< אֵיכָה 3 >
אֲנִ֤י הַגֶּ֙בֶר֙ רָאָ֣ה עֳנִ֔י בְּשֵׁ֖בֶט עֶבְרָתֹֽו׃ | 1 |
Eg er mannen som naudi såg under hans vreide-ris.
אֹותִ֥י נָהַ֛ג וַיֹּלַ֖ךְ חֹ֥שֶׁךְ וְלֹא־אֹֽור׃ | 2 |
Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos.
אַ֣ךְ בִּ֥י יָשֻׁ֛ב יַהֲפֹ֥ךְ יָדֹ֖ו כָּל־הַיֹּֽום׃ ס | 3 |
Berre mot meg vender han si hand upp att og upp att heile dagen.
בִּלָּ֤ה בְשָׂרִי֙ וְעֹורִ֔י שִׁבַּ֖ר עַצְמֹותָֽי׃ | 4 |
Han hev late meg eldast i hold og hud, han hev krasa mine bein.
בָּנָ֥ה עָלַ֛י וַיַּקַּ֖ף רֹ֥אשׁ וּתְלָאָֽה׃ | 5 |
Han bygde att for meg og ringa meg inn med beiska og møda.
בְּמַחֲשַׁכִּ֥ים הֹושִׁיבַ֖נִי כְּמֵתֵ֥י עֹולָֽם׃ ס | 6 |
I myrkret hev han set meg, lik deim som longe er daude.
גָּדַ֧ר בַּעֲדִ֛י וְלֹ֥א אֵצֵ֖א הִכְבִּ֥יד נְחָשְׁתִּֽי׃ | 7 |
Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor.
גַּ֣ם כִּ֤י אֶזְעַק֙ וַאֲשַׁוֵּ֔עַ שָׂתַ֖ם תְּפִלָּתִֽי׃ | 8 |
Endå eg kallar og ropar, let han att for mi bøn.
גָּדַ֤ר דְּרָכַי֙ בְּגָזִ֔ית נְתִיבֹתַ֖י עִוָּֽה׃ ס | 9 |
Han mura fyre mine vegar med tilhoggen stein, gjorde det uført på min stig.
דֹּ֣ב אֹרֵ֥ב הוּא֙ לִ֔י אַרְיֵה (אֲרִ֖י) בְּמִסְתָּרִֽים׃ | 10 |
Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne.
דְּרָכַ֥י סֹורֵ֛ר וַֽיְפַשְּׁחֵ֖נִי שָׂמַ֥נִי שֹׁמֵֽם׃ | 11 |
Til villstig gjorde han min veg; han reiv meg sund og lagde meg i øyde.
דָּרַ֤ךְ קַשְׁתֹּו֙ וַיַּצִּיבֵ֔נִי כַּמַּטָּרָ֖א לַחֵֽץ׃ ס | 12 |
Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil.
הֵבִיא֙ בְּכִלְיֹותָ֔י בְּנֵ֖י אַשְׁפָּתֹֽו׃ | 13 |
Han let renna inni mine nyro pilehus-sønerne sine.
הָיִ֤יתִי שְּׂחֹק֙ לְכָל־עַמִּ֔י נְגִינָתָ֖ם כָּל־הַיֹּֽום׃ | 14 |
Eg vart til lått for alt mitt folk, deira nidvisa heile dagen.
הִשְׂבִּיעַ֥נִי בַמְּרֹורִ֖ים הִרְוַ֥נִי לַעֲנָֽה׃ ס | 15 |
Han metta meg med beiske urter, han gav meg malurt å drikka.
וַיַּגְרֵ֤ס בֶּֽחָצָץ֙ שִׁנָּ֔י הִכְפִּישַׁ֖נִי בָּאֵֽפֶר׃ | 16 |
Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska.
וַתִּזְנַ֧ח מִשָּׁלֹ֛ום נַפְשִׁ֖י נָשִׁ֥יתִי טֹובָֽה׃ | 17 |
Og du støytte burt frå fred mi sjæl; eg gløymde kor det var å hava det godt.
