< תהילים 18 >
לַמְנַצֵּחַ ׀ לְעֶבֶד יְהֹוָה לְדָוִד אֲשֶׁר דִּבֶּר ׀ לַיהֹוָה אֶת־דִּבְרֵי הַשִּׁירָה הַזֹּאת בְּיוֹם הִֽצִּיל־יְהֹוָה אוֹתוֹ מִכַּף כׇּל־אֹיְבָיו וּמִיַּד שָׁאֽוּל׃ וַיֹּאמַר אֶרְחׇמְךָ יְהֹוָה חִזְקִֽי׃ | 1 |
Til songmeisteren; av Herrens tenar David, som førde fram for Herren ordi i denne songen den dag då Herren hadde frelst honom frå alle hans fiendar og frå Saul. Og han sagde: Herre, eg hev deg hjarteleg kjær, min styrke!
יְהֹוָה ׀ סַלְעִי וּמְצוּדָתִי וּמְפַלְטִי אֵלִי צוּרִי אֶֽחֱסֶה־בּוֹ מָֽגִנִּי וְקֶֽרֶן־יִשְׁעִי מִשְׂגַּבִּֽי׃ | 2 |
Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg.
מְהֻלָּל אֶקְרָא יְהֹוָה וּמִן־אֹיְבַי אִוָּשֵֽׁעַ׃ | 3 |
Eg kallar på Herren som er høglova, og vert frelst frå mine fiendar.
אֲפָפוּנִי חֶבְלֵי־מָוֶת וְֽנַחֲלֵי בְלִיַּעַל יְבַֽעֲתֽוּנִי׃ | 4 |
Daudsens reip var spente um meg, og bekkjer av vondskap skræmde meg.
חֶבְלֵי שְׁאוֹל סְבָבוּנִי קִדְּמוּנִי מוֹקְשֵׁי מָֽוֶת׃ (Sheol ) | 5 |
Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg. (Sheol )
בַּצַּר־לִי ׀ אֶקְרָא יְהֹוָה וְאֶל־אֱלֹהַי אֲשַׁוֵּעַ יִשְׁמַע מֵהֵיכָלוֹ קוֹלִי וְשַׁוְעָתִי לְפָנָיו ׀ תָּבוֹא בְאׇזְנָֽיו׃ | 6 |
I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, og mitt rop kom for hans andlit, til hans øyro.
וַתִּגְעַשׁ וַתִּרְעַשׁ ׀ הָאָרֶץ וּמוֹסְדֵי הָרִים יִרְגָּזוּ וַיִּתְגָּֽעֲשׁוּ כִּי־חָרָה לֽוֹ׃ | 7 |
Og jordi skok og riste seg, og grunnvollarne i fjelli skalv, og dei skok seg, for han var vreid.
עָלָה עָשָׁן ׀ בְּאַפּוֹ וְאֵשׁ־מִפִּיו תֹּאכֵל גֶּחָלִים בָּעֲרוּ מִמֶּֽנּוּ׃ | 8 |
Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; gloande kol loga frå honom.
וַיֵּט שָׁמַיִם וַיֵּרַד וַעֲרָפֶל תַּחַת רַגְלָֽיו׃ | 9 |
Og han lægde himmelen og steig ned, og det var kolmyrker under hans føter.
וַיִּרְכַּב עַל־כְּרוּב וַיָּעֹף וַיֵּדֶא עַל־כַּנְפֵי־רֽוּחַ׃ | 10 |
Og han for fram på kerub, og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.
יָשֶׁת חֹשֶׁךְ ׀ סִתְרוֹ סְבִֽיבוֹתָיו סֻכָּתוֹ חֶשְׁכַת־מַיִם עָבֵי שְׁחָקִֽים׃ | 11 |
Og han gjorde myrker til sitt åklæde rundt ikring seg, til sitt tjeld myrke vatn, tjukke skyer.
מִנֹּגַהּ נֶגְדּוֹ עָבָיו עָבְרוּ בָּרָד וְגַֽחֲלֵי־אֵֽשׁ׃ | 12 |
Frå glansen for hans andlit for hans skyer fram, hagl og gloande kol.
וַיַּרְעֵם בַּשָּׁמַיִם ׀ יְֽהֹוָה וְעֶלְיוֹן יִתֵּן קֹלוֹ בָּרָד וְגַֽחֲלֵי־אֵֽשׁ׃ | 13 |
Og Herren tora i himmelen, den Høgste let si røyst ljoda: hagl og gloande kol.
וַיִּשְׁלַח חִצָּיו וַיְפִיצֵם וּבְרָקִים רָב וַיְהֻמֵּֽם׃ | 14 |
Og han sende ut sine piler og spreidde deim ikring, og eldingar i mengd og fortulla deim.
