< Κατα Λουκαν 12 >

1 Ἐν οἷς ἐπισυναχθεισῶν τῶν μυριάδων τοῦ ὄχλου, ὥστε καταπατεῖν ἀλλήλους, ἤρξατο λέγειν πρὸς τοὺς μαθητὰς αὐτοῦ πρῶτον, Προσέχετε ἑαυτοῖς ἀπὸ τῆς ζύμης τῶν Φαρισαίων, ἥτις ἐστὶν ὑπόκρισις.
Medan hadde folket samla seg kring han i tusundtal, so dei heldt på å trøda kvarandre ned; då tok han til ords og sagde til læresveinarne sine: «Framum alt; tak dykk i vare for surdeigen åt farisæarane - hyklarskapen!
2 Οὐδὲν δὲ συγκεκαλυμμένον ἐστὶν ὃ οὐκ ἀποκαλυφθήσεται, καὶ κρυπτὸν ὃ οὐ γνωσθήσεται.
Det finst ingen ting som er duld og ikkje ein gong kjem fram i dagen, og ingen ting som er løynd og ikkje ein gong vert kjend.
3 Ἀνθ᾽ ὧν ὅσα ἐν τῇ σκοτίᾳ εἴπατε, ἐν τῷ φωτὶ ἀκουσθήσεται· καὶ ὃ πρὸς τὸ οὖς ἐλαλήσατε ἐν τοῖς ταμείοις, κηρυχθήσεται ἐπὶ τῶν δωμάτων.
Difor skal alt de talar i myrkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut på taket.
4 Λέγω δὲ ὑμῖν τοῖς φίλοις μου, Μὴ φοβηθῆτε ἀπὸ τῶν ἀποκτενόντων τὸ σῶμα, καὶ μετὰ ταῦτα μὴ ἐχόντων περισσότερόν τι ποιῆσαι.
Men til dykk som er venerne mine, segjer eg: Ottast ikkje deim som drep likamen, og sidan ikkje hev magt til å gjera meir!
5 Ὑποδείξω δὲ ὑμῖν τίνα φοβηθῆτε· φοβήθητε τὸν μετὰ τὸ ἀποκτεῖναι ἐξουσίαν ἔχοντα ἐμβαλεῖν εἰς τὴν γέενναν· ναί, λέγω ὑμῖν, τοῦτον φοβήθητε. (Geenna g1067)
Eg skal syna dykk kven de skal ottast; de skal ottast honom som hev magt til å drepa og sidan kasta i helvite. Ja, segjer eg dykk, honom skal de ottast! (Geenna g1067)
6 Οὐχὶ πέντε στρουθία πωλεῖται ἀσσαρίων δύο; Καὶ ἓν ἐξ αὐτῶν οὐκ ἔστιν ἐπιλελησμένον ἐνώπιον τοῦ Θεοῦ.
Sel dei ikkje fem sporvar for tvo skilling? og ikkje ein av deim er gløymd hjå Gud;
7 Ἀλλὰ καὶ αἱ τρίχες τῆς κεφαλῆς ὑμῶν πᾶσαι ἠρίθμηνται. Μὴ οὖν φοβεῖσθε· πολλῶν στρουθίων διαφέρετε.
og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde. Ver ikkje ottefulle! De er meir enn mange sporvar.
8 Λέγω δὲ ὑμῖν, Πᾶς ὃς ἂν ὁμολογήσῃ ἐν ἐμοὶ ἔμπροσθεν τῶν ἀνθρώπων, καὶ ὁ υἱὸς τοῦ ἀνθρώπου ὁμολογήσει ἐν αὐτῷ ἔμπροσθεν τῶν ἀγγέλων τοῦ Θεοῦ·
Og det segjer eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneski, honom skal og Menneskjesonen kjennast ved for Guds englar;
9 ὁ δὲ ἀρνησάμενός με ἐνώπιον τῶν ἀνθρώπων ἀπαρνηθήσεται ἐνώπιον τῶν ἀγγέλων τοῦ Θεοῦ.
men den som avneittar meg for menneski, han skal avneittast for Guds englar.
