< מִשְׁלֵי 2 >
בְּנִי אִם־תִּקַּח אֲמָרָי וּמִצְוֺתַי תִּצְפֹּן אִתָּֽךְ׃ | 1 |
Son min! tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg,
לְהַקְשִׁיב לַֽחָכְמָה אָזְנֶךָ תַּטֶּה לִבְּךָ לַתְּבוּנָֽה׃ | 2 |
so du vender øyra til visdomen, bøygjer hjarta til vitet,
כִּי אִם לַבִּינָה תִקְרָא לַתְּבוּנָה תִּתֵּן קוֹלֶֽךָ׃ | 3 |
ja, når du kallar på skynet og ropar høgt på vitet,
אִם־תְּבַקְשֶׁנָּה כַכָּסֶף וְֽכַמַּטְמוֹנִים תַּחְפְּשֶֽׂנָּה׃ | 4 |
leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar,
אָז תָּבִין יִרְאַת יְהוָה וְדַעַת אֱלֹהִים תִּמְצָֽא׃ | 5 |
då skal du skyna otte for Herren, og Guds-kunnskap skal du finna.
כִּֽי־יְהוָה יִתֵּן חָכְמָה מִפִּיו דַּעַת וּתְבוּנָֽה׃ | 6 |
For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit.
וצפן יִצְפֹּן לַיְשָׁרִים תּוּשִׁיָּה מָגֵן לְהֹלְכֵי תֹֽם׃ | 7 |
Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som fer ulastande,
לִנְצֹר אָרְחוֹת מִשְׁפָּט וְדֶרֶךְ חסידו חֲסִידָיו יִשְׁמֹֽר׃ | 8 |
med di for han vaktar stigarne åt retten og varar vegen vel for sine trugne.
אָז תָּבִין צֶדֶק וּמִשְׁפָּט וּמֵישָׁרִים כָּל־מַעְגַּל־טֽוֹב׃ | 9 |
Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja, kvar god veg.
כִּֽי־תָבוֹא חָכְמָה בְלִבֶּךָ וְדַעַת לְֽנַפְשְׁךָ יִנְעָֽם׃ | 10 |
For visdom koma skal i hjarta ditt, og kunnskap vera hugleg for di sjæl,
מְזִמָּה תִּשְׁמֹר עָלֶיךָ תְּבוּנָה תִנְצְרֶֽכָּה׃ | 11 |
yver deg skal ettertanke halda vakt, vit skal vara deg
לְהַצִּילְךָ מִדֶּרֶךְ רָע מֵאִישׁ מְדַבֵּר תַּהְפֻּכֽוֹת׃ | 12 |
og fria deg ifrå den vonde åtferd, frå folk som talar fals,
הַעֹזְבִים אָרְחוֹת יֹשֶׁר לָלֶכֶת בְּדַרְכֵי־חֹֽשֶׁךְ׃ | 13 |
dei som gjeng frå dei rette stigar og vil vandra på myrke vegar,
הַשְּׂמֵחִים לַעֲשׂוֹת רָע יָגִילוּ בְּֽתַהְפֻּכוֹת רָֽע׃ | 14 |
dei som gled seg med å gjera vondt, og fegnast yver rangt og vondt,
אֲשֶׁר אָרְחֹתֵיהֶם עִקְּשִׁים וּנְלוֹזִים בְּמַעְגְּלוֹתָֽם׃ | 15 |
dei som gjeng på kroke-stigar og fer på range vegar. -
לְהַצִּילְךָ מֵאִשָּׁה זָרָה מִנָּכְרִיָּה אֲמָרֶיהָ הֶחֱלִֽיקָה׃ | 16 |
Han skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna med sleipe ord,
הַעֹזֶבֶת אַלּוּף נְעוּרֶיהָ וְאֶת־בְּרִית אֱלֹהֶיהָ שָׁכֵֽחָה׃ | 17 |
som hev svike sin ungdoms ven og si Guds-pakt hev gløymt.
כִּי שָׁחָה אֶל־מָוֶת בֵּיתָהּ וְאֶל־רְפָאִים מַעְגְּלֹתֶֽיהָ׃ | 18 |
For ho sig ned til dauden med sitt hus, og ned til daudingarne hennar vegar ber.
כָּל־בָּאֶיהָ לֹא יְשׁוּבוּן וְלֹֽא־יַשִּׂיגוּ אָרְחוֹת חַיִּֽים׃ | 19 |
Ingen som gjeng inn til henne, kjem attende, og dei når ikkje livsens stigar.
לְמַעַן תֵּלֵךְ בְּדֶרֶךְ טוֹבִים וְאָרְחוֹת צַדִּיקִים תִּשְׁמֹֽר׃ | 20 |
Han vil du skal ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der rettferdige ferdast;
כִּֽי־יְשָׁרִים יִשְׁכְּנוּ אָרֶץ וּתְמִימִים יִוָּתְרוּ בָֽהּ׃ | 21 |
for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastelege der skal verta att,
וּרְשָׁעִים מֵאֶרֶץ יִכָּרֵתוּ וּבוֹגְדִים יִסְּחוּ מִמֶּֽנָּה׃ | 22 |
men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.