< יִרְמְיָהוּ 23 >

ה֣וֹי רֹעִ֗ים מְאַבְּדִ֧ים וּמְפִצִ֛ים אֶת־צֹ֥אן מַרְעִיתִ֖י נְאֻם־יְהוָֽה׃ 1
Usæle dei hyrdingar som tyner og spreider gjætsle-hjordi mi, segjer Herren.
לָ֠כֵן כֹּֽה־אָמַ֨ר יְהוָ֜ה אֱלֹהֵ֣י יִשְׂרָאֵ֗ל עַֽל־הָרֹעִים֮ הָרֹעִ֣ים אֶת־עַמִּי֒ אַתֶּ֞ם הֲפִצֹתֶ֤ם אֶת־צֹאנִי֙ וַתַּדִּח֔וּם וְלֹ֥א פְקַדְתֶּ֖ם אֹתָ֑ם הִנְנִ֨י פֹקֵ֧ד עֲלֵיכֶ֛ם אֶת־רֹ֥עַ מַעַלְלֵיכֶ֖ם נְאֻם־יְהוָֽה׃ 2
Difor, so segjer Herren, Israels Gud, um hyrdingarne som gjæter folket mitt: De hev spreidt sauerne mine og jaga deim burt og ikkje set etter deim. Sjå, eg heimsøkjer dykk for den vonde åtferdi dykkar, segjer Herren.
וַאֲנִ֗י אֲקַבֵּץ֙ אֶת־שְׁאֵרִ֣ית צֹאנִ֔י מִכֹּל֙ הָאֲרָצ֔וֹת אֲשֶׁר־הִדַּ֥חְתִּי אֹתָ֖ם שָׁ֑ם וַהֲשִׁבֹתִ֥י אֶתְהֶ֛ן עַל־נְוֵהֶ֖ן וּפָר֥וּ וְרָבֽוּ׃ 3
Men sjølv vil eg samla det som er att av sauerne mine or alle dei landi som eg hev drive deim til, og venda deim attende til si eigi beitemark, og dei skal veksa og aukast.
וַהֲקִמֹתִ֧י עֲלֵיהֶ֛ם רֹעִ֖ים וְרָע֑וּם וְלֹא־יִֽירְא֨וּ ע֧וֹד וְלֹא־יֵחַ֛תּוּ וְלֹ֥א יִפָּקֵ֖דוּ נְאֻם־יְהוָֽה׃ ס 4
Og eg vil setja hyrdingar yver deim, og dei skal gjæta deim. Og dei skal ikkje lenger ræddast eller taka fæla, og ingen av deim skal verta sakna, segjer Herren.
הִנֵּ֨ה יָמִ֤ים בָּאִים֙ נְאֻם־יְהוָ֔ה וַהֲקִמֹתִ֥י לְדָוִ֖ד צֶ֣מַח צַדִּ֑יק וּמָ֤לַךְ מֶ֙לֶךְ֙ וְהִשְׂכִּ֔יל וְעָשָׂ֛ה מִשְׁפָּ֥ט וּצְדָקָ֖ה בָּאָֽרֶץ׃ 5
Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil lata ein rettferdig renning standa fram åt David, og han skal vera konge og fara visleg åt og gjera rett og rettferd i landet.
בְּיָמָיו֙ תִּוָּשַׁ֣ע יְהוּדָ֔ה וְיִשְׂרָאֵ֖ל יִשְׁכֹּ֣ן לָבֶ֑טַח וְזֶה־שְּׁמ֥וֹ אֲֽשֶׁר־יִקְרְא֖וֹ יְהוָ֥ה ׀ צִדְקֵֽנוּ׃ ס 6
I hans dagar skal Juda verta frelst og Israel bu trygt, og dette er namnet hans, det dei kallar honom: «Herren, vår rettferd».
