< Ιουδα 1 >
1 Ἰούδας Ἰησοῦ Χριστοῦ δοῦλος, ἀδελφὸς δὲ Ἰακώβου, τοῖς ἐν Θεῷ πατρὶ ἡγιασμένοις, καὶ Ἰησοῦ Χριστῷ τετηρημένοις, κλητοῖς·
Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, til deim som er kalla, som er elska i Gud Fader og berga åt Jesus Kristus:
2 ἔλεος ὑμῖν καὶ εἰρήνη καὶ ἀγάπη πληθυνθείη.
Miskunn og fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!
3 Ἀγαπητοί, πᾶσαν σπουδὴν ποιούμενος γράφειν ὑμῖν περὶ τῆς κοινῆς σωτηρίας, ἀνάγκην ἔσχον γράψαι ὑμῖν, παρακαλῶν ἐπαγωνίζεσθαι τῇ ἅπαξ παραδοθείσῃ τοῖς ἁγίοις πίστει.
Kjære vener! Medan eg gjorde meg all umak for å skriva til dykk um vår sams frelsa, såg eg meg nøydd til å skriva til dykk med påminning um å strida for den trui som ein gong er yvergjevi til dei heilage.
4 Παρεισέδυσαν γάρ τινες ἄνθρωποι, οἱ πάλαι προγεγραμμένοι εἰς τοῦτο τὸ κρίμα, ἀσεβεῖς, τὴν τοῦ Θεοῦ ἡμῶν χάριν μετατιθέντες εἰς ἀσέλγειαν, καὶ τὸν μόνον δεσπότην Θεὸν καὶ Κύριον ἡμῶν Ἰησοῦν Χριστὸν ἀρνούμενοι.
For nokre menneskje hev snikt seg inn, som denne domen er uppskriven for alt for lenge sidan: Ugudlege, som misbrukar vår Guds nåde til ukjurskap og neittar vår einaste husbond og Herre, Jesus Kristus.
5 Ὑπομνῆσαι δὲ ὑμᾶς βούλομαι, εἰδότας ὑμᾶς ἅπαξ τοῦτο, ὅτι ὁ Κύριος, λαὸν ἐκ γῆς Αἰγύπτου σώσας, τὸ δεύτερον τοὺς μὴ πιστεύσαντας ἀπώλεσεν.
Men sidan de no ein gong veit alt, vil eg minna dykk um at Herren, då han hadde frelst folket ut or Egyptarland, sidan tynte deim som ikkje trudde.
6 Ἀγγέλους τε τοὺς μὴ τηρήσαντας τὴν ἑαυτῶν ἀρχήν, ἀλλὰ ἀπολιπόντας τὸ ἴδιον οἰκητήριον, εἰς κρίσιν μεγάλης ἡμέρας δεσμοῖς ἀϊδίοις ὑπὸ ζόφον τετήρηκεν. (aïdios )
Og dei englar som ikkje heldt fast ved sitt høge stand, men gjekk ifrå sin eigen heim, deim held han i varetekt i ævelege lekkjor under myrkret til domen på den store dagen; (aïdios )
7 Ὡς Σόδομα καὶ Γόμορρα, καὶ αἱ περὶ αὐτὰς πόλεις, τὸν ὅμοιον τούτοις τρόπον ἐκπορνεύσασαι, καὶ ἀπελθοῦσαι ὀπίσω σαρκὸς ἑτέρας, πρόκεινται δεῖγμα, πυρὸς αἰωνίου δίκην ὑπέχουσαι. (aiōnios )
liksom Sodoma og Gomorra og byarne der ikring, då dei på same vis som desse dreiv hor og for etter framandt kjøt, ligg der til eit fyredøme, lidande ein æveleg elds refsing. (aiōnios )
8 Ὁμοίως μέντοι καὶ οὗτοι ἐνυπνιαζόμενοι σάρκα μὲν μιαίνουσι, κυριότητα δὲ ἀθετοῦσι, δόξας δὲ βλασφημοῦσιν.
Og like vel gjer desse like eins: med di dei gjeng i draumar, gjer dei kjøtet ureint, vanvyrder herredøme og spottar høge magter.
9 Ὁ δὲ Μιχαὴλ ὁ ἀρχάγγελος, ὅτε τῷ διαβόλῳ διακρινόμενος διελέγετο περὶ τοῦ Μωϋσέως σώματος, οὐκ ἐτόλμησε κρίσιν ἐπενεγκεῖν βλασφημίας, ἀλλ᾽ εἶπεν, Ἐπιτιμήσαι σοι Κύριος.
Men då yverengelen Mikael trætta med djevelen um Mose likam, våga han ikkje å segja ein spottande dom, men sagde: «Herren refse deg!»
10 Οὗτοι δὲ ὅσα μὲν οὐκ οἴδασι βλασφημοῦσιν· ὅσα δὲ φυσικῶς, ὡς τὰ ἄλογα ζῷα, ἐπίστανται, ἐν τούτοις φθείρονται.
Men desse spottar det dei ikkje kjenner; men det dei av naturi skynar liksom dei vitlause dyr, med det tyner dei seg.
11 Οὐαὶ αὐτοῖς· ὅτι τῇ ὁδῷ τοῦ Κάϊν ἐπορεύθησαν, καὶ τῇ πλάνῃ τοῦ Βαλαὰμ μισθοῦ ἐξεχύθησαν, καὶ τῇ ἀντιλογίᾳ τοῦ Κόρε ἀπώλοντο.
Usæle dei! for dei hev gjenge Kains veg og kasta seg inn i Bileams villa for vinning skuld og er tynte ved Korahs upprør.
