< תהילים 109 >

לַמְנַצֵּחַ לְדָוִד מִזְמוֹר אֱלֹהֵי תְהִלָּתִי אַֽל־תֶּחֱרַֽשׁ׃ 1
Til songmeisteren; av David, ein salme. Min lovsongs Gud, teg ikkje!
כִּי פִי רָשָׁע וּֽפִי־מִרְמָה עָלַי פָּתָחוּ דִּבְּרוּ אִתִּי לְשׁוֹן שָֽׁקֶר׃ 2
For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala imot meg med ljugartunga.
וְדִבְרֵי שִׂנְאָה סְבָבוּנִי וַיִּֽלָּחֲמוּנִי חִנָּֽם׃ 3
Med hatfulle ord hev dei kringsett meg og ført strid imot meg utan årsak.
תַּֽחַת־אַהֲבָתִי יִשְׂטְנוּנִי וַאֲנִי תְפִלָּֽה׃ 4
Til løn for min kjærleik stod dei imot meg, endå eg berre bed,
וַיָּשִׂימוּ עָלַי רָעָה תַּחַת טוֹבָה וְשִׂנְאָה תַּחַת אַהֲבָתִֽי׃ 5
dei hev lagt vondt yver meg til løn for godt og hat til løn for min kjærleik.
הַפְקֵד עָלָיו רָשָׁע וְשָׂטָן יַעֲמֹד עַל־יְמִינֽוֹ׃ 6
Set ein ugudleg yver honom, og lat ein klagar standa ved hans høgre hand!
בְּהִשָּׁפְטוֹ יֵצֵא רָשָׁע וּתְפִלָּתוֹ תִּהְיֶה לַֽחֲטָאָֽה׃ 7
Når han vert dømd, lat honom ganga skuldig ut, og lat hans bøn verta til synd!
יִֽהְיֽוּ־יָמָיו מְעַטִּים פְּקֻדָּתוֹ יִקַּח אַחֵֽר׃ 8
Lat hans dagar verta få, lat ein annan få hans embætte!
יִֽהְיוּ־בָנָיו יְתוֹמִים וְאִשְׁתּוֹ אַלְמָנָֽה׃ 9
Lat hans born verta farlause og kona hans enkja!
וְנוֹעַ יָנוּעוּ בָנָיו וְשִׁאֵלוּ וְדָרְשׁוּ מֵחָרְבוֹתֵיהֶֽם׃ 10
Lat hans born flakka ikring og beda seg, lat deim ganga som tiggarar frå sin øydelagde heim!
יְנַקֵּשׁ נוֹשֶׁה לְכָל־אֲשֶׁר־לוֹ וְיָבֹזּוּ זָרִים יְגִיעֽוֹ׃ 11
Lat okerkallen leggja snara um all hans eigedom, og framande plundra hans avling!
אַל־יְהִי־לוֹ מֹשֵׁךְ חָסֶד וְֽאַל־יְהִי חוֹנֵן לִיתוֹמָֽיו׃ 12
Lat ingen finnast som hyser miskunn imot honom, og ingen som ynkast yver hans farlause born!
יְהִֽי־אַחֲרִיתוֹ לְהַכְרִית בְּדוֹר אַחֵר יִמַּח שְׁמָֽם׃ 13
Lat hans etterkomarar ganga til grunnar og deira namn verta utstroke i næste ættled!
יִזָּכֵר ׀ עֲוֺן אֲבֹתָיו אֶל־יְהוָה וְחַטַּאת אִמּוֹ אַל־תִּמָּֽח׃ 14
Hans fedra skuld vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki!
יִהְיוּ נֶֽגֶד־יְהוָה תָּמִיד וְיַכְרֵת מֵאֶרֶץ זִכְרָֽם׃ 15
Dei vere alltid for Herrens åsyn, og han rydje deira minne ut av jordi,
יַעַן אֲשֶׁר ׀ לֹא זָכַר עֲשׂוֹת חָסֶד וַיִּרְדֹּף אִישׁ־עָנִי וְאֶבְיוֹן וְנִכְאֵה לֵבָב לְמוֹתֵֽת׃ 16
av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein arm og fatig mann, og ein hjarteskræmd og vilde drepa honom.
