< תהילים 104 >
בָּרְכִי נַפְשִׁי אֶת־יְהֹוָה יְהֹוָה אֱלֹהַי גָּדַלְתָּ מְּאֹד הוֹד וְהָדָר לָבָֽשְׁתָּ׃ | 1 |
Lova Herren, mi sjæl! Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd.
עֹֽטֶה־אוֹר כַּשַּׂלְמָה נוֹטֶה שָׁמַיִם כַּיְרִיעָֽה׃ | 2 |
Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk,
הַמְקָרֶה בַמַּיִם עֲֽלִיּוֹתָיו הַשָּׂם־עָבִים רְכוּבוֹ הַֽמְהַלֵּךְ עַל־כַּנְפֵי־רֽוּחַ׃ | 3 |
han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyerne til si vogn, han som fer fram på vengjerne åt vinden.
עֹשֶׂה מַלְאָכָיו רוּחוֹת מְשָׁרְתָיו אֵשׁ לֹהֵֽט׃ | 4 |
Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar.
יָֽסַד־אֶרֶץ עַל־מְכוֹנֶיהָ בַּל־תִּמּוֹט עוֹלָם וָעֶֽד׃ | 5 |
Han grunnfeste jordi på stolparne hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.
תְּהוֹם כַּלְּבוּשׁ כִּסִּיתוֹ עַל־הָרִים יַעַמְדוּ מָֽיִם׃ | 6 |
Djupe vatn lagde du yver henne som eit klæde, yver fjelli stod vatni.
מִן־גַּעֲרָתְךָ יְנוּסוּן מִן־קוֹל רַֽעַמְךָ יֵחָפֵזֽוּן׃ | 7 |
For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burt
יַעֲלוּ הָרִים יֵרְדוּ בְקָעוֹת אֶל־מְקוֹם זֶה ׀ יָסַדְתָּ לָהֶֽם׃ | 8 |
- fjell steig, dalar sokk - til den staden som du hadde grunnfest for deim.
גְּֽבוּל־שַׂמְתָּ בַּל־יַעֲבֹרוּן בַּל־יְשֻׁבוּן לְכַסּוֹת הָאָֽרֶץ׃ | 9 |
Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi.
הַֽמְשַׁלֵּחַ מַעְיָנִים בַּנְּחָלִים בֵּין הָרִים יְהַלֵּכֽוּן׃ | 10 |
Han sender uppkomor fram i dalarne, millom fjelli renn dei.
יַשְׁקוּ כׇּל־חַיְתוֹ שָׂדָי יִשְׁבְּרוּ פְרָאִים צְמָאָֽם׃ | 11 |
Dei vatnar alle villdyr på marki, villasni sløkkjer torsten sin.
עֲלֵיהֶם עוֹף־הַשָּׁמַיִם יִשְׁכּוֹן מִבֵּין עֳפָאיִם יִתְּנוּ־קֽוֹל׃ | 12 |
Yver deim bur himmelens fuglar, millom greinerne syng dei.
מַשְׁקֶה הָרִים מֵעֲלִיּוֹתָיו מִפְּרִי מַעֲשֶׂיךָ תִּשְׂבַּע הָאָֽרֶץ׃ | 13 |
Han vatnar fjelli frå sine høge salar, jordi vert metta av den frukt du skaper.
מַצְמִיחַ חָצִיר ׀ לַבְּהֵמָה וְעֵשֶׂב לַעֲבֹדַת הָאָדָם לְהוֹצִיא לֶחֶם מִן־הָאָֽרֶץ׃ | 14 |
Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk til å få brød fram or jordi,
וְיַיִן ׀ יְשַׂמַּח לְֽבַב־אֱנוֹשׁ לְהַצְהִיל פָּנִים מִשָּׁמֶן וְלֶחֶם לְֽבַב־אֱנוֹשׁ יִסְעָֽד׃ | 15 |
og vin som gled menneskjehjarta, til å lata andlitet skina av olje, og avla brød som styrkjer menneskjehjarta.
יִשְׂבְּעוּ עֲצֵי יְהֹוָה אַֽרְזֵי לְבָנוֹן אֲשֶׁר נָטָֽע׃ | 16 |
Herrens tre vert metta, Libanons cedrar som han hev sett,
אֲשֶׁר־שָׁם צִפֳּרִים יְקַנֵּנוּ חֲסִידָה בְּרוֹשִׁים בֵּיתָֽהּ׃ | 17 |
der fuglane byggjer reir, storken som hev sitt hus i cypressarne.
הָרִים הַגְּבֹהִים לַיְּעֵלִים סְלָעִים מַחְסֶה לַֽשְׁפַנִּֽים׃ | 18 |
Dei høge fjelli er for steinbukkarne, bergskortorne er til livd for fjell-grevlingarne.
