< שמואל ב 3 >
ותהי המלחמה ארכה בין בית שאול ובין בית דוד ודוד הלך וחזק ובית שאול הלכים ודלים | 1 |
Men krigen millom Sauls-ætti og Davids-ætti vart langdrjug. David vart stendigt sterkare; men Sauls-ætti minka i magt.
וילדו (ויולדו) לדוד בנים בחברון ויהי בכורו אמנון לאחינעם היזרעאלת | 2 |
David fekk søner i Hebron: Eldste sonen, Amnon, fekk han med Ahinoam frå Jizre’el;
ומשנהו כלאב לאביגל (לאביגיל) אשת נבל הכרמלי והשלשי אבשלום בן מעכה בת תלמי מלך גשור | 3 |
den andre, Kilab, med Abiga’il, kona åt Nabal frå Karmel; den tridje, Absalom, var son åt Ma’aka, som var dotter åt kong Talmai i Gesur,
והרביעי אדניה בן חגית והחמישי שפטיה בן אביטל | 4 |
den fjorde, Adonia, var son åt Haggit, den femte, Sefatja, son åt Abital;
והששי יתרעם לעגלה אשת דוד אלה ילדו לדוד בחברון | 5 |
den sette, Jitream, fekk han med Egla, kona si. Desse sønerne fekk David i Hebron.
ויהי בהיות המלחמה בין בית שאול ובין בית דוד ואבנר היה מתחזק בבית שאול | 6 |
So lenge no krigen varde millom Sauls-ætti og Davids-ætti, var Abner det trygge festet for Sauls-ætti.
ולשאול פלגש ושמה רצפה בת איה ויאמר אל אבנר מדוע באתה אל פילגש אבי | 7 |
Men no hadde Saul havt ei fylgjekona som heitte Rispa Ajadotter. Isboset spurde Abner: «Kvifor hev du halde deg med fylgjekona hans far?»
ויחר לאבנר מאד על דברי איש בשת ויאמר הראש כלב אנכי אשר ליהודה היום אעשה חסד עם בית שאול אביך אל אחיו ואל מרעהו ולא המציתך ביד דוד ותפקד עלי עון האשה היום | 8 |
Dei ordi av Isboset gjorde Abner brennande harm: «Er eg ein hundehaus frå Juda?» sagde han; «nett medan eg gjer sælebot mot ætti åt Saul, far din, mot frendarne hans og venerne hans, medan eg vernar deg mot å falla i henderne på David, so kjem du med vondord for eit kvende skuld!
כה יעשה אלהים לאבנר וכה יסיף לו כי כאשר נשבע יהוה לדוד--כי כן אעשה לו | 9 |
Gud late Abner bøta no og sidan, um eg ikkje heretter fer med David etter den eiden Herren hev svore honom:
להעביר הממלכה מבית שאול ולהקים את כסא דוד על ישראל ועל יהודה--מדן ועד באר שבע | 10 |
å taka kongedømet frå Sauls-ætti og reisa upp Davids kongsstol yver både Israel og Juda, frå Dan til Be’erseba.»
ולא יכל עוד להשיב את אבנר דבר מיראתו אתו | 11 |
Isboset orka ikkje svara Abner eit ord, so rædd vart han for honom.
וישלח אבנר מלאכים אל דוד תחתו לאמר למי ארץ לאמר כרתה בריתך אתי והנה ידי עמך להסב אליך את כל ישראל | 12 |
Abner sende straks bod til David med dei ordi: «Kven eig landet?» og han lagde til: «Gjer samband med meg, so skal eg hjelpa deg å få heile Israel yver på di sida.»
ויאמר טוב--אני אכרת אתך ברית אך דבר אחד אנכי שאל מאתך לאמר לא תראה את פני--כי אם לפני הביאך את מיכל בת שאול בבאך לראות את פני | 13 |
Han svara: «Det er vel. Eg gjer samband med deg. Men ein ting krev eg av deg: du kjem ikkje fram for meg utan du hev med deg Mikal Saulsdotter når du kjem.»
