< ויקרא 19 >
וַיְדַבֵּר יְהוָה אֶל־מֹשֶׁה לֵּאמֹֽר | 1 |
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
דַּבֵּר אֶל־כָּל־עֲדַת בְּנֵי־יִשְׂרָאֵל וְאָמַרְתָּ אֲלֵהֶם קְדֹשִׁים תִּהְיוּ כִּי קָדוֹשׁ אֲנִי יְהוָה אֱלֹהֵיכֶֽם׃ | 2 |
«Tala til heile Israels-lyden, og seg til deim: «De skal vera heilage; for eg, Herren, dykkar Gud, er heilag.
אִישׁ אִמּוֹ וְאָבִיו תִּירָאוּ וְאֶת־שַׁבְּתֹתַי תִּשְׁמֹרוּ אֲנִי יְהוָה אֱלֹהֵיכֶֽם׃ | 3 |
De skal hava age for mor og far, og halda helgarne mine. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!
אַל־תִּפְנוּ אֶל־הָאֱלִילִים וֵֽאלֹהֵי מַסֵּכָה לֹא תַעֲשׂוּ לָכֶם אֲנִי יְהוָה אֱלֹהֵיכֶֽם׃ | 4 |
De skal ikkje venda dykk til avgudarne, og ikkje gjera dykk støypte gudar! Eg, Herren, er dykkar Gud.
וְכִי תִזְבְּחוּ זֶבַח שְׁלָמִים לַיהוָה לִֽרְצֹנְכֶם תִּזְבָּחֻֽהוּ׃ | 5 |
Når de ofrar eit takkoffer til Herren, skal de gjera det soleis at han kann hava hugnad av dykk.
בְּיוֹם זִבְחֲכֶם יֵאָכֵל וּמִֽמָּחֳרָת וְהַנּוֹתָר עַד־יוֹם הַשְּׁלִישִׁי בָּאֵשׁ יִשָּׂרֵֽף׃ | 6 |
De skal eta kjøtet same dagen som de ofrar, eller og dagen etter; men det som er att tridje dagen, skal de kasta på elden.
וְאִם הֵאָכֹל יֵאָכֵל בַּיּוֹם הַשְּׁלִישִׁי פִּגּוּל הוּא לֹא יֵרָצֶֽה׃ | 7 |
Den tridje dagen skal det haldast for utskjemt og ureint; et nokon av det då, so hev Herren ingen hugnad i offeret,
וְאֹֽכְלָיו עֲוֺנוֹ יִשָּׂא כִּֽי־אֶת־קֹדֶשׁ יְהוָה חִלֵּל וְנִכְרְתָה הַנֶּפֶשׁ הַהִוא מֵעַמֶּֽיהָ׃ | 8 |
og den som et av det, gjer ei synd som han lyt lida for: han vanhelgar det som er vigt åt Herren, og han skal rydjast ut or folket sitt.
וּֽבְקֻצְרְכֶם אֶת־קְצִיר אַרְצְכֶם לֹא תְכַלֶּה פְּאַת שָׂדְךָ לִקְצֹר וְלֶקֶט קְצִֽירְךָ לֹא תְלַקֵּֽט׃ | 9 |
Når de haustar kornet av åkrarne dykkar, so skal du ikkje skjera for vel utåt reini, og det som vert liggjande att etter skurden, skal du ikkje plukka upp.
וְכַרְמְךָ לֹא תְעוֹלֵל וּפֶרֶט כַּרְמְךָ לֹא תְלַקֵּט לֶֽעָנִי וְלַגֵּר תַּעֲזֹב אֹתָם אֲנִי יְהוָה אֱלֹהֵיכֶֽם׃ | 10 |
Heller ikkje skal du sanka dei bæri som er att på trei etter du hev hausta vinhagen din, eller henta upp deim som er neddotne. Deim skal du lata vera att til dei fatige og framande. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud.
