< וַיִּקְרָא 21 >
וַיֹּ֤אמֶר יְהוָה֙ אֶל־מֹשֶׁ֔ה אֱמֹ֥ר אֶל־הַכֹּהֲנִ֖ים בְּנֵ֣י אַהֲרֹ֑ן וְאָמַרְתָּ֣ אֲלֵהֶ֔ם לְנֶ֥פֶשׁ לֹֽא־יִטַּמָּ֖א בְּעַמָּֽיו׃ | 1 |
Og Herren sagde til Moses: «Tala til prestarne, Arons-sønerne, og seg med deim: «Ein prest må ikkje gjera seg urein for landsmennerne sine med å røra noko lik,
כִּ֚י אִם־לִשְׁאֵרֹ֔ו הַקָּרֹ֖ב אֵלָ֑יו לְאִמֹּ֣ו וּלְאָבִ֔יו וְלִבְנֹ֥ו וּלְבִתֹּ֖ו וּלְאָחִֽיו׃ | 2 |
minder det er ein av hans næmaste skyldfolk, anten mor eller far eller son eller dotter eller bror,
וְלַאֲחֹתֹ֤ו הַבְּתוּלָה֙ הַקְּרֹובָ֣ה אֵלָ֔יו אֲשֶׁ֥ר לֹֽא־הָיְתָ֖ה לְאִ֑ישׁ לָ֖הּ יִטַּמָּֽא׃ | 3 |
eller ei syster som var møy og endå høyrde til ætti, med di ho ikkje var burtgift; henne kann han koma nær, um ho ligg lik;
לֹ֥א יִטַּמָּ֖א בַּ֣עַל בְּעַמָּ֑יו לְהֵ֖חַלֹּֽו׃ | 4 |
men ei som var gift kona, må han ikkje røyva; for då gjer han seg urein for landsfolket sitt, og vanhelgar seg.
לֹֽא־יִקְרְחָה (יִקְרְח֤וּ) קָרְחָה֙ בְּרֹאשָׁ֔ם וּפְאַ֥ת זְקָנָ֖ם לֹ֣א יְגַלֵּ֑חוּ וּבִ֨בְשָׂרָ֔ם לֹ֥א יִשְׂרְט֖וּ שָׂרָֽטֶת׃ | 5 |
Prestane må ikkje raka seg snaude i kruna, og ikkje stytta skjegget sitt, og ikkje skjera seg i holdet.
קְדֹשִׁ֤ים יִהְיוּ֙ לֵאלֹ֣הֵיהֶ֔ם וְלֹ֣א יְחַלְּל֔וּ שֵׁ֖ם אֱלֹהֵיהֶ֑ם כִּי֩ אֶת־אִשֵּׁ֨י יְהוָ֜ה לֶ֧חֶם אֱלֹהֵיהֶ֛ם הֵ֥ם מַקְרִיבִ֖ם וְהָ֥יוּ קֹֽדֶשׁ׃ | 6 |
Heilage skal dei vera for sin Gud, dei må ikkje vanhelga namnet hans; for det er dei som ber fram eldofferi åt Herren, maten åt deira Gud; di skal dei vera heilage.
אִשָּׁ֨ה זֹנָ֤ה וַחֲלָלָה֙ לֹ֣א יִקָּ֔חוּ וְאִשָּׁ֛ה גְּרוּשָׁ֥ה מֵאִישָׁ֖הּ לֹ֣א יִקָּ֑חוּ כִּֽי־קָדֹ֥שׁ ה֖וּא לֵאלֹהָֽיו׃ | 7 |
Ingen av deim må gifta seg med ei skjøkja eller ei kvinna som er utskjemd, heller ikkje med ei som er skild frå mannen sin; heilag skal presten vera for sin Gud,
וְקִדַּשְׁתֹּ֔ו כִּֽי־אֶת־לֶ֥חֶם אֱלֹהֶ֖יךָ ה֣וּא מַקְרִ֑יב קָדֹשׁ֙ יִֽהְיֶה־לָּ֔ךְ כִּ֣י קָדֹ֔ושׁ אֲנִ֥י יְהוָ֖ה מְקַדִּשְׁכֶֽם׃ | 8 |
og du skal halda honom heilag; for det er han som ber fram maten åt din Gud: heilag skal han vera deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk.