וישלח דוד מלאכים אל איש בשת בן שאול לאמר תנה את אשתי את מיכל אשר ארשתי לי במאה ערלות פלשתים | 14 |
David sende bod til Isboset Saulsson med dei ordi: «Gjev meg Mikal, kona mi, som eg fekk til brur for hundrad huvehold av filistarar!»
וישלח איש בשת ויקחה מעם איש--מעם פלטיאל בן לוש (ליש) | 15 |
Isboset sende bod og henta henne frå Paltiel La’isson, mannen hennar.
וילך אתה אישה הלוך ובכה אחריה--עד בחרים ויאמר אליו אבנר לך שוב וישב | 16 |
Han fylgde gråtande etter henne heilt til Bahurim. Då tok Abner og truga honom: «Gakk heim att!» Og han gjekk heim.
ודבר אבנר היה עם זקני ישראל לאמר גם תמול גם שלשם הייתם מבקשים את דוד למלך עליכם | 17 |
Abner samrådde seg med dei øvste i Israel, og sagde: «Alt lenge siden hev de ynskt dykk David til konge.
ועתה עשו כי יהוה אמר אל דוד לאמר ביד דוד עבדי הושיע את עמי ישראל מיד פלשתים ומיד כל איביהם | 18 |
So gjer no alvor av det! For Herren hev sagt med David: «Ved handi hans David, tenaren min, vil eg fria Israel, folket mitt, frå filistarane og frå alle uvenerne.»»
וידבר גם אבנר באזני בנימין וילך גם אבנר לדבר באזני דוד בחברון את כל אשר טוב בעיני ישראל ובעיני כל בית בנימן | 19 |
Abner talde fyre Benjamins-folket og. So gjekk Abner av stad, og vilde tala med David i Hebron um alt det Israel og Benjamins-ætti hadde funne fyre å svara.
ויבא אבנר אל דוד חברון ואתו עשרים אנשים ויעש דוד לאבנר ולאנשים אשר אתו משתה | 20 |
Då Abner kom til David i Hebron med tjuge mann i fylgje, gjorde David eit gjestebod for Abner og fylgesveinarne hans.
ויאמר אבנר אל דוד אקומה ואלכה ואקבצה אל אדני המלך את כל ישראל ויכרתו אתך ברית ומלכת בכל אשר תאוה נפשך וישלח דוד את אבנר וילך בשלום | 21 |
Abner sagde med David: «Lat meg ganga av stad og stemna saman heile Israel ikring deg, herre konge, so dei kann gjera samband med deg, og du kann verta konge yver so mange som du ynskjer!» David sende Abner av stad, og han drog med full trygd.
והנה עבדי דוד ויואב בא מהגדוד ושלל רב עמם הביאו ואבנר איננו עם דוד בחברון--כי שלחו וילך בשלום | 22 |
Nett då kom Joab med Davids folk heim frå ei herjeferd, og hadde rikt herfang med seg. Abner var ikkje hjå David i Hebron då. David hadde sendt honom av stad med full trygd.
ויואב וכל הצבא אשר אתו באו ויגדו ליואב לאמר בא אבנר בן נר אל המלך וישלחהו וילך בשלום | 23 |
Då no Joab og heile heren hans kom heim, fekk han den tiendi: «Abner Nersson kom til kongen; og kongen let honom ganga av stad med full trygd!»
ויבא יואב אל המלך ויאמר מה עשיתה הנה בא אבנר אליך למה זה שלחתו וילך הלוך | 24 |
Joab gjekk til kongen og sagde: «Kva er det du hev gjort? Fyrst Abner kjem til deg, let du honom ganga av stad, so han fritt fær fara sin veg!
ידעת את אבנר בן נר כי לפתתך בא ולדעת את מוצאך ואת מבואך (מובאך) ולדעת את כל אשר אתה עשה | 25 |
Du kjenner vel Abner Nersson? Han kjem berre og vil lokka eitkvart utor deg, og gjæta på deg når du fær ut og fær heim, og røkja etter alt du tek deg fyre!»
ויצא יואב מעם דוד וישלח מלאכים אחרי אבנר וישבו אתו מבור הסרה ודוד לא ידע | 26 |
Då Joab kom ut frå David, sende han bod etter Abner; og sendemennerne førde honom attende frå Bor-Hassira; men David visste det ikkje.
