< תהילים 40 >
לַמְנַצֵּחַ לְדָוִד מִזְמֽוֹר׃ קַוֺּה קִוִּיתִי יְהוָה וַיֵּט אֵלַי וַיִּשְׁמַע שַׁוְעָתִֽי׃ | 1 |
Til songmeisteren, av David; ein salme. Eg venta og venta på Herren, so bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop.
וַיַּעֲלֵנִי ׀ מִבּוֹר שָׁאוֹן מִטִּיט הַיָּוֵן וַיָּקֶם עַל־סֶלַע רַגְלַי כּוֹנֵן אֲשֻׁרָֽי׃ | 2 |
Og han drog meg upp or den tynande grav, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine stig støde.
וַיִּתֵּן בְּפִי ׀ שִׁיר חָדָשׁ תְּהִלָּה לֵֽאלֹהֵינוּ יִרְאוּ רַבִּים וְיִירָאוּ וְיִבְטְחוּ בַּיהוָֽה׃ | 3 |
Og han lagde ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren.
אַשְֽׁרֵי הַגֶּבֶר אֲשֶׁר־שָׂם יְהֹוָה מִבְטַחוֹ וְֽלֹא־פָנָה אֶל־רְהָבִים וְשָׂטֵי כָזָֽב׃ | 4 |
Sæl er den mann som set si lit til Herren og ikkje vender seg til dei ovlåtne og til deim som vik av til lygn.
רַבּוֹת עָשִׂיתָ ׀ אַתָּה ׀ יְהוָה אֱלֹהַי נִֽפְלְאֹתֶיךָ וּמַחְשְׁבֹתֶיךָ אֵלֵינוּ אֵין ׀ עֲרֹךְ אֵלֶיךָ אַגִּידָה וַאֲדַבֵּרָה עָצְמוּ מִסַּפֵּֽר׃ | 5 |
Herre, min Gud, du hev gjort dine under og dine råder mangfaldige mot oss; ingen ting er liknande med deg; vil eg forkynna og tala um deim, er dei for mange til å telja.
זֶבַח וּמִנְחָה ׀ לֹֽא־חָפַצְתָּ אָזְנַיִם כָּרִיתָ לִּי עוֹלָה וַחֲטָאָה לֹא שָׁאָֽלְתָּ׃ | 6 |
Slagtoffer og grjonoffer hev du ikkje hug til - du hev bora øyro på meg - brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
אָז אָמַרְתִּי הִנֵּה־בָאתִי בִּמְגִלַּת־סֵפֶר כָּתוּב עָלָֽי׃ | 7 |
Då sagde eg: «Sjå, eg kjem; i bokrullen er det skrive for meg;
לַֽעֲשֽׂוֹת־רְצוֹנְךָ אֱלֹהַי חָפָצְתִּי וְתוֹרָתְךָ בְּתוֹךְ מֵעָֽי׃ | 8 |
å gjera din vilje, min Gud, det er mi lyst, og di lov er inst i mitt hjarta.»
בִּשַּׂרְתִּי צֶדֶק ׀ בְּקָהָל רָב הִנֵּה שְׂפָתַי לֹא אֶכְלָא יְהוָה אַתָּה יָדָֽעְתָּ׃ | 9 |
Eg bar det gode bod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det.
צִדְקָתְךָ לֹא־כִסִּיתִי ׀ בְּתוֹךְ לִבִּי אֱמוּנָתְךָ וּתְשׁוּעָתְךָ אָמָרְתִּי לֹא־כִחַדְתִּי חַסְדְּךָ וַאֲמִתְּךָ לְקָהָל רָֽב׃ | 10 |
Eg løynde ikkje di rettferd inne i mitt hjarta, eg tala um din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling.
אַתָּה יְהוָה לֹא־תִכְלָא רַחֲמֶיךָ מִמֶּנִּי חַסְדְּךָ וַאֲמִתְּךָ תָּמִיד יִצְּרֽוּנִי׃ | 11 |
Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg.
כִּי אָפְפוּ־עָלַי ׀ רָעוֹת עַד־אֵין מִסְפָּר הִשִּׂיגוּנִי עֲוֺנֹתַי וְלֹא־יָכֹלְתִּי לִרְאוֹת עָצְמוּ מִשַּֽׂעֲרוֹת רֹאשִׁי וְלִבִּי עֲזָבָֽנִי׃ | 12 |
For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, og eg kan ikkje sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg.
רְצֵה יְהוָה לְהַצִּילֵנִי יְהוָה לְעֶזְרָתִי חֽוּשָׁה׃ | 13 |
Hugnast, Herre, å berga meg! Herre, kom meg snart til hjelp!
יֵבֹשׁוּ וְיַחְפְּרוּ ׀ יַחַד מְבַקְשֵׁי נַפְשִׁי לִסְפּוֹתָהּ יִסֹּגוּ אָחוֹר וְיִכָּלְמוּ חֲפֵצֵי רָעָתִֽי׃ | 14 |
Lat deim verta til skam og spott alle saman som stend etter mitt liv og vil riva det burt! Lat deim vika attende og skjemnast, som hev hugnad i mi ulukka!
יָשֹׁמּוּ עַל־עֵקֶב בָּשְׁתָּם הָאֹמְרִים לִי הֶאָח ׀ הֶאָֽח׃ | 15 |
Lat dei verta forfærde yver si skjemd, dei som segjer til meg: «Ha, ha!»
יָשִׂישׂוּ וְיִשְׂמְחוּ ׀ בְּךָ כָּֽל־מְבַקְשֶׁיךָ יֹאמְרוּ תָמִיד יִגְדַּל יְהוָה אֹֽהֲבֵי תְּשׁוּעָתֶֽךָ׃ | 16 |
Lat deim fegnast og gleda seg i deg alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa alltid segja: «Høglova vere Herren!»
וַאֲנִי ׀ עָנִי וְאֶבְיוֹן אֲדֹנָי יַחֲשָׁב לִי עֶזְרָתִי וּמְפַלְטִי אַתָּה אֱלֹהַי אַל־תְּאַחַֽר׃ | 17 |
For eg er arm og fatig; Herren vil tenkja på meg. Du er mi hjelp og min frelsar; min Gud, dryg ikkje!