< Κατα Μαρκον 15 >
1 Καὶ εὐθέως ἐπὶ τὸ πρωῒ συμβούλιον ποιήσαντες οἱ ἀρχιερεῖς μετὰ τῶν πρεσβυτέρων καὶ γραμματέων, καὶ ὅλον τὸ συνέδριον, δήσαντες τὸν Ἰησοῦν ἀπήνεγκαν καὶ παρέδωκαν τῷ Πιλάτῳ.
Det tok alt til å dagast då dei øvste prestarne med styresmennerne og dei skriftlærde - heile den Høgste Retten - var ferdige med rådleggjingi si. Då batt dei Jesus og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus.
2 Καὶ ἐπηρώτησεν αὐτὸν ὁ Πιλάτος, Σὺ εἶ ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων; Ὁ δὲ ἀποκριθεὶς εἶπεν αὐτῷ, Σὺ λέγεις.
Pilatus spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» - «Det er dine ord, » svara Jesus.
3 Καὶ κατηγόρουν αὐτοῦ οἱ ἀρχιερεῖς πολλά·
Dei øvste prestarne kom med mange klagemål mot honom.
4 ὁ δὲ Πιλάτος πάλιν ἐπηρώτησεν αὐτόν, λέγων, Οὐκ ἀποκρίνῃ οὐδέν; Ἴδε, πόσα σου καταμαρτυροῦσιν.
Då spurde Pilatus honom att: «Svarar du ingen ting? Høyr alt det dei klagar deg for!»
5 Ὁ δὲ Ἰησοῦς οὐκέτι οὐδὲν ἀπεκρίθη, ὥστε θαυμάζειν τὸν Πιλάτον.
Men Jesus svara ikkje eit ord meir, so Pilatus tok til å undrast.
6 Κατὰ δὲ ἑορτὴν ἀπέλυεν αὐτοῖς ἕνα δέσμιον, ὅνπερ ᾐτοῦντο.
Kvar høgtid gav Pilatus deim ein fange fri, den som dei sjølve bad um.
7 Ἦν δὲ ὁ λεγόμενος Βαραββᾶς μετὰ τῶν συστασιαστῶν δεδεμένος, οἵτινες ἐν τῇ στάσει φόνον πεποιήκεισαν.
Og ein som heitte Barabbas sat då fengsla i hop med nokre ufredsmenner; dei hadde gjort eit upplaup og drepe nokon.
8 Καὶ ἀναβοήσας ὁ ὄχλος ἤρξατο αἰτεῖσθαι καθὼς ἀεὶ ἐποίει αὐτοῖς.
So kom folket upp og tok til å beda um det som Pilatus var van med å gjera for deim.
9 Ὁ δὲ Πιλάτος ἀπεκρίθη αὐτοῖς, λέγων, Θέλετε ἀπολύσω ὑμῖν τὸν βασιλέα τῶν Ἰουδαίων;
Då svara han deim: «Vil de eg skal gjeva dykk jødekongen fri?»
10 Ἐγίνωσκε γὰρ ὅτι διὰ φθόνον παραδεδώκεισαν αὐτὸν οἱ ἀρχιερεῖς.
for han skyna det var av ovund dei øvste prestarne hadde gjeve Jesus yver til honom.
11 Οἱ δὲ ἀρχιερεῖς ἀνέσεισαν τὸν ὄχλον ἵνα μᾶλλον τὸν Βαραββᾶν ἀπολύσῃ αὐτοῖς.
Men dei øvste prestarne fekk eggja upp folket, so dei bad at han heller skulde gjeva deim Barabbas fri.
12 Ὁ δὲ Πιλάτος ἀποκριθεὶς πάλιν εἶπεν αὐτοῖς, Τί οὖν θέλετε ποιήσω ὃν λέγετε βασιλέα τῶν Ἰουδαίων;
Då tok Pilatus til ords att og sagde: «Kva vil de då eg skal gjera med honom som de kallar kongen yver jødarne?»
13 Οἱ δὲ πάλιν ἔκραξαν, Σταύρωσον αὐτόν.