10 Καὶ πᾶς ὃς ἐρεῖ λόγον εἰς τὸν υἱὸν τοῦ ἀνθρώπου, ἀφεθήσεται αὐτῷ· τῷ δὲ εἰς τὸ Ἅγιον Πνεῦμα βλασφημήσαντι οὐκ ἀφεθήσεται.
Og den som talar mot Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som spottar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving.
11 Ὅταν δὲ προσφέρωσιν ὑμᾶς ἐπὶ τὰς συναγωγὰς καὶ τὰς ἀρχὰς καὶ τὰς ἐξουσίας, μὴ μεριμνᾶτε πῶς ἢ τί ἀπολογήσησθε, ἢ τί εἴπητε·
Når dei no fører dykk fram for synagogorne og deim som styrer og råder i landet, so syt ikkje for korleis de skal svara for dykk, eller kva de skal segja!
12 τὸ γὰρ Ἅγιον Πνεῦμα διδάξει ὑμᾶς ἐν αὐτῇ τῇ ὥρᾳ, ἃ δεῖ εἰπεῖν.
For den Heilage Ande skal læra dykk dei rette ordi i same stundi.»
13 Εἶπε δέ τις αὐτῷ ἐκ τοῦ ὄχλου, Διδάσκαλε, εἰπὲ τῷ ἀδελφῷ μου μερίσασθαι μετ᾽ ἐμοῦ τὴν κληρονομίαν.
Ein utor folkehopen sagde til honom: «Meister, seg til bror min at han skal skifta arven med meg!»
14 Ὁ δὲ εἶπεν αὐτῷ, Ἄνθρωπε, τίς με κατέστησε δικαστὴν ἢ μεριστὴν ἐφ᾽ ὑμᾶς;
«Kven sette meg til domar eller skiftemeister for dykk, mann?» svara Jesus.
15 Εἶπε δὲ πρὸς αὐτούς, Ὁρᾶτε καὶ φυλάσσεσθε ἀπὸ τῆς πλεονεξίας· ὅτι οὐκ ἐν τῷ περισσεύειν τινὶ ἡ ζωὴ αὐτῷ ἐστιν ἐκ τῶν ὑπαρχόντων αὐτοῦ.
So sagde han til deim: «Sjå og tak dykk i vare for all havesykja! For ingen kann tryggja livet sitt med det han eig, um han er aldri so rik.»
16 Εἶπε δὲ παραβολὴν πρὸς αὐτούς, λέγων, Ἀνθρώπου τινὸς πλουσίου εὐφόρησεν ἡ χώρα·
Og han fortalde deim ei likning: «Det var ein gong ein rik mann; jordi hans hadde bore godt,
17 καὶ διελογίζετο ἐν ἑαυτῷ λέγων, Τί ποιήσω, ὅτι οὐκ ἔχω ποῦ συνάξω τοὺς καρπούς μου;
og so sagde han med seg: «Kva skal eg gjera? eg hev ikkje husrom til grøda mi!
18 Καὶ εἶπε, Τοῦτο ποιήσω· καθελῶ μου τὰς ἀποθήκας, καὶ μείζονας οἰκοδομήσω, καὶ συνάξω ἐκεῖ πάντα τὰ γενήματά μου καὶ τὰ ἀγαθά μου.
Jau, so vil eg gjera, » sagde han: «eg vil taka ned lødorne mine og byggja deim større, og der vil eg samla heile avlingi og alt godset mitt.
19 Καὶ ἐρῶ τῇ ψυχῇ μου, Ψυχή, ἔχεις πολλὰ ἀγαθὰ κείμενα εἰς ἔτη πολλά· ἀναπαύου, φάγε, πίε, εὐφραίνου.
Og so vil eg segja åt meg sjølv: «Du, no hev du mykje godt liggjande for mange år; unn deg no ro, et og drikk, og ver glad!»»
