< תהילים 35 >
לדוד ריבה יהוה את-יריבי לחם את-לחמי | 1 |
Av David. Herre, før mi sak mot deim som hev sak mot meg! Strid mot deim som strider mot meg!
החזק מגן וצנה וקומה בעזרתי | 2 |
Grip skjold og verja og reis deg til hjelp for meg!
והרק חנית וסגר לקראת רדפי אמר לנפשי ישעתך אני | 3 |
Drag spjotet fram og steng vegen for deim som forfylgjer meg! Seg til mi sjæl: «Eg er di frelsa!»
יבשו ויכלמו מבקשי נפשי יסגו אחור ויחפרו--חשבי רעתי | 4 |
Lat deim blygjast og skjemmast, som stend meg etter livet! Lat deim vika attende med skam, som vil meg noko vondt!
יהיו כמץ לפני-רוח ומלאך יהוה דוחה | 5 |
Lat deim verta som agner for vind, og Herrens engel støyte deim burt!
יהי-דרכם חשך וחלקלקת ומלאך יהוה רדפם | 6 |
Lat deira veg verta myrk og hål, og Herrens engel forfylgje deim!
כי-חנם טמנו-לי שחת רשתם חנם חפרו לנפשי | 7 |
For utan orsak hev dei løynt si grav med garn åt meg, utan orsak hev dei grave ei grav for mitt liv.
תבואהו שואה לא-ידע ורשתו אשר-טמן תלכדו בשואה יפל-בה | 8 |
Lat tjon koma yver honom, når han ikkje veit det, og det garn han løynde fanga honom; lat honom falla i det til sitt tjon!
ונפשי תגיל ביהוה תשיש בישועתו | 9 |
Og mi sjæl skal gleda seg i Herren, fagna seg i hans frelsa.
כל עצמותי תאמרנה-- יהוה מי כמוך מציל עני מחזק ממנו ועני ואביון מגזלו | 10 |
Alle mine bein skal segja: «Herre, kven er som du, du som friar den arme frå ein som er honom for sterk, den arme og fatige frå den som plundrar honom?»
יקומון עדי חמס אשר לא-ידעתי ישאלוני | 11 |
Det stend upp mange vitne; dei spør meg um det som eg ikkje veit.
ישלמוני רעה תחת טובה שכול לנפשי | 12 |
Dei gjev meg vondt til løn for godt; mi sjæl er lati åleine.
ואני בחלותם לבושי שק-- עניתי בצום נפשי ותפלתי על-חיקי תשוב | 13 |
Men eg, eg gjekk i syrgjeklæde, då dei var sjuke; eg pinte mi sjæl med fasta, og mi bøn vende att til min barm.
כרע-כאח לי התהלכתי כאבל-אם קדר שחותי | 14 |
Eg gjekk ikring, som det skulde vore min ven, min bror; eg gjekk bøygd og svartklædd, som ein som syrgjer på mor si.
ובצלעי שמחו ונאספו נאספו עלי נכים ולא ידעתי קרעו ולא-דמו | 15 |
Men no, då det hallar med meg, no gled dei seg og flokkar seg saman; det flokkast mot meg fantar og folk eg ikkje kjenner; dei riv sund og kviler ikkje.
בחנפי לעגי מעוג-- חרק עלי שנימו | 16 |
Liksom skamløysor som driv spott for ein brødbite, so skjer dei tenner imot meg.
אדני כמה תראה השיבה נפשי משאיהם מכפירים יחידתי | 17 |
Herre, kor lenge vil du sjå på? Drag mi sjæl undan deira herverk, mitt einaste frå unge løvor!
אודך בקהל רב בעם עצום אהללך | 18 |
Eg vil prisa deg i ei stor samling, lova deg millom mykje folk.
אל-ישמחו-לי איבי שקר שנאי חנם יקרצו-עין | 19 |
Lat deim som utan grunn er mine fiendar ikkje gleda seg yver meg! Lat deim som hatar meg utan orsak ikkje blinka med auga!
כי לא שלום ידברו ועל רגעי-ארץ--דברי מרמות יחשבון | 20 |
For dei talar ikkje fred, men tenkjer upp svikande ord mot dei stille i landet.
וירחיבו עלי פיהם אמרו האח האח ראתה עיננו | 21 |
Og dei riv sin munn vidt upp imot meg, dei segjer: «Ha, ha! Vårt auga hev set det!»
ראיתה יהוה אל-תחרש אדני אל-תרחק ממני | 22 |
Du ser det, Herre, teg ikkje! Herre, ver ikkje langt ifrå meg!
העירה והקיצה למשפטי אלהי ואדני לריבי | 23 |
Vakna upp og vert vaken til å gjeva meg rett, min Gud og Herre, til å føra mi sak!
שפטני כצדקך יהוה אלהי ואל-ישמחו-לי | 24 |
Døm meg etter di rettferd, Herre min Gud, og lat deim ikkje gleda seg yver meg!
אל-יאמרו בלבם האח נפשנו אל-יאמרו בלענוהו | 25 |
Lat deim ikkje segja i sitt hjarta: «Ha, det er vår lyst!» Lat deim ikkje segja: «Me hev gløypt honom upp!»
יבשו ויחפרו יחדו-- שמחי רעתי ילבשו-בשת וכלמה-- המגדילים עלי | 26 |
Lat deim skjemmast og blygjast alle saman som gled seg i mi ulukka; lat deim klæda seg i skam og skjemsla, dei som høgmodast yver meg!
ירנו וישמחו חפצי צדקי ויאמרו תמיד יגדל יהוה החפץ שלום עבדו | 27 |
Lat deim fagna seg og gleda seg, som unner meg min rett, og lat deim alltid segja: «Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng honom godt!»
ולשוני תהגה צדקך כל-היום תהלתך | 28 |
Og mi tunga skal kveda ut di rettferd, heile dagen din pris.