לָכֵ֛ן הִנֵּֽה־יָמִ֥ים בָּאִ֖ים נְאֻם־יְהוָ֑ה וְלֹא־יֹ֤אמְרוּ עוֹד֙ חַי־יְהוָ֔ה אֲשֶׁ֧ר הֶעֱלָ֛ה אֶת־בְּנֵ֥י יִשְׂרָאֵ֖ל מֵאֶ֥רֶץ מִצְרָֽיִם׃ 7
Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då dei ikkje lenger skal segja: «So sant som Herren liver, som leidde Israels-borni ut or Egyptarlandet, »
כִּ֣י אִם־חַי־יְהוָ֗ה אֲשֶׁ֣ר הֶעֱלָה֩ וַאֲשֶׁ֨ר הֵבִ֜יא אֶת־זֶ֨רַע בֵּ֤ית יִשְׂרָאֵל֙ מֵאֶ֣רֶץ צָפ֔וֹנָה וּמִכֹּל֙ הָֽאֲרָצ֔וֹת אֲשֶׁ֥ר הִדַּחְתִּ֖ים שָׁ֑ם וְיָשְׁב֖וּ עַל־אַדְמָתָֽם׃ ס 8
men: «So sant som Herren liver, som leidde avkjømet åt Israels hus ut og let deim koma frå Norderland og frå alle landi som eg hadde drive deim til, so dei fær bu i landet sitt.»
לַנְּבִאִ֞ים נִשְׁבַּ֧ר לִבִּ֣י בְקִרְבִּ֗י רָֽחֲפוּ֙ כָּל־עַצְמוֹתַ֔י הָיִ֙יתִי֙ כְּאִ֣ישׁ שִׁכּ֔וֹר וּכְגֶ֖בֶר עֲבָ֣רוֹ יָ֑יִן מִפְּנֵ֣י יְהוָ֔ה וּמִפְּנֵ֖י דִּבְרֵ֥י קָדְשֽׁוֹ׃ 9
Um profetarne. Hjarta i mitt brjost er sundkrasa, alle beini mine skjelv. Eg er lik ein drukken mann, ein mann som vinen hev magtstole, for Herren skuld, for hans heilage ord skuld.
כִּ֤י מְנָֽאֲפִים֙ מָלְאָ֣ה הָאָ֔רֶץ כִּֽי־מִפְּנֵ֤י אָלָה֙ אָבְלָ֣ה הָאָ֔רֶץ יָבְשׁ֖וּ נְא֣וֹת מִדְבָּ֑ר וַתְּהִ֤י מְרֽוּצָתָם֙ רָעָ֔ה וּגְבוּרָתָ֖ם לֹא־כֵֽן׃ 10
For landet er fullt av horkarar - ja, under forbanning syrgjer landet, og beitelandi i øydemarki er turrbrende - og dei skundar seg til det som vondt er og er velduge i urett.
כִּֽי־גַם־נָבִ֥יא גַם־כֹּהֵ֖ן חָנֵ֑פוּ גַּם־בְּבֵיתִ֛י מָצָ֥אתִי רָעָתָ֖ם נְאֻם־יְהוָֽה׃ 11
For både profet og prest er gudlause, jamvel i huset mitt hev eg funne vondskapen deira, segjer Herren.
לָכֵן֩ יִֽהְיֶ֨ה דַרְכָּ֜ם לָהֶ֗ם כַּחֲלַקְלַקּוֹת֙ בָּֽאֲפֵלָ֔ה יִדַּ֖חוּ וְנָ֣פְלוּ בָ֑הּ כִּֽי־אָבִ֨יא עֲלֵיהֶ֥ם רָעָ֛ה שְׁנַ֥ת פְּקֻדָּתָ֖ם נְאֻם־יְהוָֽה׃ 12
Difor skal vegen deira verta åt deim som sleip-flekkjer i myrkret; dei skal støyta seg so dei dett på honom. For eg vil lata ulukka koma yver deim det året heimsøkjingi kjem, segjer Herren.
וּבִנְבִיאֵ֥י שֹׁמְר֖וֹן רָאִ֣יתִי תִפְלָ֑ה הִנַּבְּא֣וּ בַבַּ֔עַל וַיַּתְע֥וּ אֶת־עַמִּ֖י אֶת־יִשְׂרָאֵֽל׃ ס 13
Hjå profetarne i Samaria hev eg set dårskap; dei spådde ved Ba’al og førde mitt folk Israel på villstig.
