< מלכים א 13 >
והנה איש אלהים בא מיהודה בדבר יהוה--אל בית אל וירבעם עמד על המזבח להקטיר | 1 |
Men nettupp då Jerobeam stod ved altaret og vilde kveikja offereld, kom det på Herrens bod ein gudsmann frå Juda til Betel.
ויקרא על המזבח בדבר יהוה ויאמר מזבח מזבח כה אמר יהוה הנה בן נולד לבית דוד יאשיהו שמו וזבח עליך את כהני הבמות המקטרים עליך ועצמות אדם ישרפו עליך | 2 |
Og etter Herrens fyresegn ropa han imot altaret og sagde: «Altar, altar! So segjer Herren: «Ein son skal verta fødd åt Davids hus; Josia skal han heita, på deg skal han ofra offerhaug-prestarne som kveikjer offereld på deg; mannebein skal dei då brenna på deg.»»
ונתן ביום ההוא מופת לאמר זה המופת אשר דבר יהוה הנה המזבח נקרע ונשפך הדשן אשר עליו | 3 |
Same gongen nemnde han eit teikn og sagde: «Dette er teiknet på at Herren hev tala: Sjå, altaret skal rivna, og oska som er på det, skal renna utyver.»
ויהי כשמע המלך את דבר איש האלהים אשר קרא על המזבח בבית אל וישלח ירבעם את ידו מעל המזבח לאמר תפשהו ותיבש ידו אשר שלח עליו ולא יכל להשיבה אליו | 4 |
Då kong Jerobeam høyrde det som gudsmannen ropa imot altaret i Betel, rette han ut handi frå altaret og sagde: «Tak honom!» Men handi som han hadde rett ut imot honom visna, og han kunde ikkje taka henne til seg att.
והמזבח נקרע וישפך הדשן מן המזבח כמופת אשר נתן איש האלהים--בדבר יהוה | 5 |
Og altaret rivna, og oska rann ut frå altaret; det var teiknet som gudsmannen hadde nemnt, etter Herrens bod.
ויען המלך ויאמר אל איש האלהים חל נא את פני יהוה אלהיך והתפלל בעדי ותשב ידי אלי ויחל איש האלהים את פני יהוה ותשב יד המלך אליו ותהי כבראשנה | 6 |
Då svara kongen og sagde til gudsmannen: «Vil du naudbeda Herren, din Gud, at eg må kunna taka handi til meg att?» Og gudsmannen naudbad Herren, og kongen kunde då taka handi til seg att, og ho vart som ho hadde vore fyrr.
וידבר המלך אל איש האלהים באה אתי הביתה וסעדה ואתנה לך מתת | 7 |
Då sagde kongen til gudsmannen: «Kom heim med meg og styrk deg, og lat meg få gjeva deg ei gåva!»
ויאמר איש האלהים אל המלך אם תתן לי את חצי ביתך לא אבא עמך ולא אכל לחם ולא אשתה מים במקום הזה | 8 |
Men gudsmannen sagde til kongen: «Um du gav meg helti av huset ditt, vilde eg ikkje ganga inn med deg like vel; her vil eg korkje eta eller drikka.
כי כן צוה אתי בדבר יהוה לאמר לא תאכל לחם ולא תשתה מים ולא תשוב בדרך אשר הלכת | 9 |
For det bodet eg fekk av Herren: «Du skal ikkje eta brød og ikkje drikka vatn, og ikkje skal du fara den same vegen attende som du gjekk av stad.»»
וילך בדרך אחר ולא שב בדרך אשר בא בה אל בית אל | 10 |
Og so for han av ei annan veg og vende ikkje heim att den vegen han var komen.
ונביא אחד זקן ישב בבית אל ויבוא בנו ויספר לו את כל המעשה אשר עשה איש האלהים היום בבית אל את הדברים אשר דבר אל המלך ויספרום לאביהם | 11 |
Men i Betel budde ein gamall profet, og son hans kom og fortalde honom alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Og då dei hadde fortalt dette til far sin,
וידבר אלהם אביהם אי זה הדרך הלך ויראו בניו את הדרך אשר הלך איש האלהים אשר בא מיהודה | 12 |
sagde far deira til deim: «Kva veg gjekk han?» Sønerne hadde set kva veg gudsmannen hadde fare, han som var komen frå Juda.
ויאמר אל בניו חבשו לי החמור ויחבשו לו החמור וירכב עליו | 13 |
Då sagde han til sønerne sine: «Sala asnet åt meg!» Då dei so hadde sala asnet åt honom, sette han seg på det
וילך אחרי איש האלהים וימצאהו ישב תחת האלה ויאמר אליו האתה איש האלהים אשר באת מיהודה--ויאמר אני | 14 |
og tok ut etter gudsmannen og fann honom; han under eiki; og han spurde honom: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» Han svara: «Ja, det er eg.»
ויאמר אליו לך אתי הביתה ואכל לחם | 15 |
Då sagde han til honom: «Fylg meg heim, og et med meg!»
ויאמר לא אוכל לשוב אתך--ולבוא אתך ולא אכל לחם ולא אשתה אתך מים במקום הזה | 16 |
Men han svara: «Eg kann ikkje ganga attende med deg eller stiga innum hjå deg, og eg kann korkje eta eller drikka med deg her;
כי דבר אלי בדבר יהוה לא תאכל לחם ולא תשתה שם מים לא תשוב ללכת בדרך אשר הלכת בה | 17 |
for det kom eit ord til meg frå Herren: «Du skal korkje eta eller drikka der; du skal ikkje heller fara attende same vegen som du gjekk dit.»»