20 Εἶπε δὲ αὐτῷ ὁ Θεός, Ἄφρον, ταύτῃ τῇ νυκτὶ τὴν ψυχήν σου ἀπαιτοῦσιν ἀπὸ σοῦ· ἃ δὲ ἡτοίμασας, τίνι ἔσται;
Men Gud sagde til honom: «Du dåre, i denne natt krev dei sjæli di av deg! Kven skal so hava det du hev sanka i hop?»
21 Οὕτως ὁ θησαυρίζων ἑαυτῷ, καὶ μὴ εἰς Θεὸν πλουτῶν.
So gjeng det den som samlar seg gods og gull, og ikkje er rik i Gud.
22 Εἶπε δὲ πρὸς τοὺς μαθητὰς αὐτοῦ, Διὰ τοῦτο ὑμῖν λέγω, μὴ μεριμνᾶτε τῇ ψυχῇ ὑμῶν, τί φάγητε· μηδὲ τῷ σώματι, τί ἐνδύσησθε.
Difor segjer eg dykk, » sagde han til læresveinarne sine: «Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for likamen, kva de skal klæda dykk med!
23 Ἡ ψυχὴ πλεῖόν ἐστι τῆς τροφῆς, καὶ τὸ σῶμα τοῦ ἐνδύματος.
Livet er meir enn maten, og likamen meir enn klædi.
24 Κατανοήσατε τοὺς κόρακας, ὅτι οὐ σπείρουσιν, οὐδὲ θερίζουσιν, οἷς οὐκ ἔστι ταμεῖον οὐδὲ ἀποθήκη, καὶ ὁ Θεὸς τρέφει αὐτούς· πόσῳ μᾶλλον ὑμεῖς διαφέρετε τῶν πετεινῶν;
Agta på ramnarne! dei sår ikkje og haustar ikkje, dei hev ikkje stabbur og ikkje løda - Gud føder deim. Kor mykje meir er’kje de enn fuglarne!
25 Τίς δὲ ἐξ ὑμῶν μεριμνῶν δύναται προσθεῖναι ἐπὶ τὴν ἡλικίαν αὐτοῦ πῆχυν ἕνα;
Og kven av dykk kann leggja ei aln til si livslengd, um han syter aldri so mykje?
26 Εἰ οὖν οὔτε ἐλάχιστον δύνασθε, τί περὶ τῶν λοιπῶν μεριμνᾶτε;
Kann de no ikkje ein gong gjera so mykje, kvi syter de då for det hitt?
27 Κατανοήσατε τὰ κρίνα πῶς αὐξάνει· οὐ κοπιᾷ, οὐδὲ νήθει· λέγω δὲ ὑμῖν, οὐδὲ Σολομὼν ἐν πάσῃ τῇ δόξῃ αὐτοῦ περιεβάλετο ὡς ἓν τούτων.
Agta på liljorne, korleis dei veks! dei korkje spinn eller vev; men eg segjer dykk: Ikkje ein gong Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av deim.
28 Εἰ δὲ τὸν χόρτον ἐν τῷ ἀγρῷ σήμερον ὄντα, καὶ αὔριον εἰς κλίβανον βαλλόμενον, ὁ Θεὸς οὕτως ἀμφιέννυσι, πόσῳ μᾶλλον ὑμᾶς, ὀλιγόπιστοι;
Klæder no Gud soleis graset på marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje heller vil han då’kje klæda dykk, de fåtruande!
29 Καὶ ὑμεῖς μὴ ζητεῖτε τί φάγητε, ἢ τί πίητε· καὶ μὴ μετεωρίζεσθε.
So tenk no’kje de heller allstødt på kva de skal eta, og kva de skal drikka, og lat’kje hugen vanka for vidt!
30 Ταῦτα γὰρ πάντα τὰ ἔθνη τοῦ κόσμου ἐπιζητεῖ· ὑμῶν δὲ ὁ πατὴρ οἶδεν ὅτι χρῄζετε τούτων.