וּבִנְבִאֵ֨י יְרוּשָׁלִַ֜ם רָאִ֣יתִי שַׁעֲרוּרָ֗ה נָא֞וֹף וְהָלֹ֤ךְ בַּשֶּׁ֙קֶר֙ וְחִזְּקוּ֙ יְדֵ֣י מְרֵעִ֔ים לְבִ֨לְתִּי־שָׁ֔בוּ אִ֖ישׁ מֵרָֽעָת֑וֹ הָֽיוּ־לִ֤י כֻלָּם֙ כִּסְדֹ֔ם וְיֹשְׁבֶ֖יהָ כַּעֲמֹרָֽה׃ ס 14
Men hjå profetarne i Jerusalem hev eg set gruvelege ting; dei driv hor og fer med lygn og styrkjer henderne på illgjerningsmenner, so ingen av deim vender um frå sin vondskap. Dei er alle vortne liksom Sodoma åt meg, og hine ibuarane liksom Gomorra.
לָכֵ֞ן כֹּֽה־אָמַ֨ר יְהוָ֤ה צְבָאוֹת֙ עַל־הַנְּבִאִ֔ים הִנְנִ֨י מַאֲכִ֤יל אוֹתָם֙ לַֽעֲנָ֔ה וְהִשְׁקִתִ֖ים מֵי־רֹ֑אשׁ כִּ֗י מֵאֵת֙ נְבִיאֵ֣י יְרוּשָׁלִַ֔ם יָצְאָ֥ה חֲנֻפָּ֖ה לְכָל־הָאָֽרֶץ׃ פ 15
Difor, so segjer Herren, allhers drott, um profetarne: Sjå, eg gjev deim malurt å eta og eitervatn å drikka. For ifrå profetarne i Jerusalem er gudløysa gjengi ut yver alt landet.
כֹּֽה־אָמַ֞ר יְהוָ֣ה צְבָא֗וֹת אַֽל־תִּשְׁמְע֞וּ עַל־דִּבְרֵ֤י הַנְּבִאִים֙ הַנִּבְּאִ֣ים לָכֶ֔ם מַהְבִּלִ֥ים הֵ֖מָּה אֶתְכֶ֑ם חֲז֤וֹן לִבָּם֙ יְדַבֵּ֔רוּ לֹ֖א מִפִּ֥י יְהוָֽה׃ 16
So segjer Herren, allhers drott: Lyd ikkje på ordi åt dei profetar som spår åt dykk; dei kjem berre med tomt svall åt dykk; si eigi hjartesyn taler dei, ikkje noko frå Herrens munn.
אֹמְרִ֤ים אָמוֹר֙ לִֽמְנַאֲצַ֔י דִּבֶּ֣ר יְהוָ֔ה שָׁל֖וֹם יִֽהְיֶ֣ה לָכֶ֑ם וְ֠כֹל הֹלֵ֞ךְ בִּשְׁרִר֤וּת לִבּוֹ֙ אָֽמְר֔וּ לֹֽא־תָב֥וֹא עֲלֵיכֶ֖ם רָעָֽה׃ 17
Jamt og samt segjer dei med deim som svivyrder meg: «Herren hev tala: Det skal ganga dykk vel.» Og med kvar og ein som ferdast etter sitt harde hjarta, segjer dei: «Nokor ulukka skal det ikkje koma yver dykk.»
כִּ֣י מִ֤י עָמַד֙ בְּס֣וֹד יְהוָ֔ה וְיֵ֖רֶא וְיִשְׁמַ֣ע אֶת־דְּבָר֑וֹ מִֽי־הִקְשִׁ֥יב דְּבָר֖וֹ וַיִּשְׁמָֽע׃ ס 18
For kven av deim hev stade i Herrens råd, so han såg og høyrde hans ord? Kven hev gjeve gaum etter mitt ord og høyrt det?
