< תהילים 138 >

לְדָוִד ׀ אוֹדְךָ בְכׇל־לִבִּי נֶגֶד אֱלֹהִים אֲזַמְּרֶֽךָּ׃ 1
Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov.
אֶשְׁתַּחֲוֶה אֶל־הֵיכַל קׇדְשְׁךָ וְאוֹדֶה אֶת־שְׁמֶךָ עַל־חַסְדְּךָ וְעַל־אֲמִתֶּךָ כִּֽי־הִגְדַּלְתָּ עַל־כׇּל־שִׁמְךָ אִמְרָתֶֽךָ׃ 2
Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn.
בְּיוֹם קָרָֽאתִי וַֽתַּעֲנֵנִי תַּרְהִבֵנִי בְנַפְשִׁי עֹֽז׃ 3
Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl.
יוֹדוּךָ יְהֹוָה כׇּל־מַלְכֵי־אָרֶץ כִּי שָׁמְעוּ אִמְרֵי־פִֽיךָ׃ 4
Herre, alle kongar på jordi skal prisa deg, når dei fær høyra ordi av din munn.
וְיָשִׁירוּ בְּדַרְכֵי יְהֹוָה כִּֽי־גָדוֹל כְּבוֹד יְהֹוָֽה׃ 5
Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor,
כִּי־רָם יְהֹוָה וְשָׁפָל יִרְאֶה וְגָבֹהַּ מִמֶּרְחָק יְיֵדָֽע׃ 6
for Herren er høg og ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg.
אִם־אֵלֵךְ ׀ בְּקֶרֶב צָרָה תְּחַיֵּנִי עַל אַף אֹיְבַי תִּשְׁלַח יָדֶךָ וְתוֹשִׁיעֵנִי יְמִינֶֽךָ׃ 7
Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand.
יְהֹוָה יִגְמֹר בַּעֲדִי יְהֹוָה חַסְדְּךָ לְעוֹלָם מַעֲשֵׂי יָדֶיךָ אַל־תֶּֽרֶף׃ 8
Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!

< תהילים 138 >