< תְהִלִּים 119 >
אַשְׁרֵ֥י תְמִֽימֵי־דָ֑רֶךְ הַֽ֝הֹלְכִ֗ים בְּתוֹרַ֥ת יְהוָֽה׃ | 1 |
Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov!
אַ֭שְׁרֵי נֹצְרֵ֥י עֵדֹתָ֗יו בְּכָל־לֵ֥ב יִדְרְשֽׁוּהוּ׃ | 2 |
Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer honom av alt sitt hjarta,
אַ֭ף לֹֽא־פָעֲל֣וּ עַוְלָ֑ה בִּדְרָכָ֥יו הָלָֽכוּ׃ | 3 |
dei som ikkje gjer urett, men vandrar på hans vegar.
אַ֭תָּה צִוִּ֥יתָה פִקֻּדֶ֗יךָ לִשְׁמֹ֥ר מְאֹֽד׃ | 4 |
Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel.
אַ֭חֲלַי יִכֹּ֥נוּ דְרָכָ֗י לִשְׁמֹ֥ר חֻקֶּֽיךָ׃ | 5 |
Å, kunde vegarne mine verta faste, so eg heldt dine fyreskrifter!
אָ֥ז לֹא־אֵב֑וֹשׁ בְּ֝הַבִּיטִ֗י אֶל־כָּל־מִצְוֹתֶֽיךָ׃ | 6 |
Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bodord.
א֭וֹדְךָ בְּיֹ֣שֶׁר לֵבָ֑ב בְּ֝לָמְדִ֗י מִשְׁפְּטֵ֥י צִדְקֶֽךָ׃ | 7 |
Eg vil takka deg av eit ærlegt hjarta når eg lærer dine rettferdsdomar.
אֶת־חֻקֶּ֥יךָ אֶשְׁמֹ֑ר אַֽל־תַּעַזְבֵ֥נִי עַד־מְאֹֽד׃ | 8 |
Dine fyreskrifter vil eg halda, du må ikkje reint forlata meg.
בַּמֶּ֣ה יְזַכֶּה־נַּ֭עַר אֶת־אָרְח֑וֹ לִ֝שְׁמֹ֗ר כִּדְבָרֶֽךָ׃ | 9 |
Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord.
בְּכָל־לִבִּ֥י דְרַשְׁתִּ֑יךָ אַל־תַּ֝שְׁגֵּ֗נִי מִמִּצְוֹתֶֽיךָ׃ | 10 |
Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg, lat meg ikkje villast burt frå dine bodord!
בְּ֭לִבִּי צָפַ֣נְתִּי אִמְרָתֶ֑ךָ לְ֝מַ֗עַן לֹ֣א אֶֽחֱטָא־לָֽךְ׃ | 11 |
I hjarta mitt hev eg gøymt ditt ord, so eg ikkje skal synda imot deg.
בָּר֖וּךְ אַתָּ֥ה יְהוָ֗ה לַמְּדֵ֥נִי חֻקֶּֽיךָ׃ | 12 |
Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter!
בִּשְׂפָתַ֥י סִפַּ֑רְתִּי כֹּ֝֗ל מִשְׁפְּטֵי־פִֽיךָ׃ | 13 |
Med lipporne mine hev eg forkynt alle rettar frå din munn.
בְּדֶ֖רֶךְ עֵדְוֹתֶ֥יךָ שַׂ֗שְׂתִּי כְּעַ֣ל כָּל־הֽוֹן׃ | 14 |
Eg er glad i vegen etter dine vitnemål som i all rikdom.
בְּפִקֻּדֶ֥יךָ אָשִׂ֑יחָה וְ֝אַבִּ֗יטָה אֹרְחֹתֶֽיךָ׃ | 15 |
På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar.
בְּחֻקֹּתֶ֥יךָ אֶֽשְׁתַּעֲשָׁ֑ע לֹ֭א אֶשְׁכַּ֣ח דְּבָרֶֽךָ׃ | 16 |
I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord.
גְּמֹ֖ל עַֽל־עַבְדְּךָ֥ אֶֽחְיֶ֗ה וְאֶשְׁמְרָ֥ה דְבָרֶֽךָ׃ | 17 |
Gjer vel imot din tenar, at eg må liva! so vil eg halda ditt ord.
גַּל־עֵינַ֥י וְאַבִּ֑יטָה נִ֝פְלָא֗וֹת מִתּוֹרָתֶֽךָ׃ | 18 |
Lat upp augo mine, at eg kann skoda underlege ting i di lov!
גֵּ֣ר אָנֹכִ֣י בָאָ֑רֶץ אַל־תַּסְתֵּ֥ר מִ֝מֶּ֗נִּי מִצְוֹתֶֽיךָ׃ | 19 |
Ein gjest er eg på jordi, løyn ikkje dine bodord for meg!
גָּרְסָ֣ה נַפְשִׁ֣י לְתַאֲבָ֑ה אֶֽל־מִשְׁפָּטֶ֥יךָ בְכָל־עֵֽת׃ | 20 |
Mi sjæl er sunderknasa av lengting etter dine rettar all tid.
גָּ֭עַרְתָּ זֵדִ֣ים אֲרוּרִ֑ים הַ֝שֹּׁגִים מִמִּצְוֹתֶֽיךָ׃ | 21 |
Du hev truga dei stormodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bodord.
גַּ֣ל מֵֽ֭עָלַי חֶרְפָּ֣ה וָב֑וּז כִּ֖י עֵדֹתֶ֣יךָ נָצָֽרְתִּי׃ | 22 |
Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! for dine vitnemål hev eg teke vare på.
