< יחזקאל 36 >
ואתה בן אדם הנבא אל הרי ישראל ואמרת--הרי ישראל שמעו דבר יהוה | 1 |
Og du menneskjeson! Spå um Israelsfjelli! Og du skal segja: Det Israelsfjell, høyr Herrens ord!
כה אמר אדני יהוה יען אמר האויב עליכם האח ובמות עולם למורשה היתה לנו | 2 |
So segjer Herren, Herren: For di fienden sagde: «Hå, hå!» yver dykk, og: «Dei ævelege haugar hev vorte vår eiga, »
לכן הנבא ואמרת כה אמר אדני יהוה יען ביען שמות ושאף אתכם מסביב להיותכם מורשה לשארית הגוים ותעלו על שפת לשון ודבת עם | 3 |
difor spå og seg: So segjer Herren, Herren: Etter di, ja, etter di dei avøyder dykk og glefser etter dykk frå alle leider, so hine folki kann eigna dykk til seg, og etter di de er komne på folketunga og hev fenge eit låkt ord på dykk ibland folk,
לכן הרי ישראל שמעו דבר אדני יהוה כה אמר אדני יהוה להרים ולגבעות לאפיקים ולגאיות ולחרבות השממות ולערים הנעזבות אשר היו לבז וללעג לשארית הגוים אשר מסביב | 4 |
difor, de Israelsfjell, høyr Herrens, Herrens ord! So segjer Herren, Herren, med fjelli og med haugarne, med gili og dalarne og med røysarne på dei aude tufterne og med øydebyarne som hev vorte til ran og spott for hine folki som er der ikring,
לכן כה אמר אדני יהוה אם לא באש קנאתי דברתי על שארית הגוים ועל אדום כלא אשר נתנו את ארצי להם למורשה בשמחת כל לבב בשאט נפש--למען מגרשה לבז | 5 |
difor, so segjer Herren, Herren: Sanneleg, i min brennande harm hev eg tala mot hine folki og mot Edom, som hev etla seg landet mitt til eiga - med heile si hjartans gleda, med vanvyrdnad i si sjæl - so dei kunde driva ut deim som budde der og so rana det.
לכן הנבא על אדמת ישראל ואמרת להרים ולגבעות לאפיקים ולגאיות כה אמר אדני יהוה הנני בקנאתי ובחמתי דברתי יען כלמת גוים נשאתם | 6 |
Difor, spå um Israels land og seg med fjelli og med haugarne, med gili og med dalarne: So segjer Herren, Herren: Sjå, i mitt åbry og i min harm hev eg tala, etter di de hev lote tolt skjemsla frå folki.
לכן כה אמר אדני יהוה אני נשאתי את ידי אם לא הגוים אשר לכם מסביב המה כלמתם ישאו | 7 |
Difor, so segjer Herren, Herren: Eg rette handi mi i veret på det: Sanneleg, folki som bur kringum dykk, skal sjølv ljota bera si skjemsla!
ואתם הרי ישראל ענפכם תתנו ופריכם תשאו לעמי ישראל כי קרבו לבוא | 8 |
Men de, Israelsfjell, skal skjota dykkar greiner og bera dykkar frukt åt mitt folk Israel; for snart skal dei koma heim att.
כי הנני אליכם ופניתי אליכם ונעבדתם ונזרעתם | 9 |
For sjå, eg vil finna dykk, eg vil snu meg åt dykk, og de skal verta dyrka og sådde.
והרביתי עליכם אדם כל בית ישראל כלה ונשבו הערים והחרבות תבנינה | 10 |
Og eg vil føra ei mengd med menneskje upp på dykk, all Israels-lyden, og byarne skal atter få folk, og øydestaderne verta bygde å nyo.
והרביתי עליכם אדם ובהמה ורבו ופרו והושבתי אתכם כקדמותיכם והיטבתי מראשתיכם וידעתם כי אני יהוה | 11 |
Og eg vil gjera dykk rike på folk og fe, og dei skal aukast og verta rike på avkjøme. Og eg vil gjeva dykk folkerike bygder som fyrr i tidi, og eg vil gjera dykk endå meir godt enn i dykkar fyrste tider, og de skal sanna at eg er Herren.
