< ירמיה 20 >
וישמע פשחור בן אמר הכהן והוא פקיד נגיד בבית יהוה את ירמיהו נבא את הדברים האלה | 1 |
Og Pashur Immersson, presten, som var yver-tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia spå dette.
ויכה פשחור את ירמיהו הנביא ויתן אתו על המהפכת אשר בשער בנימן העליון אשר בבית יהוה | 2 |
Då slo Pashur profeten Jeremia og sette honom i stokken i den øvre Benjaminsporten i Herrens hus.
ויהי ממחרת ויצא פשחור את ירמיהו מן המהפכת ויאמר אליו ירמיהו לא פשחור קרא יהוה שמך--כי אם מגור מסביב | 3 |
Men dagen etter slepte Pashur Jeremia laus or stokken. Då sagde Jeremia med honom: «Herren kallar deg ikkje Pashur, men Magor Missabib.
כי כה אמר יהוה הנני נתנך למגור לך ולכל אהביך ונפלו בחרב איביהם--ועיניך ראות ואת כל יהודה אתן ביד מלך בבל והגלם בבלה והכם בחרב | 4 |
For so segjer Herren: Sjå, eg gjer deg til ei rædsla for deg sjølv og for alle venerne dine, og dei skal falla for fiendesverd midt framfor dine augo. Og alt Juda vil eg gjeva i Babel-kongens hand, og han skal føra deim i utlægd til Babel og slå deim med sverd.
ונתתי את כל חסן העיר הזאת ואת כל יגיעה ואת כל יקרה ואת כל אוצרות מלכי יהודה אתן ביד איביהם ובזזום ולקחום והביאום בבלה | 5 |
Og eg vil gjeva alt godset i denne byen og alt dei hev stræva i hop og alle deira eignaluter og alle skattarne åt Juda-kongarne - det vil eg gjeva i henderne på deira fiendar. Og dei skal rana deim og taka deim og føra deim til Babel.
ואתה פשחור וכל ישבי ביתך תלכו בשבי ובבל תבוא ושם תמות ושם תקבר--אתה וכל אהביך אשר נבאת להם בשקר | 6 |
Og du, Pashur, og alle som bur i ditt hus skal verta fangar. Og til Babel skal du koma, og der skal du døy, og der skal du verta gravlagd, du og alle venerne dine, som du spådde lygn for.»
פתיתני יהוה ואפת חזקתני ותוכל הייתי לשחוק כל היום כלה לעג לי | 7 |
Du lokka meg, Herre, og eg let meg lokka, du bruka magti på meg og vann. Eg hev vorte til låtteløgje all dagen, alle so spottar dei meg.
כי מדי אדבר אזעק חמס ושד אקרא כי היה דבר יהוה לי לחרפה ולקלס כל היום | 8 |
For so ofte som eg talar, lyt eg skrika, um vald og tjon lyt eg ropa, for Herrens ord hev vorte meg til håd og spott all dagen.
ואמרתי לא אזכרנו ולא אדבר עוד בשמו והיה בלבי כאש בערת עצר בעצמתי ונלאיתי כלכל ולא אוכל | 9 |
Difor sagde eg: «Eg vil ikkje koma honom i hug og ikkje lenger tala i hans namn.» Men då vart det i hjarta mitt som ein logande eld, innestengd i mine bein, og eg møddest med å tola det, men kunde ikkje.
כי שמעתי דבת רבים מגור מסביב הגידו ונגידנו כל אנוש שלמי שמרי צלעי אולי יפתה ונוכלה לו ונקחה נקמתנו ממנו | 10 |
For eg høyrde mange baktala - rædsla rundt i kring: «Klaga honom, lat oss ganga og klaga honom!» Alle dei menner eg livde i fred med, gjætte på um eg ikkje skulde falla: «Kann henda let han seg lokka, so me kann vinna på honom og hemna oss på honom.»
ויהוה אותי כגבור עריץ על כן רדפי יכשלו ולא יכלו בשו מאד כי לא השכילו כלמת עולם לא תשכח | 11 |
Men Herren er med meg lik ei veldug kjempa, difor skal forfylgjarane mine snåva og ikkje vinna. Dei vert ovleg til skammar for di dei ikkje for visleg åt - ei æveleg, ugløymande skjemsla.
ויהוה צבאות בחן צדיק ראה כליות ולב אראה נקמתך מהם כי אליך גליתי את ריבי | 12 |
Og Herren, allhers drott, røyner med rettferd, han ser nyro og hjarta. Eg skal få sjå din hemn på deim; for eg hev lagt saki mi fram for deg.
שירו ליהוה--הללו את יהוה כי הציל את נפש אביון מיד מרעים | 13 |
Syng for Herren, lova Herren! For han hev fria sjæli åt armingen ut or henderne på illgjerningsmenner.
ארור היום אשר ילדתי בו יום אשר ילדתני אמי אל יהי ברוך | 14 |
Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, vere ikkje velsigna!
ארור האיש אשר בשר את אבי לאמר ילד לך בן זכר--שמח שמחהו | 15 |
Forbanna vere den mann som kom med det gledebodet til far min: «Du hev fenge ein son, » og soleis gledde honom storleg.
והיה האיש ההוא כערים אשר הפך יהוה ולא נחם ושמע זעקה בבקר ותרועה בעת צהרים | 16 |
Med den mannen verte det likeins som med dei byarne Herren støytte i koll utan trege, og han høyre naudrop um morgonen og hergny ved høgstdags leite,
אשר לא מותתני מרחם ותהי לי אמי קברי ורחמה הרת עולם | 17 |
for di han ikkje drap meg alt i moderlivet, so mor mi vart mi grav, og livet hennar æveleg fremmelegt!
למה זה מרחם יצאתי לראות עמל ויגון ויכלו בבשת ימי | 18 |
Kvi kom eg då ut or moderlivet til å sjå møda og sorg og enda mine dagar i skam?