< תְהִלִּים 55 >

לַמְנַצֵּ֥חַ בִּנְגִינֹ֗ת מַשְׂכִּ֥יל לְדָוִֽד׃ הַאֲזִ֣ינָה אֱ֭לֹהִים תְּפִלָּתִ֑י וְאַל־תִּ֝תְעַלַּ֗ם מִתְּחִנָּתִֽי׃ 1
Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David. Gud, vend øyra til mi bøn, og løyn deg ikkje for mi naudbeding!
הַקְשִׁ֣יבָה לִּ֣י וַעֲנֵ֑נִי אָרִ֖יד בְּשִׂיחִ֣י וְאָהִֽימָה׃ 2
Gjev gaum etter meg og svara meg! Eg er uroleg med mine sorgfyllte tankar, og eg må stynja
מִקּ֤וֹל אוֹיֵ֗ב מִפְּנֵ֣י עָקַ֣ת רָשָׁ֑ע כִּי־יָמִ֥יטוּ עָלַ֥י אָ֝֗וֶן וּבְאַ֥ף יִשְׂטְמֽוּנִי׃ 3
for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege. For dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg.
לִ֭בִּי יָחִ֣יל בְּקִרְבִּ֑י וְאֵימ֥וֹת מָ֝֗וֶת נָפְל֥וּ עָלָֽי׃ 4
Mitt hjarta skjelv i meg, og daudens fæle hev falle på meg.
יִרְאָ֣ה וָ֭רַעַד יָ֣בֹא בִ֑י וַ֝תְּכַסֵּ֗נִי פַּלָּצֽוּת׃ 5
Otte og skjelving kjem yver meg og rædsla legg seg på meg.
וָאֹמַ֗ר מִֽי־יִתֶּן־לִּ֣י אֵ֭בֶר כַּיּוֹנָ֗ה אָע֥וּפָה וְאֶשְׁכֹּֽנָה׃ 6
Og eg segjer: «Å, hadde eg vengjer som duva, då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad.
הִ֭נֵּה אַרְחִ֣יק נְדֹ֑ד אָלִ֖ין בַּמִּדְבָּ֣ר סֶֽלָה׃ 7
Sjå, eg vilde fly langt burt, eg vilde finna herbyrge i øydemarki. (Sela)
אָחִ֣ישָׁה מִפְלָ֣ט לִ֑י מֵר֖וּחַ סֹעָ֣ה מִסָּֽעַר׃ 8
Eg vilde skunda meg i livd for den føykjande vinden, for stormen.»
בַּלַּ֣ע אֲ֭דֹנָי פַּלַּ֣ג לְשׁוֹנָ֑ם כִּֽי־רָאִ֨יתִי חָמָ֖ס וְרִ֣יב בָּעִֽיר׃ 9
Sluk deim, Herre, kløyv deira tungemål! For eg ser vald og kiv i byen.
יוֹמָ֤ם וָלַ֗יְלָה יְסוֹבְבֻ֥הָ עַל־חוֹמֹתֶ֑יהָ וְאָ֖וֶן וְעָמָ֣ל בְּקִרְבָּֽהּ׃ 10
Dag og natt renner dei kringum honom på murarne, ugjerd og møda er midt i honom.
הַוּ֥וֹת בְּקִרְבָּ֑הּ וְֽלֹא־יָמִ֥ישׁ מֵ֝רְחֹבָ֗הּ תֹּ֣ךְ וּמִרְמָֽה׃ 11
Tjon er midt i honom, og ikkje vik frå gatorne vald og svik.
כִּ֤י לֹֽא־אוֹיֵ֥ב יְחָֽרְפֵ֗נִי וְאֶ֫שָּׂ֥א לֹֽא־מְ֭שַׂנְאִי עָלַ֣י הִגְדִּ֑יל וְאֶסָּתֵ֥ר מִמֶּֽנּוּ׃ 12
For ikkje min fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for honom.