והולכתי עליכם אדם את עמי ישראל וירשוך והיית להם לנחלה ולא תוסף עוד לשכלם | 12 |
Og eg vil lata menneskje, mitt folk Israel, ferdast på dykk, dei skal taka deg til eiga, og du skal vera deira odel. Og du skal aldri meir gjera deim barnlause.
כה אמר אדני יהוה יען אמרים לכם אכלת אדם אתי (את) ומשכלת גויך (גוייך) היית | 13 |
So segjer Herren, Herren: Etter di dei segjer um deg: «Ein mann-etar er du, og barnlaus hev du gjort dine folk, »
לכן אדם לא תאכלי עוד וגויך (וגוייך) לא תכשלי (תשכלי) עוד--נאם אדני יהוה | 14 |
difor skal du aldri meir eta menneskje og aldri meir gjera folki dine barnlause, segjer Herren, Herren.
ולא אשמיע אליך עוד כלמת הגוים וחרפת עמים לא תשאי עוד וגויך (וגוייך) לא תכשלי עוד נאם אדני יהוה | 15 |
Og aldri meir let eg deg høyra skjemsla frå folki, og vanvyrdnad frå folkeslagi skal du aldri meir turva tola, og folki dine skal du aldri meir få til å snåva, segjer Herren, Herren.
ויהי דבר יהוה אלי לאמר | 16 |
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
בן אדם בית ישראל ישבים על אדמתם ויטמאו אותה בדרכם ובעלילותם כטמאת הנדה היתה דרכם לפני | 17 |
Menneskjeson! Israels-lyden budde i landet sitt, og dei sulka det med si åtferd og sine verk; som ureinskapen hjå kvinna når ho hev sine tider, so var deira åtferd for mi åsyn.
ואשפך חמתי עליהם על הדם אשר שפכו על הארץ ובגלוליהם טמאוה | 18 |
Då rende eg ut min harm yver deim for det blod som dei hadde rent ut yver landet, og for di dei hadde sulka det med dei ufysne avgudarne sine.
ואפיץ אתם בגוים ויזרו בארצות כדרכם וכעלילותם שפטתים | 19 |
Og eg spreidde deim millom folki, og dei vart strådde i landi; etter deira åtferd og verk dømde eg dei.
ויבוא אל הגוים אשר באו שם ויחללו את שם קדשי--באמר להם עם יהוה אלה ומארצו יצאו | 20 |
Då dei kom til dei folki som dei for til, då vanhelga dei mitt heilage namn, med di det vart sagt um deim: «Dette er Herrens folk, men ut or landet hans laut dei fara.»
ואחמל על שם קדשי אשר חללהו בית ישראל בגוים אשר באו שמה | 21 |
Då gjorde det meg ilt for mitt heilage namn som Israels-lyden hadde vanhelga millom dei folki som dei var komne til.
לכן אמר לבית ישראל כה אמר אדני יהוה לא למענכם אני עשה בית ישראל כי אם לשם קדשי אשר חללתם בגוים אשר באתם שם | 22 |
Seg difor med Israels-lyden: so segjer Herren, Herren: Ikkje for dykkar skuld, du Israels-lyd, gjer eg det, men for mitt heilage namn skuld, som de hev vanhelga millom dei folki som de er komne til.
וקדשתי את שמי הגדול המחלל בגוים אשר חללתם בתוכם וידעו הגוים כי אני יהוה נאם אדני יהוה בהקדשי בכם לעיניהם | 23 |
Og eg vil helga mitt store namn som vart vanhelga millom folki med di de vanhelga det ibland deim. Og folki skal sanna at eg er Herren, segjer Herren, Herren, når eg helgar meg på dykk for augo deira.
ולקחתי אתכם מן הגוים וקבצתי אתכם מכל הארצות והבאתי אתכם אל אדמתכם | 24 |
Og eg vil henta dykk frå folki og sanka dykk ut or alle landi og flytja dykk til dykkar eige land.
וזרקתי עליכם מים טהורים וטהרתם מכל טמאותיכם ומכל גלוליכם אטהר אתכם | 25 |
Og eg vil skvetta reint vatn på dykk, so de vert reine; frå all dykkar ureinska og frå alle dykkar ufysne avgudar vil eg reinsa dykk.