גַּ֤ם יָֽשְׁב֣וּ שָׂ֭רִים בִּ֣י נִדְבָּ֑רוּ עַ֝בְדְּךָ֗ יָשִׂ֥יחַ בְּחֻקֶּֽיךָ׃ | 23 |
Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter.
גַּֽם־עֵ֭דֹתֶיךָ שַׁעֲשֻׁעָ֗י אַנְשֵׁ֥י עֲצָתִֽי׃ | 24 |
Dine vitnemål er og min hugnad, dei er mine rådgjevarar.
דָּֽבְקָ֣ה לֶעָפָ֣ר נַפְשִׁ֑י חַ֝יֵּ֗נִי כִּדְבָרֶֽךָ׃ | 25 |
Mi sjæl ligg nedi dusti, haldt meg i live etter ditt ord!
דְּרָכַ֣י סִ֭פַּרְתִּי וַֽתַּעֲנֵ֗נִי לַמְּדֵ֥נִי חֻקֶּֽיךָ׃ | 26 |
Eg fortalde um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter!
דֶּֽרֶךְ־פִּקּוּדֶ֥יךָ הֲבִינֵ֑נִי וְ֝אָשִׂ֗יחָה בְּנִפְלְאוֹתֶֽיךָ׃ | 27 |
Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under.
דָּלְפָ֣ה נַ֭פְשִׁי מִתּוּגָ֑ה קַ֝יְּמֵ֗נִי כִּדְבָרֶֽךָ׃ | 28 |
Mi sjæl græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord!
דֶּֽרֶךְ־שֶׁ֭קֶר הָסֵ֣ר מִמֶּ֑נִּי וְֽתוֹרָתְךָ֥ חָנֵּֽנִי׃ | 29 |
Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov!
דֶּֽרֶךְ־אֱמוּנָ֥ה בָחָ֑רְתִּי מִשְׁפָּטֶ֥יךָ שִׁוִּֽיתִי׃ | 30 |
Truskaps veg hev eg valt, dine rettar hev eg sett framfyre meg.
דָּבַ֥קְתִּי בְעֵֽדְוֹתֶ֑יךָ יְ֝הוָ֗ה אַל־תְּבִישֵֽׁנִי׃ | 31 |
Eg heng fast ved dine vitnemål, Herre, lat meg ikkje verta til skammar!
דֶּֽרֶךְ־מִצְוֹתֶ֥יךָ אָר֑וּץ כִּ֖י תַרְחִ֣יב לִבִּֽי׃ | 32 |
Vegen etter dine bodord vil eg springa, for du trøystar mitt hjarta.
הוֹרֵ֣נִי יְ֭הוָה דֶּ֥רֶךְ חֻקֶּ֗יךָ וְאֶצְּרֶ֥נָּה עֵֽקֶב׃ | 33 |
Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes.
הֲ֭בִינֵנִי וְאֶצְּרָ֥ה תֽוֹרָתֶ֗ךָ וְאֶשְׁמְרֶ֥נָּה בְכָל־לֵֽב׃ | 34 |
Gjev meg skyn, so vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta.
הַ֭דְרִיכֵנִי בִּנְתִ֣יב מִצְוֹתֶ֑יךָ כִּי־ב֥וֹ חָפָֽצְתִּי׃ | 35 |
Leid meg på dine bodords stig, for han er til hugnad for meg.
הַט־לִ֭בִּי אֶל־עֵדְוֹתֶ֗יךָ וְאַ֣ל אֶל־בָּֽצַע׃ | 36 |
Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!
הַעֲבֵ֣ר עֵ֭ינַי מֵרְא֣וֹת שָׁ֑וְא בִּדְרָכֶ֥ךָ חַיֵּֽנִי׃ | 37 |
Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg!
הָקֵ֣ם לְ֭עַבְדְּךָ אִמְרָתֶ֑ךָ אֲ֝שֶׁ֗ר לְיִרְאָתֶֽךָ׃ | 38 |
Uppfyll for din tenar ordet ditt, som gjer at ein ottast deg!
הַעֲבֵ֣ר חֶ֭רְפָּתִי אֲשֶׁ֣ר יָגֹ֑רְתִּי כִּ֖י מִשְׁפָּטֶ֣יךָ טוֹבִֽים׃ | 39 |
Tak burt ifrå meg mi skjemsla som eg er rædd, for dine rettar er gode.
הִ֭נֵּה תָּאַ֣בְתִּי לְפִקֻּדֶ֑יךָ בְּצִדְקָתְךָ֥ חַיֵּֽנִי׃ | 40 |
Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner, haldt meg i live ved di rettferd.
וִֽיבֹאֻ֣נִי חֲסָדֶ֣ךָ יְהוָ֑ה תְּ֝שֽׁוּעָתְךָ֗ כְּאִמְרָתֶֽךָ׃ | 41 |
Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord!
וְאֶֽעֱנֶ֣ה חֹרְפִ֣י דָבָ֑ר כִּֽי־בָ֝טַחְתִּי בִּדְבָרֶֽךָ׃ | 42 |
Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord.
וְֽאַל־תַּצֵּ֬ל מִפִּ֣י דְבַר־אֱמֶ֣ת עַד־מְאֹ֑ד כִּ֖י לְמִשְׁפָּטֶ֣ךָ יִחָֽלְתִּי׃ | 43 |
Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg.
וְאֶשְׁמְרָ֖ה תוֹרָתְךָ֥ תָמִ֗יד לְעוֹלָ֥ם וָעֶֽד׃ | 44 |
Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid.