וְאַתָּ֣ה אֱנ֣וֹשׁ כְּעֶרְכִּ֑י אַ֝לּוּפִ֗י וּמְיֻדָּֽעִי׃ 13
Men du er det, du som var min likemann, min ven, min kjenning, -
אֲשֶׁ֣ר יַ֭חְדָּו נַמְתִּ֣יק ס֑וֹד בְּבֵ֥ית אֱ֝לֹהִ֗ים נְהַלֵּ֥ךְ בְּרָֽגֶשׁ׃ 14
me som hadde huglegt samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus med den glade hop.
יַשִּׁ֤י מָ֨וֶת ׀ עָלֵ֗ימוֹ יֵרְד֣וּ שְׁא֣וֹל חַיִּ֑ים כִּֽי־רָע֖וֹת בִּמְגוּרָ֣ם בְּקִרְבָּֽם׃ (Sheol h7585) 15
Lat dauden koma brått på deim! Lat deim fara ned til helheimen livande! For vondskap råder i deira bustad og i deira hjarta. (Sheol h7585)
אֲ֭נִי אֶל־אֱלֹהִ֣ים אֶקְרָ֑א וַ֝יהוָ֗ה יוֹשִׁיעֵֽנִי׃ 16
Eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg.
עֶ֤רֶב וָבֹ֣קֶר וְ֭צָהֳרַיִם אָשִׂ֣יחָה וְאֶהֱמֶ֑ה וַיִּשְׁמַ֥ע קוֹלִֽי׃ 17
Kveld og morgon og middag vil eg klaga og sukka, so vil han høyra mi røyst.
פָּ֘דָ֤ה בְשָׁל֣וֹם נַ֭פְשִׁי מִקֲּרָב־לִ֑י כִּֽי־בְ֝רַבִּ֗ים הָי֥וּ עִמָּדִֽי׃ 18
Han løyser ut mi sjæl frå strid mot meg og gjev meg fred, for mange er dei mot meg.
יִשְׁמַ֤ע ׀ אֵ֨ל ׀ וְֽיַעֲנֵם֮ וְיֹ֤שֵׁ֥ב קֶ֗דֶם סֶ֥לָה אֲשֶׁ֤ר אֵ֣ין חֲלִיפ֣וֹת לָ֑מוֹ וְלֹ֖א יָרְא֣וּ אֱלֹהִֽים׃ 19
Gud skal høyra og svara deim - han sit frå fordoms tid, (sela) deim som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud.
שָׁלַ֣ח יָ֭דָיו בִּשְׁלֹמָ֗יו חִלֵּ֥ל בְּרִיתֽוֹ׃ 20
Han legg hand på folk som held fred med honom, han bryt si pakt.
חָלְק֤וּ ׀ מַחְמָאֹ֣ת פִּיו֮ וּֽקֲרָב־לִ֫בּ֥וֹ רַכּ֖וּ דְבָרָ֥יו מִשֶּׁ֗מֶן וְהֵ֣מָּה פְתִחֽוֹת׃ 21
Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd.
הַשְׁלֵ֤ךְ עַל־יְהוָ֨ה ׀ יְהָבְךָ֮ וְה֪וּא יְכַ֫לְכְּלֶ֥ךָ לֹא־יִתֵּ֖ן לְעוֹלָ֥ם מ֗וֹט לַצַּדִּֽיק׃ 22
Kasta byrdi di på Herren, og han skal halda deg uppe! han skal ikkje i all æva lata den rettferdige verta rikka.
וְאַתָּ֤ה אֱלֹהִ֨ים ׀ תּוֹרִדֵ֬ם ׀ לִבְאֵ֬ר שַׁ֗חַת אַנְשֵׁ֤י דָמִ֣ים וּ֭מִרְמָה לֹא־יֶחֱצ֣וּ יְמֵיהֶ֑ם וַ֝אֲנִ֗י אֶבְטַח־בָּֽךְ׃ 23
Men du, Gud, skal støyta deim ned i den djupe grav; blodgiruge og falske menner skal ikkje nå til helvti av si livetid; men eg set mi lit til deg.

< תְהִלִּים 55 >