וַיֶּאֱהַב קְלָלָה וַתְּבוֹאֵהוּ וְֽלֹא־חָפֵץ בִּבְרָכָה וַתִּרְחַק מִמֶּֽנּוּ׃ 17
Han elska forbanning, og denne kom yver honom, han lika ikkje velsigning, og denne kom langt burt frå honom.
וַיִּלְבַּשׁ קְלָלָה כְּמַדּוֹ וַתָּבֹא כַמַּיִם בְּקִרְבּוֹ וְכַשֶּׁמֶן בְּעַצְמוֹתָֽיו׃ 18
Han klædde seg i forbanning som sitt klædeplagg, og ho trengde som vatn inn i hans liv, og som olje i hans bein.
תְּהִי־לוֹ כְּבֶגֶד יַעְטֶה וּלְמֵזַח תָּמִיד יַחְגְּרֶֽהָ׃ 19
Lat henne verta honom til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg!
זֹאת פְּעֻלַּת שֹׂטְנַי מֵאֵת יְהוָה וְהַדֹּבְרִים רָע עַל־נַפְשִֽׁי׃ 20
Dette vere løni frå Herren åt mine motstandarar, og åt deim som talar vondt imot mi sjæl!
וְאַתָּה ׀ יְהוִה אֲדֹנָי עֲ‍ֽשֵׂה־אִתִּי לְמַעַן שְׁמֶךָ כִּי־טוֹב חַסְדְּךָ הַצִּילֵֽנִי׃ 21
Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld, etter som di miskunn er god, so berga meg!
כִּֽי־עָנִי וְאֶבְיוֹן אָנֹכִי וְלִבִּי חָלַל בְּקִרְבִּֽי׃ 22
For arm og fatig er eg, og mitt hjarta er gjenomstunge i meg.
כְּצֵל־כִּנְטוֹתוֹ נֶהֱלָכְתִּי נִנְעַרְתִּי כָּֽאַרְבֶּֽה׃ 23
Som ein skugge når han lengjest, kverv eg burt, eg vert jaga burt som ein grashopp.
בִּרְכַּי כָּשְׁלוּ מִצּוֹם וּבְשָׂרִי כָּחַשׁ מִשָּֽׁמֶן׃ 24
Mine kne er ustøde av fasta, og holdet mitt misser feita.
וַאֲנִי ׀ הָיִיתִי חֶרְפָּה לָהֶם יִרְאוּנִי יְנִיעוּן רֹאשָֽׁם׃ 25
Og eg hev vorte til spott for deim; når dei ser meg, rister dei på hovudet.
עָזְרֵנִי יְהוָה אֱלֹהָי הוֹשִׁיעֵנִי כְחַסְדֶּֽךָ׃ 26
Hjelp meg, Herre min Gud, frels meg etter di miskunn!
וְֽיֵדְעוּ כִּי־יָדְךָ זֹּאת אַתָּה יְהוָה עֲשִׂיתָֽהּ׃ 27
so dei må kjenna, at dette er di hand, at du, Herre, hev gjort det.
יְקַֽלְלוּ־הֵמָּה וְאַתָּה תְבָרֵךְ קָמוּ ׀ וַיֵּבֹשׁוּ וְֽעַבְדְּךָ יִשְׂמָֽח׃ 28
Dei forbannar, men du velsignar, dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg.
יִלְבְּשׁוּ שׂוֹטְנַי כְּלִמָּה וְיַעֲטוּ כַמְעִיל בָּשְׁתָּֽם׃ 29
Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa.
אוֹדֶה יְהוָה מְאֹד בְּפִי וּבְתוֹךְ רַבִּים אֲהַֽלְלֶֽנּוּ׃ 30
Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova honom.
כִּֽי־יַעֲמֹד לִימִין אֶבְיוֹן לְהוֹשִׁיעַ מִשֹּׁפְטֵי נַפְשֽׁוֹ׃ 31
For han stend på høgre sida åt den fatige til å frelsa honom frå deim som dømer hans sjæl.

< תהילים 109 >