הִנֵּ֣ה ׀ סַעֲרַ֣ת יְהוָ֗ה חֵמָה֙ יָֽצְאָ֔ה וְסַ֖עַר מִתְחוֹלֵ֑ל עַ֛ל רֹ֥אשׁ רְשָׁעִ֖ים יָחֽוּל׃ 19
Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein kvervelstorm; ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar.
לֹ֤א יָשׁוּב֙ אַף־יְהוָ֔ה עַד־עֲשֹׂת֥וֹ וְעַד־הֲקִימ֖וֹ מְזִמּ֣וֹת לִבּ֑וֹ בְּאַֽחֲרִית֙ הַיָּמִ֔ים תִּתְבּ֥וֹנְנוּ בָ֖הּ בִּינָֽה׃ 20
Herrens vreide skal ikkje halda upp fyrr enn han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar; i dagarn som kjem skal de greinleg skyna det.
לֹא־שָׁלַ֥חְתִּי אֶת־הַנְּבִאִ֖ים וְהֵ֣ם רָ֑צוּ לֹא־דִבַּ֥רְתִּי אֲלֵיהֶ֖ם וְהֵ֥ם נִבָּֽאוּ׃ 21
Eg sende ikkje profetarne, men dei sprang av stad; eg tala ikkje til deim, men dei spådde.
וְאִֽם־עָמְד֖וּ בְּסוֹדִ֑י וְיַשְׁמִ֤עוּ דְבָרַי֙ אֶת־עַמִּ֔י וִֽישִׁבוּם֙ מִדַּרְכָּ֣ם הָרָ֔ע וּמֵרֹ֖עַ מַֽעַלְלֵיהֶֽם׃ ס 22
Og hadde dei stade i mitt råd, då vilde dei lata mitt folk høyra mine ord, og snu deim frå deira vonde veg og frå deira vonde verk.
הַאֱלֹהֵ֧י מִקָּרֹ֛ב אָ֖נִי נְאֻם־יְהוָ֑ה וְלֹ֥א אֱלֹהֵ֖י מֵרָחֹֽק׃ 23
Er eg ein Gud berre nær ved, segjer Herren, og ikkje ein Gud langt burte?
אִם־יִסָּתֵ֨ר אִ֧ישׁ בַּמִּסְתָּרִ֛ים וַאֲנִ֥י לֹֽא־אֶרְאֶ֖נּוּ נְאֻם־יְהוָ֑ה הֲל֨וֹא אֶת־הַשָּׁמַ֧יִם וְאֶת־הָאָ֛רֶץ אֲנִ֥י מָלֵ֖א נְאֻם־יְהוָֽה׃ 24
Eller kann nokon løyna seg i slike løyne, so eg ikkje kann sjå honom? segjer Herren. Fyller eg ikkje himmelen og jordi? segjer Herren.
שָׁמַ֗עְתִּי אֵ֤ת אֲשֶׁר־אָֽמְרוּ֙ הַנְּבִאִ֔ים הַֽנִּבְּאִ֥ים בִּשְׁמִ֛י שֶׁ֖קֶר לֵאמֹ֑ר חָלַ֖מְתִּי חָלָֽמְתִּי׃ 25
Eg hev høyrt kva profetarne hev sagt, dei som spår lygn i mitt namn og segjer: «Eg drøymde, eg drøymde.»
עַד־מָתַ֗י הֲיֵ֛שׁ בְּלֵ֥ב הַנְּבִאִ֖ים נִבְּאֵ֣י הַשָּׁ֑קֶר וּנְבִיאֵ֖י תַּרְמִ֥ת לִבָּֽם׃ 26
Kor lenge skal dette vera so? Hev dei eitkvart på hjarta, desse profetarne som spår lygn med di dei spår sitt hjartans svik -
הַחֹשְׁבִ֗ים לְהַשְׁכִּ֤יחַ אֶת־עַמִּי֙ שְׁמִ֔י בַּחֲל֣וֹמֹתָ֔ם אֲשֶׁ֥ר יְסַפְּר֖וּ אִ֣ישׁ לְרֵעֵ֑הוּ כַּאֲשֶׁ֨ר שָׁכְח֧וּ אֲבוֹתָ֛ם אֶת־שְׁמִ֖י בַּבָּֽעַל׃ 27
tenkjer dei kann henda å få mitt folk til å gløyma mitt namn med draumarne sine, som dei fortel kvarandre, likeins som federne deira gløymde mitt namn for Ba’al?
