< מִשְׁלֵי 11 >
מֹאזְנֵ֣י מִ֭רְמָה תֹּועֲבַ֣ת יְהוָ֑ה וְאֶ֖בֶן שְׁלֵמָ֣ה רְצֹונֹֽו׃ | 1 |
Falsk vegt er fæl for Herren, men full vegt likar han godt.
בָּֽא־זָ֭דֹון וַיָּבֹ֣א קָלֹ֑ון וְֽאֶת־צְנוּעִ֥ים חָכְמָֽה׃ | 2 |
Kjem stormod, so kjem og skam, men smålåtne, dei hev visdom.
תֻּמַּ֣ת יְשָׁרִ֣ים תַּנְחֵ֑ם וְסֶ֖לֶף בֹּוגְדִ֣ים וְשַׁדָּם (יְשָׁדֵּֽם)׃ | 3 |
Dei ærlege hev si uskyld til førar, men fals slær sin herre på hals.
לֹא־יֹועִ֣יל הֹ֭ון בְּיֹ֣ום עֶבְרָ֑ה וּ֝צְדָקָ֗ה תַּצִּ֥יל מִמָּֽוֶת׃ | 4 |
Gods hjelper ikkje på vreidens dag, men rettferd frelser frå dauden.
צִדְקַ֣ת תָּ֭מִים תְּיַשֵּׁ֣ר דַּרְכֹּ֑ו וּ֝בְרִשְׁעָתֹ֗ו יִפֹּ֥ל רָשָֽׁע׃ | 5 |
Ærleg manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si.
צִדְקַ֣ת יְ֭שָׁרִים תַּצִּילֵ֑ם וּ֝בְהַוַּ֗ת בֹּגְדִ֥ים יִלָּכֵֽדוּ׃ | 6 |
Ærlege folk ved si rettferd vert frelste, men dei falske vert fanga i eigen gir.
בְּמֹ֤ות אָדָ֣ם רָ֭שָׁע תֹּאבַ֣ד תִּקְוָ֑ה וְתֹוחֶ֖לֶת אֹונִ֣ים אָבָֽדָה׃ | 7 |
Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni; og vondskaps venting til inkjes vert.
צַ֭דִּיק מִצָּרָ֣ה נֶחֱלָ֑ץ וַיָּבֹ֖א רָשָׁ֣ע תַּחְתָּֽיו׃ | 8 |
Rettferdig vert fria or trengsla, og ugudleg kjem i hans stad.
בְּפֶ֗ה חָ֭נֵף יַשְׁחִ֣ת רֵעֵ֑הוּ וּ֝בְדַ֗עַת צַדִּיקִ֥ים יֵחָלֵֽצוּ׃ | 9 |
Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap.
בְּט֣וּב צַ֭דִּיקִים תַּעֲלֹ֣ץ קִרְיָ֑ה וּבַאֲבֹ֖ד רְשָׁעִ֣ים רִנָּֽה׃ | 10 |
Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda.
בְּבִרְכַּ֣ת יְ֭שָׁרִים תָּר֣וּם קָ֑רֶת וּבְפִ֥י רְ֝שָׁעִ֗ים תֵּהָרֵֽס׃ | 11 |
Med velsigning frå ærlege folk kjem byen seg upp, men gudlause munn bryt han ned.
בָּז־לְרֵעֵ֥הוּ חֲסַר־לֵ֑ב וְאִ֖ישׁ תְּבוּנֹ֣ות יַחֲרִֽישׁ׃ | 12 |
Vitlaus er den som vanvyrdar sin granne, men vitug mann tegjer stilt.
הֹולֵ֣ךְ רָ֭כִיל מְגַלֶּה־סֹּ֑וד וְנֶאֱמַן־ר֝֗וּחַ מְכַסֶּ֥ה דָבָֽר׃ | 13 |
Den som fer med drøs, ber løynråd ut, men den hjarte-trugne løyner saki.
בְּאֵ֣ין תַּ֭חְבֻּלֹות יִפָּל־עָ֑ם וּ֝תְשׁוּעָ֗ה בְּרֹ֣ב יֹועֵֽץ׃ | 14 |
Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa.
רַע־יֵ֭רֹועַ כִּי־עָ֣רַב זָ֑ר וְשֹׂנֵ֖א תֹקְעִ֣ים בֹּוטֵֽחַ׃ | 15 |
Borgar du for framand, er du ille faren, men han er trygg som hatar handtak.
