< הוֹשֵׁעַ 7 >

כְּרָפְאִ֣י לְיִשְׂרָאֵ֗ל וְנִגְלָ֞ה עֲוֹ֤ן אֶפְרַ֙יִם֙ וְרָע֣וֹת שֹֽׁמְר֔וֹן כִּ֥י פָעֲל֖וּ שָׁ֑קֶר וְגַנָּ֣ב יָב֔וֹא פָּשַׁ֥ט גְּד֖וּד בַּחֽוּץ׃ 1
Når eg vil lækja Israel, då kjem misgjerningi åt Efraim og vondskapen åt Samaria til synes. For dei driv med fals, og tjuv bryt seg inn, og rekarfant plundrar på vegarne.
וּבַל־יֹֽאמְרוּ֙ לִלְבָבָ֔ם כָּל־רָעָתָ֖ם זָכָ֑רְתִּי עַתָּה֙ סְבָב֣וּם מַֽעַלְלֵיהֶ֔ם נֶ֥גֶד פָּנַ֖י הָיֽוּ׃ 2
Og dei segjer ikkje med seg sjølve seg at eg minnast all deira vondskap. No er dei ringa inne av sine eigne gjerningar, dei er komne framfyre mi åsyn.
בְּרָעָתָ֖ם יְשַׂמְּחוּ־מֶ֑לֶךְ וּבְכַחֲשֵׁיהֶ֖ם שָׂרִֽים׃ 3
Med vondskapen sin fegnar dei kongen, og hovdingarne med lygnerne sine.
כֻּלָּם֙ מְנָ֣אֲפִ֔ים כְּמ֣וֹ תַנּ֔וּר בֹּעֵ֖רָה מֵֽאֹפֶ֑ה יִשְׁבּ֣וֹת מֵעִ֔יר מִלּ֥וּשׁ בָּצֵ֖ק עַד־חֻמְצָתֽוֹ׃ 4
Alle i hop er dei horkarar. Dei likjest ein omn som bakaren hitar upp. Han held upp med eldingi frå di han knodar deigen til dess ho er syrt.
י֣וֹם מַלְכֵּ֔נוּ הֶחֱל֥וּ שָׂרִ֖ים חֲמַ֣ת מִיָּ֑יִן מָשַׁ֥ךְ יָד֖וֹ אֶת־לֹצְצִֽים׃ 5
På dagen åt kongen vår drikk hovdingarne seg sjuke på heit vin. Sjølv tek han spottarar i handi.
כִּֽי־קֵרְב֧וּ כַתַּנּ֛וּר לִבָּ֖ם בְּאָרְבָּ֑ם כָּל־הַלַּ֙יְלָה֙ יָשֵׁ֣ן אֹֽפֵהֶ֔ם בֹּ֕קֶר ה֥וּא בֹעֵ֖ר כְּאֵ֥שׁ לֶהָבָֽה׃ 6
Når dei med meinråderne sine hev elda hugen sin som ein omn, søv bakaren deira heile natti. Um morgonen brenn han som logande eld.
כֻּלָּ֤ם יֵחַ֙מּוּ֙ כַּתַּנּ֔וּר וְאָכְל֖וּ אֶת־שֹֽׁפְטֵיהֶ֑ם כָּל־מַלְכֵיהֶ֣ם נָפָ֔לוּ אֵין־קֹרֵ֥א בָהֶ֖ם אֵלָֽי׃ 7
Alle i hop er dei heite som ein omn og brenner upp domarane sine. Alle kongarne deira fell, og det er ingen av deim som kallar på meg.
אֶפְרַ֕יִם בָּעַמִּ֖ים ה֣וּא יִתְבּוֹלָ֑ל אֶפְרַ֛יִם הָיָ֥ה עֻגָ֖ה בְּלִ֥י הֲפוּכָֽה׃ 8
Efraim, med folki mengjer han seg. Efraim hev vorte som ei kaka som ikkje er vend.