12 Οὗτοί εἰσιν ἐν ταῖς ἀγάπαις ὑμῶν σπιλάδες, συνευωχούμενοι, ἀφόβως ἑαυτοὺς ποιμαίνοντες· νεφέλαι ἄνυδροι, ὑπὸ ἀνέμων παραφερόμεναι· δένδρα φθινοπωρινά, ἄκαρπα, δὶς ἀποθανόντα, ἐκριζωθέντα·
Desse er skamflekkjer ved dykkar kjærleiks-måltider, når dei utan blygsla sit i gilde med dykk og forar seg sjølve, vatslause skyer, som vert umdrivne av vindar, avlauva, fruktlause tre, tvo gonger utdøydde, upprykte med roti,
13 κύματα ἄγρια θαλάσσης, ἐπαφρίζοντα τὰς ἑαυτῶν αἰσχύνας· ἀστέρες πλανῆται, οἷς ὁ ζόφος τοῦ σκότους εἰς αἰῶνα τετήρηται. (aiōn )
ville havbåror som skumar ut si eigi skam, villfarande stjernor, som kolmyrkret er etla åt i all æva. (aiōn )
14 Προεφήτευσε δὲ καὶ τούτοις ἕβδομος ἀπὸ Ἀδὰμ Ἐνώχ, λέγων, Ἰδού, ἦλθε Κύριος ἐν ἁγίαις μυριάσιν αὐτοῦ,
Desse var det og Enok, den sjuande frå Adam, spådde um då han sagde: «Sjå, Herren kjem med sine mange tusund heilage
15 ποιῆσαι κρίσιν κατὰ πάντων, καὶ ἐλέγξαι πάντας τοὺς ἀσεβεῖς αὐτῶν περὶ πάντων τῶν ἔργων ἀσεβείας αὐτῶν ὧν ἠσέβησαν, καὶ περὶ πάντων τῶν σκληρῶν ὧν ἐλάλησαν κατ᾽ αὐτοῦ ἁμαρτωλοὶ ἀσεβεῖς.
for å halda dom yver alle og refsa alle ugudlege for alle deira ugudlege gjerningar som dei gjorde, og for alle dei harde ord som dei tala imot honom, dei ugudlege syndarar!»
16 Οὗτοί εἰσι γογγυσταί, μεμψίμοιροι, κατὰ τὰς ἐπιθυμίας αὐτῶν πορευόμενοι, καὶ τὸ στόμα αὐτῶν λαλεῖ ὑπέρογκα, θαυμάζοντες πρόσωπα ὠφελείας χάριν.
Desse er folk som murrar og klagar yver lagnaden, endå dei fer etter sine lyster, og deira munn talar skrøytande ord, endå dei gjøler for folk for vinning skuld.
17 Ὑμεῖς δέ, ἀγαπητοί, μνήσθητε τῶν ῥημάτων τῶν προειρημένων ὑπὸ τῶν ἀποστόλων τοῦ Κυρίου ἡμῶν Ἰησοῦ Χριστοῦ·
Men de, kjære, kom i hug dei ord som fyrr er tala av vår Herre Jesu Kristi apostlar!
18 ὅτι ἔλεγον ὑμῖν ὅτι ἐν ἐσχάτῳ χρόνῳ ἔσονται ἐμπαῖκται, κατὰ τὰς ἑαυτῶν ἐπιθυμίας πορευόμενοι τῶν ἀσεβειῶν.
For dei sagde dykk, at i den siste tidi skal det koma spottarar, som fer etter sine ugudlege lyster.
19 Οὗτοί εἰσιν οἱ ἀποδιορίζοντες, ψυχικοί, πνεῦμα μὴ ἔχοντες.
Desse er dei som skil seg ut, naturlege menneskje som ikkje hev ånd.
20 Ὑμεῖς δέ, ἀγαπητοί, τῇ ἁγιωτάτῃ ὑμῶν πίστει ἐποικοδομοῦντες ἑαυτούς, ἐν Πνεύματι Ἁγίῳ προσευχόμενοι,
Men de, kjære, uppbygg dykk sjølve på dykkar høgheilage tru! Bed i den Heilage Ande,
21 ἑαυτοὺς ἐν ἀγάπῃ Θεοῦ τηρήσατε, προσδεχόμενοι τὸ ἔλεος τοῦ Κυρίου ἡμῶν Ἰησοῦ Χριστοῦ εἰς ζωὴν αἰώνιον. (aiōnios )
og haldt dykk soleis i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn til ævelegt liv! (aiōnios )
22 Καὶ οὓς μὲν ἐλεεῖτε διακρινόμενοι·
Og sume skal de tala til rettes av di dei tvilar,
23 οὓς δὲ ἐν φόβῳ σῴζετε, ἐκ πυρὸς ἁρπάζοντες, μισοῦντες καὶ τὸν ἀπὸ τῆς σαρκὸς ἐσπιλωμένον χιτῶνα.
andre skal de frelsa med di de riv deim ut or elden, andre skal de miskunna med otte, so de hatar jamvel den kjolen som hev vorte urein av kjøtet!
24 Τῷ δὲ δυναμένῳ φυλάξαι αὐτοὺς ἀπταίστους, καὶ στῆσαι κατενώπιον τῆς δόξης αὐτοῦ ἀμώμους ἐν ἀγαλλιάσει,
Men honom som er megtig til å halda dykk uppe so de ikkje snåvar, og føra dykk lytelause fram for sin herlegdom i fagnad,
25 μόνῳ σοφῷ Θεῷ σωτῆρι ἡμῶν, δόξα καὶ μεγαλωσύνη, κράτος καὶ ἐξουσία, καὶ νῦν καὶ εἰς πάντας τοὺς αἰῶνας. Ἀμήν. (aiōn )
den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre, honom høyrer herlegdom til og majestæt og velde og magt fyre all tid og no og i all æva. Amen. (aiōn )