< Προς Φιλημονα 1 >

1 Παῦλος δέσμιος Χριστοῦ Ἰησοῦ, καὶ Τιμόθεος ὁ ἀδελφός, Φιλήμονι τῷ ἀγαπητῷ καὶ συνεργῷ ἡμῶν,
Paulus, Kristi Jesu fange, og broderen Timoteus til Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,
2 καὶ Ἀπφίᾳ τῇ ἀγαπητῇ, καὶ Ἀρχίππῳ τῷ συστρατιώτῃ ἡμῶν, καὶ τῇ κατ᾽ οἶκόν σου ἐκκλησίᾳ·
og til Apfia, vår syster, og til Arkippus, vår medstridsmann, og til kyrkjelyden i ditt hus:
3 χάρις ὑμῖν καὶ εἰρήνη ἀπὸ Θεοῦ πατρὸς ἡμῶν καὶ Κυρίου Ἰησοῦ Χριστοῦ.
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
4 Εὐχαριστῶ τῷ Θεῷ μου, πάντοτε μνείαν σου ποιούμενος ἐπὶ τῶν προσευχῶν μου,
Eg takkar alltid min Gud, når eg kjem deg i hug i bønerne mine,
5 ἀκούων σου τὴν ἀγάπην, καὶ τὴν πίστιν ἣν ἔχεις πρὸς τὸν Κύριον Ἰησοῦν καὶ εἰς πάντας τοὺς ἁγίους,
då eg høyrer um din kjærleik og den tru som du hev til Herren Jesus og til alle dei heilage,
6 ὅπως ἡ κοινωνία τῆς πίστεώς σου ἐνεργὴς γένηται ἐν ἐπιγνώσει παντὸς ἀγαθοῦ τοῦ ἐν ἡμῖν εἰς Χριστὸν Ἰησοῦν.
at deira samfund med deg i trui må verta verksamt for Kristus i kjennskapen til alt det gode som er i dykk.
7 Χάριν γὰρ ἔχομεν πολλὴν καὶ παράκλησιν ἐπὶ τῇ ἀγάπῃ σου, ὅτι τὰ σπλάγχνα τῶν ἁγίων ἀναπέπαυται διὰ σοῦ, ἀδελφέ.
For eg fekk stor gleda og trøyst ved din kjærleik, av di dei heilage er hugga i hjarta ved deg, bror!
8 Διὸ πολλὴν ἐν Χριστῷ παρρησίαν ἔχων ἐπιτάσσειν σοι τὸ ἀνῆκον,
Difor, endå eg hev stort frimod i Kristus til å påleggja deg det som sømelegt er,
9 διὰ τὴν ἀγάπην μᾶλλον παρακαλῶ, τοιοῦτος ὢν ὡς Παῦλος πρεσβύτης, νυνὶ δὲ καὶ δέσμιος Ἰησοῦ Χριστοῦ.
so bed eg då heller for kjærleiken skuld. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no og Kristi Jesu fange,
10 Παρακαλῶ σε περὶ τοῦ ἐμοῦ τέκνου, ὃν ἐγέννησα ἐν τοῖς δεσμοῖς μου, Ὀνήσιμον,
bed eg deg for son min, som eg hev avla i mine lekkjor, Onesimus,
11 τόν ποτέ σοι ἄχρηστον, νυνὶ δὲ σοὶ καὶ ἐμοὶ εὔχρηστον, ὃν ἀνέπεμψα·
som fyrr var unyttug for deg, men no er nyttug for deg og for meg, han som eg sender attende til deg.
12 σὺ δὲ αὐτόν, τοῦτ᾽ ἔστι τὰ ἐμὰ σπλάγχνα, προσλαβοῦ·
Tak du imot honom, det er mitt eiga hjarta!