וּבַת֙ אִ֣ישׁ כֹּהֵ֔ן כִּ֥י תֵחֵ֖ל לִזְנֹ֑ות אֶת־אָבִ֙יהָ֙ הִ֣יא מְחַלֶּ֔לֶת בָּאֵ֖שׁ תִּשָּׂרֵֽף׃ ס | 9 |
Og dersom ei prestedotter skjemdar seg med ulivnad, so vanhelgar ho far sin: ho skal brennast på bål.
וְהַכֹּהֵן֩ הַגָּדֹ֨ול מֵאֶחָ֜יו אֲֽשֶׁר־יוּצַ֥ק עַל־רֹאשֹׁ֣ו ׀ שֶׁ֤מֶן הַמִּשְׁחָה֙ וּמִלֵּ֣א אֶת־יָדֹ֔ו לִלְבֹּ֖שׁ אֶת־הַבְּגָדִ֑ים אֶת־רֹאשֹׁו֙ לֹ֣א יִפְרָ֔ע וּבְגָדָ֖יו לֹ֥א יִפְרֹֽם׃ | 10 |
Den presten som er yver alle brørne sine, han som fær salvingsoljen på hovudet sitt, og vert vigd til øvsteprest og klædd i den heilage bunaden, han må ikkje ganga med uflitt hår, og ikkje riva sund klædi sine.
וְעַ֛ל כָּל־נַפְשֹׁ֥ת מֵ֖ת לֹ֣א יָבֹ֑א לְאָבִ֥יו וּלְאִמֹּ֖ו לֹ֥א יִטַּמָּֽא׃ | 11 |
Han må ikkje ganga inn til noko lik; ikkje far eller mor di heller må han koma nær, etter dei hev andast; for då vert han urein.
וּמִן־הַמִּקְדָּשׁ֙ לֹ֣א יֵצֵ֔א וְלֹ֣א יְחַלֵּ֔ל אֵ֖ת מִקְדַּ֣שׁ אֱלֹהָ֑יו כִּ֡י נֵ֠זֶר שֶׁ֣מֶן מִשְׁחַ֧ת אֱלֹהָ֛יו עָלָ֖יו אֲנִ֥י יְהוָֽה׃ | 12 |
Han må ikkje ganga ut or det heilage huset, so han vanhelgar heilagdomen åt sin Gud; for vigsla av Guds salvingsolje er yver honom. Eg er Herren!
וְה֕וּא אִשָּׁ֥ה בִבְתוּלֶ֖יהָ יִקָּֽח׃ | 13 |
Han skal taka ei rein møy til kona.
אַלְמָנָ֤ה וּגְרוּשָׁה֙ וַחֲלָלָ֣ה זֹנָ֔ה אֶת־אֵ֖לֶּה לֹ֣א יִקָּ֑ח כִּ֛י אִם־בְּתוּלָ֥ה מֵעַמָּ֖יו יִקַּ֥ח אִשָּֽׁה׃ | 14 |
Ei enkja, eller ei kvinna som er fråskild eller utskjemd, eller ei skjøkja, slik ei må han aldri gifta seg med. Berre ei møy av folket sitt må han egta;
וְלֹֽא־יְחַלֵּ֥ל זַרְעֹ֖ו בְּעַמָּ֑יו כִּ֛י אֲנִ֥י יְהוָ֖ה מְקַדְּשֹֽׁו׃ פ | 15 |
elles vanhelgar han ætti si millom folket. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga honom!»»