וְאֶתְהַלְּכָ֥ה בָרְחָבָ֑ה כִּ֖י פִקֻּדֶ֣יךָ דָרָֽשְׁתִּי׃ | 45 |
Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner!
וַאֲדַבְּרָ֣ה בְ֭עֵדֹתֶיךָ נֶ֥גֶד מְלָכִ֗ים וְלֹ֣א אֵבֽוֹשׁ׃ | 46 |
Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar.
וְאֶשְׁתַּֽעֲשַׁ֥ע בְּמִצְוֹתֶ֗יךָ אֲשֶׁ֣ר אָהָֽבְתִּי׃ | 47 |
Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar.
וְאֶשָּֽׂא־כַפַּ֗י אֶֽל־מִ֭צְוֹתֶיךָ אֲשֶׁ֥ר אָהָ֗בְתִּי וְאָשִׂ֥יחָה בְחֻקֶּֽיךָ׃ | 48 |
Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.
זְכֹר־דָּבָ֥ר לְעַבְדֶּ֑ךָ עַ֝֗ל אֲשֶׁ֣ר יִֽחַלְתָּֽנִי׃ | 49 |
Kom i hug ditt ord til din tenar, med di du hev gjeve meg von!
זֹ֣את נֶחָמָתִ֣י בְעָנְיִ֑י כִּ֖י אִמְרָתְךָ֣ חִיָּֽתְנִי׃ | 50 |
Det er mi trøyst i min vesaldom, at ditt ord hev halde meg i live.
זֵ֭דִים הֱלִיצֻ֣נִי עַד־מְאֹ֑ד מִ֝תּֽוֹרָתְךָ֗ לֹ֣א נָטִֽיתִי׃ | 51 |
Ovmodige hev spotta meg mykje, frå di lov hev eg ikkje vike.
זָ֘כַ֤רְתִּי מִשְׁפָּטֶ֖יךָ מֵעוֹלָ֥ם ׀ יְהוָ֗ה וָֽאֶתְנֶחָֽם׃ | 52 |
Eg kom i hug, Herre, dine domar frå gamle dagar, og eg vart trøysta.
זַלְעָפָ֣ה אֲ֭חָזַתְנִי מֵרְשָׁעִ֑ים עֹ֝זְבֵ֗י תּוֹרָתֶֽךָ׃ | 53 |
Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege som forlet di lov.
זְ֭מִרוֹת הָֽיוּ־לִ֥י חֻקֶּ֗יךָ בְּבֵ֣ית מְגוּרָֽי׃ | 54 |
Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand.
זָ֘כַ֤רְתִּי בַלַּ֣יְלָה שִׁמְךָ֣ יְהוָ֑ה וָֽ֝אֶשְׁמְרָ֗ה תּוֹרָתֶֽךָ׃ | 55 |
Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov.
זֹ֥את הָֽיְתָה־לִּ֑י כִּ֖י פִקֻּדֶ֣יךָ נָצָֽרְתִּי׃ | 56 |
Dette timdest meg, at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter.
חֶלְקִ֖י יְהוָ֥ה אָמַ֗רְתִּי לִשְׁמֹ֥ר דְּבָרֶֽיךָ׃ | 57 |
Herren er min lut, sagde eg, med di eg heldt dine ord.
חִלִּ֣יתִי פָנֶ֣יךָ בְכָל־לֵ֑ב חָ֝נֵּ֗נִי כְּאִמְרָתֶֽךָ׃ | 58 |
Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: «Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!»
חִשַּׁ֥בְתִּי דְרָכָ֑י וָאָשִׁ֥יבָה רַ֝גְלַ֗י אֶל־עֵדֹתֶֽיךָ׃ | 59 |
Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål.
חַ֭שְׁתִּי וְלֹ֣א הִתְמַהְמָ֑הְתִּי לִ֝שְׁמֹ֗ר מִצְוֹתֶֽיךָ׃ | 60 |
Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bodord.
חֶבְלֵ֣י רְשָׁעִ֣ים עִוְּדֻ֑נִי תּֽ֝וֹרָתְךָ֗ לֹ֣א שָׁכָֽחְתִּי׃ | 61 |
Bandi til dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt.
חֲצֽוֹת־לַ֗יְלָה אָ֭קוּם לְהוֹד֣וֹת לָ֑ךְ עַ֝֗ל מִשְׁפְּטֵ֥י צִדְקֶֽךָ׃ | 62 |
Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferdslover.
חָבֵ֣ר אָ֭נִי לְכָל־אֲשֶׁ֣ר יְרֵא֑וּךָ וּ֝לְשֹׁמְרֵ֗י פִּקּוּדֶֽיךָ׃ | 63 |
Eg held meg til alle deim som ottast deg, og som held dine fyresegner.
חַסְדְּךָ֣ יְ֭הוָה מָלְאָ֥ה הָאָ֗רֶץ חֻקֶּ֥יךָ לַמְּדֵֽנִי׃ | 64 |
Av di miskunn, Herre, er jordi full; lær meg dine fyreskrifter!
ט֭וֹב עָשִׂ֣יתָ עִֽם־עַבְדְּךָ֑ יְ֝הוָ֗ה כִּדְבָרֶֽךָ׃ | 65 |
Tenaren din hev du gjort vel imot, Herre, etter ditt ord.
ט֤וּב טַ֣עַם וָדַ֣עַת לַמְּדֵ֑נִי כִּ֖י בְמִצְוֹתֶ֣יךָ הֶאֱמָֽנְתִּי׃ | 66 |
Lær meg god skynsemd og kunnskap! for eg trur på dine bodord.