Det er heidningarne kring i verdi som spør etter alt dette; men far dykkar veit at de treng desse ting.
31 Πλὴν ζητεῖτε τὴν βασιλείαν τοῦ Θεοῦ, καὶ ταῦτα πάντα προστεθήσεται ὑμῖν.
Søk heller hans rike, so skal de få dette attpå!
32 Μὴ φοβοῦ, τὸ μικρὸν ποίμνιον· ὅτι εὐδόκησεν ὁ πατὴρ ὑμῶν δοῦναι ὑμῖν τὴν βασιλείαν.
Ottast ikkje, du vesle hjord! Det er far dykkar’s vilje å gjeva dykk riket!
33 Πωλήσατε τὰ ὑπάρχοντα ὑμῶν καὶ δότε ἐλεημοσύνην. Ποιήσατε ἑαυτοῖς βαλάντια μὴ παλαιούμενα, θησαυρὸν ἀνέκλειπτον ἐν τοῖς οὐρανοῖς, ὅπου κλέπτης οὐκ ἐγγίζει, οὐδὲ σὴς διαφθείρει·
Sel det de hev, og gjev sælebotsgåvor! Gjer dykk pungar som ikkje vert utslitne, ein skatt som aldri tryt, i himmelen, der ingen tjuv kjem innåt, og ingen mol øyder!
34 ὅπου γάρ ἐστιν ὁ θησαυρὸς ὑμῶν, ἐκεῖ καὶ ἡ καρδία ὑμῶν ἔσται.
For der skatten dykkar er, der vil og hjarta dykkar vera.
35 Ἔστωσαν ὑμῶν αἱ ὀσφύες περιεζωσμέναι, καὶ οἱ λύχνοι καιόμενοι·
Bind livgjordi um dykk, og lat lykterne brenna!
36 καὶ ὑμεῖς ὅμοιοι ἀνθρώποις προσδεχομένοις τὸν κύριον ἑαυτῶν, πότε ἀναλύσῃ ἐκ τῶν γάμων, ἵνα, ἐλθόντος καὶ κρούσαντος, εὐθέως ἀνοίξωσιν αὐτῷ.
Ver de som folk som ventar på herren sin til han bryt upp frå brudlaupet, so dei kann lata upp for honom med same han kjem og bankar på!
37 Μακάριοι οἱ δοῦλοι ἐκεῖνοι, οὓς ἐλθὼν ὁ κύριος εὑρήσει γρηγοροῦντας· ἀμὴν λέγω ὑμῖν ὅτι περιζώσεται καὶ ἀνακλινεῖ αὐτούς, καὶ παρελθὼν διακονήσει αὐτοῖς.
Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Det segjer eg dykk for visst: Han skal binda livgjordi um seg og føra deim til bords, og koma og setja fram for deim.
38 Καὶ ἐὰν ἔλθῃ ἐν τῇ δευτέρᾳ φυλακῇ, καὶ ἐν τῇ τρίτῃ φυλακῇ ἔλθῃ, καὶ εὕρῃ οὕτω, μακάριοί εἰσιν οἱ δοῦλοι ἐκεῖνοι.
Anten han kjem midt på natti eller når det lid ut i otta - sæle er dei når han finn det so.
39 Τοῦτο δὲ γινώσκετε, ὅτι εἰ ᾔδει ὁ οἰκοδεσπότης ποίᾳ ὥρᾳ ὁ κλέπτης ἔρχεται, ἐγρηγόρησεν ἄν, καὶ οὐκ ἂν ἀφῆκε διορυγῆναι τὸν οἶκον αὐτοῦ.
Men det skynar de nok, at dersom husbonden visste kva tid og time tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.
40 Καὶ ὑμεῖς οὖν γίνεσθε ἕτοιμοι· ὅτι ᾗ ὥρᾳ οὐ δοκεῖτε ὁ υἱὸς τοῦ ἀνθρώπου ἔρχεται.