וָאֹמַר֙ אָבַ֣ד נִצְחִ֔י וְתֹוחַלְתִּ֖י מֵיְהוָֽה׃ ס | 18 |
Og eg sagde: «Det er ute med mi kraft og med mi von til Herren.»
זְכָר־עָנְיִ֥י וּמְרוּדִ֖י לַעֲנָ֥ה וָרֹֽאשׁ׃ | 19 |
Kom i hug mi naud og mi utlægd - malurt og beiska.
זָכֹ֣ור תִּזְכֹּ֔ור וְתָשִׁיחַ (וְתָשֹׁ֥וחַ) עָלַ֖י נַפְשִֽׁי׃ | 20 |
Ho minnest det, sjæli mi, og er nedbøygd i meg.
זֹ֛את אָשִׁ֥יב אֶל־לִבִּ֖י עַל־כֵּ֥ן אֹוחִֽיל׃ ס | 21 |
Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona:
חַֽסְדֵ֤י יְהוָה֙ כִּ֣י לֹא־תָ֔מְנוּ כִּ֥י לֹא־כָל֖וּ רַחֲמָֽיו׃ | 22 |
Herrens nåde det er, at det ikkje er ute med oss, for hans miskunn er enn ikkje all.
חֲדָשִׁים֙ לַבְּקָרִ֔ים רַבָּ֖ה אֱמוּנָתֶֽךָ׃ | 23 |
Kvar morgon er ho ny, å, stor er din truskap.
חֶלְקִ֤י יְהוָה֙ אָמְרָ֣ה נַפְשִׁ֔י עַל־כֵּ֖ן אֹוחִ֥יל לֹֽו׃ ס | 24 |
Min lut er Herren, segjer mi sjæl; difor vonar vil eg vona på honom.
טֹ֤וב יְהוָה֙ לְקֹוָ֔ו לְנֶ֖פֶשׁ תִּדְרְשֶֽׁנּוּ׃ | 25 |
Herren er god med deim som ventar på honom, med den sjæl som søkjer honom.
טֹ֤וב וְיָחִיל֙ וְדוּמָ֔ם לִתְשׁוּעַ֖ת יְהוָֽה׃ | 26 |
Det er godt å vera still for Herren og venta på hans frelsa.
טֹ֣וב לַגֶּ֔בֶר כִּֽי־יִשָּׂ֥א עֹ֖ל בִּנְעוּרָֽיו׃ ס | 27 |
Det er godt for mannen at han ber ok i sin ungdom,
יֵשֵׁ֤ב בָּדָד֙ וְיִדֹּ֔ם כִּ֥י נָטַ֖ל עָלָֽיו׃ | 28 |
at han sit einsleg og tegjande, når han legg det på,
יִתֵּ֤ן בֶּֽעָפָר֙ פִּ֔יהוּ אוּלַ֖י יֵ֥שׁ תִּקְוָֽה׃ | 29 |
at han luter seg med munnen mot moldi - kann henda det enn er von -
יִתֵּ֧ן לְמַכֵּ֛הוּ לֶ֖חִי יִשְׂבַּ֥ע בְּחֶרְפָּֽה׃ ס | 30 |
at han held fram si kinn til slag, let seg metta med svivyrda.
כִּ֣י לֹ֥א יִזְנַ֛ח לְעֹולָ֖ם אֲדֹנָֽי׃ | 31 |
For Herren støyter ikkje æveleg burt.
כִּ֣י אִם־הֹוגָ֔ה וְרִחַ֖ם כְּרֹ֥ב חַסְדֹּו (חֲסָדָֽיו)׃ | 32 |
For um han legg på sorg, so miskunnar han endå etter sin store nåde.
כִּ֣י לֹ֤א עִנָּה֙ מִלִּבֹּ֔ו וַיַּגֶּ֖ה בְּנֵי־אִֽישׁ׃ ס | 33 |
For det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni.