וַיְדַבֵּ֥ר יְהוָ֖ה אֶל־מֹשֶׁ֥ה לֵּאמֹֽר׃ | 16 |
Og Herren tala meir til Moses, og sagde:
דַּבֵּ֥ר אֶֽל־אַהֲרֹ֖ן לֵאמֹ֑ר אִ֣ישׁ מִֽזַּרְעֲךָ֞ לְדֹרֹתָ֗ם אֲשֶׁ֨ר יִהְיֶ֥ה בֹו֙ מ֔וּם לֹ֣א יִקְרַ֔ב לְהַקְרִ֖יב לֶ֥חֶם אֱלֹהָֽיו׃ | 17 |
«Tala til Aron og seg: «Er det nokon av ætti di no eller i komande tider, som hev eit lyte, so må han ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.
כִּ֥י כָל־אִ֛ישׁ אֲשֶׁר־בֹּ֥ו מ֖וּם לֹ֣א יִקְרָ֑ב אִ֤ישׁ עִוֵּר֙ אֹ֣ו פִסֵּ֔חַ אֹ֥ו חָרֻ֖ם אֹ֥ו שָׂרֽוּעַ׃ | 18 |
Ingen som det er noko lyte på, må ganga innåt, ingen som er blind eller halt eller haremynt, eller hev ein vanskapt lem
אֹ֣ו אִ֔ישׁ אֲשֶׁר־יִהְיֶ֥ה בֹ֖ו שֶׁ֣בֶר רָ֑גֶל אֹ֖ו שֶׁ֥בֶר יָֽד׃ | 19 |
eller ein broten fot eller arm,
אֹֽו־גִבֵּ֣ן אֹו־דַ֔ק אֹ֖ו תְּבַלֻּ֣ל בְּעֵינֹ֑ו אֹ֤ו גָרָב֙ אֹ֣ו יַלֶּ֔פֶת אֹ֖ו מְרֹ֥וחַ אָֽשֶׁךְ׃ | 20 |
eller som er krylryggja eller skinnturr, eller som hev ein kvit flekk på augnesteinen, eller hev skabb eller gardorm eller slit i pungarne.
כָּל־אִ֞ישׁ אֲשֶׁר־בֹּ֣ו מ֗וּם מִזֶּ֙רַע֙ אַהֲרֹ֣ן הַכֹּהֵ֔ן לֹ֣א יִגַּ֔שׁ לְהַקְרִ֖יב אֶת־אִשֵּׁ֣י יְהוָ֑ה מ֣וּם בֹּ֔ו אֵ֚ת לֶ֣חֶם אֱלֹהָ֔יו לֹ֥א יִגַּ֖שׁ לְהַקְרִֽיב׃ | 21 |
Ingen etterkomar av Aron, presten, som hev noko lyte, må ganga innåt og bera fram eldofferi åt Herren; det er lyte på honom: han må ikkje ganga innåt og bera fram maten for sin Gud.
לֶ֣חֶם אֱלֹהָ֔יו מִקָּדְשֵׁ֖י הַקֳּדָשִׁ֑ים וּמִן־הַקֳּדָשִׁ֖ים יֹאכֵֽל׃ | 22 |
Han må nok eta av retterne åt sin Gud, både dei høgheilage og dei heilage;
אַ֣ךְ אֶל־הַפָּרֹ֜כֶת לֹ֣א יָבֹ֗א וְאֶל־הַמִּזְבֵּ֛חַ לֹ֥א יִגַּ֖שׁ כִּֽי־מ֣וּם בֹּ֑ו וְלֹ֤א יְחַלֵּל֙ אֶת־מִקְדָּשַׁ֔י כִּ֛י אֲנִ֥י יְהוָ֖ה מְקַדְּשָֽׁם׃ | 23 |
men etter di det er lyte på honom, må han ikkje ganga fram til forhenget, og ikkje koma innåt altaret; for då vanhelgar han heilagdomarne mine. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga deim.»»
וַיְדַבֵּ֣ר מֹשֶׁ֔ה אֶֽל־אַהֲרֹ֖ן וְאֶל־בָּנָ֑יו וְאֶֽל־כָּל־בְּנֵ֖י יִשְׂרָאֵֽל׃ פ | 24 |
Og Moses sagde alt dette til Aron og sønerne hans og til heile Israels-lyden.