Dei svara med å ropa: «Krossfest honom!»
14 Ὁ δὲ Πιλάτος ἔλεγεν αὐτοῖς, Τί γὰρ κακὸν ἐποίησεν; Οἱ δὲ περισσοτέρως ἔκραξαν, Σταύρωσον αὐτόν.
«Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre endå sterkare: «Krossfest honom!»
15 Ὁ δὲ Πιλάτος βουλόμενος τῷ ὄχλῳ τὸ ἱκανὸν ποιῆσαι, ἀπέλυσεν αὐτοῖς τὸν Βαραββᾶν· καὶ παρέδωκε τὸν Ἰησοῦν φραγελλώσας ἵνα σταυρωθῇ.
Pilatus vilde gjerne gjera folket til lags. Han gav deim Barabbas fri, men Jesus let han piskast, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom.
16 Οἱ δὲ στρατιῶται ἀπήγαγον αὐτὸν ἔσω τῆς αὐλῆς, ὅ ἐστι πραιτώριον, καὶ συγκαλοῦσιν ὅλην τὴν σπεῖραν.
Hermennerne førde Jesus inn i garden, i borgi, og kalla i hop heile vakti.
17 Καὶ ἐνδύουσιν αὐτὸν πορφύραν, καὶ περιτιθέασιν αὐτῷ πλέξαντες ἀκάνθινον στέφανον,
Dei klædde honom i ei purpurkåpa, og sette på honom ein klungerkrans som dei hadde fletta,
18 καὶ ἤρξαντο ἀσπάζεσθαι αὐτόν, Χαῖρε, ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων·
og tok til å helsa honom: «Heil deg, jødekonge!»
19 καὶ ἔτυπτον αὐτοῦ τὴν κεφαλὴν καλάμῳ, καὶ ἐνέπτυον αὐτῷ, καὶ τιθέντες τὰ γόνατα προσεκύνουν αὐτῷ.
So slo dei honom i hovudet med ei røyr, og sputta på honom, og lagde seg på kne og hyllte honom.
20 Καὶ ὅτε ἐνέπαιξαν αὐτῷ, ἐξέδυσαν αὐτὸν τὴν πορφύραν, καὶ ἐνέδυσαν αὐτὸν τὰ ἱμάτια τὰ ἴδια, καὶ ἐξάγουσιν αὐτὸν ἵνα σταυρώσωσιν αὐτόν.
Då dei hadde spotta honom som dei vilde, klædde dei av honom purpurkåpa, og hadde på honom hans eigne klæde, og so leidde dei honom ut og skulde krossfesta honom.
21 Καὶ ἀγγαρεύουσι παράγοντά τινα Σίμωνα Κυρηναῖον, ἐρχόμενον ἀπ᾽ ἀγροῦ, τὸν πατέρα Ἀλεξάνδρου καὶ Ῥούφου, ἵνα ἄρῃ τὸν σταυρὸν αὐτοῦ.
Då gjekk det ein mann framum, som kom frå marki; det var Simon frå Kyrene, far åt Aleksander og Rufus; honom nøydde dei til å bera krossen hans.
22 Καὶ φέρουσιν αὐτὸν ἐπὶ Γολγοθᾶ τόπον, ὅ ἐστι μεθερμηνευόμενον Κρανίου Τόπος.
Dei førde honom til den staden som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -.
23 Καὶ ἐδίδουν αὐτῷ πιεῖν ἐσμυρνισμένον οἶνον· ὁ δὲ οὐκ ἔλαβε.
Der baud dei honom vin med myrra i; men han vilde ikkje hava det.
24 Καὶ σταυρώσαντες αὐτόν, διαμερίζονται τὰ ἱμάτια αὐτοῦ, βάλλοντες κλῆρον ἐπ᾽ αὐτά, τίς τί ἄρῃ.
So feste dei honom til krossen. Klædi hans skifte dei millom seg, og drog strå um kva kvar skulde hava.
25 Ἦν δὲ ὥρα τρίτη, καὶ ἐσταύρωσαν αὐτόν.