לְדַכֵּא֙ תַּ֣חַת רַגְלָ֔יו כֹּ֖ל אֲסִ֥ירֵי אָֽרֶץ׃ | 34 |
At dei krasar under fot alle fangar i landet,
לְהַטֹּות֙ מִשְׁפַּט־גָּ֔בֶר נֶ֖גֶד פְּנֵ֥י עֶלְיֹֽון׃ | 35 |
at dei rengjer retten for mannen framfor åsyni til den Høgste,
לְעַוֵּ֤ת אָדָם֙ בְּרִיבֹ֔ו אֲדֹנָ֖י לֹ֥א רָאָֽה׃ ס | 36 |
at ein gjer urett mot ein mann i hans sak - ser ikkje Herren slikt?
מִ֣י זֶ֤ה אָמַר֙ וַתֶּ֔הִי אֲדֹנָ֖י לֹ֥א צִוָּֽה׃ | 37 |
Kven tala, og det vart, um Herren ikkje baud?
מִפִּ֤י עֶלְיֹון֙ לֹ֣א תֵצֵ֔א הָרָעֹ֖ות וְהַטֹּֽוב׃ | 38 |
Kjem ikkje frå munnen til den Høgste både vondt og godt?
מַה־יִּתְאֹונֵן֙ אָדָ֣ם חָ֔י גֶּ֖בֶר עַל־חֶטְאֹו (חֲטָאָֽיו)׃ ס | 39 |
Kvi skal eit livande menneskje klaga? Kvar syrgje yver si synd!
נַחְפְּשָׂ֤ה דְרָכֵ֙ינוּ֙ וְֽנַחְקֹ֔רָה וְנָשׁ֖וּבָה עַד־יְהוָֽה׃ | 40 |
Lat oss ransaka våre vegar og røyna deim og venda oss til Herren!
נִשָּׂ֤א לְבָבֵ֙נוּ֙ אֶל־כַּפָּ֔יִם אֶל־אֵ֖ל בַּשָּׁמָֽיִם׃ | 41 |
Lat oss lyfta våre hjarto likeins som våre hender til Gud i himmelen!
נַ֤חְנוּ פָשַׁ֙עְנוּ֙ וּמָרִ֔ינוּ אַתָּ֖ה לֹ֥א סָלָֽחְתָּ׃ ס | 42 |
Me hev synda og vore ulyduge, du hev ikkje tilgjeve.
סַכֹּ֤תָה בָאַף֙ וַֽתִּרְדְּפֵ֔נוּ הָרַ֖גְתָּ לֹ֥א חָמָֽלְתָּ׃ | 43 |
Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde.
סַכֹּ֤ותָה בֶֽעָנָן֙ לָ֔ךְ מֵעֲבֹ֖ור תְּפִלָּֽה׃ | 44 |
I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram.
סְחִ֧י וּמָאֹ֛וס תְּשִׂימֵ֖נוּ בְּקֶ֥רֶב הָעַמִּֽים׃ ס | 45 |
Til skarn og styggje hev du gjort oss midt imillom folki.
פָּצ֥וּ עָלֵ֛ינוּ פִּיהֶ֖ם כָּל־אֹיְבֵֽינוּ׃ | 46 |
Dei spila upp sitt gap imot oss, alle våre fiendar.
פַּ֧חַד וָפַ֛חַת הָ֥יָה לָ֖נוּ הַשֵּׁ֥את וְהַשָּֽׁבֶר׃ | 47 |
Gruv og grav det vart vår lut, øyding og tjon.
פַּלְגֵי־מַ֙יִם֙ תֵּרַ֣ד עֵינִ֔י עַל־שֶׁ֖בֶר בַּת־עַמִּֽי׃ ס | 48 |
Tårebekkjer strøymer or mitt auga for tjonet på mitt folks dotter.
עֵינִ֧י נִגְּרָ֛ה וְלֹ֥א תִדְמֶ֖ה מֵאֵ֥ין הֲפֻגֹֽות׃ | 49 |
Mitt auga sirenn, roar seg ikkje,
עַד־יַשְׁקִ֣יף וְיֵ֔רֶא יְהוָ֖ה מִשָּׁמָֽיִם׃ | 50 |
fyrr Herrens skodar etter og ser frå himmelen.