טֶ֣רֶם אֶ֭עֱנֶה אֲנִ֣י שֹׁגֵ֑ג וְ֝עַתָּ֗ה אִמְרָתְךָ֥ שָׁמָֽרְתִּי׃ | 67 |
Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt, men no held eg ditt ord.
טוֹב־אַתָּ֥ה וּמֵטִ֗יב לַמְּדֵ֥נִי חֻקֶּֽיךָ׃ | 68 |
Du er god og gjer godt, lær meg dine fyreskrifter!
טָפְל֬וּ עָלַ֣י שֶׁ֣קֶר זֵדִ֑ים אֲ֝נִ֗י בְּכָל־לֵ֤ב ׀ אֱצֹּ֬ר פִּקּוּדֶֽיךָ׃ | 69 |
Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner.
טָפַ֣שׁ כַּחֵ֣לֶב לִבָּ֑ם אֲ֝נִ֗י תּוֹרָתְךָ֥ שִֽׁעֲשָֽׁעְתִּי׃ | 70 |
Deira hjarta er feitt som talg; eg fegnast ved di lov.
טֽוֹב־לִ֥י כִֽי־עֻנֵּ֑יתִי לְ֝מַ֗עַן אֶלְמַ֥ד חֻקֶּֽיךָ׃ | 71 |
Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter.
טֽוֹב־לִ֥י תֽוֹרַת־פִּ֑יךָ מֵ֝אַלְפֵ֗י זָהָ֥ב וָכָֽסֶף׃ | 72 |
Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund stykke gull og sylv.
יָדֶ֣יךָ עָ֭שׂוּנִי וַֽיְכוֹנְנ֑וּנִי הֲ֝בִינֵ֗נִי וְאֶלְמְדָ֥ה מִצְוֹתֶֽיךָ׃ | 73 |
Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord!
יְ֭רֵאֶיךָ יִרְא֣וּנִי וְיִשְׂמָ֑חוּ כִּ֖י לִדְבָרְךָ֣ יִחָֽלְתִּי׃ | 74 |
Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg, for på ditt ord ventar eg.
יָדַ֣עְתִּי יְ֭הוָה כִּי־צֶ֣דֶק מִשְׁפָּטֶ֑יךָ וֶ֝אֱמוּנָ֗ה עִנִּיתָֽנִי׃ | 75 |
Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og at du i truskap hev bøygt meg ned.
יְהִי־נָ֣א חַסְדְּךָ֣ לְנַחֲמֵ֑נִי כְּאִמְרָתְךָ֥ לְעַבְדֶּֽךָ׃ | 76 |
Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar!
יְבֹא֣וּנִי רַחֲמֶ֣יךָ וְאֶֽחְיֶ֑ה כִּי־תֽ֝וֹרָתְךָ֗ שַֽׁעֲשֻׁעָֽי׃ | 77 |
Lat di miskunn koma yver meg so eg kann liva! for di lov er mi lyst.
יֵבֹ֣שׁוּ זֵ֭דִים כִּי־שֶׁ֣קֶר עִוְּת֑וּנִי אֲ֝נִ֗י אָשִׂ֥יחַ בְּפִקּוּדֶֽיךָ׃ | 78 |
Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner.
יָשׁ֣וּבוּ לִ֣י יְרֵאֶ֑יךָ וְ֝יֹדְעֵ֗י עֵדֹתֶֽיךָ׃ | 79 |
Lat deim snu seg til meg, dei som ottast deg, og kjenner dine vitnemål!
יְהִֽי־לִבִּ֣י תָמִ֣ים בְּחֻקֶּ֑יךָ לְ֝מַ֗עַן לֹ֣א אֵבֽוֹשׁ׃ | 80 |
Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar!
כָּלְתָ֣ה לִתְשׁוּעָתְךָ֣ נַפְשִׁ֑י לִדְבָרְךָ֥ יִחָֽלְתִּי׃ | 81 |
Mi sjæl naudstundar etter di frelsa, eg ventar på ditt ord.
כָּל֣וּ עֵ֭ינַי לְאִמְרָתֶ֑ךָ לֵ֝אמֹ֗ר מָתַ֥י תְּֽנַחֲמֵֽנִי׃ | 82 |
Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: «Når vil du trøysta meg?»
כִּֽי־הָ֭יִיתִי כְּנֹ֣אד בְּקִיט֑וֹר חֻ֝קֶּ֗יךָ לֹ֣א שָׁכָֽחְתִּי׃ | 83 |
For eg er som ei lerflaska i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje.
כַּמָּ֥ה יְמֵֽי־עַבְדֶּ֑ךָ מָתַ֬י תַּעֲשֶׂ֖ה בְרֹדְפַ֣י מִשְׁפָּֽט׃ | 84 |
Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg?
כָּֽרוּ־לִ֣י זֵדִ֣ים שִׁיח֑וֹת אֲ֝שֶׁ֗ר לֹ֣א כְתוֹרָתֶֽךָ׃ | 85 |
Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje liver etter di lov.
כָּל־מִצְוֹתֶ֥יךָ אֱמוּנָ֑ה שֶׁ֖קֶר רְדָפ֣וּנִי עָזְרֵֽנִי׃ | 86 |
Alle dine bodord er trufaste; med lygn forfylgjer dei meg; hjelp meg!