13 ὃν ἐγὼ ἐβουλόμην πρὸς ἐμαυτὸν κατέχειν, ἵνα ὑπὲρ σοῦ διακονῇ μοι ἐν τοῖς δεσμοῖς τοῦ εὐαγγελίου·
Eg hadde hug til å få hava honom hjå meg, so han i din stad kunde tena meg i mine lekkjor for evangeliet,
14 χωρὶς δὲ τῆς σῆς γνώμης οὐδὲν ἠθέλησα ποιῆσαι, ἵνα μὴ ὡς κατὰ ἀνάγκην τὸ ἀγαθόν σου ᾖ, ἀλλὰ κατὰ ἑκούσιον.
men utan ditt samtykkje vilde eg ingen ting gjera, so din godleik ikkje skulde vera liksom av tvang, men av fri vilje.
15 Τάχα γὰρ διὰ τοῦτο ἐχωρίσθη πρὸς ὥραν, ἵνα αἰώνιον αὐτὸν ἀπέχῃς· (aiōnios g166)
For kann henda han difor vart skild frå deg for ei stund, at du kunde få honom att til æveleg eiga, (aiōnios g166)
16 οὐκέτι ὡς δοῦλον, ἀλλ᾽ ὑπὲρ δοῦλον, ἀδελφὸν ἀγαπητόν, μάλιστα ἐμοί, πόσῳ δὲ μᾶλλον σοὶ καὶ ἐν σαρκὶ καὶ ἐν Κυρίῳ.
ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror, serleg for meg, men kor mykje meir for deg, både i kjøtet og i Herren!
17 Εἰ οὖν με ἔχεις κοινωνόν, προσλαβοῦ αὐτὸν ὡς ἐμέ.
So sant du då held meg for din medbror, so tak imot honom som meg sjølv!
18 Εἰ δέ τι ἠδίκησέ σε ἢ ὀφείλει, τοῦτο ἐμοὶ ἐλλόγει·
Og hev han gjort deg nokon urett, eller er han deg noko skuldig, so før det på mi rekning.
19 ἐγὼ Παῦλος ἔγραψα τῇ ἐμῇ χειρί, ἐγὼ ἀποτίσω· ἵνα μὴ λέγω σοι ὅτι καὶ σεαυτόν μοι προσοφείλεις.
Eg, Paulus, skriv med mi eigi hand: Eg skal betala det - at eg ikkje skal segja deg, at du skyldar meg endå deg sjølv.
20 Ναί, ἀδελφέ, ἐγώ σου ὀναίμην ἐν Κυρίῳ· ἀνάπαυσόν μου τὰ σπλάγχνα ἐν Κυρίῳ.
Ja, bror, lat meg då hava gagn av deg i Herren, hugga mitt hjarta i Kristus!
21 Πεποιθὼς τῇ ὑπακοῇ σου ἔγραψά σοι, εἰδὼς ὅτι καὶ ὑπὲρ ὃ λέγω ποιήσεις.
I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg, eg er viss på at du vil gjera endå meir enn eg segjer.
22 Ἅμα δὲ καὶ ἑτοίμαζέ μοι ξενίαν· ἐλπίζω γὰρ ὅτι διὰ τῶν προσευχῶν ὑμῶν χαρισθήσομαι ὑμῖν.
Stell so og til herbyrge åt meg; for eg vonar at eg ved dykkar bøner skal verta dykk gjeven.
23 Ἀσπάζονταί σε Ἐπαφρᾶς ὁ συναιχμάλωτός μου ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ,
Epafras, min medfange i Kristus Jesus, helsar deg;
24 Μάρκος, Ἀρίσταρχος, Δημᾶς, Λουκᾶς, οἱ συνεργοί μου.
like eins Markus, Aristarkus, Demas, Lukas, mine medarbeidarar.
25 Ἡ χάρις τοῦ Κυρίου ἡμῶν Ἰησοῦ Χριστοῦ μετὰ τοῦ πνεύματος ὑμῶν. Ἀμήν.
Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

< Προς Φιλημονα 1 >