וַיֵּרָאוּ ׀ אֲפִיקֵי מַיִם וַֽיִּגָּלוּ מוֹסְדוֹת תֵּבֵל מִגַּעֲרָתְךָ יְהֹוָה מִנִּשְׁמַת רוּחַ אַפֶּֽךָ׃ | 15 |
Då kom djupålarne i vatnom til synes, og grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved ditt trugsmål, Herre, ved andepusten frå din nase.
יִשְׁלַח מִמָּרוֹם יִקָּחֵנִי יַֽמְשֵׁנִי מִמַּיִם רַבִּֽים׃ | 16 |
Han rette ut handi frå det høge, han greip meg; han drog meg upp or store vatn.
יַצִּילֵנִי מֵאֹיְבִי עָז וּמִשֹּׂנְאַי כִּֽי־אָמְצוּ מִמֶּֽנִּי׃ | 17 |
Han frelste meg frå min megtige fiende og frå mine hatarar, for dei var meg for sterke.
יְקַדְּמוּנִי בְיוֹם־אֵידִי וַֽיְהִי־יְהֹוָה לְמִשְׁעָן לִֽי׃ | 18 |
Dei for imot meg på min motgangs dag; men Herren vart min studnad.
וַיּוֹצִיאֵנִי לַמֶּרְחָב יְחַלְּצֵנִי כִּי חָפֵֽץ בִּֽי׃ | 19 |
Han førde meg ut i vidt rom; han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.
יִגְמְלֵנִי יְהֹוָה כְּצִדְקִי כְּבֹר יָדַי יָשִׁיב לִֽי׃ | 20 |
Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender.
כִּֽי־שָׁמַרְתִּי דַּרְכֵי יְהֹוָה וְלֹֽא־רָשַׁעְתִּי מֵאֱלֹהָֽי׃ | 21 |
For eg tok vare på Herrens vegar og fall ikkje i vondskap frå min Gud.
כִּי כׇל־מִשְׁפָּטָיו לְנֶגְדִּי וְחֻקֹּתָיו לֹא־אָסִיר מֶֽנִּי׃ | 22 |
For alle hans lover hadde eg for auga, hans bodord støytte eg ikkje frå meg.
וָאֱהִי תָמִים עִמּוֹ וָאֶשְׁתַּמֵּר מֵעֲוֺנִֽי׃ | 23 |
Og eg var ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd.
וַיָּֽשֶׁב־יְהֹוָה לִי כְצִדְקִי כְּבֹר יָדַי לְנֶגֶד עֵינָֽיו׃ | 24 |
Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken i mine hender for hans augo.
עִם־חָסִיד תִּתְחַסָּד עִם־גְּבַר תָּמִים תִּתַּמָּֽם׃ | 25 |
Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande mann syner du deg ulastande,
עִם־נָבָר תִּתְבָּרָר וְעִם־עִקֵּשׁ תִּתְפַּתָּֽל׃ | 26 |
mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde gjer du deg rang.
כִּֽי־אַתָּה עַם־עָנִי תוֹשִׁיעַ וְעֵינַיִם רָמוֹת תַּשְׁפִּֽיל׃ | 27 |
For du frelser arme folk og tvingar høge augo ned.
כִּֽי־אַתָּה תָּאִיר נֵרִי יְהֹוָה אֱלֹהַי יַגִּיהַּ חׇשְׁכִּֽי׃ | 28 |
For du let mi lampa lysa klårt, Herren, min Gud, gjer mitt myrker bjart.
כִּֽי־בְךָ אָרֻץ גְּדוּד וּבֵֽאלֹהַי אֲדַלֶּג־שֽׁוּר׃ | 29 |
For ved deg renner eg mot herflokkar, og ved min Gud spring eg yver murar.
הָאֵל תָּמִים דַּרְכּוֹ אִמְרַֽת־יְהֹוָה צְרוּפָה מָגֵן הוּא לְכֹל ׀ הַחֹסִים בּֽוֹ׃ | 30 |
Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom.
כִּי מִי אֱלוֹהַּ מִבַּלְעֲדֵי יְהֹוָה וּמִי צוּר זוּלָתִי אֱלֹהֵֽינוּ׃ | 31 |
For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg utan vår Gud?
הָאֵל הַמְאַזְּרֵנִי חָיִל וַיִּתֵּן תָּמִים דַּרְכִּֽי׃ | 32 |
Den Gud som gyrder meg med kraft og gjer min veg ulastande,
מְשַׁוֶּה רַגְלַי כָּאַיָּלוֹת וְעַל בָּמֹתַי יַעֲמִידֵֽנִי׃ | 33 |
som gjev meg føter liksom hindarne og set meg upp på mine høgder,
מְלַמֵּד יָדַי לַמִּלְחָמָה וְֽנִחֲתָה קֶֽשֶׁת־נְחוּשָׁה זְרוֹעֹתָֽי׃ | 34 |
som lærer upp mine hender til strid, so mine armar spenner koparbogen.