כִּ֭מְעַט כִּלּ֣וּנִי בָאָ֑רֶץ וַ֝אֲנִ֗י לֹא־עָזַ֥בְתִּי פִקֻּודֶֽיךָ׃ | 87 |
Dei hadde so nær tynt meg i landet, men eg hev ikkje forlate dine fyresegner.
כְּחַסְדְּךָ֥ חַיֵּ֑נִי וְ֝אֶשְׁמְרָ֗ה עֵד֥וּת פִּֽיךָ׃ | 88 |
Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn.
לְעוֹלָ֥ם יְהוָ֑ה דְּ֝בָרְךָ֗ נִצָּ֥ב בַּשָּׁמָֽיִם׃ | 89 |
Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen.
לְדֹ֣ר וָ֭דֹר אֱמֽוּנָתֶ֑ךָ כּוֹנַ֥נְתָּ אֶ֝֗רֶץ וַֽתַּעֲמֹֽד׃ | 90 |
Frå ætt til ætt varer din truskap, du hev grunnfest jordi, og ho stend.
לְֽ֭מִשְׁפָּטֶיךָ עָמְד֣וּ הַיּ֑וֹם כִּ֖י הַכֹּ֣ל עֲבָדֶֽיךָ׃ | 91 |
Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar.
לוּלֵ֣י ת֭וֹרָתְךָ שַׁעֲשֻׁעָ֑י אָ֝֗ז אָבַ֥דְתִּי בְעָנְיִֽי׃ | 92 |
Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud.
לְ֭עוֹלָם לֹא־אֶשְׁכַּ֣ח פִּקּוּדֶ֑יךָ כִּ֥י בָ֝֗ם חִיִּיתָֽנִי׃ | 93 |
I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live.
לְֽךָ־אֲ֭נִי הוֹשִׁיעֵ֑נִי כִּ֖י פִקּוּדֶ֣יךָ דָרָֽשְׁתִּי׃ | 94 |
Din er eg, frels meg! for dine fyresegner hev eg spurt etter.
לִ֤י קִוּ֣וּ רְשָׁעִ֣ים לְאַבְּדֵ֑נִי עֵ֝דֹתֶ֗יךָ אֶתְבּוֹנָֽן׃ | 95 |
På meg hev dei ugudlege venta og vil tyna meg; på dine vitnemål agtar eg.
לְֽכָל תִּ֭כְלָה רָאִ֣יתִי קֵ֑ץ רְחָבָ֖ה מִצְוָתְךָ֣ מְאֹֽד׃ | 96 |
På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men dine bodord rekk ovleg vidt.
מָֽה־אָהַ֥בְתִּי תוֹרָתֶ֑ךָ כָּל־הַ֝יּ֗וֹם הִ֣יא שִׂיחָתִֽי׃ | 97 |
Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke.
מֵ֭אֹ֣יְבַי תְּחַכְּמֵ֣נִי מִצְוֹתֶ֑ךָ כִּ֖י לְעוֹלָ֣ם הִיא־לִֽי׃ | 98 |
Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim.
מִכָּל־מְלַמְּדַ֥י הִשְׂכַּ֑לְתִּי כִּ֥י עֵ֝דְוֹתֶ֗יךָ שִׂ֣יחָה לִֽֿי׃ | 99 |
Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål.
מִזְּקֵנִ֥ים אֶתְבּוֹנָ֑ן כִּ֖י פִקּוּדֶ֣יךָ נָצָֽרְתִּי׃ | 100 |
Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på.
מִכָּל־אֹ֣רַח רָ֭ע כָּלִ֣אתִי רַגְלָ֑י לְ֝מַ֗עַן אֶשְׁמֹ֥ר דְּבָרֶֽךָ׃ | 101 |
Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord.
מִמִּשְׁפָּטֶ֥יךָ לֹא־סָ֑רְתִּי כִּֽי־אַ֝תָּ֗ה הוֹרֵתָֽנִי׃ | 102 |
Frå dine lover hev eg ikkje vike, for du hev lært meg upp.
מַה־נִּמְלְצ֣וּ לְ֭חִכִּי אִמְרָתֶ֗ךָ מִדְּבַ֥שׁ לְפִֽי׃ | 103 |
Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min.
מִפִּקּוּדֶ֥יךָ אֶתְבּוֹנָ֑ן עַל־כֵּ֝֗ן שָׂנֵ֤אתִי ׀ כָּל־אֹ֬רַח שָֽׁקֶר׃ | 104 |
Av dine fyresegner fær eg vit, difor hatar eg kvar lygnestig.
נֵר־לְרַגְלִ֥י דְבָרֶ֑ךָ וְ֝א֗וֹר לִנְתִיבָתִֽי׃ | 105 |
Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.
נִשְׁבַּ֥עְתִּי וָאֲקַיֵּ֑מָה לִ֝שְׁמֹ֗ר מִשְׁפְּטֵ֥י צִדְקֶֽךָ׃ | 106 |
Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover.
נַעֲנֵ֥יתִי עַד־מְאֹ֑ד יְ֝הוָ֗ה חַיֵּ֥נִי כִדְבָרֶֽךָ׃ | 107 |
Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord!
נִדְב֣וֹת פִּ֭י רְצֵה־נָ֣א יְהוָ֑ה וּֽמִשְׁפָּטֶ֥יךָ לַמְּדֵֽנִי׃ | 108 |
Lat min munns offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine rettar!
נַפְשִׁ֣י בְכַפִּ֣י תָמִ֑יד וְ֝תֽוֹרָתְךָ֗ לֹ֣א שָׁכָֽחְתִּי׃ | 109 |
Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt.