הַנָּבִ֞יא אֲשֶׁר־אִתּ֤וֹ חֲלוֹם֙ יְסַפֵּ֣ר חֲל֔וֹם וַאֲשֶׁ֤ר דְּבָרִי֙ אִתּ֔וֹ יְדַבֵּ֥ר דְּבָרִ֖י אֱמֶ֑ת מַה־לַתֶּ֥בֶן אֶת־הַבָּ֖ר נְאֻם־יְהוָֽה׃ 28
Den profet som hev ein draum, han kann fortelja ein draum, men den som hev mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning. Kva hev halmen med kornet å gjera? segjer Herren.
הֲל֨וֹא כֹ֧ה דְבָרִ֛י כָּאֵ֖שׁ נְאֻם־יְהוָ֑ה וּכְפַטִּ֖ישׁ יְפֹ֥צֵֽץ סָֽלַע׃ ס 29
Er ikkje mitt ord som ein eld, segjer Herren, og som ein hamar som krasar berg?
לָכֵ֛ן הִנְנִ֥י עַל־הַנְּבִאִ֖ים נְאֻם־יְהוָ֑ה מְגַנְּבֵ֣י דְבָרַ֔י אִ֖ישׁ מֵאֵ֥ת רֵעֵֽהוּ׃ 30
Difor, sjå, eg skal finna profetarne, segjer Herren, dei som stel ordi mine ein frå hin.
הִנְנִ֥י עַל־הַנְּבִיאִ֖ם נְאֻם־יְהוָ֑ה הַלֹּקְחִ֣ים לְשׁוֹנָ֔ם וַֽיִּנְאֲמ֖וּ נְאֻֽם׃ 31
Sjå, eg skal finna profetarne, segjer Herren, dei som tek sitt eige på tunga, men segjer: «So segjer Herren.»
הִ֠נְנִי עַֽל־נִבְּאֵ֞י חֲלֹמ֥וֹת שֶׁ֙קֶר֙ נְאֻם־יְהוָ֔ה וַֽיְסַפְּרוּם֙ וַיַּתְע֣וּ אֶת־עַמִּ֔י בְּשִׁקְרֵיהֶ֖ם וּבְפַחֲזוּתָ֑ם וְאָנֹכִ֨י לֹֽא־שְׁלַחְתִּ֜ים וְלֹ֣א צִוִּיתִ֗ים וְהוֹעֵ֛יל לֹֽא־יוֹעִ֥ילוּ לָֽעָם־הַזֶּ֖ה נְאֻם־יְהוָֽה׃ 32
Sjå, eg skal finna deim som spår lygn-draumar, segjer Herren, og fortel deim og fører mitt folk på villstig med lygnerne sine og kytet sitt, endå eg ikkje hev sendt deim eller gjeve deim noko påbod, og dei ikkje er til minste gagn for dette folket, segjer Herren.
וְכִי־יִשְׁאָלְךָ֩ הָעָ֨ם הַזֶּ֜ה אֽוֹ־הַנָּבִ֤יא אֽוֹ־כֹהֵן֙ לֵאמֹ֔ר מַה־מַשָּׂ֖א יְהוָ֑ה וְאָמַרְתָּ֤ אֲלֵיהֶם֙ אֶת־מַה־מַשָּׂ֔א וְנָטַשְׁתִּ֥י אֶתְכֶ֖ם נְאֻם־יְהוָֽה׃ 33
Og når dette folket eller ein profet eller prest spør deg og segjer: «Kva er Herrens byrd?» då skal du segja med deim: «De er byrdi, og eg vil kasta dykk av, segjer Herren».