ויאמר לו גם אני נביא כמוך ומלאך דבר אלי בדבר יהוה לאמר השבהו אתך אל ביתך ויאכל לחם וישת מים כחש לו | 18 |
Han sagde til honom: «Eg og er profet liksom du, og ein engel hev tala til meg på Herrens bod og sagt: «Få honom attende med deg og gjev honom mat og drikka!»» Men det laug han for honom.
וישב אתו ויאכל לחם בביתו--וישת מים | 19 |
So snudde han um att med honom og åt i huset hans og drakk.
ויהי הם ישבים אל השלחן ויהי דבר יהוה אל הנביא אשר השיבו | 20 |
Men medan dei sat ved bordet, kom Herrens ord til profeten som hadde fenge honom attende.
ויקרא אל איש האלהים אשר בא מיהודה לאמר כה אמר יהוה יען כי מרית פי יהוה ולא שמרת את המצוה אשר צוך יהוה אלהיך | 21 |
Og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda, og sagde: «So segjer Herren: «For di du hev vore motstridig mot Herrens ord og ikkje lydt det bodet som Herren, din Gud, gav deg,
ותשב ותאכל לחם ותשת מים במקום אשר דבר אליך אל תאכל לחם ואל תשת מים--לא תבוא נבלתך אל קבר אבתיך | 22 |
men snudde um att og ete og drukke på den staden der han hadde forbode deg å gjera det, so skal liket ditt ikkje koma i fedregravi di.»»
ויהי אחרי אכלו לחם--ואחרי שתותו ויחבש לו החמור לנביא אשר השיבו | 23 |
Då han no hadde ete og drukke, sala han asnet åt honom, åt profeten, som han hadde fenge attende.
וילך וימצאהו אריה בדרך וימיתהו ותהי נבלתו משלכת בדרך והחמור עמד אצלה והאריה עמד אצל הנבלה | 24 |
Og han tok i veg, men ei løva råka honom på vegen og drap honom. Sidan låg liket hans slengt på vegen; men asnet gav seg til å standa attmed det, og løva stod like eins attmed liket.
והנה אנשים עברים ויראו את הנבלה משלכת בדרך ואת האריה עמד אצל הנבלה ויבאו וידברו בעיר אשר הנביא הזקן ישב בה | 25 |
Då no folk som gjekk framum der, fekk sjå liket hans slengt på vegen, og løva standande attmed det, gjekk dei inn i byen der den gamle profeten budde, og tala um det.
וישמע הנביא אשר השיבו מן הדרך ויאמר איש האלהים הוא אשר מרה את פי יהוה ויתנהו יהוה לאריה וישברהו וימתהו כדבר יהוה אשר דבר לו | 26 |
Då profeten som hadde fenge honom attende frå vegen, høyrde det, sagde han: «Det er gudsmannen som var motstridig imot Herrens ord; difor hev Herren gjeve honom løva i vald, og ho hev rive honom sund og drepe honom, etter det ord som Herren hadde tala til honom.»
וידבר אל בניו לאמר חבשו לי את החמור ויחבשו | 27 |
Og han sagde til sønerne sine: «Legg sal på asnet åt meg!» Og dei sala det.
וילך וימצא את נבלתו משלכת בדרך וחמור והאריה עמדים אצל הנבלה לא אכל האריה את הנבלה ולא שבר את החמור | 28 |
So tok han ut og fann liket liggjande slengt på vegen, og løva og asnet standane attmed liket; løva hadde ikkje ete av liket og ikkje rive sund asnet heller.
וישא הנביא את נבלת איש האלהים וינחהו אל החמור--וישיבהו ויבא אל עיר הנביא הזקן לספד ולקברו | 29 |
Og profeten tok upp liket av gudsmannen og lagde honom på asnet og tok honom med seg attende; og den gamle profeten gjekk inn i byen sin og vilde halda syrgjehøgtid og gravleggja honom.
וינח את נבלתו בקברו ויספדו עליו הוי אחי | 30 |
Og han lagde liket hans i si eigi grav, og dei heldt syrgjehøgtid og ropa: «Eie, eie meg, bror min!»
ויהי אחרי קברו אתו ויאמר אל בניו לאמר במותי וקברתם אתי בקבר אשר איש האלהים קבור בו אצל עצמתיו הניחו את עצמתי | 31 |
Då han no hadde gravlagt honom, sagde han til sønerne sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den gravi som gudsmannen ligg i; legg beini mine attmed hans bein.
כי היה יהיה הדבר אשר קרא בדבר יהוה על המזבח אשר בבית אל ועל כל בתי הבמות אשר בערי שמרון | 32 |
For det skal sanna seg, det som han, etter Herrens ord, sagde imot altaret i Betel og imot alle offerhaughusi i byarne i Samaria.»
אחר הדבר הזה לא שב ירבעם מדרכו הרעה וישב ויעש מקצות העם כהני במות--החפץ ימלא את ידו ויהי כהני במות | 33 |
Jerobeam vende like vel ikkje um ifrå sin vonde veg etter denne hendingi, men heldt fram med å gjera til prestar ved offerhaugarne både likt og ulikt. Den som berre hadde hug til det, fekk av honom handi fyllt, so dei kunde verta prestar ved haugarne.
ויהי בדבר הזה לחטאת בית ירבעם ולהכחיד ולהשמיד מעל פני האדמה | 34 |
På denne vis vart Jerobeam upphavsmann til synd i ætti si og orsak til at huset hans vart utrudt og utstroke av jordi.