נָתְנ֬וּ רְשָׁעִ֣ים פַּ֣ח לִ֑י וּ֝מִפִּקּוּדֶ֗יךָ לֹ֣א תָעִֽיתִי׃ | 110 |
Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt.
נָחַ֣לְתִּי עֵדְוֹתֶ֣יךָ לְעוֹלָ֑ם כִּֽי־שְׂשׂ֖וֹן לִבִּ֣י הֵֽמָּה׃ | 111 |
Til æveleg eiga hev eg fenge dine vitnemål, for dei er mi hjartans gleda.
נָטִ֣יתִי לִ֭בִּי לַעֲשׂ֥וֹת חֻקֶּ֗יךָ לְעוֹלָ֥ם עֵֽקֶב׃ | 112 |
Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes.
סֵעֲפִ֥ים שָׂנֵ֑אתִי וְֽתוֹרָתְךָ֥ אָהָֽבְתִּי׃ | 113 |
Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg.
סִתְרִ֣י וּמָגִנִּ֣י אָ֑תָּה לִדְבָרְךָ֥ יִחָֽלְתִּי׃ | 114 |
Du er mi livd og min skjold, og på ditt ord ventar eg.
סֽוּרוּ־מִמֶּ֥נִּי מְרֵעִ֑ים וְ֝אֶצְּרָ֗ה מִצְוֹ֥ת אֱלֹהָֽי׃ | 115 |
Vik frå meg, de som gjer vondt, at eg kann halda min Guds bodord!
סָמְכֵ֣נִי כְאִמְרָתְךָ֣ וְאֶֽחְיֶ֑ה וְאַל־תְּ֝בִישֵׁ֗נִי מִשִּׂבְרִֽי׃ | 116 |
Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von!
סְעָדֵ֥נִי וְאִוָּשֵׁ֑עָה וְאֶשְׁעָ֖ה בְחֻקֶּ֣יךָ תָמִֽיד׃ | 117 |
Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter.
סָ֭לִיתָ כָּל־שׁוֹגִ֣ים מֵחֻקֶּ֑יךָ כִּי־שֶׁ֝֗קֶר תַּרְמִיתָֽם׃ | 118 |
Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd.
סִגִ֗ים הִשְׁבַּ֥תָּ כָל־רִשְׁעֵי־אָ֑רֶץ לָ֝כֵ֗ן אָהַ֥בְתִּי עֵדֹתֶֽיךָ׃ | 119 |
Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål.
סָמַ֣ר מִפַּחְדְּךָ֣ בְשָׂרִ֑י וּֽמִמִּשְׁפָּטֶ֥יךָ יָרֵֽאתִי׃ | 120 |
Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg.
עָ֭שִׂיתִי מִשְׁפָּ֣ט וָצֶ֑דֶק בַּל־תַּ֝נִּיחֵ֗נִי לְעֹֽשְׁקָֽי׃ | 121 |
Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg.
עֲרֹ֣ב עַבְדְּךָ֣ לְט֑וֹב אַֽל־יַעַשְׁקֻ֥נִי זֵדִֽים׃ | 122 |
Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg!
עֵ֭ינַי כָּל֣וּ לִֽישׁוּעָתֶ֑ךָ וּלְאִמְרַ֥ת צִדְקֶֽךָ׃ | 123 |
Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferdsord.
עֲשֵׂ֖ה עִם־עַבְדְּךָ֥ כְחַסְדֶּ֗ךָ וְחֻקֶּ֥יךָ לַמְּדֵֽנִי׃ | 124 |
Gjer med din tenar etter di miskunn og lær meg dine fyreskrifter!
עַבְדְּךָ־אָ֥נִי הֲבִינֵ֑נִי וְ֝אֵדְעָ֗ה עֵדֹתֶֽיךָ׃ | 125 |
Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål!
עֵ֭ת לַעֲשׂ֣וֹת לַיהוָ֑ה הֵ֝פֵ֗רוּ תּוֹרָתֶֽךָ׃ | 126 |
Det er tid for Herren til å gripa inn, dei hev brote di lov.
עַל־כֵּ֭ן אָהַ֣בְתִּי מִצְוֹתֶ֑יךָ מִזָּהָ֥ב וּמִפָּֽז׃ | 127 |
Difor elskar eg dine bodord meir enn gull, ja, meir enn fint gull.
עַל־כֵּ֤ן ׀ כָּל־פִּקּ֣וּדֵי כֹ֣ל יִשָּׁ֑רְתִּי כָּל־אֹ֖רַח שֶׁ֣קֶר שָׂנֵֽאתִי׃ | 128 |
Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig.
פְּלָא֥וֹת עֵדְוֹתֶ֑יךָ עַל־כֵּ֝֗ן נְצָרָ֥תַם נַפְשִֽׁי׃ | 129 |
Underfulle er dine vitnemål, difor tek mi sjæl vare på deim.
פֵּ֖תַח דְּבָרֶ֥יךָ יָאִ֗יר מֵבִ֥ין פְּתָיִֽים׃ | 130 |
Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke.
פִּֽי־פָ֭עַרְתִּי וָאֶשְׁאָ֑פָה כִּ֖י לְמִצְוֹתֶ֣יךָ יָאָֽבְתִּי׃ | 131 |
Eg let munnen upp og sukka av lengting; for etter dine bodord stunda eg.
פְּנֵה־אֵלַ֥י וְחָנֵּ֑נִי כְּ֝מִשְׁפָּ֗ט לְאֹהֲבֵ֥י שְׁמֶֽךָ׃ | 132 |
Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot deim som elskar ditt namn!