Det var i den tridje timen dei krossfeste honom.
26 Καὶ ἦν ἡ ἐπιγραφὴ τῆς αἰτίας αὐτοῦ ἐπιγεγραμμένη, Ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων.
På krossen var det sett ei innskrift som nemnde skuldi hans; ho lydde so: Kongen yver jødarne.
27 Καὶ σὺν αὐτῷ σταυροῦσι δύο λῃστάς, ἕνα ἐκ δεξιῶν καὶ ἕνα ἐξ εὐωνύμων αὐτοῦ.
Saman med honom krossfeste dei tvo røvarar, ein på hans høgre og ein på hans vinstre sida;
28 Καὶ ἐπληρώθη ἡ γραφὴ ἡ λέγουσα, Καὶ μετὰ ἀνόμων ἐλογίσθη.
og då sannast det skriftordet som segjer: «Og han vart rekna millom brotsmenner.»
29 Καὶ οἱ παραπορευόμενοι ἐβλασφήμουν αὐτόν, κινοῦντες τὰς κεφαλὰς αὐτῶν, καὶ λέγοντες, Οὐά, ὁ καταλύων τὸν ναὸν καὶ ἐν τρισὶν ἡμέραις οἰκοδομῶν,
Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde: «Å, du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar!
30 σῶσον σεαυτόν, καὶ κατάβα ἀπὸ τοῦ σταυροῦ.
Hjelp deg no sjølv, og stig ned av krossen!»
31 Ὁμοίως καὶ οἱ ἀρχιερεῖς ἐμπαίζοντες πρὸς ἀλλήλους μετὰ τῶν γραμματέων ἔλεγον, Ἄλλους ἔσωσεν, ἑαυτὸν οὐ δύναται σῶσαι.
Sameleis spotta dei øvste prestarne og, både dei og dei skriftlærde, og sagde seg imillom: «Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa!
32 Ὁ Χριστὸς ὁ βασιλεὺς τοῦ Ἰσραὴλ καταβάτω νῦν ἀπὸ τοῦ σταυροῦ, ἵνα ἴδωμεν καὶ πιστεύσωμεν αὐτῷ. Καὶ οἱ συνεσταυρωμένοι αὐτῷ ὠνείδιζον αὐτόν.
Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, so me kann sjå det og tru!» Dei som var krossfeste med honom, gav seg og til å skjella honom ut.
33 Γενομένης δὲ ὥρας ἕκτης, σκότος ἐγένετο ἐφ᾽ ὅλην τὴν γῆν ἕως ὥρας ἐνάτης.
Då den sette timen var komen, vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.
34 Καὶ τῇ ὥρᾳ τῇ ἐνάτῃ ἐβόησεν ὁ Ἰησοῦς φωνῇ μεγάλῃ, λέγων, Ἐλωΐ, Ἐλωΐ, λιμὰ σαβαχθανί; Ὅ ἐστι μεθερμηνευόμενον, Ὁ Θεός μου, ὁ Θεός μου, εἰς τί με ἐγκατέλιπες;
Og i den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elo’i, Elo’i, lama sabaktani?» det er: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?»
35 Καί τινες τῶν παρεστηκότων ἀκούσαντες ἔλεγον, Ἰδού, Ἠλίαν φωνεῖ.
Nokre av deim som stod der sagde, då dei høyrde det: «No ropar han på Elia!»
36 Δραμὼν δὲ εἷς, καὶ γεμίσας σπόγγον ὄξους, περιθείς τε καλάμῳ, ἐπότιζεν αὐτόν, λέγων, Ἄφετε, ἴδωμεν εἰ ἔρχεται Ἠλίας καθελεῖν αὐτόν.
Då sprang det ein fram, duppa ein svamp i vineddik, sette honom på ei tein og let Jesus få drikka og sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og vil taka honom ned!»
37 Ὁ δὲ Ἰησοῦς ἀφεὶς φωνὴν μεγάλην ἐξέπνευσε.
Og Jesus gav ifrå seg eit høgt rop, og andast.