So ver reiduge de og! For Menneskjesonen kjem på ei tid de ikkje tenkjer.»
41 Εἶπε δὲ αὐτῷ ὁ Πέτρος, Κύριε, πρὸς ἡμᾶς τὴν παραβολὴν ταύτην λέγεις, ἢ καὶ πρὸς πάντας;
Peter spurde: «Herre, er det åt oss du segjer denne likningi, eller åt alle andre med?»
42 Εἶπε δὲ ὁ Κύριος, Τίς ἄρα ἐστὶν ὁ πιστὸς οἰκονόμος καὶ φρόνιμος, ὃν καταστήσει ὁ κύριος ἐπὶ τῆς θεραπείας αὐτοῦ, τοῦ διδόναι ἐν καιρῷ τὸ σιτομέτριον;
Då sagde Herren: «Ja, kvar er han, den trugne hushaldaren, den vituge som husbonden vil setja yver tenestfolket sitt, so han skal lata deim få kosten sin i rett tid?
43 Μακάριος ὁ δοῦλος ἐκεῖνος, ὃν ἐλθὼν ὁ κύριος αὐτοῦ εὑρήσει ποιοῦντα οὕτως.
Sæl den tenar som husbonden finn so gjerande, når han kjem!
44 Ἀληθῶς λέγω ὑμῖν ὅτι ἐπὶ πᾶσι τοῖς ὑπάρχουσιν αὐτοῦ καταστήσει αὐτόν.
Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja honom yver alt det han eig.
45 Ἐὰν δὲ εἴπῃ ὁ δοῦλος ἐκεῖνος ἐν τῇ καρδίᾳ αὐτοῦ, Χρονίζει ὁ κύριός μου ἔρχεσθαι, καὶ ἄρξηται τύπτειν τοὺς παῖδας καὶ τὰς παιδίσκας, ἐσθίειν τε καὶ πίνειν καὶ μεθύσκεσθαι·
Men dersom tenaren segjer med seg: «Herren min drygjer nok endå ei stund, » og han so tek til å slå drengjerne og gjentorne og eta og drikka og fylla seg,
46 ἥξει ὁ κύριος τοῦ δούλου ἐκείνου ἐν ἡμέρᾳ ᾗ οὐ προσδοκᾷ, καὶ ἐν ὥρᾳ ᾗ οὐ γινώσκει, καὶ διχοτομήσει αὐτόν, καὶ τὸ μέρος αὐτοῦ μετὰ τῶν ἀπίστων θήσει.
då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar, og ein time han ikkje veit av, og hogga honom sund, og lata honom få sin lut i lag med dei utrue.
47 Ἐκεῖνος δὲ ὁ δοῦλος ὁ γνοὺς τὸ θέλημα τοῦ κυρίου ἑαυτοῦ, καὶ μὴ ἑτοιμάσας μηδὲ ποιήσας πρὸς τὸ θέλημα αὐτοῦ, δαρήσεται πολλάς·
Den tenaren som veit kva herren hans vil, og ingen ting steller i stand eller gjer av det som han vil, skal få mykje hogg,
48 ὁ δὲ μὴ γνούς, ποιήσας δὲ ἄξια πληγῶν, δαρήσεται ὀλίγας. Παντὶ δὲ ᾧ ἐδόθη πολύ, πολὺ ζητηθήσεται παρ᾽ αὐτοῦ· καὶ ᾧ παρέθεντο πολύ, περισσότερον αἰτήσουσιν αὐτόν.
men den som ikkje veit det, og gjer det som hogg er verdt, skal få mindre. Av den som mykje hev fenge, ventar ein mykje, og den dei hev trutt mykje til, krev dei so mykje meir av.
49 Πῦρ ἦλθον βαλεῖν εἰς τὴν γῆν, καὶ τί θέλω εἰ ἤδη ἀνήφθη;
Eg er komen for å kasta eld utyver jordi, og kor gjerne eg vilde at det alt hadde fata!