וישב אבנר חברון ויטהו יואב אל תוך השער לדבר אתו בשלי ויכהו שם החמש--וימת בדם עשהאל אחיו | 27 |
Då Abner kom att til Hebron, tok Joab honom til sides i porten, og lest vilja tala med honom i einmæle. Der gav han honom banesår med ein styng i livet, til hemn for dråpet på Asael, bror hans.
וישמע דוד מאחרי כן ויאמר נקי אנכי וממלכתי מעם יהוה עד עולם--מדמי אבנר בן נר | 28 |
Då David sidan spurde dette, sagde han: «Eg og kongedømet mitt er i all æva utan skuld for Herren i blodet hans Abner Nersson.
יחלו על ראש יואב ואל כל בית אביו ואל יכרת מבית יואב זב ומצרע ומחזיק בפלך ונפל בחרב--וחסר לחם | 29 |
Må det koma yver Joab og heile ætti hans! Gjev det aldri må vanta i ætti åt Joab folk som hev flod eller spillsykja, som styd seg på krykkja eller fell for sverd, eller saknar mat!»
ויואב ואבישי אחיו הרגו לאבנר על אשר המית את עשהאל אחיהם בגבעון--במלחמה | 30 |
Joab og Abisai, bror hans, hadde myrdt Abner for dråpet på broren Asael i slaget ved Gibeon.
ויאמר דוד אל יואב ואל כל העם אשר אתו קרעו בגדיכם וחגרו שקים וספדו לפני אבנר והמלך דוד הלך אחרי המטה | 31 |
Men David baud Joab og heile fylgjet hans: «Riv sund klædi dykkar! Sveip sekkjer um dykk! Og øya og gråt yver Abner!» Og kong David fylgde sjølv etter likbåra.
ויקברו את אבנר בחברון וישא המלך את קולו ויבך אל קבר אבנר ויבכו כל העם | 32 |
Abner vart gravlagd i Hebron. Og kongen sette i og gret ved gravi hans Abner; og heile folket gret.
ויקנן המלך אל אבנר ויאמר הכמות נבל ימות אבנר | 33 |
David kvad eit syrgjekvede yver Abner: «Laut du Abner døy som ein dåre.
ידך לא אסרות ורגליך לא לנחשתים הגשו כנפול לפני בני עולה נפלת ויספו כל העם לבכות עליו | 34 |
Henderne dine batt dei ikkje, føterne dine fjetra dei ikkje! Nidingsdråp er det, so som du vart drepen!» Då gret alt folket endå meir yver honom.
ויבא כל העם להברות את דוד לחם--בעוד היום וישבע דוד לאמר כה יעשה לי אלהים וכה יסיף כי אם לפני בוא השמש אטעם לחם או כל מאומה | 35 |
Alt folket kom og talde David til å eta eitkvart fyrr dagen leid. Men David svor og sagde: «Gud late meg bøta både no og sidan, um eg smakar matbiten eller noko som helst fyre soleglad!»
וכל העם הכירו וייטב בעיניהם ככל אשר עשה המלך בעיני כל העם טוב | 36 |
Heile folket merkte seg ordi og lika det godt. I det heile lika folket godt alt det kongen gjorde.
וידעו כל העם וכל ישראל ביום ההוא כי לא היתה מהמלך להמית את אבנר בן נר | 37 |
Heile folket og heile Israel skyna den dagen at kongen ingi skuld hadde i dråpet på Abner Nersson.
ויאמר המלך אל עבדיו הלוא תדעו--כי שר וגדול נפל היום הזה בישראל | 38 |
Kongen sagde med tenararne sine: «Veit de det er ein hovding og stor mann som er fallen i dag i Israel?
ואנכי היום רך ומשוח מלך והאנשים האלה בני צרויה קשים ממני ישלם יהוה לעשה הרעה כרעתו | 39 |
Eg er endå veik, endå eg er salva til konge. Og desse kararne, Seruja-sønerne, er sterkare enn eg. Herren løne nidingen etter nidingsverket hans!»