׁבָּע בּוֹ כִּי יִסָּכֵר פִּי דֽוֹבְרֵי־שָֽׁקֶר׃ | 11 |
Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved honom, skal prisa seg sæl, for ljugararne skal verta målbundne.