לֹא תִּגְנֹבוּ וְלֹא־תְכַחֲשׁוּ וְלֹֽא־תְשַׁקְּרוּ אִישׁ בַּעֲמִיתֽוֹ׃ | 11 |
De skal ikkje stela, og de skal ikkje dylja burt det som de hev i varveitsla, og de skal ikkje svika kvarandre.
וְלֹֽא־תִשָּׁבְעוּ בִשְׁמִי לַשָּׁקֶר וְחִלַּלְתָּ אֶת־שֵׁם אֱלֹהֶיךָ אֲנִי יְהוָֽה׃ | 12 |
De skal ikkje sverja på lygn i namnet mitt; for då vanhelgar de namnet åt dykkar Gud. Kom i hug: eg er Herren.
לֹֽא־תַעֲשֹׁק אֶת־רֵֽעֲךָ וְלֹא תִגְזֹל לֹֽא־תָלִין פְּעֻלַּת שָׂכִיר אִתְּךָ עַד־בֹּֽקֶר׃ | 13 |
Du skal ikkje gjera urett mot grannen din, og ikkje rana ifrå honom. Det ein dagarbeidar skal hava i løn, må ikkje verta liggjande hjå deg natti yver.
לֹא־תְקַלֵּל חֵרֵשׁ וְלִפְנֵי עִוֵּר לֹא תִתֵּן מִכְשֹׁל וְיָרֵאתָ מֵּאֱלֹהֶיךָ אֲנִי יְהוָֽה׃ | 14 |
Du skal ikkje banna den som dauv er, og ikkje leggja mein i vegen for den som er blind. Du skal hava age for din Gud; eg er Herren!
לֹא־תַעֲשׂוּ עָוֶל בַּמִּשְׁפָּט לֹא־תִשָּׂא פְנֵי־דָל וְלֹא תֶהְדַּר פְּנֵי גָדוֹל בְּצֶדֶק תִּשְׁפֹּט עֲמִיתֶֽךָ׃ | 15 |
De skal ikkje gjera urett mot nokon på tinget; ikkje skal du halda med ein mann for di han er fatig, og ikkje skal du snilda på saki hans for di han er rik; rettferdigt skal du døma landsmannen din.
לֹא־תֵלֵךְ רָכִיל בְּעַמֶּיךָ לֹא תַעֲמֹד עַל־דַּם רֵעֶךָ אֲנִי יְהוָֽה׃ | 16 |
Du skal ikkje ganga ikring og baktala folk. Du skal ikkje leggja deg ut um å få grannen din dømd frå livet. Kom i hug: eg er Herren!
לֹֽא־תִשְׂנָא אֶת־אָחִיךָ בִּלְבָבֶךָ הוֹכֵחַ תּוֹכִיחַ אֶת־עֲמִיתֶךָ וְלֹא־תִשָּׂא עָלָיו חֵֽטְא׃ | 17 |
Du skal ikkje bera hat til bror din i hjarta; men du må vel tala honom til rettes, so du ikkje skal bera synd for hans skuld.
לֹֽא־תִקֹּם וְלֹֽא־תִטֹּר אֶת־בְּנֵי עַמֶּךָ וְאָֽהַבְתָּ לְרֵעֲךָ כָּמוֹךָ אֲנִי יְהוָֽה׃ | 18 |
Du skal ikkje hemna deg og ikkje bera agg til nokon av landsfolket ditt, men du skal vilja grannen din likso vel som deg sjølv. Kom i hug: eg er Herren.
אֶֽת־חֻקֹּתַי תִּשְׁמֹרוּ בְּהֶמְתְּךָ לֹא־תַרְבִּיעַ כִּלְאַיִם שָׂדְךָ לֹא־תִזְרַע כִּלְאָיִם וּבֶגֶד כִּלְאַיִם שֽׁ͏ַעַטְנֵז לֹא יַעֲלֶה עָלֶֽיךָ׃ | 19 |
De skal halda loverne mine! Du skal ikkje lata tvo dyr av ulikt slag para seg. Du skal ikkje så åkeren din med tvo ulike kornslag. Du skal ikkje ganga med klæde som er vovne av tvo ulike garnslag.
