< תְהִלִּים 81 >

לַמְנַצֵּ֬חַ ׀ עַֽל־הַגִּתִּ֬ית לְאָסָֽף׃ הַ֭רְנִינוּ לֵאלֹהִ֣ים עוּזֵּ֑נוּ הָ֝רִ֗יעוּ לֵאלֹהֵ֥י יַעֲקֹֽב׃ 1
Til songmeisteren, etter Gittit; av Asaf. Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
שְֽׂאוּ־זִ֭מְרָה וּתְנוּ־תֹ֑ף כִּנּ֖וֹר נָעִ֣ים עִם־נָֽבֶל׃ 2
Set i med song, og lat trumma høyrast, den væne cither med harpa!
תִּקְע֣וּ בַחֹ֣דֶשׁ שׁוֹפָ֑ר בַּ֝כֵּ֗סֶה לְי֣וֹם חַגֵּֽנוּ׃ 3
Blås i lur ved nymåne, ved fullmåne på vår høgtidsdag!
כִּ֤י חֹ֣ק לְיִשְׂרָאֵ֣ל ה֑וּא מִ֝שְׁפָּ֗ט לֵאלֹהֵ֥י יַעֲקֹֽב׃ 4
For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.
עֵ֤דוּת ׀ בִּֽיה֘וֹסֵ֤ף שָׂמ֗וֹ בְּ֭צֵאתוֹ עַל־אֶ֣רֶץ מִצְרָ֑יִם שְׂפַ֖ת לֹא־יָדַ֣עְתִּי אֶשְׁמָֽע׃ 5
Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptarland. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:
הֲסִיר֣וֹתִי מִסֵּ֣בֶל שִׁכְמ֑וֹ כַּ֝פָּ֗יו מִדּ֥וּד תַּעֲבֹֽרְנָה׃ 6
«Eg løyste hans oksl frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.
בַּצָּרָ֥ה קָרָ֗אתָ וָאֲחַ֫לְּצֶ֥ךָּ אֶ֭עֶנְךָ בְּסֵ֣תֶר רַ֑עַם אֶבְחָֽנְךָ֨ עַל־מֵ֖י מְרִיבָ֣ה סֶֽלָה׃ 7
I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. (Sela)
שְׁמַ֣ע עַ֭מִּי וְאָעִ֣ידָה בָּ֑ךְ יִ֝שְׂרָאֵ֗ל אִם־תִּֽשְׁמַֽע־לִֽי׃ 8
Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg!
לֹֽא־יִהְיֶ֣ה בְ֭ךָ אֵ֣ל זָ֑ר וְלֹ֥א תִ֝שְׁתַּחֲוֶ֗ה לְאֵ֣ל נֵכָֽר׃ 9
Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.
אָנֹכִ֨י ׀ יְה֘וָ֤ה אֱלֹהֶ֗יךָ הַֽ֭מַּעַלְךָ מֵאֶ֣רֶץ מִצְרָ֑יִם הַרְחֶב־פִּ֝֗יךָ וַאֲמַלְאֵֽהוּ׃ 10
Eg er Herren, din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, lat munnen vidt upp, at eg kann fylla honom!
וְלֹא־שָׁמַ֣ע עַמִּ֣י לְקוֹלִ֑י וְ֝יִשְׂרָאֵ֗ל לֹא־אָ֥בָה לִֽי׃ 11
Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.
וָֽ֭אֲשַׁלְּחֵהוּ בִּשְׁרִיר֣וּת לִבָּ֑ם יֵ֝לְכ֗וּ בְּֽמוֹעֲצוֹתֵיהֶֽם׃ 12
So let eg deim fara med sitt harde hjarta, at dei kunde ganga i sine eigne råder.
ל֗וּ עַ֭מִּי שֹׁמֵ֣עַֽ לִ֑י יִ֝שְׂרָאֵ֗ל בִּדְרָכַ֥י יְהַלֵּֽכוּ׃ 13
Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde vandra på mine vegar!
כִּ֭מְעַט אוֹיְבֵיהֶ֣ם אַכְנִ֑יעַ וְעַ֥ל צָ֝רֵיהֶ֗ם אָשִׁ֥יב יָדִֽי׃ 14
Snart skulde eg då bøygja deira fiendar, eg skulde venda mi hand imot deira motstandarar.
מְשַׂנְאֵ֣י יְ֭הוָה יְכַֽחֲשׁוּ־ל֑וֹ וִיהִ֖י עִתָּ֣ם לְעוֹלָֽם׃ 15
Dei som hatar Herren, skulde høla honom, og deira tid skulde vara æveleg.
וַֽ֭יַּאֲכִילֵהוּ מֵחֵ֣לֶב חִטָּ֑ה וּ֝מִצּ֗וּר דְּבַ֣שׁ אַשְׂבִּיעֶֽךָ׃ 16
Og eg skulde føda honom med den beste kveite, og frå berget skulde eg metta deg med honning.»

< תְהִלִּים 81 >