< מִשְׁלֵי 28 >

נָסוּ וְאֵין־רֹדֵף רָשָׁע וְצַדִּיקִים כִּכְפִיר יִבְטָֽח׃ 1
Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge.
בְּפֶשַֽׁע אֶרֶץ רַבִּים שָׂרֶיהָ וּבְאָדָם מֵבִין יֹדֵעַ כֵּן יַאֲרִֽיךְ׃ 2
Syndar eit land, fær det mange herrar, men hev folket mykje vit, varer retten lenge.
גֶּבֶר רָשׁ וְעֹשֵׁק דַּלִּים מָטָר סֹחֵף וְאֵין לָֽחֶם׃ 3
Ein fatig herre som trykkjer dei arme, er eit regn som herjar og ikkje gjev brød.
עֹזְבֵי תוֹרָה יְהַֽלְלוּ רָשָׁע וְשֹׁמְרֵי תוֹרָה יִתְגָּרוּ בָֽם׃ 4
Dei som gjeng ifrå lovi, prisar dei gudlause, men dei som held lovi, harmast på deim.
אַנְשֵׁי־רָע לֹא־יָבִינוּ מִשְׁפָּט וּמְבַקְשֵׁי יְהוָה יָבִינוּ כֹֽל׃ 5
Vonde folk skynar ikkje kva rett er, men dei som søkjer Herren, skynar alt.
טֽוֹב־רָשׁ הוֹלֵךְ בְּתֻמּוֹ מֵעִקֵּשׁ דְּרָכַיִם וְהוּא עָשִֽׁיר׃ 6
Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust, enn ein rikmann som er rang og gjeng tvo vegar.
נוֹצֵר תּוֹרָה בֵּן מֵבִין וְרֹעֶה זֽוֹלְלִים יַכְלִים אָבִֽיו׃ 7
Den som agtar på rettleiding, er ein vitug son, men den som hev lag med øydarar, fører skam yver far sin.
מַרְבֶּה הוֹנוֹ בְּנֶשֶׁךְ ובתרבית וְתַרְבִּית לְחוֹנֵן דַּלִּים יִקְבְּצֶֽנּוּ׃ 8
Den som aukar si eiga med renta og oker, han sankar åt den som er god mot dei arme.
מֵסִיר אָזְנוֹ מִשְּׁמֹעַ תּוֹרָה גַּֽם־תְּפִלָּתוֹ תּוֹעֵבָֽה׃ 9
Um ein vil venda øyra burt og ikkje høyra lovi, er jamvel bøni hans ein styggedom.
מַשְׁגֶּה יְשָׁרִים ׀ בְּדֶרֶךְ רָע בִּשְׁחוּתוֹ הֽוּא־יִפּוֹל וּתְמִימִים יִנְחֲלוּ־טֽוֹב׃ 10
Den som villar ærlegt folk inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav, men dei lytelause skal erva det som godt er.
חָכָם בְּעֵינָיו אִישׁ עָשִׁיר וְדַל מֵבִין יַחְקְרֶֽנּוּ׃ 11
Ein rikmann tykkjer han er vis, men ein fatigmann med vit granskar honom ut.
בַּעֲלֹץ צַדִּיקִים רַבָּה תִפְאָרֶת וּבְקוּם רְשָׁעִים יְחֻפַּשׂ אָדָֽם׃ 12
Held dei rettferdige høgtid, stend det herleg til, men når gudlause kjem seg upp, lyt ein leita etter folk.
מְכַסֶּה פְשָׁעָיו לֹא יַצְלִיחַ וּמוֹדֶה וְעֹזֵב יְרֻחָֽם׃ 13
Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn.
אַשְׁרֵי אָדָם מְפַחֵד תָּמִיד וּמַקְשֶׁה לִבּוֹ יִפּוֹל בְּרָעָֽה׃ 14
Sæl den mannen som alltid ottast, men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka.
אֲרִי־נֹהֵם וְדֹב שׁוֹקֵק מֹשֵׁל רָשָׁע עַל עַם־דָּֽל׃ 15
Burande løva og ein grådig bjørn er gudlaus hovding yver fatigt folk.
נָגִיד חֲסַר תְּבוּנוֹת וְרַב מַעֲשַׁקּוֹת שנאי שֹׂנֵא בֶצַע יַאֲרִיךְ יָמִֽים׃ 16
Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal liva lenge.
אָדָם עָשֻׁק בְּדַם־נָפֶשׁ עַד־בּוֹר יָנוּס אַל־יִתְמְכוּ־בֽוֹ׃ 17
Ein mann med blodskuld yver seg er på flugt alt til gravi, ingen må hjelpa honom.
הוֹלֵךְ תָּמִים יִוָּשֵׁעַ וְנֶעְקַשׁ דְּרָכַיִם יִפּוֹל בְּאֶחָֽת׃ 18
Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine.
עֹבֵד אַדְמָתוֹ יִֽשְׂבַּֽע־לָחֶם וּמְרַדֵּף רֵקִים יִֽשְׂבַּֽע־רִֽישׁ׃ 19
Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød, men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod.
אִישׁ אֱמוּנוֹת רַב־בְּרָכוֹת וְאָץ לְהַעֲשִׁיר לֹא יִנָּקֶֽה׃ 20
Ein trufast mann fær rik velsigning, men den som renner etter rikdom, vert ei urefst.
הַֽכֵּר־פָּנִים לֹא־טוֹב וְעַל־פַּת־לֶחֶם יִפְשַׁע־גָּֽבֶר׃ 21
Det er’kje godt når ein gjer mannemun, men mang ein mann vert brotsmann for ein brødbit.
נִֽבֳהָל לַהוֹן אִישׁ רַע עָיִן וְלֹֽא־יֵדַע כִּי־חֶסֶר יְבֹאֶֽנּוּ׃ 22
I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit’kje at vanråd vil koma på han.
מוֹכִיחַ אָדָם אַחֲרַי חֵן יִמְצָא מִֽמַּחֲלִיק לָשֽׁוֹן׃ 23
Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si.
גּוֹזֵל ׀ אָבִיו וְאִמּוֹ וְאֹמֵר אֵֽין־פָּשַׁע חָבֵר הוּא לְאִישׁ מַשְׁחִֽית׃ 24
Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd, » han er øydelands lagsbror.
רְחַב־נֶפֶשׁ יְגָרֶה מָדוֹן וּבוֹטֵחַ עַל־יְהוָה יְדֻשָּֽׁן׃ 25
Den vinnekjære valdar trætta, men den som lit på Herren, fær kveikjing.
בּוֹטֵחַ בְּלִבּוֹ הוּא כְסִיל וְהוֹלֵךְ בְּחָכְמָה הוּא יִמָּלֵֽט׃ 26
Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst.
נוֹתֵן לָרָשׁ אֵין מַחְסוֹר וּמַעְלִים עֵינָיו רַב־מְאֵרֽוֹת׃ 27
Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg.
בְּקוּם רְשָׁעִים יִסָּתֵר אָדָם וּבְאָבְדָם יִרְבּוּ צַדִּיקִֽים׃ 28
Når gudlause kjem seg upp, då gøymer folk seg, men når dei gjeng til grunns, då aukar dei rettferdige.

< מִשְׁלֵי 28 >