פְּ֭עָמַי הָכֵ֣ן בְּאִמְרָתֶ֑ךָ וְֽאַל־תַּשְׁלֶט־בִּ֥י כָל־אָֽוֶן׃ | 133 |
Gjer mine stig faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg!
פְּ֭דֵנִי מֵעֹ֣שֶׁק אָדָ֑ם וְ֝אֶשְׁמְרָ֗ה פִּקּוּדֶֽיךָ׃ | 134 |
Løys du meg ut or menneskjevald! So vil eg halda dine fyresegner.
פָּ֭נֶיךָ הָאֵ֣ר בְּעַבְדֶּ֑ךָ וְ֝לַמְּדֵ֗נִי אֶת־חֻקֶּֽיךָ׃ | 135 |
Lat di åsyn lysa på din tenar, og lær meg dine fyreskrifter!
פַּלְגֵי־מַ֭יִם יָרְד֣וּ עֵינָ֑י עַ֝֗ל לֹא־שָׁמְר֥וּ תוֹרָתֶֽךָ׃ | 136 |
Vatsbekkjer renn or augo mine, av di folk ikkje held di lov.
צַדִּ֣יק אַתָּ֣ה יְהוָ֑ה וְ֝יָשָׁ֗ר מִשְׁפָּטֶֽיךָ׃ | 137 |
Rettferdig er du, Herre, og rette er dine domar.
צִ֭וִּיתָ צֶ֣דֶק עֵדֹתֶ֑יךָ וֶֽאֱמוּנָ֥ה מְאֹֽד׃ | 138 |
Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap.
צִמְּתַ֥תְנִי קִנְאָתִ֑י כִּֽי־שָׁכְח֖וּ דְבָרֶ֣יךָ צָרָֽי׃ | 139 |
Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord.
צְרוּפָ֖ה אִמְרָתְךָ֥ מְאֹ֗ד וְֽעַבְדְּךָ֥ אֲהֵבָֽהּ׃ | 140 |
Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det.
צָעִ֣יר אָנֹכִ֣י וְנִבְזֶ֑ה פִּ֝קֻּדֶ֗יךָ לֹ֣א שָׁכָֽחְתִּי׃ | 141 |
Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt.
צִדְקָתְךָ֣ צֶ֣דֶק לְעוֹלָ֑ם וְֽתוֹרָתְךָ֥ אֱמֶֽת׃ | 142 |
Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning.
צַר־וּמָצ֥וֹק מְצָא֑וּנִי מִ֝צְוֹתֶ֗יךָ שַׁעֲשֻׁעָֽי׃ | 143 |
Naud og trengsla fann meg; dine bodord er mi lyst.
צֶ֖דֶק עֵדְוֹתֶ֥יךָ לְעוֹלָ֗ם הֲבִינֵ֥נִי וְאֶחְיֶֽה׃ | 144 |
Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann liva!
קָרָ֣אתִי בְכָל־לֵ֭ב עֲנֵ֥נִי יְהוָ֗ה חֻקֶּ֥יךָ אֶצֹּֽרָה׃ | 145 |
Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på.
קְרָאתִ֥יךָ הוֹשִׁיעֵ֑נִי וְ֝אֶשְׁמְרָ֗ה עֵדֹתֶֽיךָ׃ | 146 |
Eg ropar til deg, frels meg! so vil eg halda dine vitnemål.
קִדַּ֣מְתִּי בַ֭נֶּשֶׁף וָאֲשַׁוֵּ֑עָה לִדְבָרְךָ֥ יִחָֽלְתִּי׃ | 147 |
Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord.
קִדְּמ֣וּ עֵ֭ינַי אַשְׁמֻר֑וֹת לָ֝שִׂ֗יחַ בְּאִמְרָתֶֽךָ׃ | 148 |
Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord.
ק֭וֹלִי שִׁמְעָ֣ה כְחַסְדֶּ֑ךָ יְ֝הוָ֗ה כְּֽמִשְׁפָּטֶ֥ךָ חַיֵּֽנִי׃ | 149 |
Høyr mi røyst etter di miskunn, Herre, haldt meg i live etter dine domar!
קָ֭רְבוּ רֹדְפֵ֣י זִמָּ֑ה מִתּוֹרָתְךָ֥ רָחָֽקוּ׃ | 150 |
Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte.
קָר֣וֹב אַתָּ֣ה יְהוָ֑ה וְֽכָל־מִצְוֹתֶ֥יךָ אֱמֶֽת׃ | 151 |
Du er nær, Herre, og alle dine bodord er sanning.
קֶ֣דֶם יָ֭דַעְתִּי מֵעֵדֹתֶ֑יךָ כִּ֖י לְעוֹלָ֣ם יְסַדְתָּֽם׃ | 152 |
Longe sidan veit eg av dine vitnemål, at du hev grunnfest deim i all æva.
רְאֵֽה־עָנְיִ֥י וְחַלְּצֵ֑נִי כִּי־תֽ֝וֹרָתְךָ֗ לֹ֣א שָׁכָֽחְתִּי׃ | 153 |
Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For di lov hev eg ikkje gløymt.
רִיבָ֣ה רִ֭יבִי וּגְאָלֵ֑נִי לְאִמְרָתְךָ֥ חַיֵּֽנִי׃ | 154 |
Før mi sak, og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord!
רָח֣וֹק מֵרְשָׁעִ֣ים יְשׁוּעָ֑ה כִּֽי־חֻ֝קֶּיךָ לֹ֣א דָרָֽשׁוּ׃ | 155 |
Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dine fyreskrifter spør dei ikkje etter.
