< תהילים 34 >
לְדָוִד בְּשַׁנּוֹתוֹ אֶת־טַעְמוֹ לִפְנֵי אֲבִימֶלֶךְ וַיְגָרְשֵׁהוּ וַיֵּלַֽךְ׃ אֲבָרְכָה אֶת־יְהֹוָה בְּכׇל־עֵת תָּמִיד תְּֽהִלָּתוֹ בְּפִֽי׃ | 1 |
Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt. Eg vil lova Herren alle tider, hans pris skal stendigt vera i min munn.
בַּיהֹוָה תִּתְהַלֵּל נַפְשִׁי יִשְׁמְעוּ עֲנָוִים וְיִשְׂמָֽחוּ׃ | 2 |
Mi sjæl skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.
גַּדְּלוּ לַיהֹוָה אִתִּי וּנְרוֹמְמָה שְׁמוֹ יַחְדָּֽו׃ | 3 |
Lova Herren storleg med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!
דָּרַשְׁתִּי אֶת־יְהֹוָה וְעָנָנִי וּמִכׇּל־מְגוּרוֹתַי הִצִּילָֽנִי׃ | 4 |
Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alle mine rædslor.
הִבִּיטוּ אֵלָיו וְנָהָרוּ וּפְנֵיהֶם אַל־יֶחְפָּֽרוּ׃ | 5 |
Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast.
זֶה עָנִי קָרָא וַיהֹוָה שָׁמֵעַ וּמִכׇּל־צָרוֹתָיו הוֹשִׁיעֽוֹ׃ | 6 |
Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor.
חֹנֶה מַלְאַךְ־יְהֹוָה סָבִיב לִירֵאָיו וַֽיְחַלְּצֵֽם׃ | 7 |
Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut.
טַעֲמוּ וּרְאוּ כִּֽי־טוֹב יְהֹוָה אַֽשְׁרֵי הַגֶּבֶר יֶחֱסֶה־בּֽוֹ׃ | 8 |
Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til honom.
יְראוּ אֶת־יְהֹוָה קְדֹשָׁיו כִּי־אֵין מַחְסוֹר לִירֵאָֽיו׃ | 9 |
Ottast Herren, de hans heilage, for inkje vantar dei som ottast honom.
כְּפִירִים רָשׁוּ וְרָעֵבוּ וְדֹרְשֵׁי יְהֹוָה לֹא־יַחְסְרוּ כׇל־טֽוֹב׃ | 10 |
Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt.
לְֽכוּ־בָנִים שִׁמְעוּ־לִי יִֽרְאַת יְהֹוָה אֲלַמֶּדְכֶֽם׃ | 11 |
Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.
מִֽי־הָאִישׁ הֶחָפֵץ חַיִּים אֹהֵב יָמִים לִרְאוֹת טֽוֹב׃ | 12 |
Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka?
נְצֹר לְשׁוֹנְךָ מֵרָע וּשְׂפָתֶיךָ מִדַּבֵּר מִרְמָֽה׃ | 13 |
Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale!
סוּר מֵרָע וַעֲשֵׂה־טוֹב בַּקֵּשׁ שָׁלוֹם וְרׇדְפֵֽהוּ׃ | 14 |
Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom!
עֵינֵי יְהֹוָה אֶל־צַדִּיקִים וְאׇזְנָיו אֶל־שַׁוְעָתָֽם׃ | 15 |
Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.
פְּנֵי יְהֹוָה בְּעֹשֵׂי רָע לְהַכְרִית מֵאֶרֶץ זִכְרָֽם׃ | 16 |
Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.
צָעֲקוּ וַיהֹוָה שָׁמֵעַ וּמִכׇּל־צָרוֹתָם הִצִּילָֽם׃ | 17 |
Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.
קָרוֹב יְהֹוָה לְנִשְׁבְּרֵי־לֵב וְֽאֶת־דַּכְּאֵי־רוּחַ יוֹשִֽׁיעַ׃ | 18 |
Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd.
רַבּוֹת רָעוֹת צַדִּיק וּמִכֻּלָּם יַצִּילֶנּוּ יְהֹוָֽה׃ | 19 |
Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar honom ut or deim alle.
שֹׁמֵר כׇּל־עַצְמוֹתָיו אַחַת מֵהֵנָּה לֹא נִשְׁבָּֽרָה׃ | 20 |
Herren tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av deim vert brote.
תְּמוֹתֵת רָשָׁע רָעָה וְשֹׂנְאֵי צַדִּיק יֶאְשָֽׁמוּ׃ | 21 |
Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka.
פֹּדֶה יְהֹוָה נֶפֶשׁ עֲבָדָיו וְלֹא יֶאְשְׁמוּ כׇּֽל־הַחֹסִים בּֽוֹ׃ | 22 |
Herren løyser ut deira sjæl som tener honom, og av dei som flyr til honom, vert ingen saka.