< מלאכי 1 >
משא דבר יהוה אל ישראל ביד מלאכי | 1 |
Ei framsegn. Herrens ord til Israel ved Malaki.
אהבתי אתכם אמר יהוה ואמרתם במה אהבתנו הלוא אח עשו ליעקב נאם יהוה ואהב את יעקב | 2 |
Eg hev elska dykk, segjer Herren. Og de spør: «Korleis hev du elska oss?» Er ikkje Esau bror åt Jakob? segjer Herren. Og eg elska Jakob,
ואת עשו שנאתי ואשים את הריו שממה ואת נחלתו לתנות מדבר | 3 |
men Esau hata eg, og eg hev gjort hans fjell til ei øydemark og odelen hans til ein heidebustad.
כי תאמר אדום רששנו ונשוב ונבנה חרבות--כה אמר יהוה צבאות המה יבנו ואני אהרוס וקראו להם גבול רשעה והעם אשר זעם יהוה עד עולם | 4 |
Når Edom segjer: «Me ligg i røys, men me skal byggja røyserne upp att, » då svarar Herren, allhers drott: Dei byggjer, men eg riv ned; dei skal heita Gudløyselandet og folket som Herren er æveleg harm på.
ועיניכם תראינה ואתם תאמרו יגדל יהוה מעל לגבול ישראל | 5 |
De skal sjå det med eigne augo, og de skal segja: «Herrens velde når ut yver Israels grensa.»
בן יכבד אב ועבד אדניו ואם אב אני איה כבודי ואם אדונים אני איה מוראי אמר יהוה צבאות לכם הכהנים בוזי שמי ואמרתם במה בזינו את שמך | 6 |
Ein son ærar far sin og ein tenar herren sin. Er no eg far, kvar er då mi æra, og er eg herre, kvar er då otten for meg? segjer Herren, allhers drott, til dykk, de prestar som vanvyrder namnet mitt. Og de spør: «Korleis hev me vanvyrdt namnet ditt?»
מגישים על מזבחי לחם מגאל ואמרתם במה גאלנוך באמרכם שלחן יהוה נבזה הוא | 7 |
Jau, de ber fram sulka mat på altaret mitt. Og de spør: «Kva hev me sulka deg med?» Jau, de segjer: «Herrens bord er ikkje vyrdande.
וכי תגישון עור לזבח אין רע וכי תגישו פסח וחלה אין רע הקריבהו נא לפחתך הירצך או הישא פניך--אמר יהוה צבאות | 8 |
Um de kjem med eit blindt dyr til offer, so er ikkje det noko gale, og kjem de med eit halt og eit sjukt, so er det ikkje noko gale.» Kom med sovorne gåvor til jarlen din! Skal tru han vert blid på deg eller tek vel imot deg? segjer Herren, allhers drott.
ועתה חלו נא פני אל ויחננו מידכם היתה זאת--הישא מכם פנים אמר יהוה צבאות | 9 |
So blidka no Gud, at han må vera oss nådig! Med eigne hender hev de gjort slikt, kann han då taka vel mot dykk? segjer Herren, allhers drott.
מי גם בכם ויסגר דלתים ולא תאירו מזבחי חנם אין לי חפץ בכם אמר יהוה צבאות ומנחה לא ארצה מידכם | 10 |
Å, um det fanst nokon millom dykk som vilde stengja dørerne, so de slapp å gjera upp eld til fåfengs på altaret mitt! Eg hev ingen hugnad i dykk, segjer Herren, allhers drott, og offergåva frå dykkar hand likar eg ikkje.
כי ממזרח שמש ועד מבואו גדול שמי בגוים ובכל מקום מקטר מגש לשמי ומנחה טהורה כי גדול שמי בגוים אמר יהוה צבאות | 11 |
For frå solekoma til soleglad er mitt namn stort millom folki, og på kvar ein stad vert det frembore røykoffer åt namnet mitt og rein offergåva; for namnet mitt er stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers drott.
ואתם מחללים אותו--באמרכם שלחן אדני מגאל הוא וניבו נבזה אכלו | 12 |
Men de vanhelgar det med di de segjer: «Herrens bord er sulka, og maten som fell av frå det, er ikkje vyrdande.»
ואמרתם הנה מתלאה והפחתם אותו אמר יהוה צבאות והבאתם גזול ואת הפסח ואת החולה והבאתם את המנחה הארצה אותה מידכם אמר יהוה | 13 |
«Å, for ei møda!» segjer de, og de blæs åt det, segjer Herren, allhers drott; og når de ber fram offergåvor, kjem de med det som de hev rana, det som er halt og sjukt. Skulde eg hava hugnad i slike gåvor frå dykkar hand? segjer Herren.
וארור נוכל ויש בעדרו זכר ונדר וזבח משחת לאדני כי מלך גדול אני אמר יהוה צבאות ושמי נורא בגוים | 14 |
Nei, forbanna vere den som fer med svik, som eig handyr i buskapen og hev gjort ein lovnad, men so ofrar til Herren eit gjelddyr. Ein stor konge er eg, segjer Herren, allhers Gud, og namnet mitt er skræmeleg millom folki.