אֵֽשֶׁת־חֵ֭ן תִּתְמֹ֣ךְ כָּבֹ֑וד וְ֝עָרִיצִ֗ים יִתְמְכוּ־עֹֽשֶׁר׃ | 16 |
Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom.
גֹּמֵ֣ל נַ֭פְשֹׁו אִ֣ישׁ חָ֑סֶד וְעֹכֵ֥ר שְׁ֝אֵרֹ֗ו אַכְזָרִֽי׃ | 17 |
Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt.
רָשָׁ֗ע עֹשֶׂ֥ה פְעֻלַּת־שָׁ֑קֶר וְזֹרֵ֥עַ צְ֝דָקָ֗ה שֶׂ֣כֶר אֱמֶֽת׃ | 18 |
Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som rettferd sår, fær varig løn.
כֵּן־צְדָקָ֥ה לְחַיִּ֑ים וּמְרַדֵּ֖ף רָעָ֣ה לְמֹותֹֽו׃ | 19 |
Stend du fast i rettferd, vinn du liv, men fer du etter vondt, då fær du daude.
תֹּועֲבַ֣ת יְ֭הוָה עִקְּשֵׁי־לֵ֑ב וּ֝רְצֹונֹ֗ו תְּמִ֣ימֵי דָֽרֶךְ׃ | 20 |
Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast.
יָ֣ד לְ֭יָד לֹא־יִנָּ֣קֶה רָּ֑ע וְזֶ֖רַע צַדִּיקִ֣ים נִמְלָֽט׃ | 21 |
Det kann du gjeva handi på, den vonde vert’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan.
נֶ֣זֶם זָ֭הָב בְּאַ֣ף חֲזִ֑יר אִשָּׁ֥ה יָ֝פָ֗ה וְסָ֣רַת טָֽעַם׃ | 22 |
Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna utan vit.
תַּאֲוַ֣ת צַדִּיקִ֣ים אַךְ־טֹ֑וב תִּקְוַ֖ת רְשָׁעִ֣ים עֶבְרָֽה׃ | 23 |
Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide.
יֵ֣שׁ מְ֭פַזֵּר וְנֹוסָ֥ף עֹ֑וד וְחֹושֵׂ֥ךְ מִ֝יֹּ֗שֶׁר אַךְ־לְמַחְסֹֽור׃ | 24 |
Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing.
נֶֽפֶשׁ־בְּרָכָ֥ה תְדֻשָּׁ֑ן וּ֝מַרְוֶ֗ה גַּם־ה֥וּא יֹורֶֽא׃ | 25 |
Den som velsignar, skal trivast, og kveikjer du andre, vert sjølv du kveikt.
מֹ֣נֵֽעַ בָּ֭ר יִקְּבֻ֣הוּ לְאֹ֑ום וּ֝בְרָכָ֗ה לְרֹ֣אשׁ מַשְׁבִּֽיר׃ | 26 |
Ein kornflår, honom bannar folket, men signing kjem yver den som sel korn.
שֹׁ֣חֵֽר טֹ֭וב יְבַקֵּ֣שׁ רָצֹ֑ון וְדֹרֵ֖שׁ רָעָ֣ה תְבֹואֶֽנּוּ׃ | 27 |
Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg.
בֹּוטֵ֣חַ בְּ֭עָשְׁרֹו ה֣וּא יִפֹּ֑ל וְ֝כֶעָלֶ֗ה צַדִּיקִ֥ים יִפְרָֽחוּ׃ | 28 |
Den som lit på sin rikdom, han skal stupa, men rettferdige grønkar som lauv.
עֹוכֵ֣ר בֵּ֭יתֹו יִנְחַל־ר֑וּחַ וְעֶ֥בֶד אֱ֝וִ֗יל לַחֲכַם־לֵֽב׃ | 29 |
Den som øydar sitt hus, skal erva vind, og narren vert træl åt den kloke.
פְּֽרִי־צַ֭דִּיק עֵ֣ץ חַיִּ֑ים וְלֹקֵ֖חַ נְפָשֹׂ֣ות חָכָֽם׃ | 30 |
Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og sjæler vinn den vise.
הֵ֣ן צַ֭דִּיק בָּאָ֣רֶץ יְשֻׁלָּ֑ם אַ֝֗ף כִּֽי־רָשָׁ֥ע וְחֹוטֵֽא׃ | 31 |
Du ser rettferdig mann fær vederlag på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!