< מִשְׁלֵי 20 >
לֵץ הַיַּין הֹמֶה שֵׁכָר וְכָל־שֹׁגֶה בּוֹ לֹא יֶחְכָּֽם׃ | 1 |
Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, ingen som tumlar av honom, er vis.
נַהַם כַּכְּפִיר אֵימַת מֶלֶךְ מִתְעַבְּרוֹ חוֹטֵא נַפְשֽׁוֹ׃ | 2 |
Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel.
כָּבוֹד לָאִישׁ שֶׁבֶת מֵרִיב וְכָל־אֱוִיל יִתְגַּלָּֽע׃ | 3 |
Mannsens æra er å halda seg frå trætta, men kvar uviting glefser til.
מֵחֹרֶף עָצֵל לֹא־יַחֲרֹשׁ ישאל וְשָׁאַל בַּקָּצִיר וָאָֽיִן׃ | 4 |
Letingen pløgjer ikkje um hausten, i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda.
מַיִם עֲמֻקִּים עֵצָה בְלֶב־אִישׁ וְאִישׁ תְּבוּנָה יִדְלֶֽנָּה׃ | 5 |
Råd i mannsens hjarta er som vatn i djupet, men ein skynsam mann kann draga det upp.
רָב־אָדָם יִקְרָא אִישׁ חַסְדּוֹ וְאִישׁ אֱמוּנִים מִי יִמְצָֽא׃ | 6 |
Mest kvar mann råkar ein som elskar honom, men kven finn ein som er å lita på?
מִתְהַלֵּךְ בְּתֻמּוֹ צַדִּיק אַשְׁרֵי בָנָיו אַחֲרָֽיו׃ | 7 |
Den som ferdast ulastande og er rettferdig, sæle er borni hans etter honom.
מֶלֶךְ יוֹשֵׁב עַל־כִּסֵּא־דִין מְזָרֶה בְעֵינָיו כָּל־רָֽע׃ | 8 |
Ein konge som sit på domarstol, skil ut alt vondt med augo sine.
מִֽי־יֹאמַר זִכִּיתִי לִבִּי טָהַרְתִּי מֵחַטָּאתִֽי׃ | 9 |
Kven kann segja: «Eg hev halda hjarta reint og er fri frå syndi mi?»
אֶבֶן וָאֶבֶן אֵיפָה וְאֵיפָה תּוֹעֲבַת יְהוָה גַּם־שְׁנֵיהֶֽם׃ | 10 |
Tvo slag vegt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren.
גַּם בְּמַעֲלָלָיו יִתְנַכֶּר־נָעַר אִם־זַךְ וְאִם־יָשָׁר פָּעֳלֽוֹ׃ | 11 |
Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett.
אֹזֶן שֹׁמַעַת וְעַיִן רֹאָה יְהוָה עָשָׂה גַם־שְׁנֵיהֶֽם׃ | 12 |
Øyra som høyrer og auga som ser - Herren hev skapt deim båe tvo.
אַל־תֶּֽאֱהַב שֵׁנָה פֶּן־תִּוָּרֵשׁ פְּקַח עֵינֶיךָ שְֽׂבַֽע־לָֽחֶם׃ | 13 |
Elska ikkje svevn, for då vert du fatig, haldt augo uppe, so fær du brød til mette.
רַע רַע יֹאמַר הַקּוֹנֶה וְאֹזֵל לוֹ אָז יִתְהַלָּֽל׃ | 14 |
«Klent, klent!» segjer kjøparen, men når han gjeng burt, so rosar han seg.
יֵשׁ זָהָב וְרָב־פְּנִינִים וּכְלִי יְקָר שִׂפְתֵי־דָֽעַת׃ | 15 |
Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste gogni er lippor med kunnskap.
לְֽקַח־בִּגְדוֹ כִּי־עָרַב זָר וּבְעַד נכרים נָכְרִיָּה חַבְלֵֽהוּ׃ | 16 |
Tak klædi hans! for han hev borga for ein annan, og panta honom for framande!
עָרֵב לָאִישׁ לֶחֶם שָׁקֶר וְאַחַר יִמָּֽלֵא־פִיהוּ חָצָֽץ׃ | 17 |
Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein.
מַחֲשָׁבוֹת בְּעֵצָה תִכּוֹן וּבְתַחְבֻּלוֹת עֲשֵׂה מִלְחָמָֽה׃ | 18 |
Råder vert stødige med rådleggjing, få då klok styring når du fører krig!
גּֽוֹלֶה־סּוֹד הוֹלֵךְ רָכִיל וּלְפֹתֶה שְׂפָתָיו לֹא תִתְעָרָֽב׃ | 19 |
Den som fer med drøs, ber løynråd ut, og gapen skal du ikkje hava noko med.
מְקַלֵּל אָבִיו וְאִמּוֹ יִֽדְעַךְ נֵרוֹ באישון בֶּאֱשׁוּן חֹֽשֶׁךְ׃ | 20 |
Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret.
נַחֲלָה מבחלת מְבֹהֶלֶת בָּרִאשֹׁנָה וְאַחֲרִיתָהּ לֹא תְבֹרָֽךְ׃ | 21 |
Ein arv som ein i fyrstundes er for fus på, vert på slutten utan velsigning.
אַל־תֹּאמַר אֲשַׁלְּמָה־רָע קַוֵּה לַֽיהוָה וְיֹשַֽׁע לָֽךְ׃ | 22 |
Seg ikkje: «Eg vil løna med vondt!» Venta på Herren, han vil hjelpa deg.
תּוֹעֲבַת יְהוָה אֶבֶן וָאָבֶן וּמֹאזְנֵי מִרְמָה לֹא־טֽוֹב׃ | 23 |
Tvo slag vegt er ein styggedom for Herren, og den falske skålvegt er ikkje god.
מֵיהוָה מִצְעֲדֵי־גָבֶר וְאָדָם מַה־יָּבִין דַּרְכּֽוֹ׃ | 24 |
Frå Herren kjem mannsens stig, og kor kann eit menneskje skyna sin veg?
מוֹקֵשׁ אָדָם יָלַע קֹדֶשׁ וְאַחַר נְדָרִים לְבַקֵּֽר׃ | 25 |
Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå.
מְזָרֶה רְשָׁעִים מֶלֶךְ חָכָם וַיָּשֶׁב עֲלֵיהֶם אוֹפָֽן׃ | 26 |
Ein vis konge skil ut dei gudlause og let hjulet ganga yver deim.
נֵר יְהוָה נִשְׁמַת אָדָם חֹפֵשׂ כָּל־חַדְרֵי־בָֽטֶן׃ | 27 |
Menneskjens ånd er Herrens lampa, og ho ransakar alle rom i hjarta.
חֶסֶד וֶאֱמֶת יִצְּרוּ־מֶלֶךְ וְסָעַד בַּחֶסֶד כִּסְאֽוֹ׃ | 28 |
Kjærleik og truskap er vakt um kongen, og han styd sin kongsstol på kjærleik.
תִּפְאֶרֶת בַּחוּרִים כֹּחָם וַהֲדַר זְקֵנִים שֵׂיבָֽה׃ | 29 |
Ei æra for ungdomar er deira kraft, og ein prydnad for dei gamle er grått hår.
חַבֻּרוֹת פֶּצַע תמריק תַּמְרוּק בְּרָע וּמַכּוֹת חַדְרֵי־בָֽטֶן׃ | 30 |
Svidande sår reinser burt det vonde, ja, slag reinsar hjartans inste rom.