וַתִּתֶּן־לִי מָגֵן יִשְׁעֶךָ וִֽימִינְךָ תִסְעָדֵנִי וְֽעַנְוַתְךָ תַרְבֵּֽנִי׃ | 35 |
Og du gav meg di frelsa til skjold, di høgre hand studde meg, og di småminking gjorde meg stor.
תַּרְחִיב צַעֲדִי תַחְתָּי וְלֹא מָעֲדוּ קַרְסֻלָּֽי׃ | 36 |
Du gjorde vidt rom åt mine stig under meg, og mine oklo vagga ikkje.
אֶרְדּוֹף אוֹיְבַי וְאַשִּׂיגֵם וְלֹֽא־אָשׁוּב עַד־כַּלּוֹתָֽם׃ | 37 |
Eg forfylgde mine fiendar og nådde deim og vende ikkje um fyrr eg hev gjort av med deim.
אֶמְחָצֵם וְלֹא־יֻכְלוּ קוּם יִפְּלוּ תַּחַת רַגְלָֽי׃ | 38 |
Eg slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg; dei fell under føter.
וַתְּאַזְּרֵנִי חַיִל לַמִּלְחָמָה תַּכְרִיעַ קָמַי תַּחְתָּֽי׃ | 39 |
Og du gyrde meg med kraft til striden; du bøygde under meg deim som stod upp imot meg.
וְֽאֹיְבַי נָתַתָּה לִּי עֹרֶף וּמְשַׂנְאַי אַצְמִיתֵֽם׃ | 40 |
Du let mine fiendar snu ryggen til meg, og mine hatarar, deim rudde eg ut.
יְשַׁוְּעוּ וְאֵין־מוֹשִׁיעַ עַל־יְהֹוָה וְלֹא עָנָֽם׃ | 41 |
Dei ropa - men der var ingen frelsar - til Herren, men han svarar deim ikkje.
וְֽאֶשְׁחָקֵם כְּעָפָר עַל־פְּנֵי־רוּחַ כְּטִיט חוּצוֹת אֲרִיקֵֽם׃ | 42 |
Og eg smuldrar deim som dust for vinden; som søyla på gator slo eg deim ut.
תְּפַלְּטֵנִי מֵרִיבֵי עָם תְּשִׂימֵנִי לְרֹאשׁ גּוֹיִם עַם לֹא־יָדַעְתִּי יַֽעַבְדֽוּנִי׃ | 43 |
Du frelste meg frå folke-ufred; du sette meg til hovud for heidningar; folk som eg ikkje kjende, tente meg.
לְשֵׁמַֽע אֹזֶן יִשָּׁמְעוּ לִי בְּנֵֽי־נֵכָר יְכַחֲשׁוּ־לִֽי׃ | 44 |
Ved gjetordet um meg lydde dei meg; framande folk smeikte for meg.
בְּנֵי־נֵכָר יִבֹּלוּ וְיַחְרְגוּ מִֽמִּסְגְּרֽוֹתֵיהֶֽם׃ | 45 |
Framande folk visna av og gjekk skjelvande ut or sine borger.
חַי־יְהֹוָה וּבָרוּךְ צוּרִי וְיָרוּם אֱלוֹהֵי יִשְׁעִֽי׃ | 46 |
Herren liver, og lova er han, mitt berg, og upphøgd er den Gud som meg frelser,
הָאֵל הַנּוֹתֵן נְקָמוֹת לִי וַיַּדְבֵּר עַמִּים תַּחְתָּֽי׃ | 47 |
den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg,
מְפַלְּטִי מֵאֹיְבָי אַף מִן־קָמַי תְּרוֹמְמֵנִי מֵאִישׁ חָמָס תַּצִּילֵֽנִי׃ | 48 |
som frelser meg frå mine fiendar; ja - du lyfter meg høgt yver deim som stend imot meg, frå valdsmannen bergar du meg.
עַל־כֵּן ׀ אוֹדְךָ בַגּוֹיִם ׀ יְהֹוָה וּלְשִׁמְךָ אֲזַמֵּֽרָה׃ | 49 |
Difor vil eg prisa deg millom heidningarne, Herre, og lovsyngja ditt namn.
מַגְדִּל יְשׁוּעוֹת מַלְכּוֹ וְעֹשֶׂה חֶסֶד ׀ לִמְשִׁיחוֹ לְדָוִד וּלְזַרְעוֹ עַד־עוֹלָֽם׃ | 50 |
Han gjer frelsa stor for sin konge, og gjer miskunn mot den som er salva av honom, mot David og hans ætt til æveleg tid.