< ירמיה 24 >

הראני יהוה והנה שני דודאי תאנים מועדים לפני היכל יהוה אחרי הגלות נבוכדראצר מלך בבל את יכניהו בן יהויקים מלך יהודה ואת שרי יהודה ואת החרש ואת המסגר מירושלם ויבאם בבל 1
Herren let meg sjå: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens tempel, då Nebukadressar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingarne, og timbremennerne og smedarne, og ført deim frå Jerusalem til Babel.
הדוד אחד תאנים טבות מאד כתאני הבכרות והדוד אחד תאנים רעות מאד אשר לא תאכלנה מרע 2
I den eine korgi var det fikor av beste slag, like dei fyrst mogne fikorne, men i den andre korgi fikor av låkaste slag, so låke at dei ikkje var etande.
ויאמר יהוה אלי מה אתה ראה ירמיהו ואמר תאנים התאנים הטבות טבות מאד והרעות רעות מאד אשר לא תאכלנה מרע 3
Då sagde Herren med meg: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Fikor; dei gode fikorne er av beste slag, men dei låke er av låkaste slag, so låke at dei ikkje er etande.»
ויהי דבר יהוה אלי לאמר 4
Då kom Herrens ord til meg; han sagde:
כה אמר יהוה אלהי ישראל כתאנים הטבות האלה כן אכיר את גלות יהודה אשר שלחתי מן המקום הזה ארץ כשדים--לטובה 5
So segjer Herren, Israels Gud: Likeins som med desse gode fikorne, soleis vil eg sjå på dei burtførde av Juda som eg hev sendt frå denne staden til Kaldæarlandet, til deira bate.
ושמתי עיני עליהם לטובה והשבתים על הארץ הזאת ובניתים ולא אהרס ונטעתים ולא אתוש 6
Eg vil retta augo mine på deim til deira bate og lata dei venda attende til dette landet. Og eg vil byggja deim upp og ikkje riva deim ned att, og planta deim og ikkje rykkja deim upp att.
ונתתי להם לב לדעת אתי כי אני יהוה והיו לי לעם ואנכי אהיה להם לאלהים כי ישבו אלי בכל לבם 7
Og eg vil gjeva deim hjarta til å kjenna meg, at eg er Herren. Og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud; for dei skal venda um til meg av alt sitt hjarta.
וכתאנים הרעות אשר לא תאכלנה מרע כי כה אמר יהוה כן אתן את צדקיהו מלך יהודה ואת שריו ואת שארית ירושלם הנשארים בארץ הזאת והישבים בארץ מצרים 8
Og likeins som med låke fikor som er so låke at dei ikkje er etande, - ja so segjer Herren - soleis vil eg gjera med Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans og leivningen av Jerusalem, dei som er att i dette landet, og dei som bur i Egyptarlandet.
ונתתים לזועה (לזעוה) לרעה לכל ממלכות הארץ לחרפה ולמשל לשנינה ולקללה בכל המקמות אשר אדיחם שם 9
Og eg vil gjera deim til ei skræma og ein stygg for alle riki på jordi, til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei våbøn på alle dei stader som eg driv deim burt til.
ושלחתי בם את החרב את הרעב ואת הדבר עד תמם מעל האדמה אשר נתתי להם ולאבותיהם 10
Og eg vil senda imot deim sverdet og svolten og sotti, til dei vert reint utrudde or landet som eg gav deim og federne deira.

< ירמיה 24 >