רַחֲמֶ֖יךָ רַבִּ֥ים ׀ יְהוָ֑ה כְּֽמִשְׁפָּטֶ֥יךָ חַיֵּֽנִי׃ | 156 |
Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar!
רַ֭בִּים רֹדְפַ֣י וְצָרָ֑י מֵ֝עֵדְוֹתֶ֗יךָ לֹ֣א נָטִֽיתִי׃ | 157 |
Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike.
רָאִ֣יתִי בֹ֭גְדִים וָֽאֶתְקוֹטָ֑טָה אֲשֶׁ֥ר אִ֝מְרָתְךָ֗ לֹ֣א שָׁמָֽרוּ׃ | 158 |
Eg såg dei utrue og fekk uhug, av di dei ikkje heldt ditt ord.
רְ֭אֵה כִּי־פִקּוּדֶ֣יךָ אָהָ֑בְתִּי יְ֝הוָ֗ה כְּֽחַסְדְּךָ֥ חַיֵּֽנִי׃ | 159 |
Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn!
רֹאשׁ־דְּבָרְךָ֥ אֱמֶ֑ת וּ֝לְעוֹלָ֗ם כָּל־מִשְׁפַּ֥ט צִדְקֶֽךָ׃ | 160 |
Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov.
שָׂ֭רִים רְדָפ֣וּנִי חִנָּ֑ם וּ֝מִדְּבָרְךָ֗ פָּחַ֥ד לִבִּֽי׃ | 161 |
Hovdingar forfylgde meg utan orsak, men mitt hjarta ottast dine ord.
שָׂ֣שׂ אָ֭נֹכִֽי עַל־אִמְרָתֶ֑ךָ כְּ֝מוֹצֵ֗א שָׁלָ֥ל רָֽב׃ | 162 |
Eg gled meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang.
שֶׁ֣קֶר שָׂ֭נֵאתִי וַאֲתַעֵ֑בָה תּוֹרָתְךָ֥ אָהָֽבְתִּי׃ | 163 |
Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska.
שֶׁ֣בַע בַּ֭יּוֹם הִלַּלְתִּ֑יךָ עַ֝֗ל מִשְׁפְּטֵ֥י צִדְקֶֽךָ׃ | 164 |
Sju gonger um dagen hev eg lova deg for dine rettferdige domar.
שָׁל֣וֹם רָ֭ב לְאֹהֲבֵ֣י תוֹרָתֶ֑ךָ וְאֵֽין־לָ֥מוֹ מִכְשֽׁוֹל׃ | 165 |
Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall.
שִׂבַּ֣רְתִּי לִֽישׁוּעָתְךָ֣ יְהוָ֑ה וּֽמִצְוֹתֶ֥יךָ עָשִֽׂיתִי׃ | 166 |
Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bodord hev eg halde.
שָֽׁמְרָ֣ה נַ֭פְשִׁי עֵדֹתֶ֑יךָ וָאֹהֲבֵ֥ם מְאֹֽד׃ | 167 |
Mi sjæl hev halde dine vitnemål, og eg elska deim mykje.
שָׁמַ֣רְתִּי פִ֭קּוּדֶיךָ וְעֵדֹתֶ֑יךָ כִּ֖י כָל־דְּרָכַ֣י נֶגְדֶּֽךָ׃ | 168 |
Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn.
תִּקְרַ֤ב רִנָּתִ֣י לְפָנֶ֣יךָ יְהוָ֑ה כִּדְבָרְךָ֥ הֲבִינֵֽנִי׃ | 169 |
Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord.
תָּב֣וֹא תְּחִנָּתִ֣י לְפָנֶ֑יךָ כְּ֝אִמְרָתְךָ֗ הַצִּילֵֽנִי׃ | 170 |
Lat mi bøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord!
תַּבַּ֣עְנָה שְׂפָתַ֣י תְּהִלָּ֑ה כִּ֖י תְלַמְּדֵ֣נִי חֻקֶּֽיךָ׃ | 171 |
Mine lippor skal fløda yver av lovsong, for du lærer meg dine fyreskrifter;
תַּ֣עַן לְ֭שׁוֹנִי אִמְרָתֶ֑ךָ כִּ֖י כָל־מִצְוֹתֶ֣יךָ צֶּֽדֶק׃ | 172 |
Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bodord er rettferd.
תְּהִֽי־יָדְךָ֥ לְעָזְרֵ֑נִי כִּ֖י פִקּוּדֶ֣יךָ בָחָֽרְתִּי׃ | 173 |
Lat di hand vera meg til hjelp! for dine fyresegner hev eg valt ut.
תָּאַ֣בְתִּי לִֽישׁוּעָתְךָ֣ יְהוָ֑ה וְ֝תֽוֹרָתְךָ֗ שַׁעֲשֻׁעָֽי׃ | 174 |
Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst.
תְּֽחִי־נַ֭פְשִׁי וּֽתְהַֽלְלֶ֑ךָּ וּֽמִשְׁפָּטֶ֥ךָ יַעֲזְרֻֽנִי׃ | 175 |
Lat mi sjæl leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg!
תָּעִ֗יתִי כְּשֶׂ֣ה אֹ֭בֵד בַּקֵּ֣שׁ עַבְדֶּ֑ךָ כִּ֥י מִ֝צְוֹתֶ֗יךָ לֹ֣א שָׁכָֽחְתִּי׃ | 176 |
Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! for dine bodord hev eg ikkje gløymt.