< דברים 25 >

כִּֽי־יִהְיֶה רִיב בֵּין אֲנָשִׁים וְנִגְּשׁוּ אֶל־הַמִּשְׁפָּט וּשְׁפָטוּם וְהִצְדִּיקוּ אֶת־הַצַּדִּיק וְהִרְשִׁיעוּ אֶת־הָרָשָֽׁע׃ 1
Når folk som ligg i trætta med kvarandre, møter fram for retten, og fær dom i saki, og domen lyder so, at den eine hev rett og den andre hev urett,
וְהָיָה אִם־בִּן הַכּוֹת הָרָשָׁע וְהִפִּילוֹ הַשֹּׁפֵט וְהִכָּהוּ לְפָנָיו כְּדֵי רִשְׁעָתוֹ בְּמִסְפָּֽר׃ 2
og at den som hev urett, skal hava hogg, so skal dei leggja honom ned, og domaren skal sjå på at dei gjev honom so mange slag som svarar til brotet han hev gjort.
אַרְבָּעִים יַכֶּנּוּ לֹא יֹסִיף פֶּן־יֹסִיף לְהַכֹּתוֹ עַל־אֵלֶּה מַכָּה רַבָּה וְנִקְלָה אָחִיךָ לְעֵינֶֽיךָ׃ 3
Fyrti slag kann dei slå honom, ikkje fleire; for gjev dei honom mange fleire slag, vert han ærelaus for dykk.
לֹא־תַחְסֹם שׁוֹר בְּדִישֽׁוֹ׃ 4
Du skal ikkje setja muleband på ein ukse som du treskjer med.
כִּֽי־יֵשְׁבוּ אַחִים יַחְדָּו וּמֵת אַחַד מֵהֶם וּבֵן אֵֽין־לוֹ לֹֽא־תִהְיֶה אֵֽשֶׁת־הַמֵּת הַחוּצָה לְאִישׁ זָר יְבָמָהּ יָבֹא עָלֶיהָ וּלְקָחָהּ לוֹ לְאִשָּׁה וְיִבְּמָֽהּ׃ 5
Når brør bur i hop, og ein av deim døyr sonlaus, då må ikkje enkja etter den avlidne gifta seg ut or ætti og taka ein framand til mann; men verbror hennar skal festa henne, og taka henne til kona, og bu i hop med henne i staden for bror sin.
וְהָיָה הַבְּכוֹר אֲשֶׁר תֵּלֵד יָקוּם עַל־שֵׁם אָחִיו הַמֵּת וְלֹֽא־יִמָּחֶה שְׁמוֹ מִיִּשְׂרָאֵֽל׃ 6
Og den fyrste sonen ho fær, skal kallast for son åt den avlidne broren, so ikkje namnet hans skal døy ut i Israel.
וְאִם־לֹא יַחְפֹּץ הָאִישׁ לָקַחַת אֶת־יְבִמְתּוֹ וְעָלְתָה יְבִמְתּוֹ הַשַּׁעְרָה אֶל־הַזְּקֵנִים וְאָֽמְרָה מֵאֵין יְבָמִי לְהָקִים לְאָחִיו שֵׁם בְּיִשְׂרָאֵל לֹא אָבָה יַבְּמִֽי׃ 7
Men hev ikkje verbroren hug til å gifta seg med enkja, so skal ho ganga fram på tinget for styresmennerne og segja: «Verbror min neittar å reisa upp att namnet åt bror sin i Israel; han vil ikkje gifta seg med meg.»
וְקָֽרְאוּ־לוֹ זִקְנֵי־עִירוֹ וְדִבְּרוּ אֵלָיו וְעָמַד וְאָמַר לֹא חָפַצְתִּי לְקַחְתָּֽהּ׃ 8
Då skal styresmennerne i heimbygdi hans kalla honom fyre seg, og telja for honom; og stend han endå på det at han ikkje vil hava brorkona si,
וְנִגְּשָׁה יְבִמְתּוֹ אֵלָיו לְעֵינֵי הַזְּקֵנִים וְחָלְצָה נַעֲלוֹ מֵעַל רַגְלוֹ וְיָרְקָה בְּפָנָיו וְעָֽנְתָה וְאָמְרָה כָּכָה יֵעָשֶׂה לָאִישׁ אֲשֶׁר לֹא־יִבְנֶה אֶת־בֵּית אָחִֽיו 9
so skal ho ganga burt til honom so styresmennerne ser på det, og draga skoen av foten hans, og sputta honom i andlitet og segja desse ordi: «So skal ein fara åt med den som ikkje vil byggja upp att huset åt bror sin.»
