< תהילים 145 >
תְּהִלָּה לְדָוִד אֲרוֹמִמְךָ אֱלוֹהַי הַמֶּלֶךְ וַאֲבָרֲכָה שִׁמְךָ לְעוֹלָם וָעֶֽד׃ | 1 |
Ein lovsong av David. Eg vil upphøgja deg, min Gud, du konge, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid.
בְּכָל־יוֹם אֲבָרֲכֶךָּ וַאֲהַלְלָה שִׁמְךָ לְעוֹלָם וָעֶֽד׃ | 2 |
Kvar dag vil eg lova deg, og eg vil prisa namnet ditt æveleg og alltid.
גָּדוֹל יְהוָה וּמְהֻלָּל מְאֹד וְלִגְדֻלָּתוֹ אֵין חֵֽקֶר׃ | 3 |
Stor er Herren og mykje lovsungen, og hans storleik er uransakleg.
דּוֹר לְדוֹר יְשַׁבַּח מַעֲשֶׂיךָ וּגְבוּרֹתֶיךָ יַגִּֽידוּ׃ | 4 |
Ei ætt skal lova dine verk for ei onnor, og dine storverk skal dei forkynna.
הֲדַר כְּבוֹד הוֹדֶךָ וְדִבְרֵי נִפְלְאוֹתֶיךָ אָשִֽׂיחָה׃ | 5 |
Di høge og herlege æra og dine underverk vil eg grunda på.
וֶעֱזוּז נוֹרְאֹתֶיךָ יֹאמֵרוּ וגדולתיך וּגְדוּלָּתְךָ אֲסַפְּרֶֽנָּה׃ | 6 |
Um dine sterke, skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um.
זֵכֶר רַב־טוּבְךָ יַבִּיעוּ וְצִדְקָתְךָ יְרַנֵּֽנוּ׃ | 7 |
Minne-ord um din store godleik skal dei lata strøyma ut, og di rettferd skal dei lovsyngja.
חַנּוּן וְרַחוּם יְהוָה אֶרֶךְ אַפַּיִם וּגְדָל־חָֽסֶד׃ | 8 |
Nådig og miskunnsam er Herren, langmodig og stor i miskunn.
טוֹב־יְהוָה לַכֹּל וְרַחֲמָיו עַל־כָּל־מַעֲשָֽׂיו׃ | 9 |
Herren er god imot alle, og han miskunnar alle sine verk.
יוֹדוּךָ יְהוָה כָּל־מַעֲשֶׂיךָ וַחֲסִידֶיךָ יְבָרֲכֽוּכָה׃ | 10 |
Alle dine verk skal prisa deg, Herre, og dine trugne lova deg.
כְּבוֹד מַלְכוּתְךָ יֹאמֵרוּ וּגְבוּרָתְךָ יְדַבֵּֽרוּ׃ | 11 |
Um herlegdomen i ditt rike skal dei tala, og ditt velde skal dei forkynna,
לְהוֹדִיעַ ׀ לִבְנֵי הָאָדָם גְּבוּרֹתָיו וּכְבוֹד הֲדַר מַלְכוּתֽוֹ׃ | 12 |
til å kunngjera dine velduge verk for menneskjeborni, og den strålande herlegdom i ditt rike.
מַֽלְכוּתְךָ מַלְכוּת כָּל־עֹֽלָמִים וּמֶֽמְשֶׁלְתְּךָ בְּכָל־דּוֹר וָדֽוֹר׃ | 13 |
Ditt rike er eit rike for alle ævor, og ditt herredøme varer gjenom alle ætter.
סוֹמֵךְ יְהוָה לְכָל־הַנֹּפְלִים וְזוֹקֵף לְכָל־הַכְּפוּפִֽים׃ | 14 |
Herren er stydjar alle som fell, og han reiser alle som er nedbøygde.
עֵֽינֵי־כֹל אֵלֶיךָ יְשַׂבֵּרוּ וְאַתָּה נֽוֹתֵן־לָהֶם אֶת־אָכְלָם בְּעִתּֽוֹ׃ | 15 |
Alle vender augo sine ventande til deg, og du gjev deim deira føda i si tid.
פּוֹתֵחַ אֶת־יָדֶךָ וּמַשְׂבִּיעַ לְכָל־חַי רָצֽוֹן׃ | 16 |
Du let upp handi og mettar alt levande med hugnad.
צַדִּיק יְהוָה בְּכָל־דְּרָכָיו וְחָסִיד בְּכָל־מַעֲשָֽׂיו׃ | 17 |
Herren er rettferdig på alle sine vegar og miskunnsam i alle sine verk.
קָרוֹב יְהוָה לְכָל־קֹרְאָיו לְכֹל אֲשֶׁר יִקְרָאֻהוּ בֶאֱמֶֽת׃ | 18 |
Herren er nær hjå alle deim som kallar på honom, alle som kallar på honom i sanning.
רְצוֹן־יְרֵאָיו יַעֲשֶׂה וְֽאֶת־שַׁוְעָתָם יִשְׁמַע וְיוֹשִׁיעֵֽם׃ | 19 |
Han gjer etter deira ynskje som ottast honom, og han høyrer deira rop og frelser deim.
שׁוֹמֵר יְהוָה אֶת־כָּל־אֹהֲבָיו וְאֵת כָּל־הָרְשָׁעִים יַשְׁמִֽיד׃ | 20 |
Herren varar alle deim som elskar honom, men alle ugudlege tyner han.
תְּהִלַּת יְהוָה יְֽדַבֶּר־פִּי וִיבָרֵךְ כָּל־בָּשָׂר שֵׁם קָדְשׁוֹ לְעוֹלָם וָעֶֽד׃ | 21 |
Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn i all æva og alltid.