וְאִישׁ כִּֽי־יִשְׁכַּב אֶת־אִשָּׁה שִׁכְבַת־זֶרַע וְהִוא שִׁפְחָה נֶחֱרֶפֶת לְאִישׁ וְהָפְדֵּה לֹא נִפְדָּתָה אוֹ חֻפְשָׁה לֹא נִתַּן־לָהּ בִּקֹּרֶת תִּהְיֶה לֹא יוּמְתוּ כִּי־לֹא חֻפָּֽשָׁה׃ | 20 |
Når ei kvinna er i tenesta hjå ei mann som ho er trulova med, men ikkje er utløyst eller frigjevi, og so ein annan mann ligg med henne og skjemmer henne, so skal ein fylgja deim med retten, men dei skal ikkje straffast på livet, etter di ho ikkje var fri kvinna.
וְהֵבִיא אֶת־אֲשָׁמוֹ לַֽיהוָה אֶל־פֶּתַח אֹהֶל מוֹעֵד אֵיל אָשָֽׁם׃ | 21 |
Han skal til bot for brotet sitt koma til møtetjelddøri med ein ver, som skal vera skuldoffer åt Herren,
וְכִפֶּר עָלָיו הַכֹּהֵן בְּאֵיל הָֽאָשָׁם לִפְנֵי יְהוָה עַל־חַטָּאתוֹ אֲשֶׁר חָטָא וְנִסְלַח לוֹ מֵחַטָּאתוֹ אֲשֶׁר חָטָֽא׃ | 22 |
og når presten hev gjort soning for honom hjå Herren med skuldofferveren, skal han få tilgjeving for den syndi han hev gjort.
וְכִי־תָבֹאוּ אֶל־הָאָרֶץ וּנְטַעְתֶּם כָּל־עֵץ מַאֲכָל וַעֲרַלְתֶּם עָרְלָתוֹ אֶת־פִּרְיוֹ שָׁלֹשׁ שָׁנִים יִהְיֶה לָכֶם עֲרֵלִים לֹא יֵאָכֵֽל׃ | 23 |
Når de kjem åt landet dykkar, og plantar allslags frukttre, so skal de halda den fyrste frukti dei ber for urein; tri år skal trei vera ureine for dykk, og de må ikkje eta frukti deira.
וּבַשָּׁנָה הָרְבִיעִת יִהְיֶה כָּל־פִּרְיוֹ קֹדֶשׁ הִלּוּלִים לַיהוָֽה׃ | 24 |
Det fjorde året skal all frukti vigjast åt Herren med ei takkehøgtid.
וּבַשָּׁנָה הַחֲמִישִׁת תֹּֽאכְלוּ אֶת־פִּרְיוֹ לְהוֹסִיף לָכֶם תְּבוּאָתוֹ אֲנִי יְהוָה אֱלֹהֵיכֶֽם׃ | 25 |
Fyrst i det femte året må de eta frukti deira, so skal dei bera so mykje meir åt dykk sidan. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!
לֹא תֹאכְלוּ עַל־הַדָּם לֹא תְנַחֲשׁוּ וְלֹא תְעוֹנֵֽנוּ׃ | 26 |
De må ikkje eta noko med blodet i. De skal ikkje fara med spådoms- eller trollkunster.
לֹא תַקִּפוּ פְּאַת רֹאשְׁכֶם וְלֹא תַשְׁחִית אֵת פְּאַת זְקָנֶֽךָ׃ | 27 |
De skal ikkje rundklyppa håret dykkar, og ikkje stytta skjegget.