עֵינִי֙ עֹֽולְלָ֣ה לְנַפְשִׁ֔י מִכֹּ֖ל בְּנֹ֥ות עִירִֽי׃ ס | 51 |
Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for kvar ei av døtterne i min by.
צֹ֥וד צָד֛וּנִי כַּצִּפֹּ֖ור אֹיְבַ֥י חִנָּֽם׃ | 52 |
Dei jaga og elte meg som ein fugl, dei som var mine fiendar utan orsak.
צָֽמְת֤וּ בַבֹּור֙ חַיָּ֔י וַיַּדּוּ־אֶ֖בֶן בִּֽי׃ | 53 |
Dei vilde taka livet av meg nede i brunnen, dei kasta stein på meg.
צָֽפוּ־מַ֥יִם עַל־רֹאשִׁ֖י אָמַ֥רְתִּי נִגְזָֽרְתִּי׃ ס | 54 |
Vatnet flødde yver mitt hovud, eg sagde: «Det er ute med meg.»
קָרָ֤אתִי שִׁמְךָ֙ יְהוָ֔ה מִבֹּ֖ור תַּחְתִּיֹּֽות׃ | 55 |
Eg påkalla ditt namn, Herre, utor den djupe hola.
קֹולִ֖י שָׁמָ֑עְתָּ אַל־תַּעְלֵ֧ם אָזְנְךָ֛ לְרַוְחָתִ֖י לְשַׁוְעָתִֽי׃ | 56 |
Mi røyst høyrde du; haldt deg ikkje for øyro når eg ropar um lindring.
קָרַ֙בְתָּ֙ בְּיֹ֣ום אֶקְרָאֶ֔ךָּ אָמַ֖רְתָּ אַל־תִּירָֽא׃ ס | 57 |
Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sagde: «Ikkje ottast!»
רַ֧בְתָּ אֲדֹנָ֛י רִיבֵ֥י נַפְשִׁ֖י גָּאַ֥לְתָּ חַיָּֽי׃ | 58 |
Du, Herre, hev ført saki for mi sjæl, du hev løyst ut mitt liv.
רָאִ֤יתָה יְהוָה֙ עַוָּ֣תָתִ֔י שָׁפְטָ֖ה מִשְׁפָּטִֽי׃ | 59 |
Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak!
רָאִ֙יתָה֙ כָּל־נִקְמָתָ֔ם כָּל־מַחְשְׁבֹתָ֖ם לִֽי׃ ס | 60 |
Du hev set all deira hemnhug, alle deira løynderåder mot meg.
שָׁמַ֤עְתָּ חֶרְפָּתָם֙ יְהוָ֔ה כָּל־מַחְשְׁבֹתָ֖ם עָלָֽי׃ | 61 |
Du hev høyrt deira svivyrdingar, alle deira løynderåder mot meg,
שִׂפְתֵ֤י קָמַי֙ וְהֶגְיֹונָ֔ם עָלַ֖י כָּל־הַיֹּֽום׃ | 62 |
det mine motstandarar sagde og tenkte imot meg dagen lang.
שִׁבְתָּ֤ם וְקִֽימָתָם֙ הַבִּ֔יטָה אֲנִ֖י מַנְגִּינָתָֽם׃ ס | 63 |
Ansa på deim, når dei sit og når dei stend! um meg gjer dei nidvisor.
תָּשִׁ֨יב לָהֶ֥ם גְּמ֛וּל יְהוָ֖ה כְּמַעֲשֵׂ֥ה יְדֵיהֶֽם׃ | 64 |
Du, Herre, vil gjeva deim av same slag som deira hender hev gjort.
תִּתֵּ֤ן לָהֶם֙ מְגִנַּת־לֵ֔ב תַּאֲלָֽתְךָ֖ לָהֶֽם׃ | 65 |
Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, du vil bannstøyta deim.
תִּרְדֹּ֤ף בְּאַף֙ וְתַשְׁמִידֵ֔ם מִתַּ֖חַת שְׁמֵ֥י יְהוָֽה׃ פ | 66 |
Du vil elta deim i vreide, og tyna deim so dei ikkje bid meir under Herrens himmel.