ונתתי לכם לב חדש ורוח חדשה אתן בקרבכם והסרתי את לב האבן מבשרכם ונתתי לכם לב בשר | 26 |
Og eg vil gjeva dykk eit nytt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dykk, og eg vil taka burt steinhjarta or dykkar kjøt og gjeva dykk eit kjøthjarta.
ואת רוחי אתן בקרבכם ועשיתי את אשר בחקי תלכו ומשפטי תשמרו ועשיתם | 27 |
Og min ande vil eg gjeva inni dykk, og eg vil få dykk til å ferdast i mine bod og til å halda loverne mine og gjera etter deim.
וישבתם בארץ אשר נתתי לאבתיכם והייתם לי לעם ואנכי אהיה לכם לאלהים | 28 |
Og de skal bu i det landet som eg gav federne dykkar. Og de skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.
והושעתי אתכם מכל טמאותיכם וקראתי אל הדגן והרביתי אתו ולא אתן עליכם רעב | 29 |
Og eg vil fria dykk frå all dykkar ureinska. Og eg vil kalla på kornet og gjera det follrikt og ikkje senda svolt på dykk.
והרביתי את פרי העץ ותנובת השדה למען אשר לא תקחו עוד חרפת רעב--בגוים | 30 |
Og eg vil mangfalda frukti på trei og grøda på marki, so de ikkje lenger skal taka mot skjemsla frå folki for svolt.
וזכרתם את דרכיכם הרעים ומעלליכם אשר לא טובים ונקטתם בפניכם על עונתיכם ועל תועבותיכם | 31 |
Då skal de minnast dykkar vonde åtferd og dykkar verk, som ikkje var gode. Og de skal styggjast ved dykk sjølve for dykkar misgjerningar og styggjor.
לא למענכם אני עשה נאם אדני יהוה--יודע לכם בושו והכלמו מדרכיכם בית ישראל | 32 |
Ikkje for dykkar skuld gjer eg det, segjer Herren, Herren, det vere dykk kunnigt! De må blygjast og skjemmast av åtferdi dykkar, du Israels-lyd.
כה אמר אדני יהוה ביום טהרי אתכם מכל עונותיכם--והושבתי את הערים ונבנו החרבות | 33 |
So segjer Herren, Herren: Den dagen eg reinsar dykk frå alle dykkar misgjerningar, vil eg gjeva byarne folk, og husi som ligg i røysar, skal verta uppatt-bygde.
והארץ הנשמה תעבד תחת אשר היתה שממה לעיני כל עובר | 34 |
Og øydeland skal verta dyrka, i staden for at det var ei audn for augo på kvar mann som gjekk framum.
ואמרו הארץ הלזו הנשמה היתה כגן עדן והערים החרבות והנשמות והנהרסות בצורות ישבו | 35 |
Då skal dei segja: «Dette land som var i øyde lagt, er vorte som Eden-hagen, og byarne som låg i røyser og var øydelagde og nedrivne, er no kringmura og hev sine ibuarar.»
וידעו הגוים אשר ישארו סביבותיכם כי אני יהוה בניתי הנהרסות נטעתי הנשמה אני יהוה דברתי ועשיתי | 36 |
Og dei skal sanna, dei folki som vert att rundt ikring dykk, at eg, Herren, hev bygt upp att det nedrivne, hev planta i det aude landet. Eg, Herren, hev tala, og eg set det i verk.
כה אמר אדני יהוה עוד זאת אדרש לבית ישראל לעשות להם ארבה אתם כצאן אדם | 37 |
So segjer Herren, Herren: I dette og vil eg lata Israels born finna meg, so eg gjer det for deim: Eg let menneskje aukast som ein saueflokk.
כצאן קדשים כצאן ירושלם במועדיה--כן תהיינה הערים החרבות מלאות צאן אדם וידעו כי אני יהוה | 38 |
Som ein heilag saueflokk, som Jerusalems-sauer i høgtiderne, soleis skal dei aude byarne verta: fulle med manneflokkar. Og dei skal sanna at eg er Herren.