50 Βάπτισμα δὲ ἔχω βαπτισθῆναι, καὶ πῶς συνέχομαι ἕως οὗ τελεσθῇ.
Men eg lyt ganga igjenom ein dåp, og kor eg gruvar meg til det er gjort!
51 Δοκεῖτε ὅτι εἰρήνην παρεγενόμην δοῦναι ἐν τῇ γῇ; Οὐχί, λέγω ὑμῖν, ἀλλ᾽ ἢ διαμερισμόν.
Trur de eg er komen for å skapa fred på jordi! Nei, segjer eg dykk, men strid!
52 Ἔσονται γὰρ ἀπὸ τοῦ νῦν πέντε ἐν οἴκῳ ἑνὶ διαμεμερισμένοι, τρεῖς ἐπὶ δυσί, καὶ δύο ἐπὶ τρισί.
Heretter skal fem i same huset liggja i strid med kvarandre, tri mot tvo, og tvo mot tri,
53 Διαμερισθήσεται πατὴρ ἐπὶ υἱῷ, καὶ υἱὸς ἐπὶ πατρί· μήτηρ ἐπὶ θυγατρί, καὶ θυγάτηρ ἐπὶ μητρί· πενθερὰ ἐπὶ τὴν νύμφην αὐτῆς, καὶ νύμφη ἐπὶ τὴν πενθερὰν αὐτῆς.
far mot son, og son mot far, mor mot dotter, og dotter mot mor, vermor mot sonekona, og sonekona mot vermor.»
54 Ἔλεγε δὲ καὶ τοῖς ὄχλοις, Ὅταν ἴδητε τὴν νεφέλην ἀνατέλλουσαν ἀπὸ δυσμῶν, εὐθέως λέγετε, Ὄμβρος ἔρχεται· καὶ γίνεται οὕτω.
Til folket og sagde han: «Når de ser det stig sky upp i vest, segjer de straks: «Det kjem regn, » og det vert so.
55 Καὶ ὅταν νότον πνέοντα, λέγετε ὅτι Καύσων ἔσται· καὶ γίνεται.
Og ser de vinden blæs ifrå sud, segjer de: «Det vert heitt, » og so vert det!
56 Ὑποκριταί, τὸ πρόσωπον τῆς γῆς καὶ τοῦ οὐρανοῦ οἴδατε δοκιμάζειν· τὸν δὲ καιρὸν τοῦτον πῶς οὐ δοκιμάζετε;
Hyklarar! Jord- og himmels-bragdi veit de å granska; korleis hev det seg då at de ikkje veit å granska denne tidi?
57 Τί δὲ καὶ ἀφ᾽ ἑαυτῶν οὐ κρίνετε τὸ δίκαιον;
Og kvi dømer de ikkje frå dykk sjølve kva rett er?
58 Ὡς γὰρ ὑπάγεις μετὰ τοῦ ἀντιδίκου σου ἐπ᾽ ἄρχοντα, ἐν τῇ ὁδῷ δὸς ἐργασίαν ἀπηλλάχθαι ἀπ᾽ αὐτοῦ· μήποτε κατασύρῃ σε πρὸς τὸν κριτήν, καὶ ὁ κριτής σε παραδῷ τῷ πράκτορι, καὶ ὁ πράκτωρ σε βάλῃ εἰς φυλακήν.
Soleis når du gjeng for retten med motparten din, gjer deg då fyre, so du kann koma tilliks med honom på vegen! Elles dreg han deg gjerne for domaren, og domaren sender deg yver til futen, og futen set deg i fengsel;
59 Λέγω σοι, οὐ μὴ ἐξέλθῃς ἐκεῖθεν, ἕως οὗ καὶ τὸν ἔσχατον λεπτὸν ἀποδῷς.
du slepp ikkje ut att, segjer eg deg, fyrr du hev greidt alt, til siste skjerv.»

< Κατα Λουκαν 12 >