וְנִקְרָא שְׁמוֹ בְּיִשְׂרָאֵל בֵּית חֲלוּץ הַנָּֽעַל׃ 10
Og sidan skal dei i Israel kalla ætti hans «Skolausarne».
כִּֽי־יִנָּצוּ אֲנָשִׁים יַחְדָּו אִישׁ וְאָחִיו וְקֽ͏ָרְבָה אֵשֶׁת הָֽאֶחָד לְהַצִּיל אֶת־אִישָׁהּ מִיַּד מַכֵּהוּ וְשָׁלְחָה יָדָהּ וְהֶחֱזִיקָה בִּמְבֻשָֽׁיו׃ 11
Når menner ryk i hop og slæst, og kona åt ein av dei spring burtåt og vil hjelpa mannen sin, og so grip den som slær honom, i blygsli,
וְקַצֹּתָה אֶת־כַּפָּהּ לֹא תָחוֹס עֵינֶֽךָ׃ 12
då skal du hogga av henne handi, og ikkje tykkja synd i henne.
לֹֽא־יִהְיֶה לְךָ בְּכִֽיסְךָ אֶבֶן וָאָבֶן גְּדוֹלָה וּקְטַנָּֽה׃ 13
Du skal ikkje hava tvo slag vegtlodd i taska di, sume større og sume mindre.
לֹא־יִהְיֶה לְךָ בְּבֵיתְךָ אֵיפָה וְאֵיפָה גְּדוֹלָה וּקְטַנָּֽה׃ 14
Du skal ikkje hava tvo slag skjeppemål i huset ditt, eit større og eit mindre.
אֶבֶן שְׁלֵמָה וָצֶדֶק יִֽהְיֶה־לָּךְ אֵיפָה שְׁלֵמָה וָצֶדֶק יִֽהְיֶה־לָּךְ לְמַעַן יַאֲרִיכוּ יָמֶיךָ עַל הֽ͏ָאֲדָמָה אֲשֶׁר־יְהוָה אֱלֹהֶיךָ נֹתֵן לָֽךְ׃ 15
Rett og gild vegt og rett og gildt mål skal du hava. Då skal du få liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg.
כִּי תוֹעֲבַת יְהוָה אֱלֹהֶיךָ כָּל־עֹשֵׂה אֵלֶּה כֹּל עֹשֵׂה עָֽוֶל׃ 16
For Herren, din Gud hev stygg til alle som gjer sovore, alle som gjer urett.
זָכוֹר אֵת אֲשֶׁר־עָשָׂה לְךָ עֲמָלֵק בַּדֶּרֶךְ בְּצֵאתְכֶם מִמִּצְרָֽיִם׃ 17
Kom i hug korleis amalekitarne for åt med dykk då de var på ferdi frå Egyptarland,
אֲשֶׁר קָֽרְךָ בַּדֶּרֶךְ וַיְזַנֵּב בְּךָ כָּל־הַנֶּחֱשָׁלִים אַֽחַרֶיךָ וְאַתָּה עָיֵף וְיָגֵעַ וְלֹא יָרֵא אֱלֹהִֽים׃ 18
korleis dei kom yver dykk på vegen, medan de var trøytte og mode, og hogg ned deim som for attarst i heren dykkar, alle deim som var veike og hadde gjeve seg etter; so lite ottast dei Gud!
וְהָיָה בְּהָנִיחַ יְהוָה אֱלֹהֶיךָ ׀ לְךָ מִכָּל־אֹיְבֶיךָ מִסָּבִיב בָּאָרֶץ אֲשֶׁר יְהוָֽה־אֱלֹהֶיךָ נֹתֵן לְךָ נַחֲלָה לְרִשְׁתָּהּ תִּמְחֶה אֶת־זֵכֶר עֲמָלֵק מִתַּחַת הַשָּׁמָיִם לֹא תִּשְׁכָּֽח׃ 19
Og når du er komen til det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, og han hev gjeve deg fred for alle fiendar dine rundt ikring, då skal du rydja ut or verdi alt som Amalek heitar; gløym ikkje det!

< דברים 25 >