< תהילים 112 >
הַלְלוּ יָהּ ׀ אַשְׁרֵי־אִישׁ יָרֵא אֶת־יְהוָה בְּמִצְוֺתָיו חָפֵץ מְאֹֽד׃ | 1 |
Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i hans bodord.
גִּבּוֹר בָּאָרֶץ יִהְיֶה זַרְעוֹ דּוֹר יְשָׁרִים יְבֹרָֽךְ׃ | 2 |
Hans avkjøme skal vera veldugt på jordi, ætti av dei ærlege skal verta velsigna.
הוֹן־וָעֹשֶׁר בְּבֵיתוֹ וְצִדְקָתוֹ עֹמֶדֶת לָעַֽד׃ | 3 |
Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast.
זָרַח בַּחֹשֶׁךְ אוֹר לַיְשָׁרִים חַנּוּן וְרַחוּם וְצַדִּֽיק׃ | 4 |
Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, nådig, miskunnsam og rettferdig er han.
טֽוֹב־אִישׁ חוֹנֵן וּמַלְוֶה יְכַלְכֵּל דְּבָרָיו בְּמִשְׁפָּֽט׃ | 5 |
Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån, han held uppe si sak i retten.
כִּֽי־לְעוֹלָם לֹא־יִמּוֹט לְזֵכֶר עוֹלָם יִהְיֶה צַדִּֽיק׃ | 6 |
For dei skal ikkje rikka honom i all æva, den rettferdige skal vera i ævelegt minne.
מִשְּׁמוּעָה רָעָה לֹא יִירָא נָכוֹן לִבּוֹ בָּטֻחַ בַּיהוָֽה׃ | 7 |
For vond tidend skal han ikkje ræddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren.
סָמוּךְ לִבּוֹ לֹא יִירָא עַד אֲשֶׁר־יִרְאֶה בְצָרָֽיו׃ | 8 |
Hans hjarta er trygt; han ræddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar.
פִּזַּר ׀ נָתַן לָאֶבְיוֹנִים צִדְקָתוֹ עֹמֶדֶת לָעַד קַרְנוֹ תָּרוּם בְּכָבֽוֹד׃ | 9 |
Han strår ut, gjev til dei fatige, hans rettferd stend alltid, hans horn skal verta upplyft med æra.
רָשָׁע יִרְאֶה ׀ וְכָעָס שִׁנָּיו יַחֲרֹק וְנָמָס תַּאֲוַת רְשָׁעִים תֹּאבֵֽד׃ | 10 |
Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp, det dei ugudlege hev lyst til, vert upp i inkje.