אָכְל֤וּ זָרִים֙ כֹּח֔וֹ וְה֖וּא לֹ֣א יָדָ֑ע גַּם־שֵׂיבָה֙ זָ֣רְקָה בּ֔וֹ וְה֖וּא לֹ֥א יָדָֽע׃ 9
Framande hev tært upp krafti hans, og han skyner inkje. Um håret hans hev vorte gråsprengt, so skynar han inkje.
וְעָנָ֥ה גְאֽוֹן־יִשְׂרָאֵ֖ל בְּפָנָ֑יו וְלֹֽא־שָׁ֙בוּ֙ אֶל־יְהוָ֣ה אֱלֹֽהֵיהֶ֔ם וְלֹ֥א בִקְשֻׁ֖הוּ בְּכָל־זֹֽאת׃ 10
Men Israels ovmod vitnar imot honom midt uppi syni. Dei vender ikkje um til Herren, sin Gud, og ikkje søkjer dei honom, tråss i alt dette.
וַיְהִ֣י אֶפְרַ֔יִם כְּיוֹנָ֥ה פוֹתָ֖ה אֵ֣ין לֵ֑ב מִצְרַ֥יִם קָרָ֖אוּ אַשּׁ֥וּר הָלָֽכוּ׃ 11
Efraim hev vorte som ei fåvis duva som inkje veit. Egyptarland ropar dei på, til Assur fer dei.
כַּאֲשֶׁ֣ר יֵלֵ֗כוּ אֶפְר֤וֹשׂ עֲלֵיהֶם֙ רִשְׁתִּ֔י כְּע֥וֹף הַשָּׁמַ֖יִם אֽוֹרִידֵ֑ם אַיְסִרֵ֕ם כְּשֵׁ֖מַע לַעֲדָתָֽם׃ ס 12
Men best som dei fer av stad, breider eg netet mitt utyver deim og dreg deim ned, liksom ein gjer med fuglarne i lufti. Eg skal tukta deim, som lyden deira alt hev høyrt.
א֤וֹי לָהֶם֙ כִּֽי־נָדְד֣וּ מִמֶּ֔נִּי שֹׁ֥ד לָהֶ֖ם כִּֽי־פָ֣שְׁעוּ בִ֑י וְאָנֹכִ֣י אֶפְדֵּ֔ם וְהֵ֕מָּה דִּבְּר֥וּ עָלַ֖י כְּזָבִֽים׃ 13
Usæle dei, at dei flaug ifrå meg! Øyding yver deim, av di dei hev svike meg! Og eg, utløysa deim vilde eg. Men dei, ljugartale hev dei fare med imot meg.
וְלֹֽא־זָעֲק֤וּ אֵלַי֙ בְּלִבָּ֔ם כִּ֥י יְיֵלִ֖ילוּ עַל־מִשְׁכְּבוֹתָ֑ם עַל־דָּגָ֧ן וְתִיר֛וֹשׁ יִתְגּוֹרָ֖רוּ יָס֥וּרוּ בִֽי׃ 14
Og ikkje ropar dei til meg av hjarta; dei berre jamrar seg på sengjerne sine. For korn og druvesaft samlar dei seg, medan dei vender seg frå meg.
וַאֲנִ֣י יִסַּ֔רְתִּי חִזַּ֖קְתִּי זְרֽוֹעֹתָ֑ם וְאֵלַ֖י יְחַשְּׁבוּ־רָֽע׃ 15
Det var eg som lærde deim upp, og som styrkte armarne deira. Men imot meg hev dei ilt i hugen.
יָשׁ֣וּבוּ ׀ לֹ֣א עָ֗ל הָיוּ֙ כְּקֶ֣שֶׁת רְמִיָּ֔ה יִפְּל֥וּ בַחֶ֛רֶב שָׂרֵיהֶ֖ם מִזַּ֣עַם לְשׁוֹנָ֑ם ז֥וֹ לַעְגָּ֖ם בְּאֶ֥רֶץ מִצְרָֽיִם׃ 16
Dei vender um, men ikkje uppetter. Dei er liksom ein sviksam boge. Falla for sverd skal hovdingarne deira for si hatige tunga skuld. For det vert dei hædde i Egyptarlandet.

< הוֹשֵׁעַ 7 >