38 Καὶ τὸ καταπέτασμα τοῦ ναοῦ ἐσχίσθη εἰς δύο ἀπὸ ἄνωθεν ἕως κάτω.
Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned.
39 Ἰδὼν δὲ ὁ κεντυρίων ὁ παρεστηκὼς ἐξ ἐναντίας αὐτοῦ ὅτι οὕτω κράξας ἐξέπνευσεν, εἶπεν, Ἀληθῶς ὁ ἄνθρωπος οὗτος υἱὸς ἦν Θεοῦ.
Og då hovudsmannen som stod der midt framfyre honom, såg korleis han andast, sagde han: «Den mannen var visst og sant Guds Son!»
40 Ἦσαν δὲ καὶ γυναῖκες ἀπὸ μακρόθεν θεωροῦσαι, ἐν αἷς ἦν καὶ Μαρία ἡ Μαγδαληνή, καὶ Μαρία ἡ τοῦ Ἰακώβου τοῦ μικροῦ καὶ Ἰωσῆ μήτηρ, καὶ Σαλώμη,
Det var og nokre kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på. Millom deim var både Maria Magdalena, og Maria mor åt Jakob den yngre og Joses, og Salome,
41 αἳ καί, ὅτε ἦν ἐν τῇ Γαλιλαίᾳ, ἠκολούθουν αὐτῷ, καὶ διηκόνουν αὐτῷ, καὶ ἄλλαι πολλαὶ αἱ συναναβᾶσαι αὐτῷ εἰς Ἱεροσόλυμα.
som alle hadde fylgt honom med han var i Galilæa, og tent honom, og mange andre kvinnor, som hadde vore med honom upp til Jerusalem.
42 Καὶ ἤδη ὀψίας γενομένης, ἐπεὶ ἦν Παρασκευή, ὅ ἐστι προσάββατον,
Det var då fyrebuingsdagen eller dagen fyre kviledagen, og då det alt leid mot kvelden,
43 ἦλθεν Ἰωσὴφ ὁ ἀπὸ Ἀριμαθαίας, εὐσχήμων βουλευτής, ὃς καὶ αὐτὸς ἦν προσδεχόμενος τὴν βασιλείαν τοῦ Θεοῦ· τολμήσας εἰσῆλθε πρὸς Πιλάτον, καὶ ᾐτήσατο τὸ σῶμα τοῦ Ἰησοῦ.
kom Josef frå Arimatæa, ein gjæv rådsherre, som og venta på Guds rike; han våga seg til å ganga inn til Pilatus og beda um likamen åt Jesus.
44 Ὁ δὲ Πιλάτος ἐθαύμασεν εἰ ἤδη τέθνηκε· καὶ προσκαλεσάμενος τὸν κεντυρίωνα, ἐπηρώτησεν αὐτὸν εἰ πάλαι ἀπέθανε.
Pilatus undrast på um han alt var slokna;
45 Καὶ γνοὺς ἀπὸ τοῦ κεντυρίωνος, ἐδωρήσατο τὸ σῶμα τῷ Ἰωσήφ.
han kalla hovudsmannen til seg, og spurde um Jesus nyst var slokna, og då han hadde fenge vissa um det av hovudsmannen, let han Josef få liket.
46 Καὶ ἀγοράσας σινδόνα, καὶ καθελὼν αὐτόν, ἐνείλησε τῇ σινδόνι, καὶ κατέθηκεν αὐτὸν ἐν μνημείῳ, ὃ ἦν λελατομημένον ἐκ πέτρας· καὶ προσεκύλισε λίθον ἐπὶ τὴν θύραν τοῦ μνημείου.
So kjøpte Josef linty og tok honom ned, sveipte honom i lintyet og lagde honom i ei grav som var hoggi ut i berget, og so velte han ein stein attfor gravopningi.
47 Ἡ δὲ Μαρία ἡ Μαγδαληνὴ καὶ Μαρία Ἰωσῆ ἐθεώρουν ποῦ τίθεται.
Og Maria Magdalena og Joses-Maria såg staden der han vart lagd.