וְהַנָּבִ֤יא וְהַכֹּהֵן֙ וְהָעָ֔ם אֲשֶׁ֥ר יֹאמַ֖ר מַשָּׂ֣א יְהוָ֑ה וּפָקַדְתִּ֛י עַל־הָאִ֥ישׁ הַה֖וּא וְעַל־בֵּיתֽוֹ׃ 34
Og den profet og den prest og det folk som segjer: «Herrens byrd» - slik ein mann og hans hus vil eg heimsøkja.
כֹּ֥ה תֹאמְר֛וּ אִ֥ישׁ עַל־רֵעֵ֖הוּ וְאִ֣ישׁ אֶל־אָחִ֑יו מֶה־עָנָ֣ה יְהוָ֔ה וּמַה־דִּבֶּ֖ר יְהוָֽה׃ 35
So skal de segja kvar med sin granne og kvar med sin bror: «Kva hev Herren svara?» eller: «Kva hev Herren tala?»
וּמַשָּׂ֥א יְהוָ֖ה לֹ֣א תִזְכְּרוּ־ע֑וֹד כִּ֣י הַמַּשָּׂ֗א יִֽהְיֶה֙ לְאִ֣ישׁ דְּבָר֔וֹ וַהֲפַכְתֶּ֗ם אֶת־דִּבְרֵי֙ אֱלֹהִ֣ים חַיִּ֔ים יְהוָ֥ה צְבָא֖וֹת אֱלֹהֵֽינוּ׃ 36
Men «Herrens byrd» skal de ikkje nemna lenger. For åt kvar mann skal hans eige ord verta «byrdi», for di de hev rengt ordi frå den livande Gud, Herren, allhers drott, vår Gud.
כֹּ֥ה תֹאמַ֖ר אֶל־הַנָּבִ֑יא מֶה־עָנָ֣ךְ יְהוָ֔ה וּמַה־דִּבֶּ֖ר יְהוָֽה׃ 37
So skal du segja med profeten: «Kva hev Herren svara deg?» eller: «Kva hev Herren tala?»
וְאִם־מַשָּׂ֣א יְהוָה֮ תֹּאמֵרוּ֒ לָכֵ֗ן כֹּ֚ה אָמַ֣ר יְהוָ֔ה יַ֧עַן אֲמָרְכֶ֛ם אֶת־הַדָּבָ֥ר הַזֶּ֖ה מַשָּׂ֣א יְהוָ֑ה וָאֶשְׁלַ֤ח אֲלֵיכֶם֙ לֵאמֹ֔ר לֹ֥א תֹאמְר֖וּ מַשָּׂ֥א יְהוָֽה׃ 38
Men segjer de: «Herrens byrd», då segjer Herren so: Av di de segjer dette ordet: «Herrens byrd», endå at eg gjorde denne bodsendingi åt dykk: «De skal ikkje segja «Herrens byrd, »»
לָכֵ֣ן הִנְנִ֔י וְנָשִׁ֥יתִי אֶתְכֶ֖ם נָשֹׁ֑א וְנָטַשְׁתִּ֣י אֶתְכֶ֗ם וְאֶת־הָעִיר֙ אֲשֶׁ֨ר נָתַ֧תִּי לָכֶ֛ם וְלַאֲבוֹתֵיכֶ֖ם מֵעַ֥ל פָּנָֽי׃ 39
difor, sjå, so vil eg reint gløyma dykk og kasta dykk og byen som eg gav dykk og federne dykkar, burt frå mi åsyn.
וְנָתַתִּ֥י עֲלֵיכֶ֖ם חֶרְפַּ֣ת עוֹלָ֑ם וּכְלִמּ֣וּת עוֹלָ֔ם אֲשֶׁ֖ר לֹ֥א תִשָּׁכֵֽחַ׃ ס 40
Og eg vil leggja på dykk ei æveleg skjemd og ei æveleg skam, som aldri skal gløymast.

< יִרְמְיָהוּ 23 >