עָשָׂה יָרֵחַ לְמוֹעֲדִים שֶׁמֶשׁ יָדַע מְבוֹאֽוֹ׃ | 19 |
Han gjorde månen til tidarmerke; soli kjenner si nedgangstid.
תָּֽשֶׁת־חֹשֶׁךְ וִיהִי לָיְלָה בּוֹ־תִרְמֹשׂ כׇּל־חַיְתוֹ־יָֽעַר׃ | 20 |
Du sender myrker, og det vert natt, då krek alle villdyr i skogen fram.
הַכְּפִירִים שֹׁאֲגִים לַטָּרֶף וּלְבַקֵּשׁ מֵאֵל אׇכְלָֽם׃ | 21 |
Dei unge løvor burar etter ran, og dei krev si føda av Gud.
תִּזְרַח הַשֶּׁמֶשׁ יֵאָסֵפוּן וְאֶל־מְעוֹנֹתָם יִרְבָּצֽוּן׃ | 22 |
Soli gjeng upp, då dreg dei seg heim og legg seg inn i sine bol.
יֵצֵא אָדָם לְפׇעֳלוֹ וְֽלַעֲבֹדָתוֹ עֲדֵי־עָֽרֶב׃ | 23 |
Menneskja gjeng ut til si gjerning, til sitt arbeid alt til kvelds.
מָה־רַבּוּ מַעֲשֶׂיךָ ׀ יְֽהֹוָה כֻּלָּם בְּחׇכְמָה עָשִׂיתָ מָלְאָה הָאָרֶץ קִנְיָנֶֽךָ׃ | 24 |
Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde deim alle med visdom, jordi er full av det du hev skapt.
זֶה ׀ הַיָּם גָּדוֹל וּרְחַב יָדָיִם שָֽׁם־רֶמֶשׂ וְאֵין מִסְפָּר חַיּוֹת קְטַנּוֹת עִם־גְּדֹלֽוֹת׃ | 25 |
Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr både små og store.
שָׁם אֳנִיּוֹת יְהַלֵּכוּן לִוְיָתָן זֶֽה־יָצַרְתָּ לְשַֽׂחֶק־בּֽוֹ׃ | 26 |
Der gjeng skipi, Livjatan som du hev laga til å leika seg der.
כֻּלָּם אֵלֶיךָ יְשַׂבֵּרוּן לָתֵת אׇכְלָם בְּעִתּֽוֹ׃ | 27 |
Alle ventar dei på deg, at du skal gjeva deim føda i si tid.
תִּתֵּן לָהֶם יִלְקֹטוּן תִּפְתַּח יָדְךָ יִשְׂבְּעוּן טֽוֹב׃ | 28 |
Du gjev deim, dei sankar, du let upp handi, dei vert metta med godt.
תַּסְתִּיר פָּנֶיךָ יִֽבָּהֵלוּן תֹּסֵף רוּחָם יִגְוָעוּן וְֽאֶל־עֲפָרָם יְשׁוּבֽוּן׃ | 29 |
Du løyner ditt andlit, dei vert forskræmde, du tek burt deira ande, dei døyr og dei vender attende til dusti si.
תְּשַׁלַּח רוּחֲךָ יִבָּרֵאוּן וּתְחַדֵּשׁ פְּנֵי אֲדָמָֽה׃ | 30 |
Du sender ut din ande, dei vert skapte, du nyar upp att skapnaden åt jordi.
יְהִי כְבוֹד יְהֹוָה לְעוֹלָם יִשְׂמַח יְהֹוָה בְּמַעֲשָֽׂיו׃ | 31 |
Herrens æra vare æveleg, Herren glede seg i sine gjerningar!
הַמַּבִּיט לָאָרֶץ וַתִּרְעָד יִגַּע בֶּהָרִים וְֽיֶעֱשָֽׁנוּ׃ | 32 |
Han som skodar på jordi og ho skjelv, han som rører fjelli og dei ryk.
אָשִׁירָה לַיהֹוָה בְּחַיָּי אֲזַמְּרָה לֵאלֹהַי בְּעוֹדִֽי׃ | 33 |
Eg vil syngja for Herren so lenge eg liver, eg vil lovsyngja min Gud so lenge eg er til.
יֶעֱרַב עָלָיו שִׂיחִי אָנֹכִי אֶשְׂמַח בַּיהֹוָֽה׃ | 34 |
Gjev min tale kunde tekkjast honom! Eg vil gleda meg i Herren.
יִתַּמּוּ חַטָּאִים ׀ מִן־הָאָרֶץ וּרְשָׁעִים ׀ עוֹד אֵינָם בָּרְכִי נַפְשִׁי אֶת־יְהֹוָה הַֽלְלוּ־יָֽהּ׃ | 35 |
Gjev syndarar måtte kverva burt frå jordi, og ugudlege ikkje lenger finnast! Lova Herren, mi sjæl! Halleluja, lova Herren.