וְשֶׂרֶט לָנֶפֶשׁ לֹא תִתְּנוּ בִּבְשַׂרְכֶם וּכְתֹבֶת קֽ͏ַעֲקַע לֹא תִתְּנוּ בָּכֶם אֲנִי יְהוָֽה׃ | 28 |
De skal ikkje skjera dykk i holdet av sorg yver ein som er avliden, og ikkje brenna inn bokstaver eller bilæte på likamen dykkar. Kom i hug: eg er Herren!
אַל־תְּחַלֵּל אֶֽת־בִּתְּךָ לְהַזְנוֹתָהּ וְלֹא־תִזְנֶה הָאָרֶץ וּמָלְאָה הָאָרֶץ זִמָּֽה׃ | 29 |
Du skal ikkje vanhelga dotter di, og lata henne verta skjøkja, so folket vert usedugt og landet fullt av ulivnad.
אֶת־שַׁבְּתֹתַי תִּשְׁמֹרוּ וּמִקְדָּשִׁי תִּירָאוּ אֲנִי יְהוָֽה׃ | 30 |
De skal halda helgarne mine, og hava age for heilagdomen min. Eg er Herren.
אַל־תִּפְנוּ אֶל־הָאֹבֹת וְאֶל־הַיִּדְּעֹנִים אַל־תְּבַקְשׁוּ לְטָמְאָה בָהֶם אֲנִי יְהוָה אֱלֹהֵיכֶֽם׃ | 31 |
Gakk ikkje til deim som manar fram draugar og spåvette! Lat deim ikkje spå dykk; for med de gjer de dykk ureine. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!
מִפְּנֵי שֵׂיבָה תָּקוּם וְהָדַרְתָּ פְּנֵי זָקֵן וְיָרֵאתָ מֵּאֱלֹהֶיךָ אֲנִי יְהוָֽה׃ | 32 |
For dei grå håri skal du reisa deg og æra den som gamall er; du skal hava age for din Gud. Kom i hug: eg er Herren.
וְכִֽי־יָגוּר אִתְּךָ גֵּר בְּאַרְצְכֶם לֹא תוֹנוּ אֹתֽוֹ׃ | 33 |
Når ein framand bur hjå deg og held til i landet dykkar, so skal de ikkje vera hard med honom;
כְּאֶזְרָח מִכֶּם יִהְיֶה לָכֶם הַגֵּר ׀ הַגָּר אִתְּכֶם וְאָהַבְתָּ לוֹ כָּמוֹךָ כִּֽי־גֵרִים הֱיִיתֶם בְּאֶרֶץ מִצְרָיִם אֲנִי יְהוָה אֱלֹהֵיכֶֽם׃ | 34 |
han skal vera for dykk som ein av landsmennerne dine, og du skal vilja honom likso vel som deg sjølv; for de var og framande i Egyptarlandet. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!
לֹא־תַעֲשׂוּ עָוֶל בַּמִּשְׁפָּט בַּמִּדָּה בַּמִּשְׁקָל וּבַמְּשׂוּרָֽה׃ | 35 |
De skal ingen urett gjera, korkje på ting eller torg; rett famn og rett aln,
מֹאזְנֵי צֶדֶק אַבְנֵי־צֶדֶק אֵיפַת צֶדֶק וְהִין צֶדֶק יִהְיֶה לָכֶם אֲנִי יְהוָה אֱלֹֽהֵיכֶם אֲשֶׁר־הוֹצֵאתִי אֶתְכֶם מֵאֶרֶץ מִצְרָֽיִם׃ | 36 |
rett vegt og rette lodd, rett skjeppa og rett kanna skal de bruka. Eg er Herren, dykkar Gud, som fylgde dykk ut or Egyptarlandet.
וּשְׁמַרְתֶּם אֶת־כָּל־חֻקֹּתַי וְאֶת־כָּל־מִשְׁפָּטַי וַעֲשִׂיתֶם אֹתָם אֲנִי יְהוָֽה׃ | 37 |
Agta vel på alle loverne og retterne mine, og liv etter deim! Kom i hug: eg er Herren!»»